Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndagsmøte . Dei arresterte tre besøkande frå Baku, og heldt dei i to dagar utan mat. Politiet reiste sak mot dei tre og to lokale personar. Nakhitsjevan byrett ila dei fem bøter tilsvarande inntil tre månaders gjennomsnittsløn kvar den 19. juni. Dei fem vil få store vanskar med å betala dei høge bøtene, opplyser ein person som kjenner saka. Den koreanske misjonær familien som eigde huset, vart også bøtelagde før dei vart deporterte. Dette melder Forum 18.
Gode Jesus! Sjå i nåde til kyrkja di i Aserbadsjan. Dei kristne der går i motbakke. Men du går med dei. Styrk dei mektig med din Ande. Ta frykten ut av hjarto deira. Reis opp kloke og standhaftige leiarar mellom dei. Hjelp dei bøtelagde med å få betalt bøtene sine. Utøv di allmakt overfor dei som plagar venene dine. Må lyset ditt sigra over Satans mørke i Aserbadsjan.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar