Viser innlegg med etiketten Etiopia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Etiopia. Vis alle innlegg

torsdag 21. februar 2019

13 kyrkjer angripne og nedbrente sør i Etiopia. To kristne hardt skada



Dette hende 9. februar i byen Alaba Kulito etter at det hadde begynt å versera eit falskt rykte om at ein moskè hadde brunne ned etter å ha blitt påtent av lokale kristne.

Mange i dette området har den siste tida komen til tru på Jesus og konvertert frå islam. Men dette åtaket ser ikkje ut til å ha samanheng med det.

Kjelde: persecution.net (Voice of the Martyrs, Canada).

Gode far! Me ber om at dei to som er alvorleg skada etter dette åtaket skal bli lækte for sine sår. Me ber om at kristne og muslimar skal leva fredeleg saman i dette området, at kristne frimodig skal vitna om Jesus for sine naboar, og om vern over dei som er sett til å leia kyrkja og misjonsarbeidet der. Amen!

lørdag 21. mai 2016

Etiopia

Areal: 1106000 km2
Folketal: 100 millionar. Årleg vekst: 2,3%
Hovudstad: Addis Abeba med 3 mill. innbyggjarar
31,3% Amhari, 5,6% Tigri (leiande folkegrupper)
34,6% Oromo
5,3% Somaliarar
14% Omotiske folk
Alfabetiseringsgrad: 35,4%
88 språk. 85 innfødde. Hovudspråk: Amharisk
Heile Bibelen er oversett til 7 språk.
NT til 17
Deler til 19
34 språk er under arbeid. Då er det 17 språk att der det er trong for oversetting.
  • Be om at det må dukka opp menneske som er kappable og viljuge til å starta dette livsviktige arbeidet.
Økonomi: Jordbruk. Kaffi er den viktigaste eksportvara. Tørke og utarming av jordsmonn har skapt store svoltkatastrofar i landet. Etiopia er i dag heilt avhengig av matvarehjelp frå verdssamfunnet..
Landet er ein av dei eldste nasjonane i verda med ein rik historisk arv. Kristendomen har gjennom den ortodokse kyrkja vore nærverande og dominerande heilt frå den første kristne tid. Folk flest blandar element av heidenskap inn i den kristne trua.
Norsk misjon har vore sterkt til stades i Etiopia heilt sidan starten på 1950-talet. Svensk misjon har vore i landet enno lenger. Denne pionertida har Aud Sæverås skrive ei gripande bok om. Den lutherske Mekane Yesu-kyrkja er m.a. ei frukt av denne innsatsen. Mekane Yesu har dei siste tiåra opplevd ein eventyrleg vekst. I 1974 møtte eg generalsekretæren i denne kyrkja, Gudina Tumsa, då han var på Fjellhaug bibel og misjonsskule ein tur. Han var ein ruvande person på alle måtar. Tumsa vart seinare drepen av kommunistane då dei dette året med tok makta i landet med eit kupp og avsette keisar Haile Selaassi. Det brutale kommunistregimet varte til 1990. Kona til Tumsa har skrive ei bok om denne rystande tida. På norsk ber ho tittelen "Ildovnen". Det er sterk lesing. Men forfølginga som då braut ut mot dei kristne kom til å foredla kyrkja og gjorde henne sterkare, og førte millionar av menneske til Kristus
I dag har Etiopia ei av dei mest vitale kyrkjene i verda. Vekkjing har vart sterkt og lenge. Dette kan du lesa meir om i Anders Nordengen si bok om "Vekkjinga i Etiopia." Den er ufatteleg sterk.
  • Be om at nye kristne må bli bevart og disippelgjort, og at Guds eld må brenna sterkt i landet heilt til Jesus kjem att.
Likevel slit landet med formidable sosiale, politiske og moralske problemer, m.a. med utbreidd korrupsjon. Landet har ein elite som stikk av med det meste av verdiskapinga, og dette skjer ikkje på ærleg vis. Vidare ligg landet i stadig utarmande grensekonfliktar med Eritrea og Somalia. Mange unge liv går tapt kvart år.
  • Be om at korrupsjon skal bli avslørt, påtalt og straffa, og at desse grensekonfliktane må ta slutt.
Underernæring og feilernæring er svært utbreidd og tek titusenvis av liv årleg. Langvarig tørke, forutan krigane,  er èin av hovudgrunnane til dette.
  • Be om at landet må bli velsigna med nok regn slik at folket kan bli sjølvforsynt med mat.
  • Be om at kyrkja skal få nok leiarar, og at leiarane skal få forsvarleg opplæring før dei går ut i teneste.  
  • Be om at kyrkja ser ansvaret sitt for den oppveksande slekta og set store ressursar inn for å nå fram til dei og disippelgjera dei. 70% er under 30 år. 
I dag er dei kristne i Etiopia sterkt pressa av muslimsk ekspansjon i mange området. Islam påfører Kristi lekam nye lidingar i dette landet.
  • Be om at denne ekspansjonen skal bli stoppa i Jesu namn, at situasjonen skal snu, og at kyrkja skal overvinna islam med den krafta som ligg i evangeliet. Jesus lever, og livet er sterkare enn døden. 
Det er mange bibelskular i landet. Av desse føregår det undervisning på amharisk i 127.
  • Be om at dei som går på desse skulane skal møta sunn og god bibelundervisning som gjer dei til grunnfesta kristne og som kan utrusta dei til å leva som Kristi vitner i kvardagen, og be om at desse skulane skal føda fram nye leiarar for kyrkjelydane i Etiopia.
  • Be om at kyrkjelydane også skal reprodusera seg sjølv og planta nye kyrkjelydar over heile landet, særleg i dei unådde områda. Dette gjeld særleg områda på grensa mot Somalia, det gjeld oromofolket og i grenseområda mot Sudan. Her er risikoen høg, og det krevst guddommeleg visdom og leiing om misjonsarbeidet skal lukkast. Be om at dei skal få det.






