onsdag 7. september 2022

Mosambik

 

Folketal: Vel 32 millionar fordelt på 62 folkegrupper som snakkar 53 ulike språk. Hovudstad: Maputo. 

46% er kristne (dei fleste katolske). 11% er evangeliske. Resten er animistar og muslimar. 

Etter at borgarkrigen enda i 1992 har landet utvikla seg i demokratisk retning. Evangeliet går fram med stormskritt, og dagleg blir det planta mange nye kyrkjelydar. Vekkinga i Mosambik vert driven fram av intens forkynning, stort hjelpearbeid og mange mirakler som skjer i Jesu namn. 

Be om at fridomen må vara ved, og at heile landet må bli disippelgjort. 

Når så mange kjem til tru kvar einaste dag som tilfelle er i Mosambik, er det eit desperat behov for gode kristne leiarar. Det er naturlegvis ei stor mangelvare.

Be om at alle nye kristne må bli godt grunnfesta og forsvarleg disippelgjort. 

Be om at Gud må utrusta hyrdar som kan undervisa kyrkjelydane i Guds ord, og som kan vera gode leiarar for flokkane. 

Be om at alt det gode arbeidet som vert gjort gjennom Trans World Radio også skal bera rik frukt.

Du kan lesa meir om alt dette på https://operationworld.org/prayer-calendar/09-07/#tab-more-1





tirsdag 6. september 2022

Vest Sahara

 


Vest-Sahara ligg sør for Marokko, og vest for Mauritania. Marokko okkuperte Vest-Sahara i 1979, og har annektert området, utan at verda elles har godkjent dette. Berre ein liten del av landet (som forøvrig er ufuktbar ørken) er sjølvstendig og blir kalla Den saharawadiske arabiske demokratiske republikk. Som Marokko er Vest Sahara eit fullstendig muslimsk land.

Gode Far! Du er den rette far for alle som bur i Vest Sahara. Men dei har ikkje den kunnskapen dei treng for å kunna finna deg. Me ber om at det skal gry ein ny dag i Vest Sahara, at evangeliet skal bli forkynt for alle i dette landet, at Jesus skal bli overmåte stor for dei, og at og du i henhold til Jesaja 52,10 syner din heilage arm for auga på alle folkeslag slik at heile jorda får sjå di frelse. Me ber i Jesus Kristi namn.

mandag 5. september 2022

Marokko

 

Bilde: CIA World Fact Book

Hovudstad: Rabat. Folketal: 37 mill. Folkegrupper: 31. Off.språk: Arabisk. Andre vanlege språk: Berbisk, fransk og engelsk. Totalt blir det snakka 10 språk. Religion: Islam (99,9%).. Kristne: 0,1%. Evangelisk kristne: 0,0%. 

På 700-talet invadert arabiske muslimar Marokko, og innførte islam med tvang. Før den tid budde berberane i landet. Dei var kristne, men adopterte fort den nye trua og tilpassa seg islam. I dag er marokkanarane stolte av sin muslimske bakgunn, dei er konservative, men ikkje valdelege, og dei prøver å stå imot trykket frå IS som prøver å få innflytelse i landet. 

  • Be om Marokko må halda fram med å vera eit fredeleg land utan krig og terror. 
  • Be om at Gud må velsigna landet med gode leiarar
  • Be om at dei få kristne i landet må finna saman i tette fellesskap som kan bli utgangspunkt for eit åndeleg storverk.
  • Be om at dei truande må halda seg nær til Gud, vera frimodige og fulle av nåde og kraft
  • Be om frelse for beduinane
  • Be om frelse for den vesle jødiske minoriteten
  • Det er mange marokkanarar som har emigrert til Europa. Be om at kyrkjene i Europa må forstå sitt ansvar og prøva å nå ut til dei med evangeliet.



torsdag 1. september 2022

Mauritania

 


Innbyggjartal: 4 557 110. Hovudstad: Nouakchott. 99,8% er muslimar. 0,2% er kristne. 73% er rekna som unådde. Store deler av landet er ørken. Landet er fattig, det er mangel på mat, og det er store utfordringar på alle nivå.

Å, Herre! Sjå i nåde til Mauritania. Rekk ut din mektige arm til frelse for nasjonen. Må folket få kjenna deg, Jesus, som sin Herre og frelsar og einaste vegen til himmelen. Du døydde for dei, for at dei skulle leva for deg. Løys dei ut frå djevelens makt i ditt namn, gje dei å venda om til deg. Gje dei tilgang til ditt ord, og skap ei sann tru i hjarto deira slik at dei kan lova og æra deg frå djupet av sitt hjarta. Amen!

Seks kristne dalitkvinner arresterte i den indiske delstaten Uttar Pradesh

 


Dette melder nettstaden AsiaNews den 8. august 2022

Seks kristne kvinner er arresterte i den indiske delstaten Uttar Pradesh for å ha forsøkt å tvangskonvertera hinduar til kristendomen. Det som skjedde var dette: I  fødselsdagsselskapet til sonen til Indra Kala (ei av kvinnene), var både kristne og hinduar inviterte. Då fødselsdagskaka skulle skjærast, løfta Indra Kala,  Subhagi Devi, Sadhana, Samata, Anita og  Sunita, som dei fem heiter, hendene sine mot himmelen og bad ei takkebøn til Jesus. Det var det som skulle til. Naboar som var vitne til kva som hende melde kvinnene til politiet, som straks tok saka. Huset var undersøkt, og politiet klarte å finna nokre kristne traktatar i som dei konfiskerte som «bevismateriale», sjølv om det ikkje på nokon måte er forbode å ha kristen litteratur i eit hus i India.  I denne staten, styrt av hindunasjonalistar, blir alle former for evangelisering kalla tvangskonvertering. Slik kan dei køyra rettsprosessar mot alle kristne som nemner Jesu namn. Ei av kvinnene er funksjonshemma, ei er enke med eineansvar for tre barn, melder AsiaNews. Det høyrer med til denne saka at dei fem kvinnene er dalitar, dvs kastelause menneske som står nedst på rangstigen. Dalitane er lette offer for dei som vil kristendomen til livs.

Herre! Me ber i dag i ditt namn for desse seks kvinnene at dei straks skal bli sette fri frå fangenskap, og at saka mot dei skal leggjast bort. Amen!

 

 

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...