Viser innlegg med etiketten Pakistan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pakistan. Vis alle innlegg

lørdag 8. august 2026

Dagens unådde folkeslag: Rajaka Dobi i India, Sri Lanka, Pakistan, Bangla Desh og Nepal

 


Rajaka Dhobi tel omlag 13 millionar mennske. 
Dei aller fleste bur i India og er hinduar. 
Det er ikkje registrert kristne frå dette folket. 

Bøn:
Gode Gud! Det er på høg tid at lyset ditt når fram til Rajaka Dhobi, opplyser hjarto deira og frelser dei frå synd, skuld og skam. Løys dei i Jesu namn frå alle løgngudane som dei tilber, og gje dei å bøya seg for deg, du som er den einaste sanne Gud. Reis Rajaka Dhobi opp til å bli eit folk som formidlar din kjærleik, dine sanningar og di kraft til Indias mange fortapte og forkomne. Det ber me om i Jesu namn. Amen! ¨

Kjelde: joshuaproject.net


mandag 1. juni 2026

Dagens unådde: Kashmirfolket i India og Pakistan

 



Kashmirane bur i Kashmir, det omstridte fjellområdet mellom India og Pakistan. 
Dei tel 8112 000 menneske, snakkar kashmiri og er muslimar. 0,00% er kristne. Heile Bibelen er oversett til kashmiri, og det er ein kjemperessurs med tanke på framtidig misjon i denne folkegruppa. 

Herre Jesus! Gjennom Sakarja sa du at i dei (siste) dagane skal mange (alle) folk bli sameinte i deg og kallast "ditt folk". Me trur og veit at også kashmirfolket snart skal haustast inn. Å Gud, må det skje i vår tid. Driv arbeidsfolk ut til din haust i Kashmir. Aus Anden din ut over dette folket slik at dei ser at du er den einaste levande Gud og frelsar frå synd. Me ber om fortgang i misjonsoppdraget. Me ber om brennande og villige hjarto. Me ber om pionerånd i ditt folk. Velsign Kashmir med fred, politisk og åndeleg. I Jesu namn, amen! 

Kjelde: joshuaproject.net


søndag 26. april 2026

Martyrkyrkja. Grov trakassering av ung kristen kvinne i Pakistan


Adan Sabir, ei 19 år gammal kristen jente frå Faisalabad i Pakistan, lever i eit mareritt som ingen ung kvinne nokon gong burde måtte gjennom.

Trass i at ho vann si juridiske fridom for fleire månader sidan, er ho og familien hennar no i skjul, på flukt frå ein mann som nektar å godta lova.

Problema byrja 3. juli 2025, då ein mann ved namn Usman Ali visstnok kidnappa Sabir medan han truga henne med våpen. Dette skjedde etter at ho allereie hadde avvist ekteskapsforslaget hans. For å dekke over spora sine la Ali fram eit forfalska vigselsattest i retten, og hevda at Sabir hadde gått over til islam og gifta seg med han av fri vilje.

Under det første rettsmøtet i august heldt Sabir seg stille. Familien forklarte at dette med at ho ikkje samtykte, men fordi Ali hadde truga med å drepe foreldra hennar og broren dersom ho snakka imot han. På grunn av denne påtvinga stillheita lét dommaren Ali ta henne med heim.

Sabir-familien nekta å gi seg. Dei anka til Lahore High Court i september 2025. Etter å ha sett på prov for trugsmål og tvang, gav høgsteretten endeleg pålegg om at Sabir skulle førast tilbake til familien. I november 2025 godkjende retten ei skilsmissemelding, og det såg ut til at Sabir endeleg var trygg.

Trass i dette varte ikkje freden.

På jakt etter tryggleik

Etter at Sabir vart forlova med ein kristen mann, byrja Ali på ein terror-kampanje. Den 20. april skal han ha fyrt av skot mot heimen til familien i Jaranwala.

Sidan då har familien flytta frå stad til stad med nokre få dagars mellomrom for å halda seg i live. Mora til Sabir, Afasn Sabir, seier at traumet er djupt.

«Adan er stille heile dagen, og om natta vaknar ho skjelvande og ber oss om å be,» sa ho. «Usman trugar oss framleis og seier at viss han tok henne ein gong, kan han ta henne igjen, og denne gongen vil han ikkje la henne sleppa unna.»

Familien leitar desperat etter hjelp. Dei vil melda saka som netthets fordi Ali brukar digitale middel til å spora og truga dei, men dei treng vern og ei skikkeleg politietterforsking for å koma vidare.

Tvangskonvertering er framleis den mest grunnleggjande forma for forfølging av kristne i Pakistan. Sidan avgjerda i den føderale forfatningsdomstolen i Maria Shahbaz-saka denne våren, har slike tilfelle auka kraftig.

Kjelde: ICC (International Christian Concern)

Me ber om at denne trakasseringa av Adan Sabir, mannen og familien hennar må stoppast.
Me ber om Guds mektige vern rundt og over dei.
Me ber om at lokalt politi skal gjera jobben sin og rettsforfølga Usman Ali, og ilegga han så kraftige bøter at han sluttar med sine vonde handlingar. 

mandag 20. april 2026

Dagens unådde: Hajam i Pakistan

 



Det er nær 5 millionar hajamar. Halvparten høvevis i Pakistan og India. 
Alle er muslimar. 
Språk: Vest punjabi.
Bibeloversetting: NT

Hajam er ein eigen kaste som er høgt respekterte i samfunnet. Dei jobbar som frisørar, manikurar og omskjerarar. 

Be om at Gud skal vekka ein djup åndeleg hunger hos leiarane i dette folket, og ei lengsel etter frelse.
Be om at dei skal forstå at dei ikkje kan bli frelst gjennom lovgjerningar, men berre ved å tru på Jesus. 
Be om at Gud skal senda arbeidsfolk ut til sin haust i dette folket. 


mandag 2. juni 2025

Gujjar med muslimsk tradisjon frå Pakistan

 


Det er 2 568 000 gujjarar i Pakistan (Kashmir). Alle er muslimar. Ingen kristne er registrert, ei heller kristne vitner, så her er det stummande mørkt. Språket dei snakkar kallast "hindko". 

Kjære Herre Jesus! Det folket som lever i mørket skal sjå eit stort lys, og for dei som bur i dødsskuggen skal lyset stråla fram. Dette ordet frå boka di proklamerer me i dag over gujjarfolket i Pakistan, og me ber om at modige menn av ditt hus skal reisa ut for å forkynna evangeliet og planta di kyrkje i dei nordaustlege delane av Pakistan. Pakistanske gujjarfolk skal ikkje mangla representantar framfor di truna i himmelen, så opna no nokon av dine venners hjarte for dette folket, og dette folket sine hjarte for dine sendebod. Amen! 

fredag 23. mai 2025

Blasfemianklaga kristen i Pakistan frikjend i Høgsterett


Chand Shamaun (nr 2 frå høgre) med advokatane sine.
Photo: Christian Daily International-Morning Star News
Kjelde: VOM Canada

 I juni 2024 vart Chand Shamaun arrestert og sikta for å ha fornærma islam, ei skulding som ofte blir brukt i Pakistan mot borgarar som høyrer til religiøse minoritetsgrupper. Faktisk viste ein nyleg rapport at eit rekordstort tal blasfemisaker hadde blitt registrert i løpet av året 2024 – med totalt 344 offisielle skuldingar. For dei skulda er fengsling typisk farleg og, i nokre tilfelle, til og med dødeleg. Og dei som har blitt lauslatne mot kausjon eller frikjende, møter ofte valdsaksjonar frå folk som framleis oppfattar dei som skuldige.

I Chands spesielle situasjon vart det tidleg klart at det var problem med saka mot han. I oktober lauslet Lahore High Court han mot kausjon etter å ha høyrt saka hans. Men ved lauslatinga vart han tvinga til å gå i skjul på grunn av truslane mot han. For meir informasjon, sjå denne rapporten.

Den 10. mai vart ein endeleg dom avsagt då ein dommar frikjende Chand for alle skuldingar. Retten merka seg at aktorane hadde "mislykka miserabelt" i å etablere saka mot den uskuldige kristne mannen, og antyda til og med at dei som skulda han kanskje hadde "spunne ei oppdikta historie med fantasien sin."

Pris Herren for denne oppmuntrande rettsavgjerda, og for at rettferd har skjedd i Chands sak! 

Be for tryggleiken hans medan han no handterer etterverknadene av dei opphavlege skuldingane mot han. Må dei som held på sinne mot denne kristne mannen ikkje lenger true han eller gjere forsøk på å skade han, men heller innsjå og erkjenne hans uskuld og si eige skuld. 

Be for dei mange andre truande som for tida står overfor skuldingar om blasfemi i Pakistan, og be om at Herren må gripa inn i kvar av deira situasjonar også – slik at Hans rettferd til slutt vil sigre.

mandag 28. april 2025

Martyrkyrkja. Kristent pakistansk ektepar utsett for grove overgrep


Kvelden 25.mars vart Adnan Masih og kona hans Shumali overfalt og rana av tre menn. Då dei fekk vita at offera var fattige kristne, bandt dei Adnan med beltet hans medan dei valdtok kona hans etter tur.

Etter hendinga gjekk ekteparet heim. 

Morgonen etter melde dei saka til politiet, og mennene som utførte ugjerninga er no arresterte og vil bli stilte for retten. 

Slike episodar som dette er vanlege i Pakistan. 

Be for Adnan og Shumali at dei skal få den hjelp dei treng etter å ha blitt traumatiserte på denne måten. 

Be om at ugjerningsmennene skal få den straff dei fortener (det er langt frå sikkert)

Be om at den vesle minoriteten kristne i landet skal stå sterke i alle stormar, bli fylte av himmelsk kraft og frimodig vitna om Jesus for sin neste. 

Pakistan




 I Pakistan bur det 250 000 000 menneske. Truleg har 98% av dei ikkje ein gong høyrt om Jesus, og alt han har gjort for oss stakkars menneske. Be om at det skal opna seg dørar for Guds ord inn til kvar landsby og stoby i Pakistan, be om at Gud skal styrka kyrkja si i landet, at ho skal veksa og multipliserast, at dei truande skal få kraft til å stå i forfølging, at dei modige skal reisa seg mot urett, at kristne unge kvinner skal vernast mot kidnapping og påfølgande tvangsekteskap og tvangsomvending til islam (eit stort problem) og at folk skal finna håp i Jesus midt i den djupe økonomisk krisa landet er i. Sjå videoen (lim adressa inn i søkevindauga) og ta del i bøna.

https://youtu.be/Nzr5IZ0h13w?si=P2pDEG9KpOGbm1W_






fredag 31. januar 2025

Ny kidnapping av ung kristen jente i Pakistan

 Den 9.januar vart den 14 år gamle kristne jenta Saneha Sharif kidnappa av muslimske menn utanfor heimen sin. Foreldra hennar er no redde for at dei som har gjort dette skal tvangskonvertera henne til islam, og tvangsgifta henne med ein av kidnapparane. Dette skjer heile tida med kristne jenter i tidleg tenåra i Pakistan. Det er ei stor plage som råkar det vesle kristne samfunnet i landet hardt. Politiet plar ikkje bry seg stort om dette. Rettsvernet for dei kristne i Pakistan er svakt, og politiet partisk og korrupt. 

Gode Gud! Me ber i Jesu namn om at Saneha Sharif skal bli funnen av pakistansk politi og ført heim att til familien sin. Me ber om at politiet i dette landet skal få nye strenge ordrar, bry seg om alle og gjera jobben sin. Me ber også om auka rettsvern for dei kristne i landet. 

fredag 1. oktober 2021

Baghbanfolket i Pakistan

 


Det 197000 baghbanarar i Pakistan, spreidd ut over heile landet. Dei snakkar difor 8 ulike språk, dei fleste nord-pastunsk. Det er ikkje registrert kristne i denne folkegruppa. Alle er muslimar, og islam er vevd tett inn i kulturen deira. Baghbanfolket er kjende som dugande gartnarar og fruktdyrkarar.

