Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
onsdag 4. juni 2014
Hellas
I Hellas bur det vel 11 mill menneske. Dei aller fleste tilhøyrer den ortodokse kyrkja. Det er berre 41000 evangeliske kristne der.
Hellas har vore, og er, i ei massiv økonomisk, moralsk og åndeleg krise. Folk flest er synkretistiske i trua si og blandar saman kristendom, overtru, og ulike reine heidenske førestellingar, og dei lever sekulært. Levande rein Jesustru er sjeldan vare i Hellas.
Kristendomen i Hellas går heilt attende til apostelen Paulus. Landet har ein rik åndeleg arv, og djupe røter i den kristendomen. Det er ikkje eit poeng å gjera grekarane til protestantar, men det er viktig at dei møter Jesus og blir frelst.
Elles er Hellas moderlandet for den moderne europeiske sivilisasjonen. Antikkens filosofar, arkitektar, kunstnarar og statsbyggjarar har sett sitt uutslettelege preg på verda for all ettertid.
Bøn: Herre Jesus Kristus! Me ber om at du skal revitalisera den rike åndelege arven som grekarane har. Må prestane forkynna evangeliet til frelse for dei som lyttar. Fjern alle okkulte trekk i den ortodokse kyrkja slik at ditt ord kan lyda med reine tonar for folket. Må dei evangeliske leva fylte av Andens kraft og i einskap med kvarandre, slik at Guds rike også kan koma til Hellas gjennom dei. Læk folket og landet åndeleg, moralsk og økonomisk, og lær dei å vera milde mot dei mange flyktningar og innvandrarar som bankar på dørane deira. Velsign Hellas for ditt namn skuld. Amen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar