fredag 22. oktober 2010

Kreftsjuk kvinne

Be for ei kvinne i 50-åra som er kreftsjuk. Medisinsk sett ser det ikkje ut til å vera mykje von for henne, men Gud har tydelegvis ein eigen agenda med henne. Fleire svulstar er vorten borte ved forbøn. No er det lungene som er angripne. Ver med å be om at ho må bli heilt frisk frå sjukdomen og leva i mange gode år til ære for Gud.

Litani frå Common Worship, lett tilpassa

Gud, vår Far!
Jesus, Guds Son!
Gud, den Heilag Ande!
Miskunna deg over oss!

II

Fri oss frå all ulukke,
stoltheit, tomheit og hykleri,
frå misunning, hat og vondskap
og frå alt som kan skada oss og andre.

Frå latskap, verdslegdom og kjærleik til pengar,
frå harde hjarto
og forakt for ditt ord og dine lover,
fri oss, kjære Herre Gud.

Frå synder i kropp og sjel,
frå denne verdas bedrag,
frå kjøtet og djevelen,
fri oss, kjære Herre Gud.

Frå hungersnaud og dyrtid,
frå vald, mord og ubudd død,
fri oss, kjære Herre Gud.

Vær oss nær i tider med glede
og i tider med sorg,
og i dødens time
og på domedag,
fri oss kjære Herre Gud.

III

Ved at du vart menneske og kom i kjøt,
ved din fødsel, barndom og lydnad,
ved din dåp, di faste og freisting,
fri oss, kjære Herre Gud.

Ved di teneste i ord og gjerning,
ved dine mektige kraftgjerningar,
og ved di proklamering av Guds rike
fri oss, kjære Herre Gud.

Ved dine smerter og dine prøvingar,
ved din kross og di liding
og ved din dyrebare død, di grav og di oppstode,
fri oss, kjære Herre Gud.

IV

Herre, vår Gud, høyr våre bøner
Høyr oss, gode Herre.

Styr og leid di heilage kristne kyrkje,
fyll henne med kjærleik og sanning,
og gje henne einskap etter din vilje.
Høyr oss, gode Herre.

Gje oss mot til å forkynna evangeliet i heile verda,
og gjera alle nasjonar og folk til dine læresveinar.
Høyr oss, gode Herre.

Opplys leiarane våre med kunnskap og forståing,
slik at dei både gjennom liv og lære proklamerer ditt ord.
Høyr oss, kjære Herre.

Gje folket ditt nåde til å høyra og ta imot ditt ord,
og til å bera Andens frukt.
Høyr oss, gode Herre.

Før alle som er bedregne og har gått seg bort, inn på sanningsvegen.
Høyr oss, gode Herre.

Styrk dei som står,
trøyst og styrk dei som vaklar,
reis opp dei falne,
og trykk Satan ned under føtene våre.
Høyr oss, gode Herre.

V

Før nasjonane sine leiarar inn på freds og rettferds veg.
Høyr oss, gode Herre.

Leid og styrk kong Harald,
slik at han set si lit til deg,
og søkjer di ære og din herlegdom.
Høyr oss, gode Herre.

Gje stortingsrepresentantane våre,
statsministeren og alle regjeringsmedlemmene
gudsfrykt, miskunn, visdom og forståing.
Høyr oss, gode Herre.

Velsign alle som jobbar ved domstolane
slik at dei held oppe rettferd, ærlegdom og sanning.
Høyr oss, gode Herre.

Gje oss vilje til å bruka jorda sine ressursar til di ære
og til glede for alle skapningar.
Høyr oss, gode Herre.

Bevar og velsign alle menneske.
Høyr oss, gode Herre.

Bring di glede inn i alle familiar,
og fyll heim og ekteskap med kjærleik og varme.
Vak over barn og unge,
og leid dei på dine vegar.
Høyr oss, gode Herre.

Vern alle ufødde barn mot abort og prenatal skade,
og styrk og hjelp alle fødande kvinner.
Høyr oss, gode Herre.

Kom med omvending til dei som dyrkar synda,
og med forsoning til folk som ligg i strid og konflikt med kvarandre.
Høyr oss, gode Herre.

VI

Hjelp og trøyst dei einsame og dei som er forlatne,
og gje fridom til dei som er undertrykte.
Høyr oss, gode Herre.

Bevar alle som er på reise, og alle som er i fare.
Herre, miskunna deg over oss.

Læk dei som er sjuke på kropp og sinn,
sørg for dei heimlause, svoltne og naudlidande,
og fyll di kyrkje med lækjedomskraft og godleik.
Herre, miskunna deg over oss.

Vis medynk me dei som er på flukt,
og dei som er i store vanskar.
Kom til dei med hjelp, framtid og von.
Herre, miskunna deg over oss.

Gjenreis liva til dei som sit i fengsel.
Gje dei ditt ljos, og hjelp dei å venda om til deg og tru på Jesus.
Herre, miskunna deg over oss.

Tilgje våre fiendar, forfølgarar og dei som talar vondt om oss,
og snu hjarto deira til det som er godt, rett og sant.
Herre, miskunna deg over oss.

Høyr oss når me minnest dei som har døydd i Kristi fred,
både dei som har vedkjent trua og dei som hadde ei tru som kun var kjent for deg,
og gje oss, saman med dei, og å få del i ditt evige rike.
Herre, miskunna deg over oss.

VII

Gje oss sann omvending,
og tilgje oss syndene våre, dei som er gjort av uforsiktigheit, manglande kunnskap
eller med vilje, og gje oss nåde ved den Heilage Ande til å forandra liva våre så dei vert i samsvar med ditt ord.
Heilage Gud,
heilag og sterk,
heilag og udøyeleg,
miskunna deg over oss.

HERRENS BØN.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...