mandag 30. januar 2017

Nabeel Qureshi råka av kreft

Forfattaren av den glitrande boka "Seeking Allah, finding Jesus" som kom ut i 2014, Nabeel Qureshi, har fått kreft. Han er svært open om dette på Twitterkontoen sin.
Nabeel Qureshi var amadiyamuslim. Foreldra var frå Pakistan, men emigrerte til USA då Nabeel var barn. Dei var slike mennesker som tok trua si svært alvorleg, noko som dei vidareførte til barna sine. Nabeel utvikla seg til ein muslimsk apologet. Men Gud hadde andre planar for den unge mannen. Gjennom sitt nære venskap med den kristne David (i mange år hadde dei venlege, og stundom stormfulle, diskusjonar om kristendomen og islam), og etter grundige studier av Hadith, bøkene om Muhammeds liv, kom han til slutt fram til den for han vanskelege konklusjonen at han måtte forkasta Muhammed til fordel for Jesus. Det vart ikkje plass til dei begge, og det han las om Muhammeds liv, det som muslimane kallar "den levande Koranen", skremde han, medan det han las om Jesus og hans liv, verka så rett og tiltrekkande på han. Han vart kristen, og har etter den tid jobba saman med den kjende indiske apologeten Ravi Zakkarias.
No ber han om forbøn, og me stiller gjerne opp for denne unge mannen.

Herre! Du har frelst denne mannen og kalla han til teneste for deg. Me trur du har planar om å velsigna mange menneske gjennom hans forfattarskap og undervisning i mange år enno. Denne verda har bruk for hans vitnemål, intellekt og åndelege utrustning, og me ber i ditt eige namn om at du skal berga livet hans og lækja kroppen hans. Amen!

tirsdag 24. januar 2017

Indisk evangelist råka av alvorleg hjerneblødning etter langvarige politiavhøyr

K A Swamy (47) jobbar som ingeiør i den indiske byen Hyderabad i delstaten Telangana (kart). Han er ein djupt overtydd kristen, og brukar fritida si på å spreia biblar og annan kristen litteratur for Gideon bibelselskap. Mange gongar har han vore arrestert og teke inn til avhøyr. Slik også den 21 januar då han evangeliserte i nærleiken av eit hindutempel i byen. Ein gjeng med sinte hinduar greip tak i han og førte han til politistasjonen. Dei meinte at han hadde brote "anti-konverteringslova" som gjeld i delstaten.
Swamy vart avhøyrt i seks timar, og denne gongen vart påkjenninga for stor for han. På vegen heim frå politistasjonen fekk ein kraftig hjerneblødning. Swamy ligg framleis i koma og blir behandla på eit lokalt sjukehus. Kona hans Sujatha ber oss alle om å be for mannen hennar, og med dette er oppfordringa gjeven. Be om at Herren Jesus skal koma til han, berøra han og lat si lækjande kraft strøyma inn i kroppen hans

TelanganaMange statar i India har lover som forbyr kristne å forsøka å omvenda hinduar, og fleire diskuterer å innføra slike lover som undergrev §18 i Menneskerettsfråsegna.

Dei siste åra har det vore aukande forfølging av kristne i India, truleg som eit resultat av at mange, særleg kastelause, no vender seg til Kristus med liva sine. Dei radikale hinduistiske gruppene ser i aukande grad kristendomen som eit trugsmål mot indisk religion og kultur, og vil gjerne stoppa den kristne vekkinga med makt, og India har dette siste året klatra til 15.plass på Opne Dører si World Watch List som rangerer dei 50 nasjonane i verda der forfølging av kristne er verst.

Be om at vekkjinga i Inda skal gå fram med uforminska styrke i tida som kjem, ja, med større kraft enn verda nokon gong har sett i dette landet.
Kjelde: World Watch Monitor

lørdag 21. januar 2017

Ei bøn for Noreg etter ei presidentinnsetjiing

I går vart Donald Trump innsett som president i USA. Det kjem til å føra til store endringar i heile verda. Trump har signalisert at han vil driva ein beinhard proteksjonistisk politikk, fysisk stenga grensa mot Mexico og innføra høge tollmurar mot import. Han spør seg om NATO er liv laga, vil søkja nær kontakt med Vladimir Putin og Russland og letta på handelsboikotten mot dette landet etter at det invaderte deler av Ukraina. Dette er svært urovekkande signal for oss i Noreg som i årevis har basert vår tryggleik på at USA vil beskytta oss mot Russland. Den tida kan vera over no, og før me veit ordet av det, vil me enno ein gong kjenna eit desperat behov for å søkja hjelp hos Gud meir enn hos menneske. Difor denne bøna no.

Vår Herre Jesus Kristus! DU er Messias, den levande Guds Son, du har stått opp frå dei døde og du regjerer over himmel og jord. Men me har snudd ryggen til deg, og har gjennom mange år satsa på feil hest, me har stolt på oss sjølve, på oljerikdomen vår og på USA. Me innser no at dette er usikker is å gå på, og me ber deg om å tilgje oss vårt hovmot og vår sjølvgodheit, du som er vårt lands einaste opphav og sanne Gud. Frels oss frå oss sjølve og gje oss sann omvending, tru og gudsfrykt attende. Sjå bort frå kva me har fortent, sjå i nåde til oss og ta oss inn i din varme, for ditt namn skuld. Amen!

Iransk konvertitt blir sendt ut frå Island


Islandske styresmakter har bestemt at Morteza  Songal Zadeh skal sendast ut av landet. Morteza konverterte til kristendomen medan han var i Iran, og fekk 74 piskeslag der for ikkje å ha fasta under Ramadan, og skal seinare ha blitt dømd til døden for å ha forlate islam. Han klarte å flykta frå Iran til Frankrike, og vidare derifrå til Island, og blir no, sidan Island har slutta seg til Dublintraktaten, sendt attende til Frankrike. Der vil han ganske sikkert bli returnert til Iran. Det kan me gå ut frå sidan Europa no kun tek imot flyktningar frå det krigsherja Syria. 

Be for Morteza, at den Gud som har kalla han og frelst han, også skal verna han og leida han etter sin gode plan og vilje. 

Dagens unådde: Narafolket i Eritrea

Folketal: 123000. Religion: Islam. Lokalisering: Nordvest på grensa mot Sudan.
Språk: Nara. Det finst ingen kristne ressursar tilgjengeleg på nara. Det finst arkeologiske spor etter narafolket mange hundre åt attende i tid. Dei har vore sårbare. Både sudanesarar og arabarar har fanga og selt dei som slavar. No er det ikkje lenger så mange att av dette historiske folket. Det er eit lyspunkt: Så pass mange av dei kjenner Jesus at dei skal kunne gjera han kjent for frendane sine.

Gode Jesus! Me takkar deg for dei i narafolket som trur på deg, og me ber om at du må setja mot i dei, styrka dei og utrusta dei med kraft frå det høge slik at dei kan vera uimotståelege vitne om di oppstode i sitt eige folk. Me gleder oss til å høyra om at heile narafolket har bøygd seg for deg og at sannar at du, og du åleine, er Herre i deira liv. Amen!

tirsdag 10. januar 2017

Dagens unådde: Rakhine i Burma


Rakhinefolket (2 717 000) er buddhistar. Historisk har dette folket livnært seg av sjørøveri. No er det vel meir fiske og meir fredleg sjøfart det går i. Dei er tjukkhuda buddhistar og vanskelege å nå med evangeliet. Men nokre kristne der det likevel mellom dei. Språk: Rakhine.

Gode Gud!
Sjå i nåde til rakhinefolket. Styrk dei få kristne mellom dei med din Ande, bevar dei i trua på Jesus, hjelp dei å halda saman, set mot i dei og utrust dei til å nå frendane sine med evangeliet. Må ditt lys fløyma innover liva deira, avsløra synd og vekka dei til å ta avstand frå egoisme, grådigehit, uærlegdom og sjølvhevding, og skapa i dei ei lengsle etter å bli reine og heilage innfor Gud. Løys dei frå buddhismens falske læresetningar, før dei gjennom omvendinga sin tronge port og inn himmelrikets vide port. Me ber i Jesu namn, amen!


