Viser innlegg med etiketten spiritisme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten spiritisme. Vis alle innlegg

tirsdag 12. desember 2017

Uruguay

Kjelder: CIA world factbook og Patrick Johnsones "Pray for the World"

Uruguay sin historie går attende til 1726 då spanjolane grunnla Montevideo som eit handellssenter verna av militære festningsmurar. Byen har ei lun hamn som eignar seg godt for utskiping av varer.
Vart sjølvstendig frå Spania i 1828, etter tre års frigjeringskrig.
Landet, som har i stor grad vore styrt av det militæret og autoritære krefter, fekk eit demokratisk styresett i 1985, etter mange års borgarkrig mot marxistiske grupper. Uruguay er i dag ein republikk styrt av ei sentrums-vensterregjering leida av presidenten, og folket nyt stor grad av fridom.

Folketal: 3 360 000. 88% kvite. 8% mestisar, 4% svarte. Det er ingen att frå den opprinnelege urbefolkninga. Dei vart effektivt utsette for etnisk reinsing då spanjolane braut seg inn i landet.

Topografi: Sletteland. Manglar fjell. Gjennomsnittshøgda er 109 meter. 88% jordbruksareal, det meste beiteland (pamapas). Sårbart for flaumar og kraftige vindar.

Næringsliv: Jordbruk. Gruvedrift. Uruguay er velståande og har eit utbygd sosialt tryggjingssystem.

Språk: Spansk.

47% av befolkninga tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. Berre 2% går til messe.
7-8% er evangelisk kristne
Den trusretninga som veks snøggast i dag er afro-brasiliansk spiritisme.

Kristen tru og tanke har liten innflytelse over innbyggjarane i Uruguay. Religionen er blitt veldig privatisert, og kvar enkelt har ein tendens til å miksa sin eigen religiøse coktail sterkt influert aNew Age-tenkegods.

Sex utanfor ekteskap, abort, homoseksualitet, likekjønna ekteskap er blitt folkesynder. Hasjrøyking er svært utbreidd og har høg legitimitet.

Resultatet er høge tal for sjølvmord, depresjon og skilsmisse.

Dei siste åra har imidlertid ting begynt å snu i positiv retning. Målretta misjonsarbeid frå dei evangeliske har bore frukter, og talet på truande og på kyrkjelydar meir dobla seg frå 1998 til 2005.


  • Be om at innhaustinga skal halda fram, at nye truande vert disippelgjort til å vinna og fostra nye truande til å bli sanne disiplar av Jesus Kristus.
  • Be om at det skal etablerast levande kyrkjelydar i alle områder der det er naudsynt. 
  • Be om at den gode Gud må senda sin Heilage Ande til Uruguay, bada landet i sitt lys, fri folket frå djevelens makt og attreisa kyrkja si som ein sterk forvaltar av Guds ord, full av kjærleik og himmelkraft.  
  • Be om at dei truande også skal nå fram til øvre-middelklasse langs kysten som lever i materiell velstand men i djup åndeleg fattigdom. 







