torsdag 29. desember 2022

Bibelmisjon

 I 1804 vart British and Foreign Bible Society skipa med tanke på å få Bibelen oversett til walisisk og distribuert til walisarane. 

Dette var startskotet på eit eventyr. Snart vart det grunnlagt bibelselskap i alle protestantiske land, og stadig nye bibeloversettingar såg dagens lys. 

Å oversetja, trykkja og distribuera biblar er ein hovudnøkkel i alt misjonsarbeid. Bibelen er Guds ord, og det er dette ordet som skaper tru på Jesus når det blir høyrt eller lest. 

Sidan Bibelen for lengst er oversett til dei store språka i verda, er han tilgjengeleg for dei aller, aller fleste menneske. Men jobben er på langt nær ferdig, for dei fleste av verdsspråka vert snakka av minoritetsgrupper, og misjonsoppdraget er ikkje fullført for desse folkegruppene har fått høyrt evangeliet om riket forkynt for seg på sitt eige hjartespråk. 

Bibeloversetjing er ressurskrevjande. Berre å oversetja NT til eit nytt språk tek 15-20 år. Då skal det ofte lagast eit alfabet, ei ordbok, ein grammatikk samt at folk som er analfabetar skal læra seg både å lesa og skriva. Etterpå er det trykking og distribusjon. 

Mange bibelselskap er kopla på hundrevis av oversetjingsprosjekt for tida. Men fremst i arbeidet står Wycliffe bibeloversetjarar og SIL, Summer Institute of Linguistics, som er Wycliffe sin faglege avdeling, slik eg har forstått dette. 

På wycliffe.no kan du lesa meir om dette spennande arbeidet, og der finn du inspirerande historiar som du også kan dela med andre. 

Men me må ha litt statistikk før me ber. Statistikkane under har eg klipt og limt frå wycliffe.no



Språk uten oversettelse

Statistikken fra 2022 viser at 1680 levedyktige språk fortsatt har behov for oppstart av bibeloversettelse. Her er det ikke påbegynt noe arbeid og ingen deler av Bibelen er oversatt til disse språkene. Til sammen snakkes de 1680 språkene av 145 millioner mennesker.

Hvor bor menneskene?

  • Afrika: 525 språk, 13,7 millioner mennesker
  • Nord- og sør-Amerika: 98 språk, 1,2 millioner mennesker
  • Asia: 668 språk, 112 millioner mennesker
  • Europa: 50 språk, 1,6 millioner mennesker
  • Oseania: 339 språk, 350 tusen mennesker


Språk med pågående arbeid

I verden i dag finnes det 7388 levende språk, inkludert 386 tegnspråk. Bibeloversettelse er påbegynt eller under arbeid på 2846 språk i 157 land. Om få år vil alle språk i verden ha hele Bibelen eller deler av den på sitt språk. Det er altså innen rekkevidde at alle språk som ønsker Bibelen, har fått påbegynt oversettelsesarbeid!

Takk Gud for alle som har teke del i dette avgjerande misjonsarbeidet dei siste vel 200 åra.

Be Gud om å kalla nye til å gå inn i dette arbeidet, særleg unge menneske, men også eldre med livserfaring. 

Be om at visjonen om å gje alle minoritetsfolk Bibelen på sine eigne morsmål må gripa alle aktive kristne.



tirsdag 27. desember 2022

Fulani i Nigeria

 


Det er 17 810 000 fulaniar i Nigeria. Dei er muslimske seminomadar som stadig går til åtak på kristne fastbuande, delvis pga konfliktar knytt til beiteland, og delvis av religiøse grunnar. Det er 0,08% kristne i dette folket, og er ei frontiergruppe, eit folk som er heilt avhengig av misjonsinnsats utanfrå for å kunna etablera ei levande kyrkje.

Far i himmelen! Sjå i nåde til fulanifolket i Nigeria, og kall kyrkja di til misjonsinnsats i dette folket. Me ber om at dei få kristne fulaniane i Nigeria skal læra seg å leva nær til deg og i Andens kraft. Kom nær til dette folket med din Ande slik at dei forstår at dei treng frelse, det ber me om i Jesu namn, amen!






fredag 23. desember 2022

Dagens nasjon: Zambia

 

Kjelde: operationworld.org

Folketal: 19 mill fordelt på 74 folkegrupper som snakkar 72 ulike språk. Religion: 87% kristne. 26% evangelisk kristne. I 1960 var 3,8% av befolkninga evangeliske. Evangeliet har slått stadig djupare røter i heile samfunnet, og i 1990 vart det bestemt at Zambia skulle vera eit kristent land med full trusfridom for alle andre religionar. Landet er blitt ei fredeleg øy mellom nasjonar der det er mykje uro. Men trass i framgang for Guds rike, er det mange overfladiske kristne som syslar med okkulte ting som opnar for at fienden kan koma inn og øydeleggja i liva deira. Og det skjer. 

Be om at Zambia skal bli ein nasjon som i sanning ærar Gud, ikkje berre med munnen, men med hjarta. 

86% av befokninga lever under fattigdomsgrensa. Nesten 50% av barna er underernærte. 40% har tilgang til reint vatn. I byane er 90% analfabetar. HIV/AIDS er eit megaproblem. 

Be om at styresmaktene tek alvorleg tak i fattigdomsproblemet, at dei startar ein prosess med å utdanna folket og byggja landet. Be om at korrupte leiarar som fyller sine eigne "magasin", vert avslørte, straffa og fjerna frå makta og erstatta med rettsindige folk som fryktar Gud og hatar urett vinning. 

Be om at zambiarane tek eit oppgjer med seksuell umoral, og lærer seg å leva avhaldande eller trufast halda seg til ektefellen sin. 

Dei lærde ser liten framtid i å bli i Zambia. 

Be Gud om å stoppa "hjerneflukten" frå landet. 

