Voice of the Martyrs (VOM) melder:
Twen
Theodros har tilbragt 13 år bak fengselsmurane i Eritrea. Grunnen til dette er
at ho er pinseven, og at ho har vore eit tydeleg vitne om Jesus Kristus som den
einaste vegen til Gud.
Trass i
at ho er blitt behandla ille, blir denne unge kvinna omtala som ein dyrebar og
kjærleg kristen som alltid meir oppteken av
at andre skal ha det bra enn av sin eigen situasjon.
Ei tid
sat ho innesperra i ein skipskonteiner, mellom anna saman med ei kvinne
som heiter Helene Berhane. Helene var i dårleg forfatning, og Twen tok vare på
henne og stelte med henne, vaska såra hennar, gav henne mat og tok slaga hennar
når det var noko ho skulle straffast for. Helene kalla Twen berre for «Ester».
Organisasjonen
Release International har no lukkast å få kontakt med Twen i det fengslet ho
oppheld seg i. Dei ville gjerne at ho skulle dela nokre bøneemner med dei som
dei kunne formidla vidare. Då sa ho: Det einaste eg vil at folk skal be om er
at Gud skal bli herleggjord i Eritrea.
Twen er
no i 30-åra, og me skal be:
Far i
himmelen! Me ber, på Twen si oppfordring, om at du skal bli elska og æra av
alle som bur i Eritrea, av høg og låg, av mektige og avmektige, rike og
fattige. Me ber for Twen og alle andre som som sit fengsla, og alle som på
andre måtar blir forfølgde for trua si. Styrk dei mektig med din Ande, og gje
dei alt dei treng for liva sine. Me ber om nye tider for Eritrea, at det
regimet som no sit ved makta skal falla og bli erstatta med leiarar som er
rettferdige og humane. Me ber i Jesu namn, amen!
Du må gjerne ha Twen med deg i bønene dine framover.
Du må gjerne ha Twen med deg i bønene dine framover.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar