Viser innlegg med etiketten Eritrea. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Eritrea. Vis alle innlegg

fredag 18. november 2022

Tra katolske geistlige arresterte i Eritrea

 I 2002 bestemte eritreiske styresmakter at berre fire trussamfunn skulle vera lovlege i landet. Det var den eritreisk ortodokse kyrkja, den romersk katolske kyrkja, den lutherske kyrkja forutan  sunni islam, ei bestemming som har påført dei mange pinsevenene i landet ufattelege lidingar. Men den siste tida har også romersk katolske biskopar som kritiserer styresmaktene for manglande demokrati, kome i søkelyset, og nyleg vart tre katolske geistlige arresterte og fengsla. 11.oktober:  Mihretab Stefanos, sokneprest i St Mikaelskyrkja Segheneity, 12.oktober: Abba Abraham Habton Gebremaiam, ein prest i Teseney og til slutt Abune Fikremariam Hagos som er biskop i Segheneity som vart arrestert den 15.oktober på flyplassen i Asmara etter ein tur til Europa. Abba Abraham veit me sit i Adi Abeito fengselet i Asmara. Truleg er dei to andre også der. Men ingen veit sikkert. 

Herre Jesus Kristus! Me ber i dag i ditt namn for alle kristne i Eritrea som er fengsla fordi dei trur på deg og vitnar om deg. Styrk dei med ditt nærvær og din nåde. Me ber om rettferd for desse, og me ber om at dei, og dei tre katolske geistlige som no er arresterte snarleg skal setjast fri. Så ber me om at du skal røra ved hjarto til dei som styrer dette landet slik at dei vert totalt forvandla av din kjærleik, vender om frå sin urett og begynner å respektera folk sine grunnleggjande menneskerettar.  


Kjelde: Voice of the Martyrs



lørdag 1. desember 2018

Eritrea: Twen Theodros betaler ein høg pris for sitt kristne vitnemål


Twen Theodros - Photo: VOM U.S.
Voice of the Martyrs (VOM) melder: 

Twen Theodros har tilbragt 13 år bak fengselsmurane i Eritrea. Grunnen til dette er at ho er pinseven, og at ho har vore eit tydeleg vitne om Jesus Kristus som den einaste vegen til Gud.

Trass i at ho er blitt behandla ille, blir denne unge kvinna omtala som ein dyrebar og kjærleg kristen som alltid meir oppteken av at andre skal ha det bra enn av sin eigen situasjon.

Ei tid sat ho innesperra i ein skipskonteiner, mellom anna saman med ei kvinne som heiter Helene Berhane. Helene var i dårleg forfatning, og Twen tok vare på henne og stelte med henne, vaska såra hennar, gav henne mat og tok slaga hennar når det var noko ho skulle straffast for. Helene kalla Twen berre for «Ester».

Organisasjonen Release International har no lukkast å få kontakt med Twen i det fengslet ho oppheld seg i. Dei ville gjerne at ho skulle dela nokre bøneemner med dei som dei kunne formidla vidare. Då sa ho: Det einaste eg vil at folk skal be om er at Gud skal bli herleggjord i Eritrea.

Twen er no i 30-åra, og me skal be:

Far i himmelen! Me ber, på Twen si oppfordring, om at du skal bli elska og æra av alle som bur i Eritrea, av høg og låg, av mektige og avmektige, rike og fattige. Me ber for Twen og alle andre som som sit fengsla, og alle som på andre måtar blir forfølgde for trua si. Styrk dei mektig med din Ande, og gje dei alt dei treng for liva sine. Me ber om nye tider for Eritrea, at det regimet som no sit ved makta skal falla og bli erstatta med leiarar som er rettferdige og humane. Me ber i Jesu namn, amen!

Du må gjerne ha Twen med deg i bønene dine framover.

onsdag 7. juni 2017

Dagens unådde: Tigre i Eritrea

 Tigrefolket i Eritrea tel 1 195 000 mennneske. 95% av dei er muslimar. 0,09% er kristne (0,05% evangeliske). Dei snakkar tigre. Heile Bibelen var ferdig omsett til tigre i 1988. Tigrefolket er anten seminomadar eller bønder. Dei ætta opphaveleg frå Egypt, noko som også kroppsfasongen avslører: Dei er høgreiste, har smale naser og lys brun hud. Det var på 1800-talet dei under innflyting frå arabiske misjonærar, konverterte til islam. I dag praktiserer dei "folkeislam" som er ei blanding av islam og den gamle naturreligionen deira der det er vanleg å driva med dyreofringar for å blidgjera åndene. Dei trur på ei mektig vond ånd som dei kallar Zar. Zar tek bustad i folk og forårsaka ulukke og død. Dei trur at den einaste som kan hjelpa dei mot denne vondskapen er shamanen som kurerer folk og driv åndene ut av dei.

Gode Herre Jesus Kristus! Tigrefolket i Eritrea lever i stummande mørker, og me ber om at du, som er verdas lys, også skal lysa opp deira liv. Løys dei i ditt namn både frå islam og shamanismens lenker, og gje dei den kjærleiken som driv ut all frykt. Gjer tigrefolket til eit kristent folk, ein folk som i sanning er disippelgjort, eit lys for alle på Afrikas Horn. Amen!  


lørdag 21. januar 2017

Dagens unådde: Narafolket i Eritrea

Folketal: 123000. Religion: Islam. Lokalisering: Nordvest på grensa mot Sudan.
Språk: Nara. Det finst ingen kristne ressursar tilgjengeleg på nara. Det finst arkeologiske spor etter narafolket mange hundre åt attende i tid. Dei har vore sårbare. Både sudanesarar og arabarar har fanga og selt dei som slavar. No er det ikkje lenger så mange att av dette historiske folket. Det er eit lyspunkt: Så pass mange av dei kjenner Jesus at dei skal kunne gjera han kjent for frendane sine.

Gode Jesus! Me takkar deg for dei i narafolket som trur på deg, og me ber om at du må setja mot i dei, styrka dei og utrusta dei med kraft frå det høge slik at dei kan vera uimotståelege vitne om di oppstode i sitt eige folk. Me gleder oss til å høyra om at heile narafolket har bøygd seg for deg og at sannar at du, og du åleine, er Herre i deira liv. Amen!

tirsdag 19. mai 2015

Etiopia


I Etiopia bur det 85 millionar menneske. Dei er fordelte på nokre store folkegrupper som tigray og amhara, som er semittiske,  oromo, somali og afar, some er kusittar. 51,5 millionar tilhøyrer kristne kyrkjesamfunn, av desse er 16,7 evangelisk kristne. Resten er ortodokse. Det bur 33 millionar muslimar i landet. Spenninga mellom kristne og muslimar er aukande, og slår i enkelte områder ut med vald mot kristne. I Etiopia blir det snakka 88 ulike språk. 17 språk manglar bibeloversetting. Etiopia er ein av verdas eldste nasjonar med ein lang og ærerik kulturhistorie som strekker seg 3000 år attende i tid. Økonomien er basert på jordbruk, og kaffi er hovudeksportproduktet. Krig og hungersnaud har dei siste åra hindra utviklinga, og mange døyr av underernæring. Det har også sin grunn i at jorda sjeldan får kvila og er svært utarma etter mange års intens dyrking.
Kristne har vore gjennom harde forfølgingsperiodar, først under dei italienske fascistane før og under 2.verdskrigen, og seinare under kommunistpartiet som sat med makta frå 1974 til 1991. Men forfølginga har reinsa kyrkja meir enn å sveikka henne.
Dei siste åra har krig og konflikt med Eritrea og Somalia tært fælt på landet sine ressursar.
Kyrkja har hatt ein eksepsjonell vekst i Etiopia dei siste tiåra. Åndelege vekkjingar rullar over landet og hundretusenvis vender seg til Gud kvart år.  Profetien i Salme 68 om at Etiopia i hast skal strekka hendene sine ut mot Herren går i oppfylling rett framfor augo på oss.
Det er mange analfabetar i Etiopia. Berre 35% kan lesa og skriva.
Mange ting tyder på at landet er i ferd med å forvitra og bli delt opp etter grensene mellom dei store folkegruppene.

Be Gud om at landet skal bera grøde og at dei skal kunna hausta nok mat til befolkninga. I dag er dei heilt avhengige av hjelp utanfrå.

Be om eit klokt og ukorrupt leiarskap, folk som tener folket meir enn si eiga lommebok. 

Be om fred og forsoning med nabofolka

Be om nasjonal einskap

Be om at vekkinga skal halda fram og tilta i styrke

Be om godt leiarskap i kyrkjelydane

Be om at evangeliet om Jesus skal gripa muslimane, slik at dei kan bli hausta inn i Guds rike, og at islam skal bli feidd av banen.

                                   




onsdag 21. januar 2009

Nara, Eritrea



Folketal: 108 000
Språk: Nara. Men alle snakkar også Tigri som er administrasjonsspråket i Eritrea.
Religion: Islam. Men dei fleste har liten kunnskap om innhaldet i Koranen, og fordi dei vart tvangsislamiserte på 1800-talet, har dei lite engasjement for islam.
Evangelisk kristne: 1,7%.
Narafolket bur i den sørvestlege delen av Eritrea, nord for Gashelva. Dei er negroide, i motsetning til fleirtalet i landet som er nubiske.
Narafolket lever av eit rikt variert jordbruk der dyrking av kat inngår som ein del av produksjonen. Nokre menn tygg også kat. Mennene er polygame. Det er lite kristen litteratur tilgjengeleg på naraspråket, og bibeloversetting er påkrevd. Kjelde: Adopt-a-people Clearinghouse

Bøn: "Herre Jesus, du som gav livet ditt for narafolket, send arbeidarar ut til din haust mellom dei, lat ordet ditt lyda for dei på deira eige språk og send Anden din for å forklara evangeliet for dei og blåsa ditt liv i dei. Utrust utsendingane dine med dine nådegåver, gje dei visdom og nåde til å lukkast i tenesta. Løys narafolket frå djevelens lenker og gjer dei til Guds frie barn ved trua på deg, du som er deira sjels gode hyrde. Eg ber om at det skal grunnleggjast ei levedyktig kristen kyrkje i narafolket som kan bringa frelse, liv, rettferd og von til dette folket. Herre miskunna deg over dei. Amen."




Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...