mandag 6. april 2026

Stavanger i Rogaland

 




Stavanger er med sine 150 000 innbyggjarar den fjerde største byen i Noreg. 
Stavanger er oljehovudstaden i Noreg, og eg kan vel tenkja meg den rikaste byen/kommunen i Noreg i høve til innbyggjartalet. 
Byen/kommunen har eit mangfaldig næringsliv med handel, industri, administrasjon, utdanning, helse, kultur osv osv. 
Det same kan seiast om kristenlivet i byen. DNK har 20 kyrkjelydar. I tillegg er alle typar frikyrkjer og organisasjonsforsamlingar representerte der. 
Stavanger har ein rik kristen historie. Her vart Det norske misjonsselskap skipa i 1842, og har etter det hatt hovudkontor og misjonshøgskule i byen. 
Me for vår del vil i særleg grad framheva IMI-kirken og Impulsrørsla og misjonsrørsla som har vakse fram ut frå den. 

Gode Far!
Me takkar deg for alle dine barn i Stavanger, og alle dei livskraftige forsamlingane som me finn i denne byen. Takk også for alt det desse kyrkjelydane og forsamlingane betyr for resten av landet. Må din Ande kvila over byen, og det som er sterkt i dag bli enno sterkare i tida som kjem.  Må det gå denne byen godt, og må han halda fram med å vera ei velsigning for Noreg. 



Ingen kommentarer:

Stavanger i Rogaland

  Stavanger er med sine 150 000 innbyggjarar den fjerde største byen i Noreg.  Stavanger er oljehovudstaden i Noreg, og eg kan vel tenkja me...