Rajasthan er større enn Noreg i flatemål. Folketal: 68,5 mill menneske. Berre 0,4% er kristne, men omtrent alle er komne til tru etter år 2000. Dette skjer etter enorm satsing frå 165 misjonsorganisasjonar. Alle nye kristne er anten dalitar eller stammefolk. Indarar frå høgare kastar er lite berørt, i alle fall ikkje på annan vis enn at dei forfølgjer dei nye kristne. Akkurat DET har vore ganske heftig.
Bøn:
Herre Jesus! Takk for alle nye truande i Rajasthan. Dei treng ditt veldige vern. Pass godt på dei, og lat dei veksa i nåde og kjennskap til deg. Styrk det innbyrdes fellesskapet mellom dei, og må den søskenkjærleiken stråla for alle som kjem nær dei, og bidra til at mange nye kjem til tru. Må evangeliets lys bli tydeleg for alle i Rajasthan, og verka som ein surdeig som stadig raskare breier seg utover i befolkninga. Me ber om nytt liv, frelse og forsoning for store og små i Rajasthan, og at den makta avgudane har over sinna deira skal brytast i ditt namn. Amen!
Hinduistiske guruar i Rajasthan