Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Det ser ikkje ut til at frikjenninga av Asia Bibi i pakistansk høgsterett har gjort stort inntrykk på dei lågare rettsinstansane i landet. Dødsdomen mot Qaiser og Amoon Ayub vart forkynt for 2
og ei halv veke sidan, og ber preg av manglande etterforskningsgrunnlag. Den er overfladisk og lettvindt.
Brørne vart arresterte i 2014 etter at Qaiser skal ha posta
såkalla respektlaust materiale på nettsida si.
Det me veit er at alt kan sporast attende til ein
krangel mellom han og nokre vener på kontoret hans i 2010 der han vart truga på
livet, og han og broren valde flykta utanlands.
I 2012 kom dei attende, og i
2014 altså arresterte og klaga for blasfemi.
Qaiser administrerte ei nettside fram til 2009. Då
stengte han henne ned. Men ein eller annan hadde klart å hacka seg inn og lagt til
religiøst støtande materiale som var veleigna som utgangspunkt for eit
blasfemiklagemål. Slik er brørne blitt eit lett offer for det justismordet som
no er i ferd med å skje.
Dei har appellert domen, men som me har sett i
Asia Bibi si sak, kan det ta år før saka kan handsamast av høgsterett.
Begge brørne er gifte. Qaiser har tre barn. Det
som har skjedd har gått alvorleg ut over den mentale helsa til sonen hans som
er 14.
Men det er lyspunkt også i Pakistan. For det
første frikjenninga av Asia Bibi, dernest at kristne arbeidarar får auka lønene
sine og at det ligg på trappene ein vesentleg revisjon av lovverket som skal
ivareta kristnes rettar på ein betre måte.
Herre Jesus Kristus! Du kjenner
denne saka, og be ber i dag om at du skal koma Qaiser og Amoon og familiane deira
til unnsetning. Dei treng di hjelp, og me ropar til deg på deira vegne.Må alle
falske klagemål fråfallast i ditt namn, og mennene få fridomen sin attende. Takk for tendensar til positiv utvikling i Pakistan, og me ber om at kristne og andre minoritetar skal få sine grunnleggjande rettar oppfylte i dette landet. Amen!
Flatemål: 912 050 km2. Folketal: 31 700 000.
Hovudstad: Caracas.
Sjølv om Venezuela er verdas fjerde største oljeprodusent, er landet lutfattig
og på randa av totalt samanbrot. Dette har sine grunnar. Landet tålte ikkje
finanskrisa i 2008 og oljeprisfallet som følgde. Venezuela er i stor grad er
avhengig av oljeproduksjonen og høg oljepris.
Vidare har den sosialistiske presidenten
Nikolas Maduro (som styrer diktatorisk) nasjonalisert næringslivet, ekspropiert
næringseigedomar. Folk med kunnskap og kompetanse er blitt erstatta med inkompetente
menneske. Resultatet er produksjonssvikt og mangel på forbruksvarer og
medisiner. Den djupe fattigdomen har utløyst ein flaum av alvorleg kriminalitet som gjer fattigdomen enno djupare.
Dessutan er korrupsjonen naturlegvis skyhøg. Landet er
insolvent og i praksis konkurs. Politisk har Maduro erstatta den demokratisk
valde nasajonalforsamlinga med ei handplukka forsamling på 545 personar som
styrer ved hjelp av dekreter. Forsamlinga er i direkte ansvarlege overfor
presidenten, og dei har som oppgåve å gje landet ei ny grunnlov som overfører
makta i landet til Maduro.
I dag er situasjonen den at denne mannen utelukkande
kjempar for seg og familien sin, og det siste er at han har opna landet for
Vladimir Putin og russisk militært nærvær (som Cuba gjorde det i 1962), og i
sist veke landa bombefly med mogeleg atombombelass i Caracas. Det kan føra til
ein farleg konfrontasjon med USA både i Karibia og i Asovhavet der Ukraina i si
naud ber om at Nato må koma med marinen sin og gje dei hjelp mot Russland som
har stengt innlaupet til Asovhavet for Ukraina.
I Venezuela er 84% kristne, av desse 3,2%
evangelikale. Resten er romersk katolske. Synkretismen er dominerande, og folk blandar kristendom med islam, hekseri, voodo og spiritisme. Resultatet er som alltid: åndsbesettelse.
30 indianske folkegrupper må reknast som unådde.
Styresmaktene hindrar aktivt dei som vil driva misjon desse. Både antropologane
og venstresida i politikken ser på kristen misjon retta mot
urbefolkningsgrupper som skadeleg aktivitet.
Gode Far! Me ber i Jesu namn om at regimet til Nikolas Maduro
og hans medsamansvorne skal bryta saman, at makta igjen skal overførast til
nasjonalforsamlinga, og at landet skal få ein rettsindig, kunnskapsrik og klok president
med demokratisk sinnelag. Må den venezuelanske befolkninga venda kollektivt om
til deg, sanna syndene sine og ropa til deg om nåde og hjelp, og må du bønhøyra
dei frå himmelen. Stopp i Jesu namn djevelens gjerningar i Venezuela. Me ber
også for dei nådde folkegruppene i landet, at du skal opna dørar slik at
evangeliet om Jesus kan nå inn til dei, og me ber i hans namn om at di kyrkje
skal plantast i alle desse gruppene, kyrkjer fulle av lys, kjærleik og kraft. Amen!
søndag 16. desember 2018
INDIA: Sterk kyrkjevekst i Uttarpradesh. Styresmaktene svarar med å
intensivera åtak på kyrkjer
Kjelde: VOM Australia
Kristne i fengsel i Uttarpradesh. Foto: VOM, Australia
Det er
hinduistiske nasjonalistleiarar som står bak denne nye kampanjen mot kristne i
delstaten. I følgje leiaren for eit kyrkjeplantingsnettverk, blir fire til fem
kyrkjer utsette for åtak kvar dag, og talet på kristne som blir arresterte er
ukjent.
Grunnen
til åtaka er den veldige kyrkjeveksten i delstaten, og talet på kristne er
mykje høgare enn styresmaktene tidlegare har forstått. «Kyrkja er alt for stor
til å bli oversett,» seier kyrkjeleiaren.