Det er ein enorm mangel på kristne leiarar og lærarar

Be Gud om å reisa opp og utrusta ein hær av nye unge til å ta leiaransvar i kyrkja, fordjupa seg i Bibelen og forkynna Guds ord til tru og liv for folk. 

onsdag 21. desember 2022

Dagens nasjon: Jemen


Kjelde: operationworld.org

Folketal: 30 500 000 fordelt på 29 folkegrupper som snakkar 14 ulike språk. 99,9% (overestimert) av alle jemenittar er muslimar. 0,1% er kristne (underestimert). Jemen er rangert som nr.7 på Åpne Dører si liste over land som forfølger kristne. Hovudstaden er Sana`a. Landet er råka av ein langvarig og brutal borgarkrig der dei reelle motstandarane er Iran og Saudi Arabia, to land som står opp mot kvarandre i mange land i Midt-Austen. Blokade av hamnar har ført til hungerkatastrofe i Jemen, ein katastrofe som har ført til død for tusenvis av underernærte barn. 

Be om fred for Jemens befolkning.
Be om at matvarehjelp må nå fram til dei som svelt.

Det føreligg informasjon om ei stille vekkjing i Jemen. Kristne radio og TV-sendingar når fram til folk og skaper tru, og dei truande finn kvarandre og samlast i små svært effektive grupper. 

Takk Gud for alle jemenittar som kjem til tru på Jesus
Be om at dei må bli grunnfesta og forsvarleg disippelgjort
Be om at dei frimodig, og under Andens leiing, skal forkynna evangeliet for sine medmenneske 
Be om vern mot alle former for overgrep 

tirsdag 20. desember 2022

Dagens unådde folkeslag: Kurdarane sentralt i Irak

 

Kjelde: joshuaproject.net

Folketal: 5 147 000. Religion: 99,96% islam. 0,04% kristne. 0,03% evangeliske kristne. Kurdarane er etterkomarar etter dei antikke medarane. Dei vise menn som besøkte barn Jesus var truleg zoroastriske mediske  prestar.

Kurdarane er muslimar light, og dei er mykje lettare å vinna for Kristus enn dei fleste andre muslimar. Når dei får høyra evangeliet, opplever dei det som sanning, og dei tek lett imot Jesus som Herre og frelsar. 

Dei irakiske kurdarane snakkar kurdisk. 

Som eg har nemnt tidlegare i denne bloggen, vart kurdarane "gløymde" då dei nye nasjonsgrensene vart trekte etter 1.verdskrigen. Dei er i dag eit folk utan land. 

Etter å ha støtta Iran i den 10-årige krigen (1979-1989) mot Irak og Saddam Hussein, hemna Hussein seg grusomt med å utsetja kurdarane for gassåtak som tok livet av mange, mange tusen av dei me ber for i dag. 

Takk, Herre for dei irakiske kurdarane som er så mottakelege for evangeliet. Likevel er det nesten ingen av dei som har høyrt om deg. Du sa ein gong at du ved enden av tida ville ausa din Ande ut over alt kjøt. Oppfyll dette løftet på dei irakiske kurdarane. Må himmelen koma til dei, og ordet ditt lyda for dei, og bli dei til frelse. Amen! 





mandag 19. desember 2022

Vietnam

 

Kjelde: operationworld.org

Folketal: 98 mill. fordelt på 68 folkegrupper som snakkar 106 ulike språk. Konstitusjon: Kommunistisk diktatur. Økonomi: Kapitalistisme. Hovudstad: Hanoi. Største religion: Buddhisme, som regel blanda opp med taoisme,  konfusianisme og fedredyrking. Kristne: 9,1%. Evangelisk kristne: 1,8%. Dei fleste kristne er katolikkar. Den ufyseleg lange Vietnamkrigen som enda med nordvietnamesisk siger i 1975, har sett djupe spor i befolkninga. Det er enno mykje mistillit og mistenksamheit.
Problemområder: Menneskehandel, prostitusjon, narkomani, HIV/AIDS, brot på grunnleggjande menneskerettar, forfølging av kristne og andre minoritetar, materialisme og eigesjuke. 

Be om at evangeliet om Jesus må binda alle mørke makter, og bringa håp og meining til alle fortapte. 

Be om at Guds ord må bli forkynt klårt og reint over heile landet, og at Gud skal setja inn leiarar som har hjarta for flokkane sine og som kjenner Gud og Bibelen godt. 

Be om at kristne som opplever forfølging må erfara at Jesus er hos dei og styrker dei og sørger for dei. 

Dei siste åra har det flamma opp ei vekking både blant evangeliske og katolske kristne. Nyfrelste vitnar frimodig om Jesus saman med dei som er eldre i trua. Nye kyrkjelydar vert planta over heile landet, og særleg blant minoritetsfolk i fjellområda.  Ja, vietnamesiske kristne har til og med begynt å senda folk ut i misjon til andre land. 

Be om at denne flammen må haldast ved like, og ta seg meir om meir opp etter kvart som kyrkja i landet veks. 

Be om at dei kristne må bli djupt grunnfesta i Gud, og at dei må mognast i trua.

Be om djup einskap mellom dei truande. 


lørdag 17. desember 2022

Venezuela del 2


kjelde: operationworld.org

Det føregår ein åndeleg krig i Venezuela. Både rike og fattige besøker heksedoktorar som er å finna i tusenvis av okkulte businessar. Ein animistisk kult (Maria Lionza) har 500 000 tilhengarar. Berre 10% av katolikkane går til messe. I det heile tatt er det færre som går på gudsteneste i Venezuela enn i noko anna latinamerikansk land. Dei rike og velståande søkjer seg gjerne inn i nyreligiøse retningar der dei kan definera trua si sjølve. Satanistar er aktive og prøver å øydeleggja kyrkja så godt dei får det til. 

Be om at Den Heilage Ande skal binda djevlemaktene som blindar venezuelarane slik at dei ikkje ser sanninga i Jesus. Be om at Herren skal bli løfta høgt opp i landet og herleggjord for alle. 



fredag 16. desember 2022

Dagens unådde: Arabisktalande i Algerie

 

kjelde: joshuaproject.net

Folketal: 32 601 000. Mindre enn 0,01% av dei er kristne. Dei er etterkomarar etter arabarane som invaderte Nord-Afrika på 700-talet og innførte islam som hovudreligion i heile regionen. 
Det er vekking i Algerie i våre dagar, men det er i den berbiske urbefolkninga. Det er inga kraft som bevegar det arabiske fleirtalet mot Gud. 

