Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Mongolane i Indre Mongolia er kjende for si motstandskraft i møte med harde vintrar og for det djupe bandet dei har til landet og dyra dei held. Tradisjonelt har dei budd i jurter, drive med buskap og trena hestar som står sentralt i livsførselen deira. Born lærer å ri nesten før dei kan gå, og ridekunsten er ei kjelde til stoltheit som går i arv frå generasjon til generasjon. Med så mange som 60 mongolske undergrupper, er kulturen deira mangfaldig. Evangeliet har nådd inn til nokre av desse dei siste 30 åra.
Tenesteutfordringar Sjamanistiske praksisar står framleis djupt rotfesta blant mongolarane, og formar verdsbiletet og det åndelege livet deira. Desse tradisjonane kan vere hinder for evangeliet og må møtast med vedvarande bøn og trufast vitnemål.
Bibelvers i fokus «Men dette vil eg leggja meg på hjartet, difor har eg von: Herrens miskunn er ikkje forbi, hans nåde tek ikkje slutt. Kvar morgon er ho ny, stor er di truskap. Herren er min del, seier mi sjel, difor ventar eg på han.» Klagesongane 3,21–24
Be om at medlemmar av denne folkegruppa snart vil ta imot Herrens kjærleik og medkjensle. Be om at dei skal bli ein del av hans arv.
Be om at mongolarane skal søkje Den Heilage Andens kraft i staden for å stole på sjamanar for rettleiing og vern. Be Gud reise opp truande frå kvar mongolsk stamme som ein dag skal stå saman framfor Kristi trone. Be om at JESUS-filmen og andre evangelieressursar vert omsette til mongolske dialektar og vert spreidde vidt, slik at bodskapen om håp når ut til kvar krok av landet deira.
Kinesiske styresmakter arresterte seks søndagsskulelærar i byen Kaili i Guizhou-provinsen tidleg i mai, og tiltalte dei for å ha "organisert mindreårige i ei verksemd som forsstyrrar offentleg ro og orden, og for å ha lagt til rette for at familiar kan tilbe Gud saman.
Her er namna på dei arresterte:
Wei Yongqiang
He Jinbao
Quan Xiaolong
Long Jian
Cheng Yongbing
Zhou Guixia (kvinne)
Desse arrestasjonane er ein del av styresmaktene sin "sinifiseringspolitikk" der målet er at alle trussamfunn skal innordna seg verdiane til det kinesiske kommunistpartiet. Difor er det forbode å gje barna ei kristen oppseding, og fortelja dei om Jesus før dei er 18 år. Styresmaktene veit godt at kristendom og kommunisme er inkompatible storleikar.
Be om at Gud må fylla dei fengsla med styrke til å stå i situasjonen
Be om at dei må få god juridisk hjelp.
Be for alle kristne i Kina som trufast arbeider for å disippelgjera barn.
Be om at den kristne vekkinga i Kina skal halda fram med uforminska styrke i åra som kjem
Pastor John saman med familien på sjukehus. Foto: China Aid
Pastor John frå delstaten Hunan er nett sett fri etter å ha sona ein dom på sju år i fengsel for å ha prøvd å hjelpa folk til å flykta frå Kina.
Etter å ha blitt sluppen fri syner det seg at han har prostatakreft med spreiing. Han ønskjer seg til USA, men styresmaktene har konfiskert passet hans.
Far i himmelen! Sjå i nåde til pastor John. Me ber om lækjedom for han i Jesu namn. Rekk ut din mektige arm, og rør ved han med di lækjande hand. Det ber me om i vår Herre Jesu Kristi namn, amen!
Hui er ei frontiergruppe. Dei tel vel 13 millionar menneske.
95,5% er muslimar. 0,01% er kristne (evangeliske). Dei snakkar mandarin. Heile
Bibelen er tilgjengeleg på mandarin. Huifolket er spreidd utover fleire plassar i Kina, men flest er å finna i nordvest.
Gode Gud og Far! Du er den rette far for
huifolket i Kina. Men dei kjenner ikkje deg. Eg ber: Gjer deg kjent for dei
gjennom visjonære og brennande misjonærar som demonstrerer din kjærleik for dei og gjev dei evangeliet om Jesus. Herre,
dei treng å forstå at dei ikkje kan bli rettferdige for deg gjennom lovgjerningar,
berre ved å ta imot di frelse i Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik
at dei forstår at dei er fortapte syndarar, at Jesus er dei einaste vegen til
himmelen og deira einaste håp. Amen!
Populasjon: 11000 Lokalisering: Sichuan Dei er buddhistar med røtene sine i Tibet Etter å ha ytt motstand mot Kinas såkalla frigjerningshær i 1955, vart klostera
deira bomba, og dei har dei vore utsett for mange overgrep og mykje undertrykking. Dei snakkar sitt eige språk, og NT føreligg som lydfil på Queyu.
Gode
Herre! Me ber i dag om frelse for queyufolket i Kina. Me ber om at nokre av
dine mange kinesiske vitner skal bli merksam på denne folkegruppa, oppsøka dei,
bu saman med dei, elska dei, lysa for dei og dela ditt evangelium med dei. Må
det bli etablert ei levande, lovsyngande, kulturelt relevant og erobrande
queyu-kyrkje i Kina. Me ber om det i Jesu namn, amen!
Styresmaktene i storbyen Xiamen (søraust i provinsen Fujan) seier at dei vil sørga for at alle huskyrkjer i byen vert stengde innan det har gått to år. Dette er ein del av ei nasjonal satsing under president Xi.
Følgjande kinesiske kyrkjer har fått uønska besøk og opplevd arrestasjonar og konfiskering av utstyr den siste tida:
13.juni: Xinzao Church i Xiamen
16.juni: Xunsiding Church i Xiamen
16.juni: Taiyun Cornerstone Church i Xiangsi
26.juni: Morning Star Church i Beihai
29.juni: Dao En Presbyterian Church i Xushou
Dei fleste arrensterte er sette fri, men ikkje alle.
Kjære gode Gud og Far! Du har ikkje lova kyrkja di anna enn forfølging medan me fullfører misjonsbefalinga og lever gudfryktig i denne verda, og du ber oss om å innstilla oss på det, ja, vera glade når det skjer. Må det som kinesiske autoritetar no finn på overfor familien din berre utdjupa trua hos dei kristne, og må du utrusta dei med mot og kraft slik at dei gjennom dei problema som blir dei påført, blir enno ivrigare for evangeliet enn før, og erfarer at enno fleire tek imot Jesus som Herre og frelsar i liva sine. Amen!
Gtsang (Git-sung) lever i det sentrale Tibet, som forresten vart okkupert av kinesarane i 1950. Det er 764000 av dei. 1000 i diaspora. Religion: Buddhisme (lamaisme). Språk: Tibetansk. Heile Bibelen er tilgjengeleg for dei.
Tibetanarane blir strengt overvaka av kinesarane. Under kulturrevolusjonen frå 1966 til 1974 vart all religion og religionsutøving strengt forbode. I 1979, under Deng Xiao Ping, vart det ein viss religionsfridom. Men i våre dagar, under presidenten Xi, ser me ei kraftig forverring igjen.
Gtsang lever på "verdas tak", i Himalaya med stupbratte fjell og djupe dalar og skral infrastruktur. Ikkje mange misjonærar får ideen om å reisa inn dit.
Det er forresten ei lita gruppe truande i Gtsang-folket.
Herre Jesus! På krossen representerte du denne folkegruppa like mykje som alle oss andre. I deg har dei full forløysing for alle sine synder, barnekår hos Gud og evig liv. Me ber, må ditt mektige frelsesverk bli gjort kjent for dei, og gjera så sterkt inntrykk på dei at dei vender om til deg av heile sitt hjarta, og kan erfara Andens mektige forvandlande verk i liva sine. Styrk dei få truande gtsangane slik at dei står sterke i alle stormar. Fyll dei med kjærleik og visdom, og utrusst dei me sterke gåver slik at dei kan introdusera Guds rike for sine eigne på nytestamentleg vis. Amen!