Kjære
Herre Jesus! Me takkar for alle nye kristne i Uttarpradesh, for kyrkjevekst og
alle nye kyrkjelydar som blir planta. Lat evangeliet gå fram i delstaten, og
vekkinga breia seg som ein skogbrann som aukar i kraft og omfang time for time.
Styrk alle som er utsette for forfølging slik at dei ikkje fell frå trua og
fornektar deg, men berre blir sterkare som kristne, står fast og går frå kraft til kraft, inntil
dei ser deg som du er. Fordriv åndsmaktene som vil hindra evangeliet, gje dei
truande eld i hjarto, og lat di kraft strøyma gjennom dei slik at under og
teikn og mektige gjerningar skjer når dei ber. Me ber i ditt namn.| Amen!
World Watch Monitor melde i
går at 114 kristne er blitt arresterte i Iran sist veke. 140 den
siste månaden. Dette er enno eit tiltak for å skremma dei truande frå å vitna
om Jesus for muslimar.'
Dei fleste er sett fri att, men alle har fått mobiltelefonane
sine konfiskerte med tanke på nærare undersøkingar. Alle måtte skriva om sine
kristne aktivitetar, og dei fekk sterke åtvaringar mot å halda fram som aktive
kristne.
Dei arresterte med kristent leiaransvar vert framleis haldne
i fangenskap.
Denne arrestasjonsbølgja kom parallelt med at mor til Ebrahim
Firouzi, som har site i fengsel sidan 2013, døydde av kreft. Mora og sonen
ville så gjerne møta kvarandre medan mora framleis var i live, men fekk ikkje
lov til det.
Slike ting som no skjer er vanleg oppunder jul i Iran. Dette
er styresmaktene sin julepresang til den kristne minoriteten i landet. Men dei
let seg ikkje knekka. Den iranske evangelikale kyrkje er den mest vitale i
heile verda.
Kjære gode Far! Me ber om at du trøystar og styrker Ebrahim Firouzi i
sorga over mora, at lindrar hans smerte og lettar hans liding. Takk at du kan
setja han fri når det måtte passa deg, og det ber om at du skal gjera snarleg. Og
så må du i Jesu namn gje dei som no er komen i politiets søkelys stor
standhaftighet slik at dei ikkje let seg skremma, men står faste i trua og i
tensta for evangeliet. Amen!
Bindfolket i India tel nesten ein million menneske. Dei er
fiskarar og korgbindarar med liten interesse for utdanning. Bindfolket er
hinduar og tilber lokale gudar som Hanu-man, Hatti og Sodhi Devta. Det er svært
vanskeleg for polyteistar å forstå at dei må snu ryggen til gudane sine og
tilbe og tena dei eine sanne Gud som har skapt himmel og jord. Bindfolket
snakkar eit språk som blir kalla bhojpur, og det føreligg ei omsetjing av Det
nye testamentet som er tilgjengeleg for dei. Men analfabetismen er stor, så her
må det satsast på audiopresentasjon av evangeliet.
Herre Jesus Kristus! Du som gav ditt
blod til soning for all verdas synd, må krafta i ordet om krossen løysa bindfolket
ut av hinduismens mange løgner og djevelens veldige kraft. Må dei få
sjå syndene sine, og forstå i djupet av hjarta at ingenting anna enn ditt
dyrebare blod kan fjerna den skulda dei ber på. Løft dette folket opp og vekk i
dei lyst til å læra seg lesekunsten, slik at dei kan søkja ny kunnskap, særleg
om deg og dine ting, du som elska dei og gav deg sjølv for dei. Må det bli
etablert ei sterk bindkyrkje i India, full av nåde og kraft, eit fyrtårn for
heile folket og mange andre folk i dette veldige landet. Amen!
I
følgjenederlandsk lov kan ikkje politiet gå inn i ei kyrkje og
arrestera nokon så lenge det blir forretta gudsteneste der. Den armenske
familien har fått avslag på asylsøknaden, men har søkt tilflukt i kyrkja,
og prestar og pastorar frå mange ulike kyrkjer og kyrkjesamfunn har gått
saman om å halda gudsteneste i kyrkja 24/7 for å beskytta denne familien
mot utsending.
Theo Hetterna som er leiar for
Generalkonsilet for protestantisk kyrkjer i Nederland, seier at dei vil
halda på så lenge det er naudsynt, og at dette er ein fin måte å praktisera
bodet om å elska nesten som seg sjølv.
Tamrazyanfamilien, inkludert dei tre barna Hayarpi, Wahrdui og Seyran,
flykta frå Armenia og har budd i Nederland sina april 2010. No, etter åtte
år, har dei fått endeleg avslag og beskjed om å forlata landet.
Ideen om døgnkontinuerleg gudsteneste var det Axel Wicke som kom på. Dei
har laga ei tjukk bok full av liturgi som dei les og syng time etter time
etter time. Dette er flott pastoralt dugnadsarbeid.
Familien håpar no at
styresmaktene skal gripa inn. I Nederland er det ei lov som seier at barn
som har vore i landet i meir enn fem år skal få fullt amnesti.
Tamrazyanbarna, foto: PKN
Styresmaktene vil ikkje kommentera det som skjer i denne kyrkja i Haag, men
det skal vera forhandlingar på bakrommet mellom dei og dei som har teke ansvar
for familien. Dei håpar på eit positivt svar før jul. Det ville vore
høveleg med tanke på innhaldet i denne høgtida.
Gode Jesus! Me
ber om at du skal ta godt vare på denne familien og at styresmaktene i
Nederland skal gje seg sjølve ein sjanse til å omgjera utsendingsvedtaket.
Du er ein Gud som gjev framtid og håp, og me ber om ei trygg framtid for
Tamrazyanfamilien, og at du skal halda dei oppe med di rettferds høgre
hand. Amen!
Dette landet har eit areal på vel 77 000 km2. Folketal omlag 5 millionar. Hovudstad: Abu Dhabi. Om lag 8 % av befolkninga er kristne, 1,2% evangeliske. Resten er muslimar. Dei fleste kristne er utanlandske arbeidarar. Det er tåleg greitt å vera kristen i Emiratane, men blir ein for ivrig og direkte i evangeliseringsarbeidet, risikerer ein forfølging. Likevel opplever kyrkja ein mirakuløs vekst. Mange arabarar møter Jesus på ein svært personleg måte gjennom draumar og syner.
Emiratane er ein steinrik moderne oljenasjon.
