lørdag 17. februar 2018

Angola


Folketal: 29 310  273 (juli 2017). Flatemål: 1 246 700 km2.
Folkeslag: Ovimbundu (37%), Kimbundu (25%),  Bakongo (13%),
Språk: Portugisisk (71%, offisielt), Umbundu 23% og mange andre stammespråk.
Det er totalt 41 språk. 12 av dei har heile Bibelen, 5 har NT, 13 har enkelte skrifter og 3 språk er under omsetting.
Religion: 80 % kristne  (halvparten katolikkar, halvparten evangeliske protestantar), 8% etnisk, 12% ingen.

Angola var portugisik koloni i 450 år fram til 1975. Etter 27 år med borgarkrig, vart det fred i 2002, men landet  lid enno av store etterverknader med enorm fattigdom, manglande infrastruktur og utdanningssystem. Økonomien er heilt oljerelatert. Men landet har enormt potensiale for jordbruk og har store ressursar av diamantar, gull og andre mineraler, men næringslivet er enno dårleg utvikla. Likevel skjer det positive ting. Nye vegar vert bygde og gamle utbetra, ogfleire  universitet er etablerte.

Trass i oljerikdomen, lever over 40% av befolkninga under FN si fattigdomsgrense, og dei fleste andre er svært fattige dei også.  Her er det mykje pengar på få hender. 30% av mennene og 40% av kvinnene er analfabetar. Kvar kvinne føder gjennomsnittleg 5 barn. Halvparten av fødslane er utan assistanse av lege/jordmor. Mange kvinner døyr i barsel. 45 % av befolkninga er under 15 år. Låg utdanningsgrad og elendig politisk styring gjer at arbeidsløysa mellom unge menneske er skyhøg. Krigen førte millionvis av menneske på flukt. Desse har gradvis kome attende.

Dei fleste menneska trekkest mot dei store byane langs Atlanterhavskysten. Byane er overbefolka, og det er mange foreldrelause barn på gatene. Mange er utsette for misbruk og prostitusjon.

6 millionar landminer er blitt uskadeleggjort, men hundretusenvis går rundt med stygge skadar etter å ha trakka på miner, og enno blir folk stygt skada av desse.

Men trass i store kroppslege skadar, er dei psykologiske og åndelege skadane større. Her snakkar me om generasjonar.

Frå 1990 og fram til i dag har talet på evangeliske kristne auka kraftig, og kyrkja står heilt sentralt i den forsoningsprosessen som no er i gong mellom tidlegare fiendar.


  • Takk Gud for alle nye som kjem til tru i Angola i denne tida. 
  • Be om at dei må innlemmast i gode kyrkjelydar og bli disippelgjort på ein forsvarleg måte.
  • Synkretismen er stor i Angola som elles i Afrika. Be om at Gud skal reinsa kyrkja si for okkultisme, fetisjisme, hekseri og alle framande religiøse åndsmakter. 
  • Be om at kyrkja skal få leiarar som er gode førebilete for dei truande, fulle av Kristi kjærleik og Andens kraft, menn som kjenner Gud og som er sterke i Skriftene. 
  • Be om at Bibelen skal bli omsett til alle levande språk. 
  • Be om at landet skal få kompetente leiarar som forstår sitt ansvar og tek dei grep som er naudsynt for å verna barn om unge mot den vondskapen som dei er utsette for, og som sørger for å prioritera skulegang og utdanning for den oppveksande slekt. 
  • Be om at Angolas menn skal ta eit oppgjer med sin syndige og egosentriske livsstil, bli gudfryktige, trufaste, ærelege, arbeidssame, edruelege, seksuelt ansvarlege og visa seg som sanne menn som tek ansvar for kvinner og barn. 
  • Be om at Gud skal reinsa folket frå synd og fri landet frå djevelens undertrykking. 
  • Be om at landet skal få bygd ut jordbruket sitt, utdanna kompetente bønder, og at det skal etablerast ansvarlege  industriselskap som har som mål å utvikla landet, og ikkje skaffa seg rask profitt. 






torsdag 15. februar 2018

Algerie





Algerie har 41 millionar menneske. Dei fleste bur nord for Atlasfjella, og særleg naturlegvis langs Middelhavskysten. 99% av  befolkninga består av arabiserte berberar. Berberane var kristne før islams arabiske hærar erobra og Nord-Afrika på 6 og 700-talet e. Kr.  I dag er 70% lese og skrivekyndige. Offisielle språk: Arabisk og berber. Fansk er utbreidd. Mange meistrar engelsk. Totalt blir det snakka 22 språk. Heile Bibelen er tilgjengeleg på arabisk. 1 språk har NT og så blir det jobba med omsetting til sju andre språk (2010, Operation World)

Over 97% er muslimar, og religionsfridomen og andre menneskerettar har tronge kår, og konvertering frå islam er ulovleg. Ein av dei som sit fengsla for dette er Slimane Bouhafs som i 2016 fekk ein dom på 3 år for å ha fornærma islam.

Slimane Bouhafs

Algerie har ein raskt veksande økonomi knytt til utvinning og sal av olje og gass.

Politisk var Algerie ein fransk koloni i 132 år. Landet fekk sjølvstende etter ein blodig krig i 1962. Frå den tid og fram til 1988 var landet styrt av ei sosialistregjering og var i praksis ein eittpartistat. I 1991 vart det gjennomført eit val som vart vunne av islamistgruppa FIS, Den islamske frigjeringshær. Då greip hæren inn, og etter ein lang borgarkrig med 100000 drepne, vart islamistane slått i 1998. Etter den tid har Algerie blitt styrt av president Abdelaziz Bouteflika. Han er støtta av hæren, og alle vala i ettertid har gått i hans favør, men høgst truleg etter omfattande manipulering. 

Det er rundt 100 000 kristne i landet, og kyrkja har ei årleg vekstrate på over 7%, som er svært høgt. Veksten er i hovudsak mellom kabyleberberane, men også hos arabarane er det framgang å spora.
Alle kyrkjelydar er undergrunnskyrkjer.

Areal: 2 381 741 km2, det meste er ein del av den golde Saharaørkenen.


  • Takk Gud for den heilt ekstraordinære kyrkjeveksten som har funne stad i landet dei siste tiåra.
  • Be om einskap mellom  kristne berberar og arabarar.
  • Be om at dei truande i landet skal vera frimodige og kloke i sitt uttryk
  • Be Gud om at møtelokalitetane deira ikkje skal bli oppdaga
  • Be om fred og forsoning mellom berberar og arabarar
  • Be om ny oppblomstring av den berberiske kulturen
  • Be om at dei kristne må stå oppreiste i dei stormkasta som stadig kjem over dei. Dei er utsette for redsler både frå familiane, naboane og arbeidsgjevarane sine, samt frå islamistar og fråregjeringa 
  • Be om at kyrkja skal ha gode leiarar som elskar Gud, Guds ord og folket
  • Be om vern over dei kristne familiane, og at dei skal halda saman trass i tøffe tilhøve, og at barna skal halda seg til Jesus sjølv om dei lever i eit samfunn som er gjennomsyra av islam. 






søndag 11. februar 2018

Albania

Albania er omtrent like stort som Finnmark fylke, omlag 28000 km2.
Hovudstad er Tirana.  Landet vart fri frå det ottomanske imperiet i 1912, vart okkupert av Italia i 1930 og Tyskland i 1943. Etter krigen vart landet ein satelittstat under Sovjet. I 1960 orienterte dei seg mot Kina, og Enver Hodcha innførte ein streng maoisme, eit totalitert system der all makt låg i èin manns hender, og all religion var totalt forbode. Albania vart nærast hermetisk lukka fram til 1990 då det rotnande kommunistiske treet i Europa velta for aldri meir å reisa seg.

I dag har Albania representativt demokrati.

Folketal er på vel 3 millionar.
Religion: 56,7% er muslimar (folkeislam prega av okkulte overtru), 16% kristne, dei fleste katolikkar og ortodokse. 14000 evangeliske (2010).

Etter 1990 har det vore ein betydeleg kristen misjonsinnsats i Albania. Bibelen er omsett til albansk, det finst både ein parafrasert og ein ordinær versjon.
Den Evangeliske Allianse i Albania hadde i 2010 160 medlemskyrkjelydar. I dag er sikkert tale betydeleg høgare. Kyrkjene har innfødde leiarar, landsomffande nettverk og ein visjon for disippelskap og evangelisering, og kyrkja sender ut arbeidarar til andre land. Alt dette har hendt i ein politisk og økonomisk ustabil tid, noko som av mange kristne vert forstått som svar på mange års dedikert bøn.