Pingdifolket tel 1,48 millionar menneske. Dei er risbønder som bur i eit område sør i Kina som sjeldan er besøkt av utanforståande. Det lever ei gamal legende i pingdifolket om at dei ein gong ein gong i fjern fortid, før dei reiste "over havet", kjende og tilbad Skaparen. Tin Zay. Det vil vera naturleg for dei som vil forkynna evangeliet for pingdifolket å ta utgangspunkt i denne forteljinga. Pingdifolket snakkar xiang, og dei har tilgang til deler av Bibelen på språket sitt. Religion: Animisme. Det er nokre få kristne mellom dei. Desse vert sett på som framande, også av sin eigen familie.
Herre Jesus! I dag ber me for dei få truande i pingdiar: at dei skal ha tilgang til ditt ord på sitt eige språk, at dei skal lesa det flittig, at dei skal halda tett saman, at dei skal leva som kraftfulle disiplar av Jesus og at dei skal vera fulle av Kristi kjærleik. Så ber me om at heile folket skal bli gjesta av deg, at pingdifolket skal forstå at den Gud dei trur på som skapar av himmel og jord, også måtte bli eit menneske, at du måtte døy på ein kross for å opna ei kjelde av tilgjeving og liv som også dei kan drikka av. Amen!
Folketal_: 672000. Språk: Nosu. Bibelomsetting: Heile Bibelen tilgjengeleg.
Nosu Yinuo har ei fortid som brutale krigarar og slavehandlarar. Då kommunistane kom til makta rundt 1950, vart dei avvæpna.
Nosu Yinua lever avsondra og tungt tilgjengelege i dalfører. Språket er komplisert. Joshuaproject meiner det KAN finnast nokre få kristne mellom dei. Minnet om storflaumen lever enno mellom dei, og dette KAN vera ein kopling for dei som vil forkynna evangeliet om Jesus Kristus for dei.
Gode Gud og Far! Må Nosu Yinuo læra å kjenna Sonen din og finna sin frelsesgrunn i han. Send Ordet ditt til dei og Anden din over dei slik at dei kan koma til tru, bli frelst frå sine synder og opptekne i din lovsyngande kyrkjelyd. Amen!
Nasufolket er busett sør i Kina og tel kun 137000 menneske. 0,12% av dei er kristne. Religion: etnisk. Hovudspråk: Austnisu. I dag lever dette folket vest i landet, nord for Vietnam. Nasu betyr "svarte folk", og myntar på at nasu likar godt svart. Dei er polyteistar og må forhalda seg til eit arsenal av ulike ånder og guddommar. Nokre er gode, medan andre er vondskapsfulle og forårsakar sjukdom, død og øydelegging.
Kjære Herre Jesus! Sjå i nåde til nasufolket, og set dei høgt opp på din dagsorden. Lat dei i den næraste tida bli gjesta av deg og din Ande. Du har bore bort syndene deira, det takkar me deg for. Send ditt ord og dine vitner til dei slik at dei kan koma til tru på deg, og hausta full frukt av din død og di oppstode. Lat oss i den næraste framtida sjå at det veks fram ei levande nasukyrkje, eit sterkt lys midt i heidenskapets mørker. Amen!
Siden starten av 2018 har kinesiske
myndigheter innført strenge restriksjoner overfor trossamfunn. Dette
har særlig rammet menigheten Early Rain Church i byen Chengdu.
Den 9. desember ble over 100 av menighetens rundt 800 medlemmer
arrestert. Blant dem var pastorparet Wang Yi (bildet over) og Jiang
Rong. Begge ble anklaget for undergravende virksomhet mot staten. Ved
slutten av januar var fortsatt 15 mennesker arrestert, deriblant
pastorparet. 9 andre er løslatt mot kausjon mens de
venter på rettssak. Da julaften kom,
ble kirken konfiskert og omgjort til en politistasjon.
Trakasseringen av kirkens medlemmer pågår fortsatt. Nylig foretok
politiet en ulovlig husransakelse, et annet sted ble en kvinne arrestert
midt på natta. I januar døde et kvinnelig medlem av hjerteinfarkt.
Ifølge menigheten selv var årsaken til dette stress på grunn av
langvarig overvåking og trusler fra myndighetene.
Ingen av de arresterte har fått adgang til advokat, noe de har rett til
ifølge grunnloven. Flere av advokatene har klaget til myndighetene over
at de ikke får møte sine klienter. Noen av de arrestertes familier har
også fått frosset sine bankkonti.
Myndighetenes tiltak overfor Early Rain Church er trolig en reaksjon på
pastor Wang Yis kritiske uttalelser mot myndighetene, samt en aksjon
kirken hadde planlagt i mai, som de ble nektet å gjennomføre. De planla
da å
holde en minnemarkering for jordskjelvofrene i Chengdu 10 år tidligere,
samt minnes ofrene for massakren på Den himmelske freds plass i 1989.
- Be for de arresterte og de som venter på rettssak. Be om at de skal få
møte sine advokater. Be om løslatelse og frikjennelse fra falske
anklager
- Be for pastorparet Wang Yi og Jiang Rong
- Be om en slutt på trakasseringen av menigheten
- Be om at Early Rain Church kan fortsette sin virksomhet og at medlemmene ikke skal bli skremt fra å
delta i menighetens arbeid
- Be om beskyttelse for uregistrerte menigheter i Kina kjelde: Stefanusalliansen. Foto: Christian Solidary Worldview
Ergongfolket tel 63 000 menneske og lever i Sichuanprovinsen vest
i Kina. Dei er tibestanske buddhistar, og har som eit mål i livet å kunna
besøka ein heilag buddhistisk lokalitet i Tibet. Status: Heilt unådde. Få
kristne har høyrt om dei, og ingen har prøvd å nå dei. Språket deira er kallast
horpa, og det føreligg ingen bibeldeler eller annan kristen litteratur på dette
språket.
Lat oss be! Kjære Herre Jesus! Du gav livet ditt i døden for
ergongfolket, som du gjorde det for oss. Me ber om at hankinesiske kristne, på
sin veg attende til Jerusalem, skal bringa evangeliet også til ergongfolket. Me ber om at denne
gruppa ikkje skal bli oversett når du no byggjer di kyrkje i Kina, men at du
skal koma til dei, slik du kom til oss, at Bibelen skal bli oversett og gjort
tilgjengeleg på språket deira, at dei skal bli lesekyndige, at din Ande skal
bli aust ut over dei og at den nye dagen skal renna over denne delen av Kina.
Amen!
Shanyan lever i svært vanskelegt tilgjengelege områder i Tibet. Dei er berre 25000 menneske, og er fullstendig neglisjert av den kristne kyrkja.
Dei er buddhistar, og har som alle andre buddhistar svært vanskeleg for å tenkja seg at verda er skapt av ein personleg, allmektig og god Gud som det går an å bli kjent med og få alt godt gratis frå.
Ingen utanforståande anar kva språk desse folka snakkar.
Kjære Far! Sjå i nåde til shanyanfolket i Kina, og lat dei gjennom modige og gode kristne få høyra om Jesus slik at dei kan læra seg å tru på han og elska han av heile sitt hjarta. Løys dei frå buddhismen sine løgner, og lat dei få erfara gleda ved di tilgjeving og krafta i Den Heilage Ande. Amen!
Totalt er det 110 000 wakhiar i verda, av desse bur 34 000 i Tajikistan. Resten i Kina, Pakistan og Afghanistan. Desse menneska lever høgt til fjells på utilgjengelege plassar. Dei er sunnimuslimar, men praktiserer likevel mange animistiske ritualer. Wakhifolket har sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er tilgjengelege på dette språket, ikkje skriftleg og ikkje i lydformat. Her trengst det uthaldande bøn og modige tiltak for å nå dei med evangeliet om Jesus.
Kjære Herre Jesus! Me ber for wakhifolket. Du gav livet ditt for dei, og i deg er frelse for kvar einaste ein av dei. Må ditt gode ord nå dei, må din Ande falla på dei, må du løysa dei frå djevelens løgner og islams tunge lenker, og må di kyrkje bli grunnlagt mellom dei der oppe i fjellheimen. Velsing dei med ditt veldige lys, du som ER Guds lys. Amen!
Kina er med sine godt 1,4 milliardar menneske verdas mest folkerike land. Dei fleste bur langs austkysten. Kina har ein turbulent historie. Det fleire tusenårige keisarriket vart styrta og erstatta av kommunistregimet til Mao Tse Dong i 1949. Han isolerte Kina frå omverda og innførte tusenvis av "folkekommunar" som skulle vera sjølvforsynte med varer og tenester. Det var ein rein katastrofe for landet. Inkompetanse, vanstyre, forfølging og svolt førte til at 40 millionar menneske mista livet i laupet av "det store spranget" og "Kulturrevolusjonen", Mao sine to store politiske prosjekt, frå 1957 til 1976.
I tillegg innførte han eittbarnspolitikken. Forbodet mot å ha meir enn eitt barn har ført til at
det i Kina no kvart år vert føreteke 13 millionar abortar, og sidan alle helst skal ha gutar, er det i dag eit manko på 30 millionar kvinner i landet, noko som har ført til eit hav av prostitusjon og sexslaveri. Unge kvinner er blitt ei salsvare, og ufatteleg mange jenter vert kidnappa til denne skitne businessen.
Trass i eittbarnspolitikken har ein del kvinner likevel fått fleire barn. Overskotsbarna er ikkje blitt registrerte, dei får ikkje personnummer og har ingen rettar i samfunnet. Verst stilt er barn av kinesiske menn og nordkoreanske konkubiner.
Eittbarnspolitikken er no formelt oppheva, men den store befolkninga vert stadig eldre, og etterkvart vil mangel på arbeidskraft bli eit stort problem for landet. Vanskeleg å sjå korleis dette skal kunna løysast.
Etter Maos død i 1976 overtok Deng Xiao Ping makta i landet. Det førte Kina inn i ein heilt ny retning. Han gjorde slutt på isolasjonismen og innførte marknadsøkonomi i næringslivet medan han beheldt kommunismen i politikken. Denne endringa gjorde etter kvart Kina til det største eksportlandet i verda, og i dag er landet, nest etter USA, verdas nest største økonomi. Kinesarane produserer eit hav av varer frå klede til supermoderne teknologisk utstyr. Landet har dei siste åra hatt ein økonomisk vekst på nærare 8%, men denne er no på veg ned.
Den nye rikdomen er ikkje jamnt fordelt, men samlar seg i dei store byane. Det er DER det moderne Kina er å finna. På landsbygda er alt som før, og folk lever ofte i djup fattigdom.
Mange fattige flyttar til byane for å jobba, men hamnar fort i slumområder der kriminaliteten er høg.
Kina har eit enormt miljøproblem. Røyk frå koldrivne el-kraftverk og eksos frå mange millionar bilar gjev folk store helseplager. Elles er elvane som kjem frå Himalaya sterkt forureinsa av skadelege kjemikalier og søppel.
Den kinesiske modellen med ei usalig samrøre av politikk og privatkapitalisme har ført til eit svært høgt korrupsjonsnivå. President Xi Jinping har det siste året sikra seg all politisk makt, og han har starta kampen mot korrusjonen med å kasta alle sine politiske motstandarar i fengsel skulda for økonomisk uærlegdom.