Takk gode Gud for det du gjer i Emiratane for tida. Og me ber om meir. Må innbyggjarane oppleva islam som ein tom religion, og at dei kun kan bli heile og sanne ved å ta imot frelsa i Jesus Kristus. Me ber om at ordet ditt skal bli tilgjengeleg for alle i landet, at kyrkja di skal vera full av ihuge for deg og di sak, og at dei truande skal leva misjonale liv. Må din kjærleik forvandla nasjonen frå innsida, og må alle innbyggjarane der bli djupt råka av din kjærleik. Du har velsigne denne nasjonen økonomisk, og me ber om at milliardane deira skal stillast til disposisjon for evangeliet. Amen!
Ergongfolket tel 63 000 menneske og lever i Sichuanprovinsen vest
i Kina. Dei er tibestanske buddhistar, og har som eit mål i livet å kunna
besøka ein heilag buddhistisk lokalitet i Tibet. Status: Heilt unådde. Få
kristne har høyrt om dei, og ingen har prøvd å nå dei. Språket deira er kallast
horpa, og det føreligg ingen bibeldeler eller annan kristen litteratur på dette
språket.
Lat oss be! Kjære Herre Jesus! Du gav livet ditt i døden for
ergongfolket, som du gjorde det for oss. Me ber om at hankinesiske kristne, på
sin veg attende til Jerusalem, skal bringa evangeliet også til ergongfolket. Me ber om at denne
gruppa ikkje skal bli oversett når du no byggjer di kyrkje i Kina, men at du
skal koma til dei, slik du kom til oss, at Bibelen skal bli oversett og gjort
tilgjengeleg på språket deira, at dei skal bli lesekyndige, at din Ande skal
bli aust ut over dei og at den nye dagen skal renna over denne delen av Kina.
Amen!
Release
international melder om stor uro i Kadunaprovinsen i Nigeria. Tusenvis av
kristne er dei siste åra vorte drepne i dette området, og i oktober tørna
kristne og muslimske ungdomar saman i regulære kampar, med det resultat at 55
vart drepne.
Den
kristne stammeleiaren Dr. Raphael Maiwada Galadima vart fortvila over
situasjonen, og reiste for å besøka området. Då han skulle reisa attende, gjekk
ei gruppe menn til åtak på følgjet hans. Fire sikkerheotsvakter vart drepne og
Dr Raphael kidnappa. Det vart betalt ut løysepengar for han, men den 26.oktober
drap dei han likevel. Han er den andre kristne samfunnsleiaren som har blitt
drepen på denne måten i Kaduna dette året.
I
gravferda hans kalla erkebiskop Matthew Man-Oso Ndagoso folk til å søkja fred. Han
sa at dei kristne ikkje er i krig med muslimane, men mot fanatikarar,
kidnapparar, terroristar og opportunistar som er kriminelle i eikvar tyding av
ordet. Seks mistenkte er no arresterte i samband med denne saka, og minst ein
av dei er medlem av islamistgruppa Boko Haram.
Lat oss
be!
Kjære
gode Gud og Far! Me ber for dei kristne i Kadunaprovinsen som lever i konstant
fare for liva sine. Styrk dei mektig med din Ande, og hjelp dei å halda hovudet
kaldt og hjarta varmt, og ikkje omvendt, som det ofte har så lett for å bli i
vanskelege tider. Trøyst dei som no sit att i sorg etter Dr. Raphaels død, og også
pårørande til dei som vart drepne i gatekampar. Så ber me om at du skal lamma
Boko Haram og andre islamistar slik at dei ikkje lenger kan utøva vald mot di
kyrkje og dine barn, og me ber om stor framgang for ditt rike i
Kadunaprovinsen. Amen!
Twen
Theodros har tilbragt 13 år bak fengselsmurane i Eritrea. Grunnen til dette er
at ho er pinseven, og at ho har vore eit tydeleg vitne om Jesus Kristus som den
einaste vegen til Gud.
Trass i
at ho er blitt behandla ille, blir denne unge kvinna omtala som ein dyrebar og
kjærleg kristen som alltid meir oppteken av
at andre skal ha det bra enn av sin eigen situasjon.
Ei tid
sat ho innesperra i ein skipskonteiner, mellom anna saman med ei kvinne
som heiter Helene Berhane. Helene var i dårleg forfatning, og Twen tok vare på
henne og stelte med henne, vaska såra hennar, gav henne mat og tok slaga hennar
når det var noko ho skulle straffast for. Helene kalla Twen berre for «Ester».
Organisasjonen
Release International har no lukkast å få kontakt med Twen i det fengslet ho
oppheld seg i. Dei ville gjerne at ho skulle dela nokre bøneemner med dei som
dei kunne formidla vidare. Då sa ho: Det einaste eg vil at folk skal be om er
at Gud skal bli herleggjord i Eritrea.
Twen er
no i 30-åra, og me skal be:
Far i
himmelen! Me ber, på Twen si oppfordring, om at du skal bli elska og æra av
alle som bur i Eritrea, av høg og låg, av mektige og avmektige, rike og
fattige. Me ber for Twen og alle andre som som sit fengsla, og alle som på
andre måtar blir forfølgde for trua si. Styrk dei mektig med din Ande, og gje
dei alt dei treng for liva sine. Me ber om nye tider for Eritrea, at det
regimet som no sit ved makta skal falla og bli erstatta med leiarar som er
rettferdige og humane. Me ber i Jesu namn, amen! Du må gjerne ha Twen med deg i bønene dine framover.
Etter at
ein familie i den vesle byen Garsen i Kenya tidlegare denne månaden kom til tru på
Jesus, begynte dei å motta trugsmål frå muslimane i området. I følgje Abdul
Abuk-Bakr, fekk dei ein dag eller to til anten å fornekta trua si, eller smaka
alvorlege konsekvensar.
Det
starta slik: Abdul hadde kjempa med ein alvorleg sjukdom i to månader, og ingen
lege kunne hjelpa han. Etter å ha høyrt om situasjonen, kom ein kristen pastor for
å be for han, og Abdul vart straks fullstendig lækt.
Neste
dag bestemte Abdul og heile familien hans at dei ville tru på Jesus, og kyrkja
tok imot dei med glede. Nyheiten om deira omvending spreidde seg raskt, og alt same
dag fekk dei trugsmål om at dersom dei ikkje vil venda attende til islam, ville
dei bli fråtekne huset og jorda dei leigde.