  • Takk Gud for dei mange nye truande som er blitt lagt til kyrkja etter 1991, og for at det blir langt så stor vekt på disippelskap og misjon.
  • Be om at evangeliet stadig må gå fortare fram og nå fram til alle områder og befolkningsgrupper i landet. 
  • Be om at kyrkja skal vera velsigna med gode og ansvarsfulle leiarar.
  • Be om at det skal plantast nye kyrkjelydar i alle byar og landsbyar  
  • Be om at det ikkje skal oppstå spenningar mellom ulike religiøse grupperingar, og at landet skal ha fred. 
  • Be om at landet skal velsignast med kloke og ukorrupte leiarar.
  • Be om eit godt utdanningssystem for barn og unge.
  • Be om eit oppegåande næringsliv og ein sunn nasjonal økonomi. 



lørdag 10. februar 2018

Afghanistan


I Afghanistan bur det 34 124 811 menneske (juli 2017). 60% av dei er under 20 år. Gjennomsnittleg levealder er 51 år.
Landet har vore heimsøkt av krig i 3000 år,
Landet vart invadert av Sovjetunionen i 1979. Russarane vart pressa ut då imperiet deira gjekk under i 1989-91.
Etter det vart landet på 90-talet styrt av brutale regimer som Mujahedin og Taliban, før USA og Nato gjekk inn i landet i 2001, det var etter åtaket på USA  11.september same året.
No er stoda den at også Nato og USA har trekt styrkane sine ut, og Taliban, og i den siste tida også den islamske hæren IS (Daesh), har framgang gjennom terror. Den svake regjeringa i Kabul har på ingen måte kontroll over meir enn seg sjølv.

Men Gud jobbar. For 30 år sidan var det 50 kristne i landet. I dag er det mange tusen. Folk kjem til tru gjennom kristne hjelpearbeidarar som syner dei nestekjærleik, og kristne radio og TV-sendingar når djupt inn i landet og har gjeve ny tru og nytt håp til mange trøytte og fortvila menneske. Men all kristen trusutøving må føregå under jorda.

Landet manglar mat og er avhengig av matvarehjelp frå utlandet. Dei KUNNE klart seg sjølve, men bøndene dyrkar heller opium enn mat. 90% av verdas opiumproduksjon føregår i Afhanistan, og opium er råvara for heroin. Me forstår at djevelen herjar fælt på i dette landet.

Mange kvinner døyr under fødsel fordi dei ikkje få lov å ta imot hjelp frå mannlege legar.

Korrupsjonen i landet er eventyrleg

Be om at evangeliet skal spreia seg i landet frå person til person og marinera heile samfunnet i vår tid.
Be om at Bibelen skal bli gjort tilgjengeleg for folk, og at minoritetsspråka også må få seg ei omsetting. Idag føreligg heile Bibelen på Dari, og Det nye testamentet på pashtun. 
Be om effektivt vern for dei kristne slik at dei ikkje blir utsette for fengsling, drap og annan vald.
Be om at dei truande skal bli grunnfesta i trua, sterke i Gud og fulle av Andens kraft og nåde.
Be om at under og teikn skal følgja dei som trur.
Be om at Gud skal stoppa framgangen for IS og Taliban, setja kjeppar i hjula for dei og sørga for at dei taper høgde og krasjlandar. 
Be om at bøndene skal begynna å dyrka mat og slutta å dyrka opium. 
Be om at kvinner som skal føda må få legehjelp, om legen enn er ein mann.
Be om at leiarane i landet må venda om frå sine synder, ta avstand frå bestikkelsar og bli rettsindige i tankane sine og ta beslutningar som er rettferdige. 
Be om at barn og unge skal få skikkeleg skulegang og utdanning.
Be om at islam skal tapa makta si over befolkninga, at Allah og Muhammed blir kasta ut og at Jesus Kristus blir invitert inn.



mandag 5. februar 2018

75 kristne drepne av fulanikrigarar i delstaten Plateau i Nigeria

 



Den siste tida har, i følgje World Watch Monitor, 75 kristne bønder vorte brutalt drepne av muslimske fulanikrigarar i delstaten Plateau i Nigeria. Fulanistamma er kvegfolk. Det har lenge vore konflikt mellom desse og fastbuande bønder om retten til bruk av landområder. Men konfilkten har også sterke religiøse og etniske overtonar. Dei kristne tilhøyrer irigwestamma. President Mohammadu Butari er fulani, og mange tenkjer at han ugjerne stiller opp med soldatar for å verna irigwe mot mordarar frå si eiga stamme. Nigerianske styresmakter har ingen evne eller vilje til å beskytta dei kristne i denne delen av landet.