Gode Far! Du elskar dei arabisktalande i Algerie så høgt at du gav dei Sonen din, den einborne, for at kvar av dei som trur på han, ikkje skal fortapast, men ha evig liv. Me ber, aus Den Heilage Ande over dette folket etter ditt ord i Joel 3. Gje dei Kristussyner og openberringar av Han som er vegen, sanninga og livet. Tal til deira sjeler, smelt hjarto deira og gje dei frelse for Jesu Kristi skuld. Me ber i hans namn. Amen! 






Venezuela


Kjelde: operationworld.org

Folketal: 28 800 000 fordelt på 66 folkegrupper som snakkar 47 ulike språk. Hovudspråk er spansk. Hovudstad: Caracas. Størst religion: Kristendommen (84,5%) Over 10% er evangelisk kristne. 

Venezuela er etter eit vanvittig sosialistisk eksperiment av inkompetente leiarar blitt det fattigaste landet i Latin Amerika. Økonomien har rett og slett smelta ned, og det er mangel på alt. Politisk er Venezuela i dag eit brutalt diktatur. All opposisjon vert knebla av president Maduro. 

Venezuela er eit av dei mestproduserande oljelanda i verda. Det skulle ha lege til rette for velstand i befolkninga. Men prisnivået på olje er for lågt i dag til at landet klarer å betale ned dei enorme låna tidlegare president Hugo Chaves i si tid tok opp for å finansiera valløftene sine. Dessutan er det berre Haiti i denne regionen som har høgare korrupsjon. Alt dette fører til hyperinflasjon, og millionvis av innbyggjarane har reist frå landet, og mange prøver å koma seg bort frå elendet. 

Presidentvalet i 2018 var prega av massiv valfusk, noko som gjorde at Maduro kunne bli sitjande med makta. Men verdas rike land har etter dette innført sanksjonar mot landet. 

Men Guds rike går fram. Ikkje så fort som me har sett i andre latinamerikanske land, men jamnt og trutt, og særleg blant urbefolkninga.

Takk Gud for hans rikes framvekst i Venezuela.
Be om at denne veksten må halda fram, og smått om senn prega heile samfunnet positivt.
Be om gode leiarar for kyrkjelydane
Be om at president Maduro må bli avsett, og at det må blåsast nytt liv i dei demokratiske institusjonane.
Be om at vanlege folk må få det dei treng av mat, klede og medisinar.
Be om at nye gode leiarar må dukka opp på alle nivå i Venezuela




Dr.Samson i Myanmar arrestert og nekta naudsynt medisinsk hjelp.

 

Kjelde: Voice of the Martyrs, Canada

Den 5 desember vart den høgtståande leiaren innan baptistsamfunnet i Myanmar arrestert på flyplassen i Mandalay. Han var på veg til Bangkok for å få naudsynt medisinsk hjelp. Dr. Samson er heimehøyrande i delstaten Kachin der det er ein stor prosent kristne. Denne delstaten har også gjort væpna opprør mot styresmaktene, utan av det føreligg noko prov for at Dr.Samson er med i dette. Det som ligg til grunn for arrestasjonen er at styresmaktene har høyrt på videoopptak av talane hans, og funne ut at hans forkynning av Guds ord i seg sjølv er ein påtalegrunn. 

Himmelske Far! Sjå i nåde til dr. Samson, og gje han styrke til å stå i forfølginga som no er komen over han, og me ber om at du også skal gje han naudsynt helsehjelp. Me takkar deg for ditt rikes store framgang i Myanmar, og ber om at tusen på tusen av innbyggjarane i dette borgarkrigsherja landet skal koma til tru på Jesus som Herre og frelsar. 

onsdag 14. desember 2022

Karakalpak i Uzbekistan

kjelde: joshuaproject.net

Denne folkegruppa tel 756000 menneske i Uzbekistan. Dei er sunnimuslimar og har sitt eige språk. 0,0% er kristne. Karakalpak betyr "svart hatt", og grunnen klarar me å tenkja oss til. Dei er djupt grunnfesta i islam, og det vil vera vanskeleg for dei å snu ryggen til islam og begynna å tru på Jesus. 

Men me ber likevel, gode far, om at det skal skje, at karakalpat blir stå sterkt påverka av ditt ord og din Ande at dei forstår at Jesus er den einaste vegen til himmelen. Løys dei frå islam samstundes som dei kan ta vare på kulturuttrykka sine, og lat dei få erfara at Jesus foredlar kulturen deira. Amen! 





tirsdag 13. desember 2022

Norduzbekarar i Uzbekistan

 

Kjelde: joshuaproject.net

Det er vel 28 millionar norduzbekarar i Uzbekistan. Dei er godt rotfesta i kulturell islam. 0,02% tilhøyrer kristendomen. 0,01% den evangeliske greina. Dei er tyrkarar som i si tid støtta Dsjengis Khan i hans krigerske imperiebygging. I Uzbekistan er det forbode å byta religion dersom du er muslim, og sjølvsagt å påverka muslimar til å bli kristne. Forbodet gjeld ikkje andre vegen. Det er alltid slik. Likevel, eller kanskje difor, er det ein sterk hunger mellom unge uzbekarar etter å finna ei sannare og djupare meining med livet. 

Kjære, gode Herre Jesus Kristus! Uzbekarane er elska av deg med ein evig kjærleik, og du gav livet ditt i døden for dei som for oss. Og me ber i ditt namn om at du skal ausa Anden din ut over dette folket, at dei skal finna seg bada i ditt lys, at ditt ord skal koma til dei gjennom Bibelen og på andre måtar som du i din suverenitet rår over. Me velsignar dette folket og ber: Frels, Herre, lat det lukkast. Amen! 




Uzbekistan

 

Kjelde: operationworld.org

Uzbekistan har over 34 millionar innbyggjarar fordelt på 69 folkegrupper som snakkar 31 ulike språk, og hovudstaden Tashkent er det åndelege sentrum for islam i Sentral-Asia. Landet var i si tid ein del av Sovjetunionen, men vart sjølvstendig då unionen gjekk i oppløysing rundt 1990. Styresmaktene gjer ein stor innsats for å kontrollera islamismen som er sterkt i Ferganadalen. For få år sidan var det ingen kristne i Uzbekistan. I dag er det 10 000, og trass i skarp forfølging, veks kyrkja jamt og trutt. Forfølginga handlar om offentleg uthenging i pressa, yrkesforbod, storming av møter, beslaglegging av kristen litteratur, trakassering, fengsling og tortur av pastorar og evangelistar og alt du kan tenkja deg. Det er forbode å samla seg til gudstenester og møter dersom ikkje kyrkjelyden er registrert, og det er umogeleg å få kyrkjelyden registrert. Så der har du det. 

