Viser innlegg med etiketten Asia Bibi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Asia Bibi. Vis alle innlegg

tirsdag 9. oktober 2018

Er fengselsmarerittet over for Asia Bibi?

Asia Bibi. Foto: Voice of the Martyrs Canada

I 2009 vart den kristne pakistanske fembarnsmora dømt til døden for blasfemiske uttalelsar mot profeten Muhammed. Blasfemilovene er eit stort problem for folk i dette landet. Særleg for minoritetar. Dersom nokon ønskjer å skada andre, kan dei anklaga dei for blasfemi, og då er det lett å få dei arresterte og dømde. 

Asia Bibi vart dømd til døden etter at to muslimse kvinner anklaga henne for blasfemi etter ein krangel ved ein vasspost. Dei meinte at Asia Bibi ikkje hadde rett til å bruka denne vassposten sidan ho som kristen gjorde vatnet der ureint. Pakistan er ein skikkeleg apartheidstat. 

I alle fall, etter dette har dama sete ni år i fengsel og venta på at dødsdomen skulle bli fullbyrda. Fleire politikarar har forstått galskapen i dette og vilje setja henne fri. Dei er blitt skotne og drepne.

I går var det ny høyring i pakistansk høgsterett om saka. Det er fatta ei beslutning, men den er ikkje offentleggjort. Det KAN tyda på at ho vert sett fri, men at dommarane ventar på ei lageleg tid for å forkynna avgjerda. 

Blir Asia Bibi sett fri, må ho ut av landet fortare enn svint. Det er meir enn nok folk i Pakistan som står klar for å ta livet av henne. Det vil, etter deira førestellingar, gje dei garantert plass i Paradis. 

Herre, me ber om at du skal gje høgsterettsdomarane i Pakistan det motet som skal til for å forkynna ein eventuell frigjevingsdom. Så ber me om at du skal gje Asia Bibi det vern ho treng når ho kjem ut frå fengslet, og hjelpa henne ut av landet og i sikkerhet. 

fredag 26. september 2014

Asia Bibi si sak opp til ny rettshøyring 16.oktober





Det vert no meldt frå Voice of the Martyrs at Asia Bibi si sak skal opp til ny høyring i retten den 16.oktober. 5-barnsmora som er dømt til døden for blasfemi, har sete i fengsel sidan 2009.Bakgrunnen for klagemåla mot henne er at ho nekta å fjerna seg frå ein vasspost der muslimske kvinner henta vatn (kristne i Pakistan er utsette for rein apartheid). I ordvekslinga som følgde minna Bibi kvinnene om at Mohammed var død, men at Jesus hadde stått opp frå dei døde. Det er nok til å bli dømt til døden i Pakistan.

Kjære Far! Me ber i Jesu namn om at rettferda må sigra i saka mot Asia Bibi, at dommaren skal tora å frikjenna henne for klagemåla som er retta mot henne, og at ho og familien trygt skal koma seg ut av landet. Me ber også om styrke og underhald for familien hennar, og at blasfemilovene i Pakistan må reviderast og helst fjernast heilt. Sjå i nåde til di kyrkje i Pakistan. Gjer dei truande brennande og uredde slik at ditt lys kan skina sterkt for alle pakistanarar. Amen

tirsdag 10. juni 2014

Bøn for jenter og unge kristne kvinner i Pakistan

Dette er døtrene til Asia Bibi, som fro 5 år sidan vart  dømt til døden i Pakistan for blasfemi.Foto: Foto: ADREES LATIF / Reuters
World Watch Monitor melder at mellom 100 og 700 jenter og unge kvinner frå kristne heimar kvart år vert bortførte av muslimske menn som tvingar dei til å gifta seg muslimsk og gå over til islam.

Når foreldrene melder saka til politiet, blir dei møtt med motsøksmål der kidnapparane seier at jentene har valt det nye livet frivillig, og at foreldrene må straffast for trakassering.

Pakistan er ein apartheidstat. Dei kristne, som oftast er kastelause, har få rettar, og i rettsvesenet veg ein muslims vitnemål dobbelt så tungt som ein kristens. Politiet gjer difor ingenting for jentene sine foreldre, og foreldrene står i fare for sjølve å bli straffa.

Det er eit hav av liding bak alle desse kidnappingane, og me må be:

Gode Gud i himmelen! Stopp i Jesu namn all urett mot dine kjære barn i Pakistan. Du som førte Israel ut av Egypts fangenskap og slaveri, før dei kristne i Pakistan ut av fornedringa. Me ropar til deg om himmelens vern over dei kristne kvinnene i landet. Herre, miskunna deg over dei, og lat fienden mislukkast i sine vonde planar. Amen!

Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...