Herre Jesus! Gjer krav på dette folket. Send dine ambassadørar til dei som kan forkynna evangeliet for dei. Aus Anden din over dei slik at dei kan sjå at det berre er frelse i deg og ikkje i nokon annan. Dra dei til deg med uimotståeleg kraft. Amen!


kjelde: joshuaproject.net





lørdag 21. mars 2020

Pakistan: Ny rettshøyring for kidnappa kristen jente 25.mars


Den 14 år gamle Huma Yonus er fødd og oppvaksen i ein kristen heim. Den 10. oktober vart ho kidnappa, køyrd 600 km frå heimen sin, tvangskonvertert til islam og tvangsgifta med ein muslimsk mann. Dette er noko som skjer ofte med kristne jenter i Pakistan, til stor sorg for familiane deira.

Foreldra til Huma Yonus melde saka til politiet, og det vart beramma ei rettshøyring den 4.mars. Jenta sjølv var ikkje til stades i retten denne dagen. Foreldra hennar la fram attestar som prova at Huma var mindreårig. I dette sjuke landet er det ikkje forbode for muslimske menn å kidnappa kristne jenter, men jentene må vera over 18 år før dei har lov å gifta seg med dei.

Etter litt om og men, bestemte domaren seg for å utsetja saka til Huma Yonus til 25.mars, slik at kidnapparane skulle få ein sjanse til å finna prov på at Huma er over 18!!!! Foreldra hennar er djupt fortvila og sinte, og kjenner seg hjelpelause.

Herre Jesus Kristus! Me ber om rettferd for Huma Yonus og foreldra hennar. Må domaren som skal fatta avgjer i denne saka syna seg som ein rettskaffen mann og beordra jenta heim att. Og me ber om at kidnapparane hennar skal få ei høveleg straff for å ha frårøva henne fridomen og påført foreldra hennar sorg og fortviling.  Gode Gud! Me ber om at parlamentet i dette landet skal vedta lover som beskyttar kristne jenter mot kidnapping og slike overgrep som dette. Me ber i ditt namn. Amen!

Kjelde: UCA-news og www.persecution.net

lørdag 23. mars 2019

Pakistan: Mentalt funksjonshemma ung mann arrestert og tiltalt for blasfemi

Stephen - Photo: Barnabas Fund - www.barnabasfund.org
Foto: Barnabas Fund

Kjelder: Morning Star News, CLAAS, Barnabas Fund, Release International, VOMC Sources

Den 11.mars vart Stephen meld til politiet og arrestert for blasfemi  etter å ha krangla høglytt med svogeren sin om bøn og faste (det er fastetid for katolikkar over heile verda no). 

Det føreligg ingen offisiell diagnose på Stephens funksjonshemming, og familien er no redd for at han skal bli dømt som om har var med sine fulle fem. 

Blasfemilovgjevinga i Pakistan bryt, som me veit,  fullstendig med grunnleggjande menneskerettar som ytringsfridom og religionsfridom.  

Herre Jesus! Me ber i ditt namn om at saka mot Stephen skal fråfallast, og at han skal koma heim til familien sin og leva normalt og harmonisk. Amen!





lørdag 9. mars 2019

13 årig kristen jente kidnappa, gifta bort til muslim og tvangskonvertert til islam

Muslim bride

Den 6. februar dette skjedde. Jenta heiter Sadaf Masih og er frå Bahawalpur. Kidnapparane har vore attende til Sadafs familie og synt vigselsattesten der det løgnaktig står at jenta er 18 år. Familien vert åtvara mot å gjera noko med saka. Då vil dei bli melde til politiet og fort sitja stygt i det. Kristne er i stor grad rettslause i Pakistan.

I følgje Nasir Saeed, som er talsmann for Centre for Legal Aid, Assistance and Settlement (CLAAS), er det heilt vanleg at jenter frå kristne og frå hindufamiliar i Pakistan blir kidnappa for å skaffa ektefeller til unge muslimske menn.

Gode Gud! Ta imot vår bøn for Sadaf Masih og alle andre jenter som opplever denne formen for kriminalitet. Me ber om at du skal intervenera. Me ber om at Sadaf skal få ein gyllen sjanse til å rømma og koma heim til familien sin. Me ber om beskyttelse for dei kristne familiane i landet. Me ber om at denne forferdelege uretten skal ta slutt, at mektige nasjonar skal pressa fram ein ny rettsorden i Pakistan som sikrar like rettar for alle menneske uansett tru. Amen! 

torsdag 28. februar 2019

Fare for krig mellom India og Pakistan


Både India og Pakistan har frå 1947 gjort krav på Kashmir. Illustrasjonskart henta frå Aftenposten.

Hatet mellom India og Pakistan er djupt og ektefølt, og den gamle konflikten mellom landa i Kashmirregionen har blussa opp og ført til regulære krigshandlingar. Bakgrunnen er drapet på over 40 indiske soldatar i eit sjølvmordsåtak i Kashmir for to veker sidan. For første gong sidan 1971 gjekk i går indiske fly til åtak på det dei meiner er ein terroristleir på pakistansk side av grensa mellom dei to landa. Pakistan skaut ned eitt av flya, og tok piloten til fange. Det er stor fare for krig i område, og det er farleg fordi begge landa har atomvåpen.

Herre Jesus! Du er Fredsfyrsten. India og Pakistan treng deg. Ikkje berre for å halda ved like ein ytre fred, men dei treng fred med Gud, og dei treng fred i hjarto sine, og det kan berre du gje dei. Me ber om at du i den akutte situasjonen roar gemyttane, at du gjev dei ansvarlege visdom og vilje til å forhandla i staden for å kriga, at du syner dei veg med tanke på å løysa den gamle konflikten om Kashmir, og at du let kyrkja di i landa ha framgang, at du gjer dei truande misjonale i sin måte å leva på, at du reiser opp sterke tenestegåver i landa, at skarar av menneske kjem til tru på deg, og at nasjonane vert transformerte ved Den heilage andens kraft og nåde. Amen! 

mandag 24. desember 2018

Pakistan: To kristne brør dømt til døden for blasfemi.


Det ser ikkje ut til at frikjenninga av Asia Bibi i pakistansk høgsterett har gjort stort inntrykk på dei lågare rettsinstansane i landet. Dødsdomen mot Qaiser og Amoon Ayub vart forkynt for 2 og ei halv veke sidan, og ber preg av manglande etterforskningsgrunnlag. Den er overfladisk og lettvindt. 

Brørne vart arresterte i 2014 etter at Qaiser skal ha posta såkalla respektlaust materiale på nettsida si.

Det me veit er at alt kan sporast attende til ein krangel mellom han og nokre vener på kontoret hans i 2010 der han vart truga på livet, og han og broren valde flykta utanlands. 

I 2012 kom dei attende, og i 2014 altså arresterte og klaga for blasfemi.

Qaiser administrerte ei nettside fram til 2009. Då stengte han henne ned. Men ein eller annan hadde klart å hacka seg inn og lagt til religiøst støtande materiale som var veleigna som utgangspunkt for eit blasfemiklagemål. Slik er brørne blitt eit lett offer for det justismordet som no er i ferd med å skje.

Dei har appellert domen, men som me har sett i Asia Bibi si sak, kan det ta år før saka kan handsamast av høgsterett.

Begge brørne er gifte. Qaiser har tre barn. Det som har skjedd har gått alvorleg ut over den mentale helsa til sonen hans som er 14.

Men det er lyspunkt også i Pakistan. For det første frikjenninga av Asia Bibi, dernest at kristne arbeidarar får auka lønene sine og at det ligg på trappene ein vesentleg revisjon av lovverket som skal ivareta kristnes rettar på ein betre måte.

Herre Jesus Kristus! Du kjenner denne saka, og be ber i dag om at du skal koma Qaiser og Amoon og familiane deira til unnsetning. Dei treng di hjelp, og me ropar til deg på deira vegne. Må alle falske klagemål fråfallast i ditt namn, og mennene få fridomen sin attende. Takk for tendensar til positiv utvikling i Pakistan, og me ber om at kristne og andre minoritetar skal få sine grunnleggjande rettar oppfylte i dette landet. Amen!

tirsdag 9. oktober 2018

Er fengselsmarerittet over for Asia Bibi?

Asia Bibi. Foto: Voice of the Martyrs Canada

I 2009 vart den kristne pakistanske fembarnsmora dømt til døden for blasfemiske uttalelsar mot profeten Muhammed. Blasfemilovene er eit stort problem for folk i dette landet. Særleg for minoritetar. Dersom nokon ønskjer å skada andre, kan dei anklaga dei for blasfemi, og då er det lett å få dei arresterte og dømde. 

Asia Bibi vart dømd til døden etter at to muslimse kvinner anklaga henne for blasfemi etter ein krangel ved ein vasspost. Dei meinte at Asia Bibi ikkje hadde rett til å bruka denne vassposten sidan ho som kristen gjorde vatnet der ureint. Pakistan er ein skikkeleg apartheidstat. 

I alle fall, etter dette har dama sete ni år i fengsel og venta på at dødsdomen skulle bli fullbyrda. Fleire politikarar har forstått galskapen i dette og vilje setja henne fri. Dei er blitt skotne og drepne.

I går var det ny høyring i pakistansk høgsterett om saka. Det er fatta ei beslutning, men den er ikkje offentleggjort. Det KAN tyda på at ho vert sett fri, men at dommarane ventar på ei lageleg tid for å forkynna avgjerda. 

Blir Asia Bibi sett fri, må ho ut av landet fortare enn svint. Det er meir enn nok folk i Pakistan som står klar for å ta livet av henne. Det vil, etter deira førestellingar, gje dei garantert plass i Paradis. 

Herre, me ber om at du skal gje høgsterettsdomarane i Pakistan det motet som skal til for å forkynna ein eventuell frigjevingsdom. Så ber me om at du skal gje Asia Bibi det vern ho treng når ho kjem ut frå fengslet, og hjelpa henne ut av landet og i sikkerhet. 

tirsdag 25. september 2018

Pakistan

I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den dominerande religionen. 2,35% kristne. 0,6% evangelisk kristne. Fleritalet av dei kristne er romersk katolske. 




Dei kristne bur stort sett for seg sjølv i eigne distrikt, og det er ein beinhard religiøs apartheid i landet.
Hovudstad er Islamabad.
Dei største byane: Karachi og Lahore.

Pakistan vekslar mellom å vera styrt av ineffektivitet og korrupte politiske parti og eit autoritert militærdiktatur.  Makt og velstand er konsentrert på all for få hender. Dette hindrar sosial og økonomisk utvikling i landet. Landet står overfor eit kraftig press frå  islamistar i vest (Afghanistan og frå Punjabprovinsen), og frå India i Kashmir.

Det har nyleg vore presidentval i landet, og den gamle populære cricketstjerna Kahn har gjeve seg sjølv 100 dagar på å ordna opp i landet sine problem, noko som vel fortel meir enn nok om dømekrafta til den mannen.


  • Pakistan er prega av eit høgt valdsnivå. Be om at Gud frir landet frå den ånd som skaper lovløyse og vald, og som lenkar det fast til løgn og urett.
  • Be om at Kahn skal skipa ei regjering som i det minste vil bevega nasjonen framover. 

Kyrkja i Pakistan har for det meste medlemmer frå dei kastelause i landet, og frå Sindhfolket som er hinduistisk. Nesten ingen pakistanske muslimar er vunne for Kristus av pakistanske kristne. 

  • Be om at desse skal reisa seg, rista av seg sosial skam og stolt forkynna evangeliet for sine medborgarar frå høgare sosiale lag. 
  • Be om vern for dei truande. Det er lett å få ein fatal blasfemianklage mot seg. 
  • Be om fridom for Asia Bibi, Imran Gafhur og andre som sit fengsla på livstid for trua si. 
  • Mange muslimar frå høgare kastar har kome til tru dei siste åra gjennom TV-sendingar og personlege openberringar. Det er få å disippelgjera dei. Be om at Gud skal senda dei lærarar med kompetanse som kan føra dei inn i eit sigrande Kristusliv. 
  • Dei fleste av dei 393 folkegruppene er unådde. Men Guds arm er ikkje for kort til å frelsa. Be om at det skal gå ein mektig vind av evangelisering og misjon over heile landet som bringer Guds lys inn i kvar einaste avkrok der det finst folk. 
  • Be spesielt for desse unådde folkegruppene:
    • Punjabi på Indussletta
    • Pashtun i grenseområdet mot Afghanistan. Det er frå denne gruppa Taliban har sitt utspring
    • Folkeslag som snakkar seraki
    • Shindhifolket som er mellom dei fattigaste og minst evangeliserte folka i verda.
    • Baluchane i Baluchistan i sørvest mot Iran.
    • Mohajarane. Mange lever i Karachi. 
    • Fjellfolka i nord
  • Karachi har dobbelt så mange innbyggjarar som offisielt er oppgjeve. Byen er kaotisk, og alle typar kriminalitet florerer, inkludert menneskehandel. Be om Guds mektige intervensjon. 
  • I Pakistan er det nærast 2 millionar afghanske flyktningar. Be om at Gud må verna dei mot alle typar overgrep, senda sine vitner til dei og opna himmeldøra for dei. 
  • Det er 4 millionar ahmaddiyamuslimar i Pakistan. Dei er stolte over religionen sin og vanskelege å nå. Be om at Gud må rysta grunnvollen for trua deira, gjera dei usikre og føra dei inn på fast grunn, på Kristusfjellet. 
  • Landet har ein ung befolkning. Be om at dei unge må oppdaga håpet i Kristus.
  • 75% av befolkninga er analfabetar. Be om at skulevesenet må opp og gå, at det skal vera eigne skular for kristne barn, at lesedugleiken må på plass slik at unge kan vera i stand til å møta utfordringane frå ei moderne verd, og vera i stand til å lesa og studera Guds dyrebare ord. 
  • Be om at pakistanarar som har emigrert til omtrent alle verdas land må finna Kristus i dei landa dei har reist til, og at dei må leva som rettskafne menneske, og ikkje slå seg saman i forbryterske mafiagjengar, som dei har så lett for å gjera.
  • Be om at kristne radio og TV-program skal ha stort nedslagsfelt i befolkninga, likeeins alle forsøk på å nå ut via internett.

torsdag 26. april 2018

Ung kristen kvinne brent til døde i Pakistan

Den 22.april vart den 25 årige pakistanske kvinna Asma Yakoob brent til døde fordi ho hadde nekta å gifta seg med ein muslimsk mann. Det var den forsmådde mannen, Rizwan Gujjar som utførte ugjeringa. Slike ting som dette er ikkje uvanlege i Pakistan. Den vesle kristne minoriteten (2%) er undertrykt og ringakta av den muslimske majoriteten. Brotsverk mot kristne fører sjeldan til påtale og domfelling.

Gode Gud! Me ber om at du beskyttar kristne kvinner i Pakistan mot vald, overgrep og tvang. Trøyst og styrk familien til Asma. Må Rizwan Gujjar få ein rettferdig dom, og så ber me om at ditt rike skal koma i Pakistan og at din vilje og ditt lys skal bryta gjennom i dette landet. Amen.

mandag 16. april 2018

To tilfeldige kristne skotne og drepne i Quetta (Pakistan) søndag

Denne sørgande kvinna mista mannen sin under åtaket søndag
Etter gudstenesta i Bethel Memorial Metodist  Church i Quetta søndag vart truande på veg ut av kyrkja skotne på av maskerte menn på motorsykkel. To vart drepne og fem alvorleg skadde. IS seier at dei stod bak denne ugjerninga.

Quetta ligg vest i Pakistan mot grensa til Afghanistan, eit området med høg islamistfaktor.

Tidlegare denne månaden vart fire kristne skotne og drepne i den same byen medan dei sat i ein rickshaw på veg til slektningar. Dette var folk på besøk frå Punjab.

I desember 2017 vart ni kristne drepne i eit sjølvmordsåtak under ei gudsteneste i den same kyrkja som er nemnt over. Kjelde: www.dawn.com/news

Lat oss be:
Gode Far i himmelen! Du har ikkje lova ditt folk fritak for forfølging og smerte. Tvert om. Men me ber likevel om at du i tida framover spesielt skal passa godt på dei kristne i Quetta og sparar dei frå fleire tunge tap. Hjelp dei å halda motet oppe, ikkje la seg skremma til tausheit, men frimodig vitna om frelsa i Jesus trass i at det kan koma til å kosta dei dyrt. Og hjelp oss som lever under trygge tilhøve å vera minst like frimodig som desse. Amen! 

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...