I 1949 vart alle vestlege misjonærar kasta ut av Kina. Då var det 2 millionar kristne i landet. Lenge trudde kyrkja i vest at kyrkja i Kina var død. Men då det politiske tøværet starta i 1978, og landet opna seg mot omverda, synte det seg at kyrkja hadde overlevd den maoistiske istida, og alt då vart det snakka om at det eksisterte ei undergrunnskyrkje med 100 millionar kristne. Dette talet var nok betydeleg overdrive, men i dag reknar Operation World med at det er 105 millionar kristne i landet (2010), og at 75 millionar av dei er evangeliske. Den kristne rørsla i Kina er ekstremt ekspansiv, tusenvis av nye menneske kjem til tru kvar dag, og hundrevis av nye kyrkjelydar skipa. Mange kinesiske kristne reiser i dag ut som misjonærar til andre land i Asia, og dei er å finna m.a. i kurdiske områder i Levanten. Kinas undergrunnskyrkje har som mål å senda ut 10% av medlemmene sine for å fullføra misjonsbefalinga i Asia, der mestedelen av verdas menneske bur.
Denne suksessen har ført til at dei ateistiske styresmaktene fører streng kontroll med utviklinga, og forfølginga av kristne blir i desse dagar betydeleg intensivert. Kyrkjer vert jamna med jorda, og kristne leiarar fengsla og tiltalte for politisk undergraving og for å vera ein tryggleiksrisiko. Det siste eg no las var at Bibelen ikkje lenger skulle vera tilgjengeleg på internett. Men dette er dei truande i Kina vane med, og dei veit korleis dei skal handtera forfølging.
Den store vekkinga i Kina vert rekna som utan sidestykke i historia. Men mangelen på biblar har ført til at avvikande retningar har dukka opp der kristendom og gamal kinesisk tru vert sausa saman til ein usmakleg religiøs miks.
Det er 500 ulike etniske grupper i Kina. Han-kinesarane er den dominerande, og desse har ein tendens til å sluka dei andre gruppene, fjerna deira eigenart og assimilera dei i det storkinesiske samfunnet.
Kina har alltid hatt eit øydeleggjande narkotikaproblem, tradisjonelt med røyking av opium. Narkotikamisbruket er i dag eit formidabelt og kostbart samfunnsproblem som skaper eit hav av kriminalitet og sorg.
Takk Gud for vekkinga i Kina og for alle dei truande der
Be om at evangeliet skal gjennomsyra og transformer heile samfunnet
Be om at dei kristne skal få tilgang til nok biblar å hjelpa seg med
Be om gode leiarar for kyrkjelydane
Be om einskap mellom dei truande
Be om styrke for dei som sit i fengsel
Be om at evangeliet også skal nå fram til dei mange unådde folkeslaga
Be om kommunismens fall
Be om at landet skal bli velsigna med ærlege og rettsindige leiarar med demokratisk sinnelag
Be om at det må bli ein slutt på den blodige abortpraksisen, og at barna i mors liv skal få reelt rettsvern og bli tekne godt vare på.
Be om rettssikkerhet for Kinas befolkning
Be om at narkotikamafiaen skal sprengast, og at folket skal bli edrueleg og finna djupt tilfredsstillelse i Kristus.
Be om at heile befolkninga skal bli berørt av Den Heilage Ande, og at religiøs fridom skal føra til fridom på alle livsområder.
Be om at truande kloke menneske skal seila opp som nye leiarar for landet, og at Gud skal gje sine barn den kunnskapen og visdomen som trengst for å løysa dei mange problema som dette store riket står overfor.
Iu Mien er eit fjellfolk som lever på rundt 4000 meters høgd der dei dyrkar jorda. Trass i tøffe levekår, byggjer dei terrassar for risdyrking i stupbratte fjellsider. Familien er viktig, og skilsmål skjer svært sjeldan. Dei lever i eit djupt åndeleg mørker der dei prøver å tilfredsstilla fredreåndene og gjennom ritualer få kontroll på og driva ut ånder som ikkje vil dei godt. Ingen av dei har nokon gong høyrt namnet Jesus.
Iu Mien tel 1 263 000 menneske. Dei snakkar sitt eige språk, og det føreligg ei bibelomsetting til dette språket.
Lat oss be: Kjære Gud og Far, du som elskar alle menneske med ein evig kjærleik. Må bodskapen om Jesu Kristi frelse nå fram til Iu Mien på ei slik måte at dei fattar det, grip det, trur det, vender om frå avgudane sine, blir fødde på nytt ved Den Heilage Ande. Må du grunnleggja kyrkja di i dette folket, gjera ho til eit mektig lys i samfunnet, og bringa dei alle inn i din familie gjennom tru og dåp. Amen!
Nunufolket i Kina tel berre 62000 menneske. Dei lever avsides, har sin eigen religion og sitt eige språk. Ingen har enno funne strevet verd å fortelja dei om Jesus. Be om at haustens Herre skal senda folk ut for å hausta inn nunufolket.
Suodi er ei stamme på 240 000 menneske. Dei er å finna sørvest i Kina, mot grensa til Myanmar.
Nokre ytterst få av dei er romersk katolske.
Dei snakkar sitt eige språk, og ingen deler av Bibelen føreligg på suodi.
Suodifolket har ein lang historie med vald, slaveri og krig.
Hovudsyssel i dag er handel, jordbruk og husdyrsdrift.
Dei er animistar og har eit komplekst og litt innvikla gudegalleri.
Be om at suodifolket skal bli "oppdaga" av dei mange offensive kinesiske "nykristne", og at desse skal ta ansvar for å disippelgjera dei.
Be om at Anden skal ta tak i tankane deira og hjelpa dei å forstå at dei er skapt av Gud, at Gud er èin og at dei er elska av den eine sanne Gud.
Be om at dei skal forstå at dei må bli frelst for sine synder, og at Gud gjer dei mottakelege for den frelsa han har gjeve oss mennesker i Jesus Kristus.
Be om at Gud skal gjera under for dei når dei ber til han i Jesu namn.
Be om at Gud skal samla dei nye truande i ei vital og sterk suodikyrkje.
og at denne kyrkja skal vera eit sterkt Jesuslys for heile folket
1) Nye religionslover er på trappene der det vil bli lagt ned forbod mot "religiøs ekstremisme", noko som kommunistpartiet vil definera kva er for noko. Lova vil framleis garantera fridom for det partiet meiner er "normal religiøs aktivitet".
2) På partikongressen i haust vart partisjef og president Xi Jinping opphøya til sjefsideolog på linje med Mao Zedong. No skal Xi sine tankar studerast av alle, og kritikk av meiningane hans vil bli oppfatta og handsamast som "ideologisk kjetteri".
3) Xi Jinping og kommunistpartiet tek aktiv front mot Jesus. Det er ein tydeleg intensjon at all "personkult" no skal rettast mot Xi. Det vil bli krevd at religiøse bilete og symbol i heimane skal erstattast med bilete av Xi.
Det er lett å sjå for seg at desse nye tiltaka og tendensane vil intensivera forfølging av kristne og andre religiøse minoritetar i Kina
Herre Jesus Kristus! Me ber om at du skal halda ditt folks fiendar i Kina i sjakk. Send Anden din til dei og opplys dei slik at dei forstår at den vegen dei går på fører til deira eigen undergang. Gje di kyrkje visdom til å gjera dei rette trekka i ein pressa situasjon, og gje dei å forkynna Ordet med frimot, og så må du retta handa di ut slik at under og teikn skjer i ditt eige sterke og gode namn. Amen.
Huayo Tai lever i eit område sørvest i Kina, og reknar seg som eitt av Kinas urfolk. Dei tel 89000 menneske. Religion: Dei er theravadabuddhistar, men blandar gjerne animisme og shamanisme inn i trua si.
Språk: Lu. Det nye testamentet er tilgjengeleg på Lu.
Kvinnene er lett å kjenna att på den runde hatten dei alltid har på seg, og dei ber gjerne på ei bambuskorg der dei har ein del livsnaudsynte ting oppi.
Gode Far! Må Huayanofolket bli tilgodesett med evangeliet om Jesus slik at die kan tru på han og bli Guds barn av nåde. Løys dei frå alle demoniske makter som held dei nede i vantru, vankunne og synd. Me ber i Jesu namn, amen!