Viser innlegg med etiketten synkretisme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten synkretisme. Vis alle innlegg

torsdag 2. oktober 2025

Peru

 Peru har over 34 millionar innbyggjarar. 95,5% er kristne i følgje Operation World. 11,6% er evangelisk kristne. Resten er katolikkar. 

Hovudstad: Lima

Styresett: Republikk

Peru er eit fattig land med stor avstand mellom fattig og rik.
Det har gjennom dei siste åra vore mykje politisk uro, mange politiske kriser i dette landet og tidvis borgarkrigsliknande tilstandar. 

Dei evangeliske kyrkjene har dei siste 65 åra auka kraftig i tal og storleik. 

Synkretisme er eit stort problem, særleg i dei katolske kyrkjene der folk blandar gamle etniske religiøse forestillingar og praksisar inn i den kristne trua. Det opnar for vonde åndsmakter i kyrkjene og i dei enkelte sine liv. 

Gude Gud og Far!

Velsign Peru med gode leiarar.
Me ber om fred og stabilitet. 
Må ditt rike gå fram i dette landet. 
Må mange nye koma til tru, kyrkjer bli etablert over heile landet og fyllast med lovsyngande menneske tente i brann for Jesus.
Reins kyrkja di i Peru for alt avguderi. 
Me ber om rettferd for dei fattige og undretrykte. 
Me ber om eit godt utvikla utdanningssystem, rettsvesen og helsevesen.
Me ber om styrking av demokratiet. 
Me ber om respekt for menneskerettane. 
Me ber om eit produktivt næringsliv.
Me ber om gode avlingar. 
Me ber om ein rusfri befolkning.
Me ber om stabile heimar og gode oppvekstvilkår for barn og unge. 
Amen! 

torsdag 31. mars 2022

Den sentralafrikanske republikk

 

CIA world factbook

Den sentralafrikanske republikk var fransk koloni fram til 1960. Landet har eit areal på 622884 km2, og eit folketal på 5,4 millionar. Klimaet er tropisk.  Landet er ekstremt rikt på naturressursar, men folket lever i djup fattigdom. Dette har sin årsak i vanstyre og eit utal med militærkupp dei siste 30 åra. Det er litt sånn "alle mot alle", og folk er kua av væpna grupper som susar rundt og terroriserer utan at regjeringa får kontroll på dei. Hundretusenvis av mennesker har pga alle dei væpna konfliktane, måtta flykta frå heimane sine. 

Landet er sett saman av 9 store folkegrupper. Fransk er nasjonalspråket, medan sango vert nytta som handelsspråk. I tillegg blir det til dagleg snakka 91 ulike stammespråk. Bibeloversetting er ei utfordring.  89% tilhøyrer kristendomen, 9% islam og 1% er animistar. Kristendomen har hatt vind i segla, men nye kristne får slett opplæring, og der som mange andre stadar i Afrika, er synkretisme eit stort problem.  

Gode Gud! Me ber om at Den sentralafrikanske republikk skal få eit sterkt, rettvist og stabilt sivilt  styresett som klarar å kua alle dei væpna gruppene som skaper uro og frykt i landet. 
Styrk og velsign kyrkja di i landet, og lat det gå ei mektig velsigning av liv og frelse ut frå henne. Reis opp åndelege leiarar som kjenner deg og ditt ord, og som er i stand til å disippelgjera nye kristne. 
Må heile landet ein dag finna seg bada i ditt ransakande og lækjande lys. 

Kjelder: CIA World factbook og operationworld.org

onsdag 16. februar 2022

Angola

 


Angola er eit enormt land på vestkysten av det sørlege Afriksa.
Folketal: 34 millionar.
Hovudstad: Luanda
Religion: Kristne 96%. Evangeliske 23%. Resten er romersk katolske. 
Unådde: 2%

Frå 1962 til 2002 herja det ein øydeleggjande borgarkrig i landet. Uskuldige sivile leid mest. Vegar, sjukehus, heimar og kyrkjer vart øydelagde. Landminer gjorde over 80000 menneske til krøplingar. Millionar flykta frå heimane sine. 70-90% av befolkninga lever i fattigdom. I hovudstaden aukar prisane og levekostnadane fort. Dei oljerelaterte næringane sørger for det. Dette står i stor kontrast til fattigdomen på landsbygda. Gapet mellom rike og fattige blir stadig djupare og breiare. Djupe psykologiske, sosiale og åndelege sår vil ta år å lækja. 

Landets første president var marxist. Han sa at han ville utrydda kristendomen på 20 år. Det motsette skjedde. Frå 1990 til 2010 auka talet på evangeliske kristne til det firedobbelte, og det stig stadig. Men det er ein enorm mangel på pastorar og folk som kan disippelgjera dei nye kristne. Det fører lett til synkretisme (religionsblanding) som det er mykje av. 

Det finst eit mylder av kyrkjelydar og kyrkjesamfunn, og det er eit definert behov for auka kristen einskap. 

Krigen har skapt mange internt fordrevne flyktningar. Dei lever i slumområda rundt dei store byane der det florerer med foreldrelause barn som ingen tek ansvar for. Dei lever i elendige kår på gata og er ualminneleg sårbare. Mange hamnar i kriminalitet og prostitusjon. Storfamilien ser seg ofte ikkje mon med å passa på sine, og skuldar dei difor gjerne med å driva med hekseri. Det fritek dei for ansvaret. I 2006 var dødsraten for unge under 25 år 45%. 

Kjelde: operationworld.org

Gode Gud! Me takkar deg for freden som no er i landet, og at mange flyktningar har fått flytta heim att. Takk for kyrkja som har vore ei drivkraft i forsoningsarbeidet. Me ber om at kristne må få mot og skaffa seg kompetanse til å byggja opp samfunnet, bidra til å hjelpa dei fattige ut av fattigdomen og vera med å lækja traumer. Takk for alle nye som kjem til tru på Jesus. Me ber om at du skal reisa opp ein hær av apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar som kan nå dei unådde med evangeliet, disippelgjera dei nye kristne og grunnfesta dei i Guds nåde, i Guds ord og i den lokale kyrkjelyden, og læra dei å leva misjonale liv. 
Me ber om auka einskap mellom kyrkjelydar og kyrkjesamfunn, og om ein sterk innbyrdes kjærleik i kyrkjelydane. 
Me ber også om at dei kristne må sjå sitt ansvar med tanke på å ta vare på foreldrelause barn. Me ber også om at du skal velsigna landet med ærlege, kompetente og ukorrupte leiarar som legg vekt på å etablera gode skular slik at barn kan få normal grunnopplæring. Amen!







onsdag 15. februar 2017

Angola

Angola ligg sør for ekvator, på Afrikas vestkyst.
Folketal: 18 mill
Areal: 1,246700 kv.km.
Religion: over 17 millionar kristne. 4 millonar av dei er evangeliske.
Kristendomen veks med 3% årleg (folketalsvekst), dei evangeliske kyrkjene med 4%.
Hovudstad: Luanda

Gamal portugisisk kolonoi som vart sjølvstendig i 1975. 27 år med påfølgande borgarkrig har gjort nesten uboteleg skade på infrastrukturen, og landet er fullt av udetonerte landminer.

Sosialistane som kom til makta i 1975 hadde utsletting av kristendomen på programmet.
Etter den tid har talet på kristne firedobla seg.

Dei fleste kristne i landet tilhøyrer den romersk katolske kyrkja, og dei fleste er nominelle.
Synkretismen er stor både når det gjeld lære og praksis.

Angola har utvikla seg til å bli ein stor oljenasjon, og det har ført til ny økonomisk utvikling.
Landet er rikt på mineraler og andre naturressursar
Fattigdomen er likevel ekstrem mellom vanlege folk.

Språk: Portugisisk. Totalt: 41. 33 bibelspråk (2010)

Gode Gud! Me ber om at du skal skapa full forsoning mellom dei som i så mange år forsøkte å ta livet av kvarandre.
Me ber om at kyrkja di skal vera varm, vital og kraftfull.
Me ber om kristen einskap.
Me ber om at kyrkja di skal bli reinsa frå synkretisme, trolldom og skammelege synder
Me ber om gode nasjonale og lokale leiarar i kyrkja di
Me ber om at folk skal bli kvitt demoniske makter som villeier og plagar dei.
Me ber om at dei unådde folkeslaga i landet skal bli nådde med evangeliet
Me ber om at dei nye rikdomane skal koma landet til gode, og bli fordelte rettferdig.
Me ber om rettsindige og gudfryktige leiarar.
Me om at alle korrupte leiarar skal bli fjerna frå stillingane sine.
Me ber om eit godt utdanningssystem for dei unge.
Me ber om eit godt helsevesen for dei sjuke og skadde
Me ber om at alle landminer skal bli funne og uskadeleggjort
Amen!