Gode Jesus! Kyrkja di i Uzbekistan er eit mirakel. Me takkar deg for kva enkelt av våre kristne søsken i dette landet. Må du styrka dei mektig ved din Ande, fylle alle deira behov, verna dei mot det vonde, føra dei på dine vegar, utrusta dei med himmelsk kraft og bruka dei mektig med tanke på å nå ut til alle dei 24 unådde folkegruppene i dette landet. Amen! 

mandag 12. desember 2022

Spansktalande jødar i Uruguay

 

Kjelde: joshuaproject.net

Det er 16000 spansktalande jødar i Uruguay. Ingen av dei trur på Jesus. Dette er etterkomarar etter sefardiske jødar som emigrerte frå Tyrkia i 1907. Uruguay var det første latinamerikanske landet som anerkjende Israel som ein suveren stat. 10000 av dei jødane som var  i landet etter 2.verdskrigen  har flytta til Israel. Dei som er att er aldrande menneske, og vanskelege å nå med evangeliet om Jesus. Dessutan er dei ganske likegyldige til religion. 

Gode Far! Me ber om at jødane i Uruguay på ein eller annan måte må få møta Jesus når dei les Skriftene på høgtidsdagar, og me ber om at du skal bli dei til frelse. Lat det lukkast. Det ber me om i Jesu namn. Amen! 

Uruguay

 


Folketal: 3 485 000 fordelt på 35 folkegrupper som snakkar 12 ulike språk. Hovudspråk er spansk. 
Religion: Kristendom (62%). 6% er evangeliske kristne. 

Uruguay er det mest sekulariserte landet i Sør-Amerika. Etter kvart som samfunnet opna seg og vart meir demokratisk, vart det det lovleg med abort, likekjønna ekteskap og kannabisbruk. Depresjon, sjølvmord, abort og skilsmål er mellom dei høgaste på heile kontinentet. Dei fleste uruguayanarane er nyreligiøse og  lagar sin eigen religionsmiks. afrobrasisliansk spiritisme verkar tiltrekkjande på mange. 

Be Den Heilage Ande om å avsløra religiøst bedrag, og overvinna dei demoniske maktene som ligg bak alt dette. 

Guds rike har gått litt tregt framover i Uruguay, men etter 1990 har det losna litt for pinserørsla.

Be om ei kontinuerleg innhausting i landet. 

Be om nye kyrkjeplantingar, og at alle nye kyrkjelydar må slå djupe røter og ha framgang i lokalmiljøa sine.  

Be om at Bibelen må bli ein hit i landet, og at mange skal finna fram til dei mange kristne radiostasjonane i landet og finna fram til Jesus på den måten. 


fredag 9. desember 2022

USA del 3

 

Kjelde: operationworld.org

USA påverkar verda kulturelt og sosialt på ein massiv måte. Ikkje noko anna land har eit slikt potensiale til å formidla fridom og velstand til andre land, og ikkje noko anna land gjer meir for å spreia synd. USA har gjort verda til ein betre plass gjennom hjelpearbeid og utvikling, innovasjon i teknologi og media, utdanning, informasjon, forsvar for menneskerettar og opposisjon til tyrannar. Men landet har også skada verda gjennom eksport av egoistisk individualisme, grådighet, pornografi og meiningslaus underhaldningsvald. Amerikanarane sin trong etter ulovlege rusmidlar og fossilt brensel har starta og drive fram krigar og væpna konflikar både i Midt-Austen og Latin-Amerika. 

Me takkar deg Gud for alt godt du har gjort i USA, og alt godt denne nasjonen har betydd for andre nasjonar. No ber me i Jesu namn om at det destruktive skal ta slutt, og at denne nasjonen skal bli kjent for utelukkande å vera ei konstruktiv makt i verdspolitikken, ei makt som fremjar fred og samarbeid.

Gje dette landet heilstøypte, edruelege og karakterfaste leiarar som kjenner deg, som respekterer dine bod og som har meir omsorg for vanlege folk enn for seg sjølv, familien sin og lommeboka si. Så ber me om at amerikanarane skal læra seg å leva utan rusmidlar, og at marknaden for slike kjemiske stoff berre skal tørka bort. Me ber også om at ekteskapet mellom kvinne og mann skal løftast fram som den rette ramma for seksuelt samliv, og at alle løgnene som blir presentert av skeive organisasjonar og Planned parenthood skal bli grundig avslørt. Me ber også om at alle delstatar som no skal handsama abortspørsmålet må landa på juridisk vern av ufødde born frå unnfanging til naturleg død,  i Jesu namn. Amen! 


torsdag 8. desember 2022

USA del 2

 

Kjelde: operationworld.org

Be om at ungdomsgenerasjonen i USA må bli djupt berørte av Jesu kjærleik og makt, og at dei må læra seg å elska, praktisera og dela Guds ord. Be om at kristne kyrkjer og organisasjonar må lukkast i nå inn til dei med evangeliet og skapa trygge og attraktive miljø der dei kan bli disppelgjort og utrusta for den store og gode plan Gud har lagt for liva deira. 

Ungdomane er sårbare og eksponerte for eit hav av løgn og vondskap frå underhaldningsindustrien, spelbransjen, narkotikakartella, sex-industrien, skeive organisasjonar og alternativbransjen. Mange opplever at heimane deira går i oppløysing både ein og to gonger, noko som gjer dei rotlause og desorienterte. 

Takk Gud for all den genuine og kraftfulle kristendomen som har sprunge ut frå afroamerikanarane, for gospelmusikken og dei åndelege songane som i si tid sprang ut av lidingane deira.  Be om at Gud må løfta dei opp av fattigdom, rus, vald og kriminalitet og fylla dei med Andens kraft og Kristi sinn. Be om at kristendomen skal bli så sterk mellom dei at ingen ser på islam som noko alternativ for seg.