Rakhine, Arakanese in Myanmar (Burma)

mandag 9. januar 2017

Dagens unådde: Marokkanske berbererar i Warain

Det er 309000 warainberberar i Marokko. Berberane er Nord-Afrikas urfolk. Dei vart erobra og undertrykt av arabarane på 600-talet, og har seinare adoptert islam som sin religion. Dei snakkar eit språk som kallast tamazight. Tradisjonelt var dei nomadar, men lever no som stadfaste bønder. Deler av Bibelen er omsett til dette språket og ligg føre både i tekst og lydformat. Det er ikkje registrert ein einaste truande warainberber. Marokko har stengt grensene sine for kristen misjon, men det blir sendt kristne radioprogram på tamazight frå andre land i håp om å nå fram til nokon av desse menneska.

Gode Far! Det er du som styrer historias gang, og du er den som opnar dørar som ingen kan stenga, og stenger dørar som ingen kan opna. Må du opna ei dør for evangeliet inn til warainberberane i Marokko. Lat nokre av dei koma til tru gjennom dei kristne radioprogramma som vert sendt. Løys desse menneska frå islams makt, og før dei inn i Kristi fridom. Herre, miskunna deg over dei i Jesu namn, amen!

Tsjekkia

Tsjekkia ligg i hjarta av Europa, og har som alle land i dette området ei brokete fortid. Her har krigar rasa og grenser vore flytta i det uendelege. Den redselsfulle 30-årskrigen starta her i 1618 som eit resultat av konflikt mellom katolikkar og protestantar.
Landet hadde i 2013 10520000 innbyggjarar på eit areal på 78866 km2.
Tsjekkia har ein uvanleg rik åndeleg arv. Reformasjonens forlaupar, Johan Hus (1369-1415) kom herfrå, ein imponerande personlegdom som vart dømt som kjettar av den katolske kyrkja og brent på bålet 6.juli, ein av denne tids mange martyrar.
Tsjekkia er også landet til grev Zinzendorf, grunnleggjaren av "Brødremenigheten", som av mange reknar for å vera opphavet til den protestantiske misjonsrørsla.
Etter 2.verdskrigen vart Tsjekkoslovakia kommunistisk under sovjetrussisk overherredøme. Landet har aldri reist seg åndeleg etter det, og er den dag i dag prega av ein massiv ateisme, høg kriminalitet, seksuell umoral, skyhøg sjølvmordsrate, einsemd, narkotikamisbruk, abort, familieoppløysing og depresjon. Talet på kristne stuper.
  • Be om at det tsjekkiske folket skal oppdaga sine åndelege røter og venda attende til den Gud ein gong kjente og tente.
  • Be om at Gud skal gjesta landet, bada det i sitt lys, skapa tru i hjarto og lækja landet.
  • Be om at Gud skal styrkja si kyrkje i Tsjekkia, opplysa henne med sitt ord og fylla henne med sin Ande og gje henne ein bodskap som råkar tsjekkarane i hjarto. Be også om at det vert etablert sterke og uimotståelege disippelgjerande fellesskap overalt i dette landet. 


fredag 6. januar 2017

Verda del 3. Nye trendar i verdsmisjonen

Den kristne misjon ser heilt annleis ut i dag enn for få tiår sidan. Då var det snakk om at evangeliet gjekk frå Vesten til "resten". I dag er tinga snudd litt på hovudet og Vesten er sjølv ei misjonsmark, og i stadig større grad ser me at misjonærstraumen snur. Kristne frå Brasil reiser som misjonærar til Portugal, argentinarar til Spania og truande frå Nigeria, Kina og Sør Korea er å finna som misjonærar i mange europeiske land.
  • Herre! Me ber om at du sender ut haustfolk frå alle land for å hausta inn grøda di i alle land.

USA er framleis største utsendingsland. Men Sør Korea har gått forbi Storbritannia som ein god nr. to. Kina seilar opp som ein misjonsgigant med sin "Tilbake til Jerusalem"-visjon. Kinesarane har som mål å kunna senda ut 10% av sine medlemmer i misjon. Me har alt nemnt misjonskyrkja i Mongolia som eit mirakuløst fenomen, men volumet her er sjølvsagt lite. Andre land som overtek leiarskap i verdas misjonsarbeid er Etiopia, Nigeria, Brasil og India. Når det gjeld India er den store misjonsrørsla intern. Store organisasjonar sender misjonærar for å nå ut til dei mange og store unådde folkegruppene i landet. Det som no er utfordringa er at Vesten har pengane og "resten" har folka og krafta.
  • Herre, me ber om at Vesten skal investera i folk frå "resten" slik at dei kan driva effektiv misjon i alle land, og mellom alle dei folka som enno gjenstår for at misjonspåbodet skal oppfyllast.