Men det handlar ikkje berre om drap. Fulaniane brnner opp og øydelegg hus og store avlingar for dei kristne bøndene. 3000 av dei kristne i området har no flykta og søkt tilflukt hos slekt og vener andre plassar.

Gode Gud! Du ser kva som skjer i Nigeria, all den sorg og naud som desse drapa og denne herjinga skaper mellom dine barn i området. Å Herre, dei treng ditt vern mot fienden, dei treng trøyst og styrke og rettleiing. Hjelp dei å setja inn rette kristlege tiltak mot den grove uretten som vert gjort mot dei, hjelp dei å tilgje og elska fiendane sine, og me ber om at styresmaktene skal reisa seg og ta sitt ansvar som ordensmakt i landet. Så takkar me deg for at riket ditt lenge har gått kraftig fram i Nigeria. No ber me om at dei kristne i sør skal reisa seg og vera med å beskytta sine kristne søsken i nord, og me ber om vekkinga i landet skal gå på djupet med folk og ikkje handla om korleis dei skal te seg for å bli velsigna av deg, men kva dei skal gjera for å æra deg med sine liv, følgja dine bod og gå heile vegen med deg. Amen!




Cape Town truga av total stopp i vassforsyninga om kort tid

Vassmagasina går tomme. Bilete frå AP
Det er KRISE i Cape Town. Dag NULL  nærmar seg raskt då det ikkje lenger blir ein dråpe vatn å få ut av springen. Området har i lang tid vore råka av tørke, og no er vassmagasina snart tomme. Folk har blitt anmoda om å spara på vatnet, men har ikkje respondert.

Cape Town er ein by med 4 millionar innbyggjarar, og det daglege vassbehovet er enormt.
Folkens: Det er tid å be om regn over Cape Town, langvarig regn som kan fylla opp magasina.

Lytt og ta del i denne bøna for Sør Afrika

Tre iranske kristne dømde til høvevis åtte og eitt år i fengsel

Surosh Saraie og Eskander Rezaie
To iranske kristne vart i desember 2017 dømde til totalt åtte år i fengsle av fjerde kammer i Revolusjonsdomstolen i Shiraz fordi dei "utgjorde ein risiko for rikstryggleiken", som det alltid heiter i desse domane mot kristne. Surosh Saraie og Eskander Rezaie, som begge er medlemmer av den evangeliske kyrkja i Iran (som er ei undergrunnskyrkje basert på huskyrkjer), fekk kvar ein dom på sju år for å ha skipa ei gruppe som truga den no så berømte nasjonale tryggleiken, og eitt år ekstra for å ha propagandert mot den iranske staten. Begge, som også sat i fengsel frå 2012 til 2015,  har anka domen.

Ei kristen dame som heiter Zahra Norouzi Kashkouli (fann ingen bilete av henne) vart dømt til eitt år i fengsel under den same rettshøyringa for å "ha vore med i ei gruppe som arbeider mot systemet". Ho har også anka domen.

Artikkel 23 i den iranske konstitusjonen slår fast at det er forbode å etterforska den enkelte persons religiøse tru. Ikkje desto mindre ser me i dag at etter Rouhani vart president, har stadig fleire kristne vorte arresterte og sett under press, og historia er alltid den same: dei trugar den nasjonale tryggleiken. Det rettferdiggjer arrestasjonar og fengselsdommar ut frå vikarierande klagemål.

Bøn:
Gode Far! Hjelp desse tre søskena våre å sjå på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar, slik at dei ikkej fortvilar, men kan ha ei fast tru og ei sikker von midt i stormen som rasar over liva deira. Gje dei din fred. Hjelp dei også å sjå at alle ting tener dei til gode som elskar deg. Fyll dei med kraft og autoritet slik at dei frimodig vitnar om Jesus overfor medfangar slik at desse også kan koma til tru og bli frelste for evigheten. Så ber me i Jesu namn at dei skal få fridomen sin i din gode time, og Anden er over dei og trøystar dei og hjelper dei med alt dei treng for liva sine. Amen!




Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...