lørdag 17. desember 2016

Dagens nasjon: Venezuela

Areal 912050 km2 (nesten 3 gongar så stort som Noreg). Folketal: 31 416 000. Styresett: Republikk.
Landet grensar til Colombia, Brasil og Guyana.
Venezuela har verdas største oljereservar. Økonomien i landet er heilt og fullt knytta opp til oljeprisen. Men rikdomen har ikkje kome folk flest til gode, og i 1999 kom  president Hugo Chavez til makta under løftet om å gjennomføra ein sosialistisk revolusjon med betre fordeling av goder og gleder.
Hugo Chavez var ein brautande politikar som talte store ord mot USA og vesten, og som gjorde seg til vens med alle slags diktatorar verda over. Gjerne dei verste.
Sosialime høyrdest bra ut for folk, men resultatet etter 17 år med denne politikken er at produksjonen har gått ned og fattigdomen er berre blitt mykje større, og i dag er det mangel på alle varer i Venezuela, inkludert matvarer, og folket lid både av under og feilernæring.
Hugo Chavez døydde i 2013. Han vart etterfølgd av visepresident Nicolas Maduro som vant presidentvalet etter (alle solemerker) omfattande valfusk, og sidan har landet vore i ei konstant politisk krise. No er høyrer portforbod og millitære maktmiddel mot befolkninga til dagens orden.
84% av befolkninga er tilhøyrer den kristne kyrkja, dei fleste er naturlegvis katolikkar, men det er også over 3,1 millionar protestantar/evangelikale, og denne gruppa er, som elles i Latin-Amerika, i sterk vekst, dvs ein årleg på over 3%.
Men det er også 3,5 millionar menneske i Venezuela som er ikkje-religiøse, og denne gruppa veks snøggast, ja, i følgje Operation World med heile  9,2% kvart år.
Spiritismen har stor utbreiing i Venezuela, og er eit stort åndeleg problem langt inn i kyrkjelydane. Ja, dei fleste "kristne" er involverte i denne ugreia. New Age-rørsla er i framgang og infiltrerer befolkninga. Dyrkinga av fruktbarhetsgudinna Maria Lionza (ei moderne Astarte) er omfattande. Johovas vitner og Mormonarane er også på frammarsj. All denne mørke åndsrøyndomen kanaliserer destruktivitet inn i folkelivet, kulturen, politikken og økonomien.
  • Be om at landet skal bli velsigna med gudfryktige, rettferdige og kloke leiarar med stor evne til å sjå løysingar på dei store problema som landet står andsynes. 
  • Be om at landet skal få ei lovgjeving som tek vare på alle menneske sine elementære menneskerettar, sivilt, politisk, religiøst og økonomisk.
  • Be om at dei kristne kyrkjene tek eit klårt oppgjer med den omfattande avgudsdyrkinga i landet, at leiarane torer å henga bjelle på katten og at djevelens makt over land og folk vert broten i Jesu namn. 
  • Be om at Guds ord skal få makt over menneska
  • Be om at kyrkja skal vera full av Guds kjærleik og kraft, og bli velsigna med leiarar som høyrer frå Gud og som talar Guds ord med truskap og autoritet.
  • Be om at Guds fred skal bli rådande i landet
  • Be om gode skular og gode lærarar for barn og unge
  • Be om at det skal veksa fram eit sunt og variert næringsliv i Venezuela, og at det skal vera meiningsfullt arbeid for alle arbeidsføre.
  • Be om at det skal bli sett inn tiltak for å gje alle dei 30 unådde indianarstammene i Venezuelas indre evangeliet om Jesus
  • Be om at det vert sett i gong bibeloversetting til dei 14 indianske språka som enno ikkje har Guds ord tilgjengeleg. 

torsdag 12. juni 2014

Guyana i Sør-Amerika

A map of Guyana class=

I følge Operation World er Guyana 215 000 kv.km, og har eit heller beskjedent folketal på 761 442 , eit tal som minkar år for år. 401 000 er kristne, av desse er 150 000 evangeliske. Situasjonen er prekær på mange områder. Både Venezuela og Suriname gjer krav på guyansk areal, grensene mellom politiske parti går etter raselinjer, økonomien er sårbar for klimatiske endringar (flaumen i 2005 har hatt langtidsskadeverknader), og mange av dei mest velutdanna rømer landet.

Fleirtalet av dei kristne er nominelle. Synkretisme og avvikande tru er regelen meir enn unnataket. Spiritisme, hekseri, rastafarianisme og utanlandske sekter er veldig vanleg her. Rasistisk islam har også sterk innflyting.

Bøn:
Herre! Må det sanne, reine og ukorrupte evangeliet bli forkynt i kyrkjer , heimar og på gater i Guyana, så folk blir frelst frå synd og befridd frå all åndeleg løgn, okkultisme og  falsk religiøsitet. Reis opp kyrkja di i landet slik at ho avspeglar ditt vesen, og bringer Guds rike nær til vanlege folk. Kom med eit varig håp til Guyana, reins landet for rasisme, løft folket moralsk, økonimisk, politisk og åndeleg, lat dei få oppleva ein sann guddommeleg transformasjon og gje dei gode leiarar med rett kompetanse og som elskar deg og folket. 

Sjå også 
http://prayercast.com/guyana.html

Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...