Mange organisasjonar driv i dag misjon med utgangspunkt i helseinstitusjonar. Dei ser på dette som ein måte å realisera Jesu ord om å lækja dei sjuke på. Helsehjelp gjev ofte eit godt utgangspunkt for hjelp til tru.

Det er også ein trend at kristne jobbar gjennom sekulære organisasjonar som t.d. FN og Raudekrossen. Dei er å finna både i området som treng naudhjelp og u-hjelp. Dei får realisert kallet sitt om å syna godleik gjennom jobben, og ved at dei forkynner ordet og byggjer kyrkjelyd på fritida. Dette gjeld også kristne forretningsfolk med pengar, faglege ekspertar t.d innan energi og folk som driv innan utdanningssektoren. Slike er velkomen over alt. Dei byggjer opp business, investerer i arbeidsplassar og bidreg med kompetanse parallelt med at dei driv disippelgjering og kyrkjelydsbygging. Me ser at misjonsarbeidet vert meir holistisk enn før.
  • Herre, me takkar for kreativitet i misjonsarbeidet, og for at du utrustar og sender folk til ulik type teneste. Du som er sjølve Visdomen, gje folk i alle kyrkjer nye berekraftige idear og draumar, og vilje til å gjennomføra det du har lagt på dei.
Truande filippinarar, koreanarar, nigerianarar og kinesarar som lever og jobbar utanlands, er ein veldig ressurs med tanke på evangelisering i heimlanda. Nokre vender attende som "teltmakarar" , og Gud gjer store ting gjennom dei når dei lever misjonalt i si daglege verksemd i ein kultur dei kjenner frå innsida.
  • Herre, me ber om at f nokre av dei som har møtt deg langt borte frå heimlandet, modig skal venda attende til sitt eige land for å hjelpa frendane sine å finna vegen til deg og di frelse.


torsdag 5. januar 2017

Dagens unådde: Zhuang, Kina

Zhuangfolket er Kinas største etniske minoritetsgruppe. Dei tel, i følgje joshuaproject.net, 1 561 000 menneske, og bur i Guangxi-provinsen som grensar opp mot Vietnam. Zhuang er risbønder, og står kraftig imot dei kinesiske styresmaktene sin iver etter å modernisera områda dei bur i. Dei er polyteistar, og lever i konstant redsle for vonde ånder som dei meiner heile tida prøver å øydeleggja og skada dei. Denne redsla har gjort dei opne for evangeliet om Jesus.

Takk, Herre Jesus, for din gode plan med Zhuangfolket. Me ber i ditt namn om at ditt gode ord skal nå dei, at din Ande skal bli gjeven dei og at du skal  frelsa dei frå synda, døden og djevelens makt, og frå all den redsle som djevelen skaper i liva deira. Må kyrkja di bli etablert i zhuangfolket som eit mektig lys i kulturen, eit senter for din nåde og lækjedom. Amen!


Tyrkisk rett avviser appell om fridom for fengsla amerikansk pastor

Andrew Brunson er pastor i Izmir Dirilis (Oppstode)  Church. Den 7. oktober i fjor vart han og kona, som har arbeidd som misjonærar i Tyrkia i mange år, arresterte under påskot om å vera med i ein terroristorganisasjon, nærare bestemt organisasjonen til Fetulah Gülen, som etter styresmaktene si meining stod bak kuppforsøket i juli.

Kona vart sett fri etter kort tid, men Andrew blir halden i streng forvaring. Det er enno ikkje presentert noko formell tiltale mot han, og det er ikkje lagt fram nokon som helst bevis i saka.

