fredag 30. november 2018

Kenya: Abdul Abuk Bakr og familien er nye kristne, og blir jaga av lokale muslimar

A boy sillhouetted against a sunset - Photo: Unsplash / Steve Wafula

Etter at ein familie i den vesle byen Garsen i Kenya tidlegare denne månaden kom til tru på Jesus, begynte dei å motta trugsmål frå muslimane i området. I følgje Abdul Abuk-Bakr, fekk dei ein dag eller to til anten å fornekta trua si, eller smaka alvorlege konsekvensar.



Det starta slik: Abdul hadde kjempa med ein alvorleg sjukdom i to månader, og ingen lege kunne hjelpa han. Etter å ha høyrt om situasjonen, kom ein kristen pastor for å be for han, og Abdul vart straks fullstendig lækt.

Neste dag bestemte Abdul og heile familien hans at dei ville tru på Jesus, og kyrkja tok imot dei med glede. Nyheiten om deira omvending spreidde seg raskt, og alt same dag fekk dei trugsmål om at dersom dei ikkje vil venda attende til islam, ville dei bli fråtekne huset og jorda dei leigde.

Men dei nekta å sei frå seg trua på Jesus, og to dagar seinare søkte familien tilflukt i ei kyrkje. Etter kvart vart det bestemt at barna skulle plasserast i ein såkalla «good Samaritan`s home», medan faren og mora flyttar frå den ein kristne heimen til den andre. Abdul seier: «Sjølv om barna treng vår kjærleik, er det viktigare at dei er trygge. Me treng at mange ber for oss slik at me kan bli ståande faste i trua og i freden som kjem frå Gud.»

Takk, gode Gud for Abdul og hans familie, for at dei no trur på deg og har gjeve liva sine til Jesus. Bevar dei i den kristne trua, og frels dei frå det vonde. Må di velsigning følgja dei. Så ber eg om at du må opna augo til dei som står evangeliet imot slik at dei forstår at Jesus lever, og at dei med sine vonde planar utfordrar himmelens Gud. Må dei falle ned for føtene dine og til di ære sanna at Jesus Kristus er Herre!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...