Kjelder: Operation World og Prayercast


mandag 22. desember 2014

Zambia





Zambia er meir enn  dobbelt så stort som Noreg i utstrekning, og det bur mellom 13 og 14 millionar menneske der fordelt på 80 folkegrupper som snakkar 72 ulike språk. Folk i Zambia er fattige, 86% lever under FN si fattigdomsgrense, og forventa levealder er kun på 44 år. AIDS og korrupsjon tyner landet ut. Analfabetismen er på 33%, og aukande. Størstedelen av befolkninga, 87%,  tilhøyrer ei kristen kyrkje, og nasjonen vart i 1991 definert som eit kristent land, utan at Guds ord med det har fått trenga særleg langt inn i folkedjupet og skapt reell forvandling. Men landet har i det minste vore spart for øydeleggande krigar.  Av den grunn har det vore ei redning for over 100 000 flyktningar frå omkringliggande land som Kongo, Angola og Zimbanwe. Pga av AIDS-epedemien er det 710 000 foreldrelause barn i Zambia. Av desse lever meir enn 90 000 på gata.
Zambia er, som mange andre afrikanske land, utsette for ein omfattande "hjerneflukt". Flinke folk reiser frå landet for å søka lukka i andre, rikare land. Dette er også ei utarming.
Kjelde: Operation World

Zambia er landet med den store naturen og det rike dyrelivet. Her finn me Victoriafalla, og på savannene jaktar dei store kattedyra.


Bøneemne:

  • Be om leiarar som kan disippelgjera dei truande, kvinner og menn som kjenner Gud og Bibelen, som lever ut kristentrua i kvardagen.
  • Be om kvalitetsfull bibelundervisning som genererer ei djuptgripande åndeleg vekking i kyrkjelydane. Namnekristendom og religionsblanding er snarare regelen enn unnataket.
  • Be om fleire gode fosterforeldre for dei foreldrelause barna
  • Be om gode gudfryktige politiske leiarar som kan føra folket ut av den aukande åndelege og økonomiske krisa
  • Be mot trolldom og hekseri, noko som er svært utbreidt
  • Be mot prostitusjon og promiskuitet, og at AIDS-epedemien slik skal bli kvelt ved at folk begynner å leva reint seksuelt.
  • Be om nåde og frelse for dei mange AIDS-sjuke
  • Be om stopp i hjerneflukten frå landet, og at dei som har reist for å søke lukka andre plassar, vender nasene sine heimover att. 
  • Be om at Gud stoppar framveksten av islam og Jehovas vitner
  • Be om fortgang i arbeidet med å oversetta Bibelen til alle levande språk, og at alle folk skal få høyra evangeliet og kunna lesa Bibelen på hjartespråket sitt.










torsdag 12. juni 2014

Guyana i Sør-Amerika

A map of Guyana class=

I følge Operation World er Guyana 215 000 kv.km, og har eit heller beskjedent folketal på 761 442 , eit tal som minkar år for år. 401 000 er kristne, av desse er 150 000 evangeliske. Situasjonen er prekær på mange områder. Både Venezuela og Suriname gjer krav på guyansk areal, grensene mellom politiske parti går etter raselinjer, økonomien er sårbar for klimatiske endringar (flaumen i 2005 har hatt langtidsskadeverknader), og mange av dei mest velutdanna rømer landet.

Fleirtalet av dei kristne er nominelle. Synkretisme og avvikande tru er regelen meir enn unnataket. Spiritisme, hekseri, rastafarianisme og utanlandske sekter er veldig vanleg her. Rasistisk islam har også sterk innflyting.

Bøn:
Herre! Må det sanne, reine og ukorrupte evangeliet bli forkynt i kyrkjer , heimar og på gater i Guyana, så folk blir frelst frå synd og befridd frå all åndeleg løgn, okkultisme og  falsk religiøsitet. Reis opp kyrkja di i landet slik at ho avspeglar ditt vesen, og bringer Guds rike nær til vanlege folk. Kom med eit varig håp til Guyana, reins landet for rasisme, løft folket moralsk, økonimisk, politisk og åndeleg, lat dei få oppleva ein sann guddommeleg transformasjon og gje dei gode leiarar med rett kompetanse og som elskar deg og folket. 

Sjå også 
http://prayercast.com/guyana.html

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...