Viser innlegg med etiketten Russland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Russland. Vis alle innlegg

tirsdag 14. oktober 2025

Dagens unådde: Balkar i Russland

 


Balkar i Russland tel 125000 menneske. 
Dei snakkar  Karachy Balkar
Bibeloversetting: Det nye testamentet
Religion: Islam
Kristne: 0,03%

Denne folkegruppa har vore deportert mange gongar og gjennomlevd store lidingar.
Stalin dreiv dei til Kasakstan og Sibir. Hungersnøden var stor, og mange døydde av underernæring i denne forferdelege tida. 
Då dei i 1957 fekk flytta attende til Kaukasus, var det berre 33000 av dei att. 
Liva deira er prega av folkeislam frå vogge til grav. 

Be om at evangeliet skal nå fram til dette folket slik at dei kan læra å kjenna Gud som Far og Jesus som Herre og frelsar. 
Be om at Anden skal ausast ut over dei slik at dei ser både synda si og Jesus som frelsar frå all synd. 
Be om at under og teikn skal skje med dei når dei kallar på Jesus. 

Kjelde: joshuaproject.net




Russland del 2


 Millionar kjempar mot fattigdom og vonløyse. Russland har ei av verdas eldste befolkningar, samt låge innvandringstal. Russlands befolkning søkk med over 500 000 kvart år, og fødselsraten er blant verdas lågaste. Samtidig er Russlands abortrate ei av verdas høgaste. Alkoholisme, narkotikaavhengigheit, sjølvmord og familiesamanbrot øydedelegg mange liv. Russland har også ein av Europas høgaste infeksjonsrater for ei rekke sjukdomar, men helsekostnadene er for høge til at mange kan dra nytte av dei. I fredstid driv mange ungdommer med hedonistisk utskeiingar. 

Krigen i Ukraina, og det at mange unge menn flyktar ut for å sleppa å gå i krigen, frårøvar landet for den neste generasjonen.

* Be om at Gud skal sjå i nåde til dette landet, og lære befolkninga å tru på Jesus og å leva liva sine i samsvar med Guds gode lover. 

* Be om at det må bli eit oppgjer med og ein slutt på misbruk av alle typar rusmidlar, aggressiv livsstil, partnerdrap, seksuelle overgrep, incest, abortar, seksuell umoral, økonomisk bedrageri, hat og krigsmentalitet.

* Be om at Gud skal reisa opp apostlar, profetar, evangelistar  hyrdar og lærarar som kan utrusta dei heilage til all god gjerning, og som kan tala Guds vilje inn i liva til høge og låge, rike og fattige, mektige og avmektige. 


mandag 13. oktober 2025

Russland del 1



Innbyggjartal: 144 000 000
Språk: Russisk pluss 134 andre
Gjennomsnittsalder: 69,4 år
Religion: Kristendom 66,9%
Folkegrupper: 186
Lite nådd: 119
Heilt unådde: 7%

Den russisk ortodokse kyrkja overlevde kommunismen, og er i dag den viktigaste beraren av russisk identitet. Mellom 1920 og 1991 reknar ein med at 200 000 kristne leiarar leid martyrdøden i landet. Sørgeleg nok støtta kyrkja ivrig opp om Putin sitt åtak på Ukraina 21.februar 2022. 

Be om at Putin må gje opp kravet sitt på Ukraina, og at han skal tapa terreng på slagmarka

Be om at Den russisk ortodokse kyrkja (ROK) må koma til omvending, og at Gud må reinsa henne for korrupsjon og vranglære. 

Be om at ROK må slutta fred med andre kristne kyrkjesamfunn

Be om vekking og fornying innan denne kyrkja. Ho er sterk kulturelt med svak åndeleg. 

mandag 6. oktober 2025

Polen

 


Polen har vel 38 millionar innbyggjarar. 
Styresett: Demokratisk republikk.
Hovudstad: Warszawa
Jernteppet sitt fall i 1989 starta i Polen med streiken på skipsverftet i Gdansk, og pave Johannes Paul II, som sjølv var polsk,  sitt besøk i landet. Bilete av paven som gav nattverd til Lech Walesa er ikonisk. 
Religion: 86% av dei er romersk katolske. 0,3% er evangeliske kristne. Mariadyrkinga står sterkt i Polen. 

