mandag 23. juni 2014

Morgonbøn II


Kjære gode Gud, Far, Son og Heilag Ande!

Eg kjem fram for deg denne morgonen i Jesu namn,  fordi du kallar på meg, elskar meg,  ønskjer å ha fellesskap med meg, fordi du har skapt meg,  frelst meg,  kjøpt meg og døypt meg, fordi du  vil velsigna meg, løfta meg opp, gleda meg, fylla meg, utrusta meg, styrka meg og bruka meg, fordi du er min Gud og eg er ditt barn.

Frå sola står opp til ho går ned vil eg prisa namnet ditt, løfta deg opp og berømma deg. Du er ein god Gud, og di miskunn varer til evig tid. Store og mektige er dine gjerningar. Ingen kan måla seg med deg, og du sjølv er heilt utan mål, allmektig, allvitande og nær over alt. Du fyller himmel og jord, og englane og alle dei heilage jublar for deg,  du Den sannferdige og truverdige.

Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min sti. Eg vil gøyma det i hjarta mitt slik at eg ikkje syndar mot deg, eg vil grunda på det og tala om det når eg står opp, når eg går på vegen, når eg sit ved bordet og når eg legg meg om kvelden, og eg vil vitna om deg og di frelse for alle du fører i min veg.

Herre Jesus!  Lat meg få vandra med deg idag,  og sjå at du gjer dine under mellom oss, at folk blir frelst frå sine synder, lækt frå sine sjukdomar og fri frå demoniske makter som bind dei og  held dei fanga i synd, ureinskap, vantru og veikskap. 

Bruk meg denne dagen. Må din kjærleik og di kraft strøyma inn i meg og ut frå meg til evig liv for menneska. Må dei få møta deg i meg slik at dei kan smaka deg, erfara din godleik og evig lovsynga deg, du den einaste sanne Gud, Herre over alt og alle.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...