tirsdag 11. oktober 2011

Minst 25 koptiske kristne drepne i Egypt, meir enn 200 hardt såra



Søndag kveld vart minst 25 kristne koptarar drepne av millitære tryggingsstyrkar i sentrum av Kairo. Meir enn 200 er stygt skada. Dei kristne var ute og protesterte etter kyrkjebrannen i Aswan førre veka. Sorga er stor mellom dei kristne i dag. Det er lyst ut 3 dagar med faste og bøn.

Herre Jesus Kristus! Du som har sagt at me kan søkja vern hos deg, ver nær hos dine truande i Egypt i desse tider, og styrk dei mektig med din Ande og gje dei trøyst etter tapet av familiemedlemmer og gode vener. Ta vare på hjarto deira og hjelp dei å sjå lidinga si frå ditt perspektiv. Verna dei mot nye åtak, og lat alle som har forbrote seg mot dei kristne bli stilt for retten og straffa for ugjerningane sine. Amen!

27.november 2020

I dag ber me for Gjemnes kommune, det kurdiske folket i Tyrkia, for dei gjenlevande etter den sveitsiske misjonæren Beatrice Stockli og for ...