onsdag 28. oktober 2009

Nekta å bera hijab, vart skoten og drepen

Compass Diract melder i dag at tre maskert medlemer av den militante islamistiske gruppa Suna Waljameca i Somalia skaut og drap i sist veke den kristne somaliske kvinna Amina Muse Ali (45) fordi ho nekta å bera hijab. Ho hadde over lenger tid motteke trugsmål frå medlemer av organisasjonen. Islamistane mistenkte henne for å vera kristen sidan ho ikkje bar hijab. Den 4. oktober hadde Ali ringt den som informerer om dette og sagt at ”livet mitt i er i fare. Eg er vorten åtvara om at forferdelege ting vil skje om eg ikkje tek på meg skautet. Eg treng fellesskap og forbøn.” Kort tid etter fann dei henne død.

Ali vart kristen i 1997, og var aktiv medlem av Somali Christian Brotherrs`Organisation. Mange av leidarane av denne organisasjonen som vart skipa i 1996 av biskop Abdi Gure Hayo, er vorten drepne for å ha biblar i eige.

I 1994 jobba Ali som translatør for FN då organisasjonen forsøkte å få i gang forhandlingar mellom stridande klanar i Jubaregionen.

I dag er det mogelegvis så få som 75 kristne att i Somalia. Fleire er vorten drepne dei siste 4 vekene.

Bøn: Herre Jesus Kristus! Me ropar i dag til deg for dei kristne i Somalia. Gje dei vern og styrke til å stå i elden. Trøyst dei som sit sørgande attende etter Amina Muse Ali. Takk for alt det gode som du fekk gjera gjennom denne kvinna. Me ærar hennar minne.Send dine englar for å tena di kyrkje i Somalia. Hald auga med motstandarane og set hindringar i vegen for dei når dei planlegg det som vondt er mot dine vener. Set ein stoppar for djevelen i hans strev for å reinsa Somalia for ditt dyrebare ord, og lat det enno ein gong vera sant at martyrane sitt blod er kyrkja sitt såkorn. Amen.

mandag 26. oktober 2009

Nordkoreanske flyktninger tatt i Kina. Venter på retur.

5 flyktninger fra Nord Korea sitter nå arrestert i Kina og venter på å bli sendt tilbake til NK. Der møter det dem en forferdelig skjebne, trolig dødsstraff. Be for dem om at Gud vår Far skal gripe inn og berge dem. Her kan mennesker intet utrette.

lørdag 10. oktober 2009

Kvila i Jesus. Bøn av Thomas à Kempis, del 1

Gje meg, gode Jesus, å kvila i deg, du som er over alle skapningar, over all frelse og venleik, over all herlegdom og ære, over all makt og verdighet, over all kunnskap og dugleik, over all rikdom og kunst, over all glede og fryd, over all berømming og pris, over alle goder og all trøyst, over alt håp og alle lovnader, over alle utmerkingar og ønskjer, over alle gåver og alle belønningar som du er i stand til å gje og framskaffa, over all glede og jubel som sinnet kan ta imot og føla, i eit Ord som står over alle englar og erkeenglar og over heile himmelhæren, over alt me ser og alt som er usynleg, over alt som du, Gud, ikkje er, fordi du, min Herre Gud, er best og står over alle ting.

Du åleine er den Høgste, du åleine har all makt, du åleine er heilt ut tilstrekkeleg og fullstendig, du åleine er allgod og har all trøyst, du åleine er heilt edel og har all ære og står over alle ting. Alt i deg er perfekt, slik som det alltid har vore og alltid vil bli. Derfor kjem alt til kort og blir utilstrekkeleg, kva du enn gjev meg, utanom deg sjølv og dine løfter, dersom du ikkje blir sett og fullt og heilt motteken, for hjarta mitt kan verkeleg ikkje kvila og bli heilt fornøgd, før det kviler i deg, og overgjev alle ting og alle skapningar til deg.

fredag 9. oktober 2009

Nye åtak på dei kristne i Egypt.

Egyptiske styresmakter gjekk nyleg til åtak på og arresterte ei gruppe koptiske kristne i Aleksandria, etter at desse hadde prøvde å setja fri den kristne kvinna Myrna Hanna, som vart bortført av muslimar for 10 månader sidan og tvangsgifta med ein muslimsk mann. Dette melder Assyrian International News Agency. Den 30. september ringde ho faren sin, Gama Labib Hanna, og naudbad han om å koma å henta henne ut av fangenskapet. Faren, svigersonen, og ein annan truande, Rafat Girges Habib, gjekk til leiligheita der Myrna vert halden fanga. Der vart dei lokka i bakhald for så å bli truga av ”svigerfar” til Myrna og 5 andre muslimar. Likevel lukkast dei i å få Myrna med seg, men ”svigerfaren” sende inn ein rapport til styresmaktene med det resultat at faren og onklane hennar straks vart klaga, bortført, arresterte og utsette for fysiske overgrep av styresmaktene Politiet braut seg også inn i heimen til Myrna og familien hennar, før dei gjekk inn i butikken til Habib og knuste den. Onkelen til Myrna vart sett fri med ordre om å ta henne med til politistasjonen, der ho vart overlevert til ”svigerfaren” att. Faren hennar vart sett fri frå varetekt den 2. Oktober, men alt neste dag arresterte politiet fleire av Habib sine slektningar og utsette kvinnene deira for overgrep. Offisielle tenestemenn heldt fram med å arrestera Habib sine familiemedlemmer innit han melde seg sjølv for politiet.

Bøn: Herre Jesus Kristus! Du som sjølv vart utsett for urett, overgrep og liding: me ber om at du skal koma Myrna og hennar familie, samt Habib og hans familie til hjelp. Gje Myrna fridomen attende og bryt i ditt eige namn Satans destruktive planar for desse, og alle andre kristne i Egypt.

torsdag 8. oktober 2009

Kom, mitt ljos, bøn av Dimitri av Rostov

Kom, mitt ljos og gjennomlys mørket i meg.

Kom, mitt ljos og vekk meg opp frå dei døde.

Kom, min lækjar og læk alle såra mine.

Kom, du Guds kjærleiks eld og brenn opp alle tornane frå syndene mine, og lat din kjærleik tenna meg i brann for deg.

Kom, min konge, og set deg på trona i hjarta mitt og regjer der, for du åleine er min kongen og min Herre. Amen


Persecution.com: Somalisk kyrkjeleiar drepen av ekstremistar

Den 28.september skaut og drap islamistar leiaren for ei undergrunnskyrkje, Mariam Muhina Hussein i landsbyen Marerey i Somalia. Dette hende etter at det vart opppdaga at ho eigde 6 biblar, melder Compass Direct i ein rapport 1. oktober. Dagen før skytinga sende Sheikh Arbow kona si for å beøka Hussein i heimen hennar, og ho gav seg ut for å vera interessert i å læra om kristendomen. I laupet av besøket las Hussein eit avsnitt frå Bibelen til kvinna, og sa til henne at ho kunne koma på besøk regelmessig for å diskutera Guds ord. Kona til Arbow drog så heim og fortalde mannen sin at Hussein hadde biblar i heimen sin. Dagen etter kom Arbow sjølv på vitjing til Hussein, og han hadde med seg nokre andre muslimske menn. Han bad om ein bibel frå henne. Hussein gav han ein, og han gjorde til kjenne for henne at han leita etter ”kristne som skitnar til den islamske religion.” Han gav henne så ordre om å syna fram resten av biblane, og då ho gav han dei, skaut han henne tre gonger og drap henne på flekken.

Lat oss takka Herren for det arbeidet han fekk gjort gjennom Mariam Muhina Hussein sitt liv.

Be om at dei som sørgjer over henne går til Jesus for å få trøyst hos han.

Be om styrke og trøyst for alle somaliske kristne som møter prøvelsar og forfølging når dei vitnar om Jesus.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...