Viser innlegg med etiketten animisme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten animisme. Vis alle innlegg

søndag 5. oktober 2025

Dagens unådde: Iranun på Filippinane

 Dette er ei heller lita muslimsk folkegruppe  som i følgje joshuaproject,net tel 282000 menneske. Dei lever kystnært aust i landet og livnærer seg av fiske og jordbruk. Dei snakkar sitt eige språk. Deler av Bibelen føreligg på iranun. Trua deira er ein miks av islam og animisme. Ingen kristne er registrert.  

Gode Gud og Far! Du er den rette far for iranunfolket på Filippinane.  Men enno kjenner dei ikkje deg, og eg ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer deg, dine sanningar, di kraft og din kjærleik for dei, og som gjev dei ditt livgjevande ord. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli frelst gjennom gjerningar eller religiøs seremoniar, men berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd, og løys dei frå islams og animismens mange åndsmakter.

Løft folket ut av fattigdom, og styrk deira sosiale posisjon i samfunnet. Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre og eg ber om samhald, truskap og kjærleik i heimane.  Eg ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. No ser eg fram til at iranunfolket kal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamisk iranun-kyrkje som kan kan formidla deg til folket sitt på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!



lørdag 6. juli 2019

Pingdi Kina


Pingdifolket tel 1,48 millionar menneske. Dei er risbønder som bur i eit område sør i Kina som sjeldan er besøkt av utanforståande. Det lever ei gamal legende i pingdifolket om at dei ein gong ein gong i fjern fortid, før dei reiste "over havet", kjende og tilbad Skaparen. Tin Zay. Det vil vera naturleg for dei som vil forkynna evangeliet for pingdifolket å ta utgangspunkt i denne forteljinga. Pingdifolket snakkar xiang, og dei har tilgang til deler av Bibelen på språket sitt.
Religion: Animisme. Det er nokre få kristne mellom dei. Desse vert sett på som framande, også av sin eigen familie.

Herre Jesus! I dag ber me for dei få truande i pingdiar: at dei skal ha tilgang til ditt ord på sitt eige språk, at dei skal lesa det flittig, at dei skal halda tett saman, at dei skal leva som kraftfulle disiplar av Jesus og at dei skal vera fulle av Kristi kjærleik. Så ber me om at heile folket skal bli gjesta av deg, at pingdifolket skal forstå at den Gud dei trur på som skapar av himmel og jord, også måtte bli eit menneske, at du måtte døy på ein kross for å opna ei kjelde av tilgjeving og liv som også dei kan drikka av. Amen!



onsdag 24. oktober 2018

Dagens unådde folk: Muong frå Vietnam

Dette er ei stor folkegruppe i tidlegare Nord-Vietnam med 1 404 000 medlemmer. Dei snakkar sitt eige språk, og er animistar. Sidan kommunistane overtok makta i Vietnam på 70-talet har muongane opplevd enorme endringar i og med at dei har bevega seg frå eit føydalsamfunn til eit sosialisme. Dei har gjennom historia levd i eit aristokratisk system der den absolutte makta låg hos hovdingen. Slik er det ikkje lenger.

Gode pappa! Du er så inderleg glad i desse muongane, og noko av det unike i deg har du lagt ned i dei. Me ber deg, gjer deg til kjenne for dei på mange ulike måtar. Tal til dei gjennom naturen og gjennom draumar og syner som du let dei få. Send apostlar til dei for å etablera eit bruhovud for ditt rike inn i til dette folket. Bryt djevelens makt og herredøme over dei. Me berre sannar at Jesus Kristus er den einaste rettkomne Herren over muongfolket, og dei skal alle bøya kne for Han og sanna til Gud vår Fars ære at Jesus Kristus er Herre!


lørdag 14. april 2018

Dagens unådde: Wakhi i Tajikistan

Totalt er det 110 000 wakhiar i verda, av desse bur 34 000 i Tajikistan. Resten i Kina, Pakistan og Afghanistan. Desse menneska lever høgt til fjells på utilgjengelege plassar. Dei er sunnimuslimar, men praktiserer likevel mange animistiske ritualer. Wakhifolket har sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er tilgjengelege på dette språket, ikkje skriftleg og ikkje i lydformat. Her trengst det uthaldande bøn og modige tiltak for å nå dei med evangeliet om Jesus.