Det er 38 millionar etterkomarar etter slavane som vart frakta frå Afrika til Amerika på 17 og 1800-talet, den største moralske skampletten i nasjonens historie. Framleis lever mange av dei  svarte i ein dårleg sirkel av fattigdom, rus og kriminalitet,  og dei er framleis utsette for diskriminering på mange områder. Mange unge snur seg mot islam for å finna styrke og vyrdnad. 

Takk Gud for alt han gjer av godt mellom dei 50 millionar spansktalande i landet. Tusenvis av dei kjem årleg til levande tru på Jesus, og det blir kvar veke planta nye spansktalande kyrkjelydar. Be om at dei nye truande må bli grundig disippelgjort, og at mor-far-barn skal bli standarden for samliv i dette miljøet. Takk for den misjonsiver dei spansktalande kristne syner, og be om at denne iveren for Jesus berre skal veksa og mognast. 

50% av alle barn i dei spansktalande miljøa vert fødde utanfor ekteskap. Dei fleste av dei spansktalande kjem frå Mexico. Mange frå Mellom-Amerika og Karibien. Dei er stort sett katolikkar, men  ein straum av dei no bevegar seg over i den evangeliske rørsla, og over 50% av dei spansktalande katolske kyrkjene er karismatiske. 

Be om lækjedom og full restitusjon for urbefolkninga i landet. Be om at Guds kjærleik skal bli aust ut over desse menneska slik at dei forstår at dei er elska med ein evig kjærleik. Be om at dei skal finna godt jordsmonn for røtene sine i Gud, og at dei skal veksa i nåde og kjennskap til han, og erfara hans lækjande og utrustande kraft i liva sine. 

Då dei kvite kom til Nord-Amerika var det 20 millionar urinnvånarar der. I 1890 var det 250 000 att. Det seier meir enn nok om kva forferdelege overgrep og kva urett som her har skjedd. Dei gjenlevande vart plasserte i reservater i områder av liten økonomisk verdi. 

Takk for dei mange jødane i USA som no vender seg mot Jesus for å finna frelse, framtid og håp. Be om at alle dei 5,2 millionar jødar i landet skal oppdaga at Jesus er Messias, og at det er Han profeten Jesaja ser og omtalar i kapittel 53. Be om at Gud skal verna det gamle paktsfolket sitt mot stygge overgrep frå høgreekstreme og islamistar. 

Jødane kom til USA som eit resultat av pogromane i Europa og Russland på 1800-talet. Dei har ofte lukkast godt i det amerikanske samfunnet. Men dei siste åra har me sett antisemittisme veksa fram også i USA. 

Be om at dei kristne kyrkjene må ta ansvar for å bringa Kristus til dei 7 millionar muslimane i USA. 

Be om at fridomen i Kristus skal nå fram til dei 2,3 millionar menneska som sit i amerikanske fengsel. Ikkje noko land i verda har så stor del av befolkninga si i fengsel som USA. 

Takk Gud for framveksten av filippinske og koreanske kyrkjer som promoterer og driv misjon som ingen andre. Dei står fram som føredøme for alle andre kyrkjer. 



onsdag 7. desember 2022

USA, del 1

 

kjelde: operationworld.org

Folketal: 333 millionar fordelt på 488 folkeggrupper som snakkar 176 språk. Det nasjonale språket er engelsk. Hovudstad: Washington. 

USA er det landet i verda der den kristne trua står sterkast. 77% av befolkninga tilhøyrer ei kristen kyrkje, og nesten 30% er evangeliske. Men begge desse tala er sigande pga massive åtak frå ateistar, new-age grupper og LHBTQ-folk. Dei sistnemnde har også sterke tilhengarar innafor mange kyrkjer som har akseptert deria "kjærleik" som ein del av den kristne trua. Så også dagens katolske president Joe Biden. Konservative kristne med Franklin Graham i spissen møter mykje pes, og alle som hevdar Guds ords sanningar får smaka kanselleringskulturen som har vakse fram saman med dei nye rettane som skeive folk har tilkjempa seg. Nå slost dei for å endra språket og samfunnsmoralen. Dei kritiserer dei gamle kristne normene, for å innføra nye normer som skal vera heva over all kritikk. Kravet er at alle skal tenkja skeive tankar slik at desse vert rette. 

Be om at Gud må stoppa denne dekadente  utviklinga i Jesu namn, at Guds ord og vilje må gjenvinna si makt over menneskesinna. Be om at rettsindige kristne ikkje skal vera redde for å ytra seg, og at rettsvesenet set vakt om menneskerettane. 

Det er 2000 institusjonar i landet som tilbyr ein eller annan teologisk grad, og kvart år vert det utdanna 30-50 000 unge kristne med tanke på fulltidsteneste i Guds rike. USA er ei kjempe innan kristen misjon. Amerikanske misjonærar er å finna over alt på kloden. Dei er svært generøse, og misjon, naudhjelp og utviklingshjelp går hand i hand. Dei evangelisk kristne inspirerer andre evangeliske kyrkjer over heile verda både når det gjeld misjon, teologi, forkynning, musikk og lovsong. Personleg har eg stor glede av å følgja med på nettenesta Mission Network News med dagleg informasjon om kva som skjer på misjonens område rundt omkring i verda. 

Be om at dei kristne kyrkjene i USA må halda fram med å vera ein  premissleverandør for tru, sanning og moral i nasjonen. 

USA er eit splitta land, noko som er blitt svært tydeleg etter at Høgsterett avgjorde av sjølvbestemt abort ikkje lenger skulle vera ein  grunnlovsfesta rett. Det demokratiske partiet er liberalt, og har teke på seg å innføra så mange LHBTQ-rettar som mogeleg. Det republikanske partiet held att. Ex-president Donald Trump meiner at han vann valet han tapte i 2020, og stiller på nytt i 2024. Han er eit stridens eple. Polariseringa i det amerkanske samfunnet er no så sterk at mange fryktar borgarkrig. Det er store mengder våpen ut blant folk, og storminga av Kongressen 6.januar 2021 har sett ein støkk i mange. 

Be om at Gud intervenerer og samlar nasjonen om seg og sine gode bod. Be om at Guds ord må sigra over alle gudlause ideologiar i folks sinn. Be om at amerikanarane må ta eit fast oppgjer med voldsromantikken som har djupe historiske røter i landet. 