Men dei
nekta å sei frå seg trua på Jesus, og to dagar seinare søkte familien tilflukt
i ei kyrkje. Etter kvart vart det bestemt at barna skulle plasserast i ein
såkalla «good Samaritan`s home», medan faren og mora flyttar frå den ein
kristne heimen til den andre. Abdul seier: «Sjølv om barna treng vår kjærleik,
er det viktigare at dei er trygge. Me treng at mange ber for oss slik at me kan
bli ståande faste i trua og i freden som kjem frå Gud.»
Takk,
gode Gud for Abdul og hans familie, for at dei no trur på deg og har gjeve
liva sine til Jesus. Bevar dei i den kristne trua, og frels dei frå det vonde.
Må di velsigning følgja dei. Så ber eg om at du må opna augo til dei som står
evangeliet imot slik at dei forstår at Jesus lever, og at dei med sine vonde
planar utfordrar himmelens Gud. Må dei falle ned for føtene dine og til di ære
sanna at Jesus Kristus er Herre!
I dag ber me for Sri Lanka. Landet har rundt 20 millionar innbyggjarar som bur på 65000 km2 landområde. Folkegrupper: 76% singalesarar , 14,3 % tamilar, 8,3% arabiske maurarar.
Offisielle språk: Singalesisk, tamilsk og engelsk. Totalt blir det snakka 7 språk i landet, tre utan bibeloversetjing.
Økonomien er knytta til turisme, klesproduksjon og dyrking og eksport av te.
Historie: Etter 450 år under europeiske koloniherrar, vart landet fritt i 1948.
Frå 1983 til 2009 vart det utkjempa ein blodig krig mellom regjeringsstyrkane og dei "tamilske tigrane" som slost for tamilsk sjølvstende i nord-vest. 100 000 mista livet i denne krigen. 900 000 tamilar flykta frå landet. Mange er å finna i Noreg.
Religion: 70,2% er buddhistar, 14% hinduistar, vel 8% muslimar og omtrent like mange kristne (dei fleste katolikkar), 1,2% er evangelikale. Desse veks 12 gonger så fort som folketalet.
Bøneemne:
Be om at Gud lækjer alle sår etter borgarkrigen, og at forsoning skal vera mogeleg mellom singalesarar og tamilar.
Be om at landet må få ei regjering som jobbar for openheit og rett representasjon i dei politiske organa.
Korrupsjon og nepotisme pregar det poltiske livet. Be om at dette må ta slutt.
Barneprostitusjon, jenteabortar og sexturisme er utbreidd. Be om at dette må avnormaliserast, bli påtalt og straffa.
700 000 kvinner jobbar utanlands. Dei blir ofte både utnytta og misbrukte. Be om økonomisk utvikling slik at det må bli nok jobbar i heimeområda deira.
Alkoholisme, narkotikamisbruk, sjølvmord og vald er omfattande problem. Be om at Gud skal fri folket frå djevelens makt og løgner.
Be om at Guds ord skal gå sin sigersgang over heile landet.
Be om at kyrkjelydane skal vera godt fungerande som familiar og disippelskular for medlemmene. Ofte vert det lagt større vekt på å vinna folk for Kristus enn å disippelgjera dei.
Be om at kyrkja skal bli utrusta med kraft frå det høge, og at under og teikn og mektige gjerninar skal skje når dei samlast i Jesu namn.
Be om at dei kristne skal vera fulle av frimot og glede i trua.
Forfølging av dei kristne kjem i bølgjer. Be Gud om å halda oppsyn med fienden og alle hans planar, og at dei kristne skal ha god toleevne.
Familiemedlemmer gret over sine døde. Foto: STR/EPA
Fredag 2. november gjekk væpna menn til åtak på 3 bussar som skulle frakta kristne koptarar til St Samuel Bekjennaren sitt kloster i Minaprovinsen i Egypt. Sju at dei truande vart drepne, 19 er i følgje The Guardian alvorleg skada, og det er venta at dødstala vil auka. Seks av dei drepne var frå same familie. IS på Sinai har påteke seg ansvar for udåden som dei rettferdiggjer som ein hemnaksjon. I mai 2017 vart 30 kristne drepne i eit liknande åtak.
Herre Jesus! Det skjer heile tida. Kristne vert drepne fordi dei er kristne. Gje dei attlevande trøyst i sorga over tapte familiemedlemmer, og lat lyset frå di oppstoda fylla hjarto deira med håp og glede midt i smerten. Og så må me be om at det må bli ein slutt på desse drapa. Send englane dine ut for å tukta valdsmennene og ta makta frå dei, det ber me om i ditt eige namn. Amen!
Asia Bibi får ikkje lov til å forlata Pakistan. Radikale muslimar over heile landet har gått berserk fordi den kristne kvinna er blitt frikjent for blasfemi. Dei vil sjå henne hengt uansett. I eit forsøk på å roa gemyttane har regjeringa bestemt at ho ikkje får lov å forlata landet, og at nokon skal sjå på saka på nytt, kva no det enn måtte bety.
Asia Bibi og familien er no i livsfare. Dei flyttar frå stad til stad og held seg i skjul. Styresmaktene garanterer for tryggleiken deira med vakthald. Situasjonen er uoversiktleg.
Gode Gud og Far! Me går i mot djevelens raseri, og me seier til denne demoniske stormen som har reist seg mot ditt barn: " I Jesu Kristi namn: Ti, og ver stille!" Og så ber me om at denne familien skal vera heilt usynleg for fienden framover, og at du, i ditt namn og på din måte, skal ordna med fri utreise frå Pakistan for dei. Amen!
Pakistans høgsterett frikjende Asia Bibi for blasfemi 31. oktober, etter at ho har sete 9 år i fengsel i Lahore. Situasjonen er no ekstremt farleg, og livet hennar er i fare. Ekstreme muslimar over heile landet står klar til å drepa henne ved første og beste anledning. Ho må ut av Pakistan, og nokon må ta eit serøst ansvar for å få dette gjort fort. Bønneemnene under er utarbeidd av Åpne Dører. Be saman med oss.
Be for Asia Bibi og hennes familie om beskyttelse, og at hun må komme i sikkerhet til et sted der hun og familien kan leve i frihet.
Be om beskyttelse for hennes advokat. Han er redd, og uttaler selv at der er mange som ønsker ham død.
Be for dommerne, som var modige nok til å reise seg for rettferdighet
Be om at protestene skal stoppe, og at Gud må gi myndighetene i Pakistan visdom og styrke til å imøtegå ekstremismen i landet.
Be for Pakistans kristne denne helgen. Alle er i alarmberedskap. I dag er fredag, og fredagsbønn i moskeene. Be om at de ikke skal bli fyrt opp til vold. Søndag samles de kristne i kirkene - be om beskyttelse for alle gudstjenestene, og at ingen må angripe dem.
Be for de kristne om visdom, fred og edruelighet. Der er lite intern kommunikasjon i landet, og lett for at panikken tar overhånd, selv i små saker. Der er også bensinkrise vanskeligheter med å komme seg rundt. Be om fred i hjertene. «Panikk fører til forvirring. Som skaper kaos, og påvirker dømmekraften også den åndelige, som vi så sårt trenger akkurat nå,» sier en lokal kristen.
Be om at mediene dekker det som skjer på en ansvarlig måte, og ikke på en måte som fører til mer aggresjon og vold.
Sierra Leone er eit land med vel 6 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Freetown med omlag 1 million menneske. Landet var heimsøkt av ein fælsleg borgarkrig frå 1991 til 2002 med mange titusen drepne og 2 millionar som vart drivne på flukt. Krigen handla om kontrollen over gull og diamantgruver, og retten til dei mange andre rike naturressursane i landet. Det er ironisk, men eitt av dei rikaste landa i verda med tanke på naturressursar vart det fattigaste av alle pga menneske sin dårskap og vondskap. FN intervenerte med britiske styrkar i 2002 og fekk slutt på denne utarmande krigen, og etter den tid har økonomien gått framover.
Landet vart i utgangspunktet skipa i 1797 av frigjevne slavar frå Amerika. Dei fleste innbyggjarane er muslimar. Berre 13% er kristne. Om lag like mange er animistar. Kristen misjon vert i hovudsak driven i den siste gruppa, sjølv om muslimane også syner seg mottakelege.
Mange innflytelsesrike menneske er med i okkulte grupper som spreier vondskap og grådigskap.
Landet var tungt råka av ebolaepedemien for nokre år sidan, og dessutan er malaria og HIV eit stort problem.
Gode Far! Sjå i nåde til Sierra Leone. Må riket ditt koma og viljen din råda i dette landet, og namnet og ordet ditt bli akta høgt og få makt i heile nasjonen. Løys folk frå djevelens makt og frå islams og okkultismens lenker. Takk Jesus at du vann over alle vonde makter på krossen, takk at det er siger, tilgjeving og evig liv i deg for alle Sierra Leones innbyggjarar. Reis opp og utrust kyrkja di i landet, og utrust henne til å fordriva vantru og synd og vera eit lys som sigrar over mørkret. Gjer dine disiplar modige og stolte, og gje dei evne til å tola motstand og forfølging. I Jesu namn! Amen!
Dette er ei stor folkegruppe i tidlegare Nord-Vietnam med 1 404 000 medlemmer. Dei snakkar sitt eige språk, og er animistar. Sidan kommunistane overtok makta i Vietnam på 70-talet har muongane opplevd enorme endringar i og med at dei har bevega seg frå eit føydalsamfunn til eit sosialisme. Dei har gjennom historia levd i eit aristokratisk system der den absolutte makta låg hos hovdingen. Slik er det ikkje lenger.
Gode pappa! Du er så inderleg glad i desse muongane, og noko av det unike i deg har du lagt ned i dei. Me ber deg, gjer deg til kjenne for dei på mange ulike måtar. Tal til dei gjennom naturen og gjennom draumar og syner som du let dei få. Send apostlar til dei for å etablera eit bruhovud for ditt rike inn i til dette folket. Bryt djevelens makt og herredøme over dei. Me berre sannar at Jesus Kristus er den einaste rettkomne Herren over muongfolket, og dei skal alle bøya kne for Han og sanna til Gud vår Fars ære at Jesus Kristus er Herre!
Saudi Arabia er i sterkt fokus desse dagane etter at eksiljournalist Jamal Kashoggi vart drepen i det saudiske konsulatet i Istanbul for to veker sidan. Det synest ganske klårt at ordren om drapet kom frå den mektige prinsen i landet, Mohammad bin Salman. Kashoggi har skrive svært kritiske artiklar i Washington Post mot regimet i hovudstaden Riyadh.
Dette landet står for 25% av verdas oljeproduksjon, og er strategisk plassert i Midt-Austen. Av den grunn har USA gjennom mange lagt stor vekt på å vera ein alliert med dei. Mordet på Kashoggi set dette venskapet på prøve.
Folketal: 28 571 000. Immigrantar (arbeidsinnvandrarar) utgjer 37% av befolkninga. Landet har ei utstrekning på 2 240 000 km2, i det store og heile eit veldig ørkenområde.
Saudi Arabia er islams heimland og festningsverk. Det var her Muhammed budde, fekk openberringane sine, forkynte og starta sverdmisjonen sin. Kongen i Saudi Arabia ser det som sitt store oppdrag å verna dei heilage byane Mekka og Medina, og å fremja islams sak i verda.
Landet er eit eineveldig monarki, og blir styrt diktaturisk av familien Saud.
På 1700-talet aksepterte kongen wahabbismen som den rette tolkninga av islam. Wahabbismen er prega av svært strenge reglar, og Saudi Arabia bruker i dag store summar for å spreia denne ekstreme islamversjonen over heile verda.
5,43% av befolkninga er kristne, men dei er i hovudsak utlendingar.
Det er ganske vasstette skott mellom framandarbeidarar og den innfødde befolkninga, og alle former for kristen misjon er strengt forbode og blir straffa hardt. Gjerne med mange hundre piskeslag, og saudiarabarar som kjem til tru og blir oppdaga, blir avretta. Likevel skjer akkurat det i aukande grad. Det er eit mirakel.
I dette landet eksisterer ikkje menneskerettane i det heile tatt. Etter Nord Korea ligg landet som nr 2 på verstinglista til Opne Dørar over land som forfølger kristne.
Landet fører i desse dagar ein nådelaus og brutal krig i Jemen, og blokkaden av landet gjev årsak til ein svoltkatastrofe som verda ikkje har sett sidan Biafrakrigen i Nigeria på 70-talet. Bilete av radmagre og utsvelta barn er enno en gong å sjå på TV-skjermane våre. Men no er det ingen Elias Berge som kjem barna til hjelp.
Men Jesus er likevel i Saudi Arabia og gjer sine gjerningar i det stille. Kristne "muslimar" opererer som løynde Kristusagentar i landet, og dei er å finna i Mekka under den årlege pilgrimsreisa. Dei går saman med dei andre pilgrimane rundt kabasteinen, og med profetisk innsikt ber dei stille for folk i Jesu namn, og der i islams sentralheilagdom vert menneske frelst frå sine synder og lækte for sine sjukdomar. Dette kan me lesa om i Tom Doyle si bok "Drømmer og syner" som kom ut for 3-4 år sidan. Tom Doyle har skrive tre bøker om kva Jesus held på med i Midt-Austen for tida, og dei bør lesast av alle.
Kjære Herre Jesus Kristus, kongen over kongane og Herren over herrane på jorda. Ditt rike står gjennom alle tide, og ditt herredøme varer frå slekt til slekt. Takk for det du gjer i dag i Saudi Arabia, dette landet som Satan har som festningsverk for sitt religiøse hovmot. Me prisar og takkar deg fordi du er større enn djevelen både i makt og kløkt, og du gjer dine gjerning i dette landet gjennom folk som stille hevdar ditt ord og som let seg fylla av din Ande. Me ber deg om at evangeliet skal spreia seg som ein grasbrann frå hjarta til hjarta til heile landet står i fyr og flamme for deg. Hald di vernande hand over venene dine, gjer dei kloke som slangar og einfelde som duer, og må Andens mektige kraft og nåde renna ut frå dei og skapa liv i døde og tørre ørkenhjarto. Herre Jesus, du som bar bort verdas synd, må frukta av din død og di oppstode blir alle saudiarar til del. Må dei sjå at du er den sanne Gud som levde, døydde og stod opp for å gje dei evig frelse som ei gåve. Riv ned alle tankebygningar i dette landet som reiser seg mot kunnskapen om deg, lat dei berre smuldra bort og leggjast på historias søppelhaug. Må lyset frå ditt ansikt gjennomlysa alle menneske i Saudi Arabia, også kongefamilien, og avsløra og avdekka alle dei løgnene som dei i dag byggjer liva sine på og som fører dei mot evig fortaping og dom. Herre Jesus, miskunna deg over Saudi Arabia, i ditt mektige namn, amen!
Rwanda ligg i hjarta av Afrika. Det bur 12 millionar menneske i landet fordelt på 12 folkegrupper som snakkar 5 ulike språk. 90% av befolkninga tilhøyrer ei kristen kyrkje, 26,9% er evangeliske medan resten tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. Den massive aust-afrikanske evangelsike vekkjinga som braut ut i 1930, og som varer enno, starta i Rwanda.
Landet vart heimsøkt av ein fælsleg folkemord i 1994 då hutustamma på 100 dagar slakta ned 800000 tutsiar. Over 1 millon menneske flykta til nabolanda. Ein kan berre undrast over at slikt kan skje i eit land med ein så stor prosent kristne, og kan berre forklarast ut frå overfladisk tru og demonisk aktivitet. Men dette er me så visst ikkje ukjende med i Europa heller.
Etter folkemordet har økonomien gått rett oppover i Rwanda. Den er ein av dei raskast veksande i Afrika.
Den evangeliske rørsla har også skote fart etter 1994, ikkje minst pga at den katolske kyrkja i stor grad svikta i kampen for rettferd under massakrane.
Politisk må me sjå på Rwanda i dag som eit vlefungerande diktatur. President Paul Kagama har nærast uinnskrenka makt.
Dette året har gjeve mange evangeliske kyrkjer store vanskar. 700 av dei er blitt stengde ned og forbodne fordi styresmaktene meiner pastorane deira har for lite utdanning. No krev dei minst ein bachelorgrad i religiøse studier for å kunna tenestegjera i ei kyrkje. Styresmaktene meiner at det blir for lett å skipa kyrkjelydar, og at det også blir for mykje heimastrikka kristendom. Dette har i særleg grad gått ut over små pinsekyrkjer. Leiaren for dei, Bosco Nsabimana, undrar seg på kvifor styresmaktene ikkje også stenger ned nattklubbar og barar (www.dagen.no, 15.juli 2018). Det er vanskeleg å sjå på dette som noko anna ein del av djevelens kamp mot Guds rike.
Gode Gud og Far! Velsign kyrkja di i Rwanda. Lat dei få følgja deg som trufaste disiplar, vera lys og salt i samfunnet uansett kva kår dei må finna seg i å leva under. Utrust dei med din kjærleik, med profetiske gåver og med Andens mektige eld. Må sann vekking gripa heile landet og fordriva djevelen frå sjelene. Må ditt lys fløyma over folka og Anden din bli aust ut over alle menneske, slik du har lova. Hald auga med motstandarane, og gje dine tenarar å forkynna ordet ditt med frimot, og rekk du ut di hand slik at under og teikn skjer i din tenar Jesu Kristi namn. Fyll dei truande med visdom, gje dei ein bibelfundert kristendom, og lat ingen kunna motså den innsikt du gjev dei. Vern dei mot uheldige og tåpelege avvik, og bevar dei i moralsk og dogmatisk reinleik. Me ber i Jesu namn, amen!
Det var i 2010 78 heilt unådde folkegrupper i Russland. Til saman er det snakk om 13 millionar menneske. Institutt for Bibeloversetting (IBT), med hovudkontor i Moskva, har ansvaret for 45 pågåande bibeloversettingar. Les meir om dette instituttet på heimesida deira: http://ibt.org.ru/en.
Det er 17 millionar muslimar i Russland. Dei aukar i tal, medan russarane minkar. Rundt neste århundreskifte kan muslimane vera i fleirtal. Då er det viktig at dei kjenner Jesus og har vendt seg til han.
Det er framleis 250 000 jødar i Russland. 10 000 av dei er messianske.
Av alle sigøynarane i Russland er 5% evangelisk kristne.
Ingen har nokon nådd dei 1 million kinesarane i dette riket med evangeliet.