Alle appellar er blitt blankt avviste, den siste vart sendt 29. desember, og familien hans må søka styresmaktene om lov til å besøka han ein gong i veka.
  • Be om at dette marerittet må ta slutt, og at Andrew Brunson får fridomen sin attende.
  • Be om at han skal ha tilgang på kristen litteratur medan han sit inne.
  • Be om at han og venene hans held motet oppe, og at det det viktige misjonsarbeidet i Izmir (det bibelske Smyrna) vert halde oppe.


mandag 2. januar 2017

Dagens unådde: Magar i Nepal

Magarfolket i Nepal tel 1822000 menneske. Dei lever på slettene ved foten av dei mektige  Himalayafjella. Truleg kjem dei opphaveleg frå Tibet. Dei elskar å syngja og dansa. Språket deira er nepali. Bibelen er lett tilgjengeleg for dei på alle plattformer. Magarfolket er hinduar. Dei er fanga av sterke demoniske krefter, og nepalske maoistar skal i følgje joshuaproject.org hindra  dei i å få kontakt med kristne og med kristen forkynning.

Herre! Me ber om at Magarfolket ein dag, og det ganske snart, skal få syngja og dansa til di ære. Løys dei frå avgudane som dei dyrkar, og før dei ut av mørkret dei lever i og inn i ditt underfulle lys. Herre, miskunne deg over dei. Amen! 

 

Verda 2

Svar på bøn

Dei siste 30 åra har Gud gjort bemerkelseverdige mirakler i verda. Media har mest fokus på negative utviklingstrekk, og alt det gode Gud gjer på dagleg basis, er lite påakta. Då den første utgåva av Operation World kom i 1979, var det ingen kristne i Mongolia. I dag er det 40 000 kraftfulle Jesu disiplar i dette landet, og ikkje noko land i verda sender ut så mange misjonærar i høve til folketalet som Mongolia, ein posisjon som forresten Noreg hadde i lang tid. Men ikkje berre Mongolia, det har vore enorm kyrkjevekst i Kambodsja, Kina, Vietnam, Iran, Albania, Sudan,  Indonesia, Nepal, Etiopia, Kenya og Mosambik.
  • Takk Gud for vekkingsmirakla i verda dei siste tiåra. 
Tyngdepunktet for kristendomen er så definitivt flytta frå nordvest til sør i verda. I Vesten har kristendomen tilbakegang, men altså formidabel vekst i Afrika sør for ekvator, Latin Amerika og i Asia. I dag er evangeliet om Jesus forkynt i alle nasjonar, og kyrkja er å finna i alle krokar og krinklar i verda.
  • Be om at dei kristne lever som sanne disiplar av Jesus, at kyrkjene held seg sunne og sanne i tru, liv og lære, og at dei let seg fylla av Kristi kraft og kjærleik.
Dei siste godt hundre åra har Gud gjesta verda gjennom tre store karismatiske vekkjingsrørsler som pregar den evangelikale delen av kristendomen. Først pinserørsla i 1906, så den karismatiske vekkinga som starta på 1960-talet og seinare den såkalla tredje bølgja rundt Vinyardrørsla og John Wimber. Det er over 600 millionar truande som er ein del av dette bilete i dag, og det er her me finn den sterkaste veksten i Guds kyrkje på jord.
  • Takk Gud for hans overnaturlege inngrep gjennom desse rørslene, og be om at me snart må få sjå den siste store utausinga av Guds Ande over Guds kyrkje, den som skal koma i forkant av Jesu atterkome, og som vil bli større enn alt me så langt har sett i kyrkjehistoria.  
 I den kristne kyrkja har det dei siste tiåra vakse fram store bønerørsler som i stor grad ber fram Guds verk i verda.  Me kan nemna Global Day Of Prayer og International House of Prayer (Mike Bickle, Kansas City).
  • Takk Gud for desse initiativa, og be om at bønerørsla må finna sin veg inn i alle forsamlingar og kyrkjesamfunn. 
 



søndag 1. januar 2017

Verda del 1

Hovudkjelde: Operation World 2010.
I 2015 var det 7,3 milliardar menneske i verda. Den årlege veksten er på 1,1%. Verdas befolkning har fordobla seg frå 1970 til 2010, og det er i dag nesten 500 byar med over 1 million menneske. Over 50% av alle menneske bur i byar. Joshua Project opererer med 16350 etnolingvistiske grupper, World Christian Database med 13674 grupper. Mange av desse gruppene er transnasjonale, og er dermed telt fleire gonger. Etnologane reknar med at det er 6909 språk i verda. Det verserer høgare tal også, men det kjem av at nokre reknar mange dialektar som eigne språk. Det største språket, i meininga morsmål eller førstespråk er hankinesisk, så kjem spansk, engelsk, arabisk, hindi, bengalsk, portugisisk, russisk, japansk og tysk.
Men når det gjeld administrasjonsspråk, er engelsk størst, så kjem hankinesisk, hindi og for å nemna dei fire største. 
Den nyaste statistikken (2016) for bibeloversettingar ser slik ut (kjelde: www.wycliffe.no):
I 2010 var summen av språk som hadde Bibelen eller deler av han tilgjengeleg 2582. I 2015 var talet 2932. I 2016 altså 3224. Me ser altså at bibeloversetting akselererer sterkt. Berre frå 2015 til 2016 vart det sett i gong oversetting i nesten 300 språk. No gjenstår mellom 17 og 1800 språk der ekspertane meiner at bibeloversetting er strengt naudsynt.
  •  Be om at Bibelen skal bli tilgjengeleg for alle menneske på morsmålet.
Verdas økonomi er sterkt influert av globalisering, digitalisering, teknologiutvikling, nye økonomiar, gjeldsproblematikk, auka gap mellom fattige og rike, lokalt og internasjonalt, hyppige finans og valutakriser, auka konsum i folkerike land, klimaendringar, regionale krigar, energiproblematikk, menneskehandel, svarte marknadar, korrupsjon, narkotikahandel, nykolonialisme, folketalsnedgang og eldrebølger i vesten. Synda set djupe spor i økonomi og folkeliv.

  • Be om at det skal utvikla seg rettferd i verdsøkonomien, og at dei store mørke og syndige marknadane skal bli kvelt.
I politikken ser me at islamisme veks fram i store deler av Afrika og Asia med forgreiningar til Europa og USA, og med politisk islam kjem terrorisme, krig og naud, som igjen skaper millionvis av flyktningar som pressar på. Ein annan trend er framvekst av nasjonalisme og rasisme, og ofte kopla med religion. I Vesten ser me tendensar til at nye nasjonalistiske  høgreparti får politisk makt, parti som har ein protektsjonistisk handelspolitikk og restriktiv asyl og flyktningepolitikk. Storbritannia melde seg såleis ut av EU i 2016. Elles er mange land i Afrika i rivande utvikling, og kinesiske interesser er tungt inne i mange av desse landa og kjøper opp jord og byggjer ny infrastruktur. I framtida vil matjord stå fram som den heilt store økonomiske ressursen. Det har kinesarane forstått betre enn dei fleste.
  • Be om fred mellom nasjonane, og om ny respekt for menneske sin evige verdi uavhengig av nasjonalitet, alder, hudfarge, kjønn osv

Når det gjeld religion er det to ulike tendensar: På den eine sida sekularisering, liberalisering og pluralisering i vestlege land, og på den andre sida utvikling av religiøs fundamentalisme i muslimske, hinduistiske, buddhistiske og buddhistiske land og ideologiske restriksjonar i kommunistiske land. Begge deler fører til forfølging av kristne og andre religiøse minoritetar, og forfølginga tiltek i styrke, kreativitet, omfang og intensitet

Enno er kristendomen verdas største religion når det gjeld tilhengarar, men islam veks snøggast, noko som i stor grad handlar om folketalsvekst i muslimske land.
  • Be om at kristne som opplever forfølging står faste i trua på Jesus og på Guds gode ord.


Dagens unådde: Beduinar i Dei arabiske emiratane

Beduinar er å finna over svære områder i Midt-Austen og Nord-Afrika. Mange av dei er seminomadar, slik også dei over 762 000 i Dei arabiske emiratane. Desse er sunnimuslimar med sterke innslag av animisme i trua. Dei snakkar gulfarabisk. Bibelen er ikkje tilgjengeleg på denne dialekten. Det er derimot Jesusfilmen.

Gode Gud! Må evangeliets ord og kraft nå fram til beduinane i Dei arabiske emiratane. Gje dei din Heilage Ande slik at dei forstår at dei må tilbe Jesus som Guds Son og verdas frelsar. Løys dei i Hans namn frå djevelens makt og innflytelse, og etabler di kyrkje mellom dei som eit frelsande fyrtårn i kulturen, og gjer dei til eit misjonerande folk i verda. Amen!

 Bedouin, Gulf in United Arab Emirates

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...