Dei siste åra har det vore enormt med masseskytingar der unge menn med mørke sinn har skote rundt seg og drepe hundrevis av mennesker dei aldri har kjent. 

Be om at dei styrande i landet må få kontroll på denne forferdelege moralske epidemien. Be om at Guds lys skal fløyma inn over nasjonen og inn i alles sjel og sinn og lækja følgjene av all sosial og moralsk oppløysing i samfunnet. 

tirsdag 6. desember 2022

Sør-pasjtunane i England

 

Foto og informasjon: www.joshuaproject.net

Det er 48000 av denne folkegruppa i England. Opphavslandet deira er Afghanistan. Trass i planmessig og ganske intenst misjonsarbeid retta mot pasjtunane i England, har det ikkje blitt noko resultat. 0,00% av dei kristne. Alle er muslimar. Her trengst det mykje bøn for å riva ned dei åndelege festningsverka dei gøymer seg bak. 

Gode Herre Jesus! Det ber me om i dag, at di kyrkje skal gå til stormåtak på desse festningsverka i bøn, du ved din Ande og ditt ord skal riva murane som dei gøymer seg bak ned. Dei trur dei blir beskytta av islam, men skjønar ikkje at borga dei søkjer tilflukt i er eit fangehol. Du kom, Herre, for å setja fangar fri, og me ber i ditt namn om at pasjtunane i England skal få erfara fridomen i deg, og bli Guds barn av nåde. Bygg di kyrkje mellom dei, og må di høgre hand gjera storverk mellom dei. Send ditt tøvær over dei, og smelt hjarto deira. Det ber me om i ditt namn, amen! 





Storbritannia

 

Kart: operationworld.org

Folketal: Vel 68 millionar fordelt på 106 folkegrupper som snakkar 15 ulike språk. 
Hovudstaden er London.

Gjennom 200 år var Storbritannia (GB) det landet i verda som på godt og vondt hadde størst innflyting på den historiske utviklinga i verda. Difor er London den dag i dag ein slags verdshovudstad. Det ber byen også preg av både når det gjeld gamle minnesmerker og samansetninga av befolkninga. 

Sist veke vart det offentleggjort ei undersøking som syner at for første gong på 1700 år er det fleire ikkje-kristne enn kristne i Storbritannia (GB). I 2011 var det 60% kristne i landet. Her er det sjølvsagt snakk om nominelle kristne. Talet på levande kristne har nok aldri vore over 50%, kanskje ikkje over 20% ein gong. Mellom 871 og 899 kristna den vidgjetne kong Alfred den store det engelske lovverket, og etter den tid har kristendomen vore fundamentet for denne store nasjonen som gjennom sitt enorme verdsimperium på 1700 og 1800-talet har prega utviklinga i Aust-Afrika, Nord-Amerika og mange land i Asia. Juvelen i krona var India. Imperiet utløyste ei mektig bølge av misjon både av anglikanarar, baptistar metodistar og salvasjonistar (Frelsesarmeen), ei bølge som også råka Noreg på den måten at norske kristne vart inspirerte til å reisa ut som misjonærar i kjølvatnet av dei britiske. 

Etter Charles Darwin utvikla utviklingslæra (1859), og særleg etter Richard Dawkin si bok "Gudsillusjonen", som byggjer på Darwin sitt verk "Opphavet til artane",  kom ut for nokre år sidan, har mange britar utvikla eit forakteleg og fiendtleg forhold til Bibelen og den kristne trua, og GHBTQ+ rørsla har kasta ei betydeleg mengd med ved til det bålet, og pusta til elden så godt dei har kunna.

Den anglikanske kyrkja har til overmål endra teologien når det gjeld samliv, og aksepterer "på Guds vegner" homofilt samliv og homofilt leiarskap i kyrkja. Anglikanarane i USA og Kanada følgjer på, men dei afrikanske kyrkjene seier nei, og har skilt seg frå "morskyrkja". 

Be om at dei truande kristne i GB må konsolidera seg, reisa seg for Kristus, bli fylte av Anden og forkynna og vitna om Guds ord over alt til alle tider.  Be om at dei mektige vekkjingane som  følgde med John Wesley og Charles Spurgeon igjen må råka denne nasjonen som ein mektig sunami som riv ned alt som ikkje er av Gud, og let alt som er av Gud bli ståande og enno ein gong veksa fram til velsigning for verda. 

fredag 2. desember 2022

Ukraina

 


Folketal: 43 466 822 fordelt på 78 folkegrupper som snakkar 42 ulike språk. Dei største språka er ukrainsk og russisk.
Hovudstad: Kyiv
Religion: Ortodoks kristendom. 3,8% er evangelisk kristne. 

Som me alle veit rasar det ein brutal krig i Ukraina etter at landet vart innvadert av Russland 24. februar i år, og etter at Krimhalvøya vart okkupert og annektert i 2014.

Be om at dei russiske styrkane må trekka seg heilt tilbake til internasjonalt fastsette og godkjende grenser, at heile landet skal bli frigjort, at rakettåtaka mot sivil mål må ta slutt og at landet skal byggjast opp att og folket få leva i fred.

Be om at det ukrainske folket skal bli lækt på kropp, sjel og ånd. 

Be om at folk må få hjelp til å ta vare på sin moralske integritet midt i krigsredslene

Be om at straumforsyninga må gjenopprettast til alle mørklagde byar og landsbyar

Be om at byar og landsbyar må få attende vassforsyningane sine

Be om at alle heimlause må få hus å bu i

Be om at folk skal skal få brensel til omnane sine

Be om at folk må få nok varme klede

Den ortodokse kyrkja har løyst seg frå Moskvapatriarkatet og patriarken i Konstantinopel (Istanbul) har godkjent henne som ei sjølvstendig ortodoks kyrkje. Det har utløyst spenningar. I Kyiv finn med den største av alle frikyrkjer i Europa. Denne er leida av ein vidgjeten nigeriansk pastor. Det ukrainske bibelselskapet melder om ein enorm etterspurnad etter biblar, og titusenvis vert delte ut til folk flest og til soldatar ved fronten. Det blir meldt om vekking og nytt liv mange stader.

Takk Gud for alt godt som skjer, og for Guds rikes framgang i Ukraina, og be om at alle nye kristne blir godt disipplegjort, grunnfesta og fylte av Den Heilage Ande. 

tirsdag 29. november 2022

Dagens unådde. Aringa i Uganda

 

Foto og tekst: joshuaproject.net


Denne stamma tel 658000 menneske. 88% av dei er muslimar. 1,8% kristne. Dei lever nordvest i Uganda, og livnærer seg av husdyrhald og jakt. Aringafolket var utsett for slavehandel og grov undertrykking frå 1822 til 1919. Men heilt opp til vår tid har liva deira vore prega av herjande røvarbandar som har påført dei uendeleg med sorg, smerte, fattigdom og naud. Så seint som i 2001 og 2004 vart misjonærar som arbeidde i Yumbe, som er namnet på heimeområdet deira, brutalt drepne av slike bandar.  I dag er det fred og samarbeid som pregar liva deira, og fleire av dei har begynt å handla varer med kundar i Sør-Sudan.
Det nye testamentet er oversett til aringa, og Det gamle testamentet er i ferd med å bli oversett.

Herre Jesus! Me takkar deg for ditt hjarta for dette medherja folket. Dei har lidd stoer tap, og minna deira er mørke. Må ditt lys no fløyma over dei så dei får smaka din kjærleik, di frelse og din lækjedom. Reis opp kyrkja di i dette folket slik at ditt rike vinn terreng og folket kan bli disippelgjort. Me ber i ditt namn. Amen! 



Uganda, del 1

 

Bilde og tekst: operationworld.org


Folketal: Vel 47 millionar fordelt på 67 stammer som snakkar 45 språk. Offisielt språk er engelsk og swahili. Hovudstad: Kampala. 84,7% er kristne. Dei fleste anglikanarar, mange er katolikkar (Uganda var lenge engelsk koloni). 37% er evangelisk kristne. Berre 1% av befolkninga er unådd. 

Mellom 10 ig 15% av befolkninga er muslimar, og desse har ein sterk vekst. Animismen er i tilbakegang reint statistisk. Men folk har mykje animisme med seg inn i kyrkja, og magi, trolldom, fetisjisme og hekseri påverkar måten kristne tenkjer om Gud og verda på, og gjev opning for at vonde ånder dominerer i liva deira. 

Be om at evangeliet om Jesus må vekka gjenklang hos muslimane, at islams framvekst må stoppa opp og at folk vert løyste frå åndsmakter som held dei bundne til falske "gudar", løgntankar og eit syndig livsmønster.  

Vekking og kyrkjevekst har pågått kontinuerleg sidan 1986. Uganda har ei sterk bønerørsle, og det er eit sterkt evangelikalt nærvær i den offisielle ugandiske kyrkja (angelikansk), og det går ei åndeleg fornyingsrørsle over Den romersk katolske kyrkja i landet. Mange reknar landet for å vera den mest kristne nasjon i verda. Offentleg bøn er vanleg både i regjeringa og i rettspleien, og dei fleste er aktive i kyrkjelyd. Den største veksten er å finna mellom pinsevener og karismatikarar. 

Be om at Jesu karakter skal avspeglast i kyrkja og i nasjonen som heilskap. Ein skulle forventa at eit land med så mange aktive kristne skulle reflektera verdiane i Guds rike på ein sterkare måte enn det Uganda gjer. Ofte trengst det vekking i vekkinga. 

HIV/AIDS har vore eit gigantisk problem i Uganda, og mange barn er blitt foreldrelause pga denne epedemien. Styresmaktene har teke tak, og fått redusert talet på nye smitta personar kraftig, aller mest fordi folk har endra seksuallivet og har lært seg å halda det innafor ekteskapet mellom mann og kvinne.  Men no er det på veg opp igjen.

Be om at folk må endra åtferd fordi hjarto deira er endra, at dei rette vala kjem som eit resultat av at folk har fått det rett med Gud. 

Trass i at Uganda har ei så stor og levande kyrkje, er misjon utover landegrensene svært avgrensa. 

Be om at nauda for dei fortapte også i andre land må gripa hjarto til dei truande slik at Uganda blir eitt av dei leiande misjonslanda i Afrika. 







mandag 28. november 2022

 

Kart: Wikipedia


14 av 28 delstatar i India har no innført  strenge antikonverteringslover som råkar kristne, muslimar og andre religiøse minoritetar. Desse lovene vert støtta av det hinduradikale regjeringspartiet BJP som ønskjer at hinduismen skal vera einerådande i landet. Kristne som driv skular og sjukehus vert no mistenkte for å bruka desse institusjonane som lokkemiddel inn i kristendomen. No har 21 menneskerettsorganisasjonar, inkludert Amnesty International, sendt ei fråsegn til indiske styresmakter som fordømmer auka vald mot religiøse minoritetar, hat-snakk og desse antikonverteringslovene som er eit grovt brot på Menneskerettsfråsegna artikkel 18. 

Gode Gud og Far! Me takkar deg for kyrkja i India, og den framgang som ditt rike har hatt i dette landet dei siste åra. No ber me, i Jesu namn, om at all den motstand dei truande møter ikkje skal skremma dei til togn. Fyll dei med Ande og kraft slik at dei forkynner med frimot midt i alle dei vanskane som styresmaktene legg i deira veg. Så ber me om at denne fråsegna som no er sendt til styresmaktene skal gjera så pass inntrykk av dei endrar kurs, og forstår at dei som demokratisk stat må vaka over menneskerettane om dei skal bli rekna med i det gode selskap. 

Turkmenistan

                                       

Bilde og kjelde for tekst: operationworld.org og snl.no

Folketal: 6 118 000 fordelt på 30 folkegrupper som snakkar 9 ulike språk. Hovudstad er Ashgabat. Språk: Turkmensk (som er eit tyrkisk språk)
I 2006 døydde den sjølvopptekne diktatoren Niyazov. Det har gjeve turkmenarane noko større fridom enn dei hadde. Men det er langt att før me kan kalla Turkmenistan eit demokratisk land som respekterer menneskerettane. 
Religion: Islam (92%). Det er 1,8% kristne (russisk, armensk og ukrainsk ortodokse). Talet på etnisk turkmenske kristne har auka frå 2-3 rundt 1990 til 1000 i dag. Desse tilhøyrer den evangeliske familien. Over 63% av befolkninga blir rekna som heilt unådde. 
Dei kristne i landet er stadig utsette for trakasseringar. Dei er pålagde å registrera alle nye kyrkjelydar, men det er nærast umogeleg å få dei registrert, og dei som prøver på å bli "legale", oppnår berre å få fokus retta mot seg, og mange forsamlingslokala deira vert nedstengde. Elles vert pastorar arresterte, slått og idømte høge bøter. Nokre blir sendt i eksil. 
Mange turkmenarar lever i andre land. 2 mill. i Iran, 1 mill i Afghanistan, 340 000 i Irak, 175 000 i Uzbekistan,  130 000 i Syria, 50 000 i Russland og 27 000 Tadjikistan.