16,5 millionar russarar lever som minoritetar i nasjonar som før var ein del av Sovjetunionen, men som vart sjølvstendige rundt 1990.
Gode Gud og Far! Du sende Sonen din til verda for å frelsa alle menneske og opplysa dei med ditt ord og din Ande. Me ber om at alle Bibelen skal bli omsett til alle levande språk i Russland, slik at ditt gode lys kan skina for alle i dette veldige riket. Gje IBT alt dei treng for å kunna fullføra den veldige oppgåva dei har påteke seg. Må alle som i dag bøyer seg for Allah, måtta bøya seg for Jesus og sanna at det er Han som er Herre, til di ære. Gje alle jødar i Russland ei djup forståing av at Jesus er deira Messias, bøya seg for han og ta imot frelse ved tru utan gjerningar. Må Andens eld fanga inn alle sigøynarar, slik han gjer andre plassar i Europa. Send arbeidarar ut til din haust mellom dei russiske kinesarane, og me ber om at alle russarar som lever i diaspora skal få eit møte med den levande Jesus, slik at dei ikkje berre har ein kristen religion, men at dei kjenner deg, den einaste sanne og levande Gud, og Han du sende, den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus. Amen!
I går kom Andrew Brunson attende til USA etter over to år i tyrkisk fengsel og husarrest. For ikkje å mista heile fjeset, dømde tyrkisk høgsterett han til noko over 3 års fengsel og spionasje og terrorplanlegging (det er ei strafferame på 35 år for slikt i Tyrkia), men sidan han alt hadde opphalde seg så lenge i fengsel og oppført seg så fint, vart han sett fri. Soning fullført, sa tyrkisk høgsterett, og fekk slik løyst den diplomatiske konflikten mellom USA og Tyrkia, ein konflikt som har råka Tyrkia massivt økonomisk. Lat oss takka Gud for at dette marerittet er over for Andrew Brunson, familien og kyrkjelyden han har bygd opp og er pastor for i Izmir. Framtida hans er ukjent for meg. Det er også grunn til å takka Donald Trump for hans faste måte å handtera denne saka på.
Gode Gud og Far! Takk at Andrew Brunson no er ein fri mann. Me ber om at du skal hjelpa han og familien til å koma til hektene att, og syna dei kor din veg for dei går vidare. Me ber også om at du held di gode hand over kyrkja i Izmir, at du lækjer og fornyar henne ved din Heilage ande og ditt gode ord. Amen!
Etter at kommunismen, jernteppet og Sovejtunionen kollapsa i 1991, fekk den ortodokse kyrkja ein renessanse, kyrkjene vart pussa opp og gudstenestene reetablert, og talet på ateistar er blitt meir enn halvert etter den tid. Samstundes gjekk mange evangeliske kyrkjer tungt inn med misjon i Russland, og talet på slike kyrkjer har dobla seg, og medlemstalet tredobla seg (2010). Bibelmisjonen tok seg også kraftig opp, og det vart sett i gong ei mengd med bibeloversettingsprogram, særleg i Kaukasusområdet der språkrikdomen er stor. Men pionertida har teke slutt, og veksten har stagnert.
Lat oss be:
Gode Gud og Far! Størstedelen av det russiske folket lever enno i sine synder, og dei kjenner ikkje deg og den frelsesgåva du har gjeve menneskeætta gjennom Jesus. Må din Ande kvila sterkt over kyrkja di i Russland og utrusta og inspirera russiske kristne til å disippelgjera sine eigne landsmenn over heile dette veldige riket. Å Herre Jesus, du som tok bort verdas synd med ditt fullkomen offer, må ditt Ord bli forkynt med kraft over heile Russland, og frukta av ditt offer bli alle russarar til del. Me ber i ditt eige namn. Amen!
Dei næraste dagane skal me be spesielt for Russland.
Russland er med sine 22 millionar km2 verdas største land i flatemål.
Folketalet er ca. 142 250 000. Hovudstad: Moskva (10,5 millionar)
85% av befolkninga er russarar, 3,7% tatarar, 1,4% ukrainarar, 1% tsjetsjenarar og det er mange andre mindre folkegrupper, særleg i Kaukasusområdet.
Religion: 10-15% er praktiserande ortodokse. Men det er ei stor gruppe nominelle ortodokse og mange ikkje-religiøse. 10% av befolkninga er muslimar, og islam er den fortaste veksande religionen. Det er 1,6 millonar evangeliske kristne i Russland.
Russland har ein rik kulturhistorie, og landet har fostra store kunstnarar innafor alle kulturområder.
Den politiske historia har vore prega av meir eller mindre tyranniske herskarar. I ein særstilling står kommunisttida frå revolusjonen i 1917 til Sovjetunionen kollapsa i 1989. I denne perioden vart kyrkja forfølgd på det mest brutale, og prestar og pastorar vart fengsla, depoterte og mange møtte ein tidleg død i tvangsarbeidsleirar. Nokre vart regulert avretta.
I dag er Russland styrt av Vladimir Putin som fungerer mest som ein tsar (keisar) frå førkommunistisk tid som effektivt undertrykkjer all opposisjon. Han er ein hauk som rustar opp landet, og han fører ein aggressiv utanrikspolitikk med anektering av Krim, støtte til opprørarar i Dombas og eit sterkt nærvær i Syria.
Russland er i dag i alvorleg konflikt med Vesten pga hissige dataåtak mot vestlege land, innblanding i demokratiske val og giftdrap av avhopparar.
Det store landet har enorme naturrikdomar som matjord, mineraler, olje og gass og vide skogar og nokre av verdas lengste elvar. Landet er rikt, men rikdomen er svært skeivt fordelt. Venskap, kjennskap, nepotisme, korrupsjon og mafiaverksemd fører til at pengene hamnar på få hender, og det ser ut til at store verdiar går direkte inn på Putin sin eigen bankkonto.
Gode Gud! Me ber i dag for kyrkja i Russland. Forny henne gjennom ditt gode ord. Må alle prestar og forkynnarar leva sanne kristenliv i tru og omvending, og vera salva av din Ande til å kunngjera fridom til dei som er fanga av demoniske krefter, gje blinde synet attende og til å forkynna evangeliets rikdom for dei fattige. Må ordet ditt få makt over russiske sinn, og setja folket fri frå synd og alle dei negative følgjer synda har i folkelivet og politikken. Reis opp kyrkja di til å bli ein lysande by på eit fjell, ein by som ikkje kan skjulast, ein by der folk kan finna deg som Far, Jesus som frelsar og Den heilage ande som trøyster, hjelpar og ven. Amen!