Kjære Herre Jesus! Me ber for wakhifolket. Du gav livet ditt for dei, og i deg er frelse for kvar einaste ein av dei. Må ditt gode ord nå dei, må din Ande falla på dei, må du løysa dei frå djevelens løgner og islams tunge lenker, og må di kyrkje bli grunnlagt mellom dei der oppe i fjellheimen. Velsing dei med ditt veldige lys, du som ER Guds lys. Amen! 

torsdag 25. mai 2017

Dagens unådde: Luoluopo i Kina

Luoluopofolket lever i det sentrale Kina, ganske konsetntrert i eit område mot vest.
Dei tel i følgje joshuaproject.com 447000 menneske
Språk: Lolopo. 
Religion: Etnisk. 
Ingen bibeloversetting tilgjengeleg for desse menneska. 

Luoluopo dyrkar mange gudar, samt  ei mengt naturånder. Dei er også fedredyrkarar. Overraskande nok trur dei også på ein Gud som har skapt alt, og dei trur at han er nær og tilgjengeleg for dei. I tillegg trur dei på himmel og helvete. Magi spelar ein stor rolle i kvardagen deira. Trass i manglande bibeloversettng, er det nokre truande kristne mellom dei. 

Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord, og luoluopofolket er din rettkomne eigedom. Løys dei frå djevelens makt og syndas lenker, og før dei, ved ditt ord og din Ande inn i ditt fullkome rike, slik at dei tilber Skaparen framfor skapningen. Må alle kristne luoluopoar veksa i nåde og kjennskap til deg, halda saman i nære fellesskap og bera evangeliet til alle i dette folket som lever utan Gud og utan håp i verda. Lat riket ditt koma og viljen din skje i dette folket, slik som han skjer i himmelen. Amen! 












lørdag 20. desember 2014

Dagens unådde: Tuvinianfolket (også kalla Tuvan) i Russland.


Tuvinian er i røynda eit tyrkisk folk (tyrkarane i Tyrika kjem opprinneleg frå Sentral-Asia)som held til i grensaområda mellom Russland og Mongolia. Dei tel 261000 menneske. Historisk har dei levd som nomadar, og flytta frå plass til plass med geitene, sauene, kamelane, reinsdyra, kyrne og yakane sine. Dei har ein rik oral kultur, og er svært poetiske. Dei elskar musikk, og meistrar godt den unike strupesongen, også kalla khoomei. Tradisjonelt er dei animistar og shamanistar, nokre er tibetanske buddhistar, men mange er også ikkje-religiøse. Dei snakkar sitt eige språk; "tuva", og heile Bibelen er tilgjengeleg for dei både i tekst og lyd.  Likeeins Jesusfilmen. Mindre enn 2% av tuvinianefolket kjenner Jesus.

Gode Gud! Send arbeidsfolk ut for å så ordet ditt inn i tuvinianarane, og må din kjærleik bli openberra for dei slik at strengane i sinnet deira vert stemt etter himmelens tonenøkkel, og ein ny song fødd i hjarto deira. Dra føtene deira ut av den djupe gjørma, og set dei inn på fast Kristusgrunn. Må det bli påkrevd for dei å bli kvitt syndene sine slik at dei vert drivne til Jesu Kristi kross for å finna frelse  for sine sjeler og fred med deg, Gud, du som har skapt dei og elskar dei som ei mor sine barn.

Tuvinian, Uriankhai in Russia

lørdag 9. august 2014

Laos


Laos ligg mellom Thailand og Vietnam, har 7,6 millonar innbyggjarar fordelt på 143 folkegrupper som snakkar 89 ulike språk. Av desse er heile Bibelen omsett til 5, NT til 5 og i tillegg er deler av Bibelen tilgjengeleg på 13 språk. Største folkegruppe er lao-thai. Andre store er mon-khmer og hmong-mien.
Laos har eit kommunistisk regime som kom til makta i forlenging av Vietnamkrigen i 1975. Forfølging av dei kristne har tidvis vore svært brutal. Det har letna litt, men framleis kjem det bølger av arrestasjonar. Men tøffast er det lokalt der kristne vert utsette for sterkt sosialt press. Utbreidd okkultisme generer sterk demonisk motstand. Dei fleste menneska i Laos er buddhistar/animistar, og religionen ser ut til å koma sterkt attende etter mange år med kommunistisk undertrykking og antireligiøs propaganda. 3,4% er kristne, men veksten i kyrkjelydane er på heile 5,7% årleg.  Særleg har responsen vore god i hmong-folket. Det er eit mirakuløst verk av Den heilage ande utløyst av dedikert bøn frå truande som er heilt avhengige av Gud. Likevel er dei aller fleste laotarar totalt ukjende med Jesus og vegen til frelse. Dette botnar i stor grad i språklege barriererar. Det er eit absolutt behov for bibelomsetting i 31 språk, i tillegg kan det vera naudsynt med omsetting til 26 andre.
Det er forbode for utlendingar å driva misjon i Laos, men det vert gjort eit stort arbeid med å nå befolkninga gjennom radio, TV, digitale hjelpemiddel, Jesusfilmen, smugling og spreiing av biblar og annan kristen litteratur.

Gode Gud! Takk for at di frelse når fram til så mange menneske i Laos, og for alle truande i dette landet som tener deg med stor iver trass i alle faremoment. Må lyset ditt nå fram til alle folkegrupper og avkrokar i dette landet, og kyrkja di slå rot i alle byar og landsbyar. Må Bibelen bli tilgjengeleg for folk på morsmålet deira. Utruast kyrkja di med sterke nådegåver slik at under og teikn skjer mellom og gjennom dei kristne, at folk bli fridd ut frå sjukdomane sine og frå demonar som bind og plagar dei, og me ber om at ordet ditt skal trenga gjennom til folk, løfta dei opp og endra deira mentalitet og livsfilosofi. Må alt godt strev med å nå befolkninga i Laos gjennom radio, TV, digitale hjelpemiddel og litteraturspreiing lukkast. Så ber me om at det komministiske regimet skal smuldra opp, og om fridom for laotarane på alle livsens områder.

Det er 5000 buddhistiske tempel i Laos og ei røys med buddhafigurar. Her er den vidgjetne sovande Buddha. Karmatrua har gjeve laotarane eit passivt preg. 


søndag 19. juli 2009

Bimafolket i Indonesia

Bimafolket tel 647 000 menneske og bur på øya Sumbawa (300 km aust for Bali) der dei hovudsakleg driv med jordbruk. Dei er muslimar, men trua deira er oppblanda med animisme og fedredyrking. Bimafolket har sitt eige språk.

4 bimalandsbyar er "kristne" etter ein vellukka outreach i 1930-åra, men desse lever i dag isolert frå frendane sine, er svært fattige og manglar grunnleggande kristen kunnskap.

Bøn: "Gode Gud og far, du som gav Sonen din til soning for alle verdas synder: Lat ljoset frå evangeliet strøyma uhindra over Bimafolket slik at hjarto deira vert vendt mot Jesus, og dei kan få del i det evige livet som kjem frå han. Send dine vitne og profetar for å dela Guds ord med dette folket, og lat ordet bli dei til frelse. Herre, miskunna deg over dei og oss alle. Amen!"

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...