50% av turkmenarane er sysselsett i jordbruket. Dette trass i at 90% av landet er ørken. Ryggraden i økonomien er produksjon av olje, gass og bomull, og dei eksporterer elektrisitet frå enorme vasskraftverk.  Alt dette fører til enorme miljøproblem. Elles vever dei uvanleg vakre tepper. 

Be om at styresmaktene skal begynna å respektera menneskerettane, at dei skal slutta å forfølgja kristne og utvikla stadig betre demokratiske institusjonar. 

Be om at dei turkmenske kristne skal slå djupe røter i Gud, bli fylte av Anden og vinna stadig nye menneske for Kristus, og at Guds rike skal veksa eksponentielt. 

Be om at Gud skal vera nær dei kristne i stormen som rasar rundt dei, verna dei mot overgrep og fylla dei med pågangsmot midt i forfølgingane.

Be om at turkmenarane som lever i andre land skal bli nådd med evangeliet om Jesus, at kyrkja i vertslanda skal kjenna på eit ansvar for å nå desse, og lukkast. 

Be om at turkmenarane skal vera eit edrueleg folk der dei vaksne tek seg godt av barna sine og gjev dei ein trygg oppvekst fri frå vald og redsle. 

Be om at det skal vera nok arbeid til folk, at økonomien skal vera i balanse.

Be om at turkmenarane skal få nyta godt av eit ukorrupt og rettferdig leiarskap. 



tirsdag 22. november 2022

Trinidad og Tobago

 

¨

Det bur 1 403 374 menneske i Trinidad og Tobago. Hovudstaden er Port of Spain. To tredjedeler av befolkninga reknar seg som kristne, men sanne disiplar av Jesus er meir sjeldan å treffa på. Hekseri, restar av gamle afrikanske religionar og hinduistisk polyteisme er å finna langt inn i kyrkjene, likeeins stor liberalitet når det gjeld familieliv, seksualitet og samliv. 

Be om at Gud grip inn og reinsar dei kristne og kyrkjene frå synd, okkultisme og vrang lære, og at kyrkjeleiarane vender om og blir kalibrerte på Guds ord. 

Takk Gud for den minoriteten som lever heilhjarta for Jesus. 

Trinidad og Tobago står andsynes store sosiale utfordringar. Det handlar om gjengkriminalitet, narkotikamisbruk og som ein følge av det handel med forbodne rusmidlar, Alkoholisme er vanleg, like eins  kidnappingar, væpna ran og ungdomskriminalitet, og ein høg prosent av barna som kjem til blir fødde av ugifte tenåringsmødre. 

Be om at Gud skal intervenera med si makt og setja ting i rett skikk i denne nasjonen slik at folk vert edruelege og barn kan veksa opp i heimar med foreldre som elskar kvarandre og som held trufast saman i gode og vonde dagar. 

Be om at narkotikakartella skal bli rulla opp av politi og rettsvesen, og at dei som står for dette svineriet skal bli dømde og få sine rettferdige straffer.

Dei kristne kyrkjene er veldig splitta og fragmenterte. 

Be om einskap mellom dei kristne i Trinidad og Tobago

Ungdom i Oppdrag og Operasjon Mobilisering jobbar aktivt med disippelgjering av dei truande, og dei har som mål å forvandla dei frå å sjå på seg sjølve som mottakarar til å tenkja om seg sjølve som gjevarar. 

Be om at dette arbeidet må lukkast for dei. 

Det er store grupper indiske hinduar og muslimar i landet. Forfedrane deira kom for å jobba i landet på 1800-talet. Ei ny gruppe kom etter at landet reiv seg laus frå England som kolonimakt i 1962. Dei utgjer no 37% av befolkninga. Stadig fleire av dei blir no kristne. 

Be om ein effektiv out-reach retta mot denne viktige gruppa i samfunnet. 







Tonga

 



Øyriket Tonga i stillehavet har vel 106000 innbyggjarar. 95% er kristne. Landet har ein sterk kristen tradisjon, og kyrkjene sender stadig ut mange misjonærar i alle retningar. Hovudstad er Nuku`alofa. Tonga er eit konstitusjonelt monarki. Av 171 øyar bur det folk på 45 av dei. 


Det er mykje rivalisering mellom ulike kyrkjer og kyrkjesamfunn i Tonga

Be om at denne rivaliseringa må ta slutt, og at dei ulike kyrkjene og kyrkjesamfunna begynner å jobba saman for Guds rike, og ikkje halda på med ting som berre favoriserer dei sjølve. 

Tonga er det landet i verda som har prosentvis flest mormonarar. Mormonarane er sentrale i og med at dei er dominerande i næringslivet og har stor økonomisk makt. Dei har også ein tendens til å favorisera sine eigne med tanke på jobbar. Dette lokkar mange kristne over til dette "kyrkjesamfunnet". 

Be om at mormonismen sine løgner må bli avslørte, og at folk skal finna fridomen i Kristus. 

Det er no fleire mennsker frå Tonga i diaspora enn i heimlandet. Deseverre er det mange som taper den kristne trua si når dei kjem utanlands. Dei har hatt for grunne røter i Gud, eller berre vore miljøkristne.

Be om at dei som bur i Tonga blir godt disippelgjort og grunnfesta i Gud, hans ord og hans kyrkje. Be om at dei som har rota seg bort frå Gud blir gjenfunne av den gode gjetaren og hans disiplar. 

Be elles om Guds velsigning over nasjonen, over folket, det politiske leiarskapet og miljøet. 



Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...