Romania grensar til Svartehavet, Bulgaria, Serbia, Ungarn, Ukraina og Moldova. Areal: 238 391 km2. Folketal: Rundt 20 mill. Folketalsutvikling: Negativ (-0,4%). Religion: Rumensk ortodoks kristendom. Hovudstad: Bukuresti med 1,9 millionar innbyggjarar.
Romania var i antikken befolka av romarar (difor Romania), og rumensk språk har latinske røter. 86% er rumenarar, 6,6% ungararar og 3,8% sigøynarar.
Etter 2.verdskrigen vart Romania okkupert av Sovjetunionen tvinga inn under kommunismen. Den økonomiske utviklinga under kommunismen var katastrofal, og juletider 1989 fall regimet. Romania har i dag representativt demokrati med fleirpartisystem.
Frå naturens side er Romania rikt med store jordbruksområder med framifrå matjord. Likevel er fattigdomen stor mange stader, og i byane kryr det av gatebarn som ingen tek seg av. Mange lever simple liv under gatenivå der dei går under av stoffmisbruk og infeksjonssjukdomar.
Landet vart medlem av EU i 2007, og etter det har økonomien betra seg kraftig. Men korrupsjonen er eit massivt problem den dag i dag.
Under kommunismen vart kristne kraftig forfølgde. Bøkene til den berømte lutherske presten Richard Wurmbrand fortel alt om dette. Wurmbrand sjølv sat 14 år i fengsel for sitt kristne engasjement.
I dag er det religionsfridom. 87% er reknar seg som kristne i kraft av sitt medlemskap i den ortodokse kyrkja. Elles er 6,64% prostestantar og 5,8% romerks katolske (alt tal frå 2010, men det gjev ein peikepinn). Dei evangeliske og karismatiske kristne opplever ein årleg vekst på 2-3%. Det er solid.
Romania er den nasjonen i Europa som idag er mest open for Gud og det kristne evangelium. Det var i 2010 6000 evangeliske kyrkjelydar i Romania. Desse har som mål å få planta nye kyrkjelydar i kvar einaste by og tettstad i landet. Dei jobbar målretta med det.
Landet lid under eit stort og utarmande rusproblem, det har Europas høgaste abortrate med 3-4 abortar for kvart fødde barn, arbeidsløysa er skyhøg, dei politiske leiarane inkompetente og det trengst eit kjempeløft for å få helsevesenet, skulesystemet og det juridiske apparatet med domstolar og påtalemyndighet opp og gå.
Me takkar deg Gud for den openheit for deg du har skapt i Romania, og for den enorme iveren for evangeliet om Jesus som dei evangelisk truande syner. Takk for alle nye kristne, og me ber om at dei skal bli forsvarleg disippelgjort. Me ber om ein gjennomgripande nasjonal vekkelse i dette landet, og at land og folk skal bli lækt for sin djupe skade. Sjå i nåde til alle barn som lever på gata, og send ansvarlege vaksne for å dra omsorg for desse. Me ber om ei radikalt endra innstilling til gatebarn. Me ber om at rumenske kvinner skal slutta å bruka abort som "prevensjon", og at rumenarane skal lære seg å leva reint seksuelt og gå på dine vegar i så måte. Me ber om at du skal velsigna Romania med kompetente politiske leiarar med høg moralsk karakter Me ber om nytt liv og vekkjing i den ortodokse kyrkja. Me ber om einskap mellom dei evangelisk kristne i landet. Me ber om at kyrkja skal velsignast med gode og kloke leiarar. Me ber om at Bibelen skal bli distribuert og lest av alle truande
Den kristne 15-åringen Leah Sharibu frå delstaten Jos i Nigeria vart kidnappa av Boko Haram 19. februar i år saman med 109 andre og to hjelpearbeidarar frå Raudekrossen. 104 muslimske jenter vart sett fri, fem jenter er drepne, og Leah Sharibu og hjelparbeidarane vil bli drepne om ei veke om ikkje nigerianske styresmakter betalar løysepengar for dei.
Gode Far! Me ber om at du i Jesu namn skal stoppa Boko Haram i deira vonde planar. Må dei bli til skamme og rista av redsle og brått snu seg bort i skam (Salme 6,11). Du er ein Gud som set fangar fri, så me ber om fridom for Leah Sharibu og desse to hjelpearbeidarane! Amen!
I 2009 vart den kristne pakistanske fembarnsmora dømt til døden for blasfemiske uttalelsar mot profeten Muhammed. Blasfemilovene er eit stort problem for folk i dette landet. Særleg for minoritetar. Dersom nokon ønskjer å skada andre, kan dei anklaga dei for blasfemi, og då er det lett å få dei arresterte og dømde.
Asia Bibi vart dømd til døden etter at to muslimse kvinner anklaga henne for blasfemi etter ein krangel ved ein vasspost. Dei meinte at Asia Bibi ikkje hadde rett til å bruka denne vassposten sidan ho som kristen gjorde vatnet der ureint. Pakistan er ein skikkeleg apartheidstat.
I alle fall, etter dette har dama sete ni år i fengsel og venta på at dødsdomen skulle bli fullbyrda. Fleire politikarar har forstått galskapen i dette og vilje setja henne fri. Dei er blitt skotne og drepne.
I går var det ny høyring i pakistansk høgsterett om saka. Det er fatta ei beslutning, men den er ikkje offentleggjort. Det KAN tyda på at ho vert sett fri, men at dommarane ventar på ei lageleg tid for å forkynna avgjerda.
Blir Asia Bibi sett fri, må ho ut av landet fortare enn svint. Det er meir enn nok folk i Pakistan som står klar for å ta livet av henne. Det vil, etter deira førestellingar, gje dei garantert plass i Paradis.
Herre, me ber om at du skal gje høgsterettsdomarane i Pakistan det motet som skal til for å forkynna ein eventuell frigjevingsdom. Så ber me om at du skal gje Asia Bibi det vern ho treng når ho kjem ut frå fengslet, og hjelpa henne ut av landet og i sikkerhet.