onsdag 11. juni 2014

1000 kristne familiar har flykta frå islamistar som har innteke Mosul

Christian refugees living in tents 

in a monastery in Al Qosh, North-Iraq. 

February 2010
Kristne flyktningar som bur i telt i klosteret al-Qosh i Nord-Irak.Foto: World Watch Monitor
BBC melde i går at ein irakisk syrisk sunnimuslimsk ekstremistorganisasjon (ISIS) har gått inn i Mosul, den nest største byen i Irak  (1,8 mill. innbyggjarar), og okkupert byen. Dei som skulle forsvara byen har rømt. Det har også 150000 menneske, inkluddert 1000 kristne familiar som er eit opplagt terrormål for alle al-Quaidainspirerte grupper. Desse familiane har tidlegare rømt frå forfølging i sør-Irak, og er no på ny utsette for åtak.

Bøn:
Far i himmelen! Sjå til og vern familiane som no har rømt frå Mosul. Stopp i Jesu namn mordarbandane som har innteke byen. Send forvirring mellom dei og driv dei attende. Frels byen i Jesu namn. Må militær assistanse nå fram til dei som bur i Mosul. Må fienden fly, og freden attreist. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...