onsdag 20. mai 2015

Argobbafolket i Etiopia

Argobba
Argobbafolket tel 174000 menneske, og held til i dei sentrale delane av Etiopia. Dei er muslimar, og snakkar sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er omsett til argobba. Likevel er over 4% av dei kristne. Dei fleste ortodokse. 1,5% evangeliske. Folket har historisk vore undertrykt av omkringliggande folk, og hard råka av tørke og hunger. Dei er eit handelsfolk, og har av økonomiske grunnar i stor grad lært seg andre språk, og snakkar flytande amharisk, oromo eller afar. I praksis er dei tospråklege.

Argobba har stor motstand i seg overfor evangeliet. Det er kanskje ikkje så vanskeleg å forstå i og med at dei identifiserer kristendomen med det amharafolket som dei ligg i endelause konfliktar med om økonomi, handel og retten til land. www.joshuaproject.net

Gode Gud! Eg ber i dag for dei truande i argobbafolket, at dei skal leva heilage liv i Andens kraft. Må dei leva som dedikerte etterfølgjarar av Jesus, elska ditt ord og den kristne fellesskapen. Så ber eg om at Bibelen skal bli omsett til argobba slik at folket kan få høyra at du også er ein av dei, og ikkje berre ein Gud for alle andre. Så ber eg om at du skal velsigna folket med nok regn og gode avlingar, og med fred med naboane sine.  Amen!

Argobba in Ethiopia

tirsdag 19. mai 2015

Etiopia


I Etiopia bur det 85 millionar menneske. Dei er fordelte på nokre store folkegrupper som tigray og amhara, som er semittiske,  oromo, somali og afar, some er kusittar. 51,5 millionar tilhøyrer kristne kyrkjesamfunn, av desse er 16,7 evangelisk kristne. Resten er ortodokse. Det bur 33 millionar muslimar i landet. Spenninga mellom kristne og muslimar er aukande, og slår i enkelte områder ut med vald mot kristne. I Etiopia blir det snakka 88 ulike språk. 17 språk manglar bibeloversetting. Etiopia er ein av verdas eldste nasjonar med ein lang og ærerik kulturhistorie som strekker seg 3000 år attende i tid. Økonomien er basert på jordbruk, og kaffi er hovudeksportproduktet. Krig og hungersnaud har dei siste åra hindra utviklinga, og mange døyr av underernæring. Det har også sin grunn i at jorda sjeldan får kvila og er svært utarma etter mange års intens dyrking.
Kristne har vore gjennom harde forfølgingsperiodar, først under dei italienske fascistane før og under 2.verdskrigen, og seinare under kommunistpartiet som sat med makta frå 1974 til 1991. Men forfølginga har reinsa kyrkja meir enn å sveikka henne.
Dei siste åra har krig og konflikt med Eritrea og Somalia tært fælt på landet sine ressursar.
Kyrkja har hatt ein eksepsjonell vekst i Etiopia dei siste tiåra. Åndelege vekkjingar rullar over landet og hundretusenvis vender seg til Gud kvart år.  Profetien i Salme 68 om at Etiopia i hast skal strekka hendene sine ut mot Herren går i oppfylling rett framfor augo på oss.
Det er mange analfabetar i Etiopia. Berre 35% kan lesa og skriva.
Mange ting tyder på at landet er i ferd med å forvitra og bli delt opp etter grensene mellom dei store folkegruppene.

Be Gud om at landet skal bera grøde og at dei skal kunna hausta nok mat til befolkninga. I dag er dei heilt avhengige av hjelp utanfrå.

Be om eit klokt og ukorrupt leiarskap, folk som tener folket meir enn si eiga lommebok. 

Be om fred og forsoning med nabofolka

Be om nasjonal einskap

Be om at vekkinga skal halda fram og tilta i styrke

Be om godt leiarskap i kyrkjelydane

Be om at evangeliet om Jesus skal gripa muslimane, slik at dei kan bli hausta inn i Guds rike, og at islam skal bli feidd av banen.

                                   




fredag 6. mars 2015

Dagens unådde: Zaysefolket i Etiopia


Zaysefolket er venlege og rause menneske som lever i eit lite område heilt sør i Etiopia, ikkje så langt frå grensa mot Kenya. Dei er skeptiske til framande og vil ikkje ha så mykje med dei å gjera.  Dei er animistar, trur på ein allmektig himmelgud, men han er utilgjengeleg for dei, og dei prøver å verna seg mot vonde ånder, "zar",  så godt som dei kan. Heile naturen er besjela, og dei går i stadig angst for å bli forgjorde av åndene. Zaysefolket tel 25000 menneske og snakkar sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er omsett til zaysete. Dei er heilt ukjende med evangeliet om Jesus Kristus.

Kjære Herre Jesus! Sjå i nåde til Zaysefolket i Etiopia, og send dine gode og trufaste tenarar til dei for å overbringa dei gode nyheitene om deg til dei på sitt eige hjartespråk. Fri dei frå synda og domen og frå dei vonde åndene som plagar dei. Må du bli ei sikker borg for dei. Lat dei i deg få kjenna seg hundre prosent trygge for all vanlagnad. Må dei erfara din store godleik, og berre kjenna seg etterjaga av den. Må di kyrkje bli etablert som eit mektig lys som fordriv alt møkre i dette folket, og gjer dei til eit folk som ikkje berre har nok med seg sjølv, men som også blir eit misjonerande folk. Amen!

fredag 19. desember 2014

Turkanafolket i Etiopia

 
Turkanafolket er eit modig krigarfolk som lever som nomadar med krøterflokkane sine. Det vert sagt at dei er dei mest mobile menneska i verda. Dei har ingen hovdingtradisjon. Dei med alder, visdom og talegåver styrer ståket. Ei brur er så dyr at ein mann ikkje kan gifta seg før faren er død, og han har skaffa seg eigne livdyr. Turkanafolket er animistar, dei tolkar draumar og har stor tillit til folk som kan lækja, skaffa vatn og som er flinke til å fortelja.  I Etiopia er det berre 39000 av dei, i Kenya over 1 million. Det nye testamentet er tilgjengeleg på turkana, som er språket dei snakkar. Mindre enn 1,2% av dei som bur i Etiopia er kristne. I Kenya derimot har 20% av alle turkanaar ei kristen tru
kjelde: Joshuaproject.net

Kjære Herre Jesus! Kall og send truande turkanaar frå Kenya til Etiopia for å forkynna evangeliet for frendane sine der. Må det opna seg ei dør for evangeliet i dette folket. Tal til dei gjennom draumar. og send kristne til dei med nådegåver til å lækja, gjera mektige gjerningar og tala profetisk inn i liva deira. Fyll dette folket med din kjærleik, og forvandla dei ved Den heilage ande til å bli eit folk som held fred, forkynner fred og fremjar fred. Amen! 

søndag 24. august 2014

Dagens unådde: Siltifolket i Etiopia

Siltifolket tel 1,3 millionar menneske og bur sør i Etiopia, samt i dei store byane. Dei jobbar gjerne som forretningsfolk, og er i hovudsak muslimar. 2% er kristne. Siltifolket har ein lang og ærerik historie som betyr mykje for dei. Likevel, folket er fattig og har stort behov for utvikling innafor utdanning, landbruk, industri, helsestell, matforsyning og handel. Dei snakkar sitt eige språk, og deler av Bibelen er omsett til siltspråket.
 
Kjære Herre Jesus Kristus!
Kom med ditt sterke lys til siltifolket. Riv dei ut av alle førestellingar om at alt er i orden mellom dei og Gud. Må dei forstå at dei ikkje berre gjer enkelte feil i livet, men at heile retninga på livet er feil, og at dei må venda om til deg for å bli frelst. Send dine apostlar til dei og leid dei ved Anden fram til heile sanninga, den sanninga som gjer dei frie. Bygg opp ei sterk, tydeleg og vital siltikyrkje som kan vera eit fyrtårn, ikkje berre for andre i dette folket, men også for andre folk i områda der dei bur. Gje dei lyst til å lære nye ting slik at dei får god utvikling på alle viktige samfunnsområder.



fredag 13. juni 2014

Dagens unådde: Oromofolket i Etiopia


 Oromofolket, som  tel over 3 millionar menneske, er inndelte i mange stammer.Dei er ei sentral folkegruppe i Etiopia. Saman med tigrai og amhara har dei kontroll over regjeringa og hæren. Dei har tradisjonelt vore berykta krigarar som set si ære i å nedkjempa fiendar, men intent er det viktig å halda saman og støtta kvarandre. Det finst ikkje noko alternativ til dette. Oromofolket er muslimar, og me veit berre om ytterst få truande kristne.

Bøn:
Herre Jesus Kristus! Di hand er ikkje for kort til å frelsa, og øyra ditt ikkje for tunghøyrt til å høyra. Du når ut til dei som er lengst borte, og let di dør stå vidopen også for oromofolket. Send din Ande og ditt ord til dei, og kall dei inn i ditt rike. Løys dei frå islams makt og løgner, overskyll dei med ditt lys og din gode nåde. Erstatt steinhjarto deira med levande hjarte som elskar Gud og nesten. Må  under og teikn skje mellom dei slik at dei får ein djup forståing for at du er den sanne Gud, Herre og herrane og konge over kongane på jorda. Amen!

Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...