Polen som heilt til 1989 var i Sovjetunionens klør, er no blitt eit moderne vestleg land med medlemskap i NATO og EU. Dei siste 45 åra har landet vore gjennom ein total forvandling, og er i dag ei økonomisk stormakt. 

Polen er nabo med Ukraina, og har krigen på dørstokken, og i desse dagar er polske jagarfly støtt på vengene for å vaka over og forsvara landegrensene. Landet opplever mange hybride åtak frå Russland kvar einaste dag. 

Polen har teke imot 3 millionar flyktningar frå Ukraina. 

Dei evangeliske kristne er i vekst, men 90% av kommunane manglar enno ei evangelisk kyrkje. 

Det er mange sekter i Polen som har hatt stor framgang dei siste åra. 

Ungdomsgenerasjonen er prega av materialisme, og er lite opptekne av åndelege verdiar. 

Landet har eit rikt jordbruk. Men økonomisk betyr industrien suverent mest. 

Be for at Polen også i framtida skal vera ein sjølvstendig nasjon, og at krigen ikkje skal nå dei.

Be om at dei skal vera i stand til å avsløra alle hybride åtak og avskjera fienden

Takk for alle dei truande i landet, og for den vekst me ser innafor den evangeliske rørsla. Be om at Guds barn i Polen skal veksa i nåde og kjennskap til Jesus. 
Be om at katolikkane i landet skal flytta fokus frå Maria og det magiske, og over på Jesus og bøna. 
Be om framgang for evangeliet i alle byar og landsbyar, og at alle store og små samfunn skal ha ei Jesussentrert og misjonal kyrkje i seg. 
Be om at sektene som har fått fotfeste i landet må bli avslørte som løgnarar, og at det polske folket skal tørsta etter sanninga i Jesus Kristus. 
Be om at dei unge ikkje skal la seg bedra av kommersialisme og materialisme, men begynna å lengta etter samfunn med Gud, sin Far. 
Be om at dei ukrainske flyktningane i landet skal bli tatt godt vare på, og at dei skal vera til velsigning for Polen. 

Be om gode åndelege leiarar som elskar Jesus, menneska dei tener og Guds ord
Be om at teologiske løgner skal avslørast og avvisast
Be om at nye truande skal bli forsvarleg disippelgjort

Be om at ånda frå evangeliet skal ha innflytelse på heile landet
Be om at landet skal reinsast frå skammelege synder
Be om at gapet mellom fattig og rik skal tettast
Be om gode skular på alle utdanningsnivå
Be om eit helsevesen som har tilbod til alle innbyggjarane sine
Be mot prostitusjon, rus, vald og kriminalitet
Be om at dei opprørsle muslimane i sør må koma til tru på Jesus og leggja ned våpena sine
Be om eit sunt, ærleg og framgangsrikt næringsliv


torsdag 29. mai 2025

Dagens nasjon: Georgia

 


Hovudstad: Tiblisi
Folketal: 3,8 millionar. Befolkningstalet er søkkande.
78% er ortodokse kristne. 
1,5% er evangeliske kristne
Politisk er dette vakre landet prega av kampen mellom dei prorussiske og dei som vil orientera landet mot vest-Europa, EU og Nato. Russland har alltid ein finger med i det som skjer i Georgia, og president Putin gjekk i 2008 til militært åtak på landet, demonstrerte sine morderiske intensjonar og okkuperte to provinsar, Abkhasia og Sør-Osetia. I dag er det dei russiskvenlege som har overtaket, og faktisk går så langt at dei fengslar sine politiske motstandarar. 

Åndeleg sett er jordsmonnet litt dårleg i Georgia. Talet på evangelisk kristne dalar, men det dalar saktare enn folketalet. Det er i ferd med å bli restriksjonar på kristent evangelisk arbeid i landet. 

Gode Far! No ber me om at du skal gjesta Georgia. Må ordet ditt gå ut som eit skarpt sverd og råka folk djupt i samvitet slik at dei vender om til Jesus med alt dei er og har. Må alle spenningane dei lever i også vera med å driva georgiarane til deg. Så vil me be om at du vernar dette vakre landet mot russisk aggresjon, og me ber om politisk fridom, sjølvstende og demokrati for Georgia. Amen! 








fredag 2. desember 2022

Ukraina

 


Folketal: 43 466 822 fordelt på 78 folkegrupper som snakkar 42 ulike språk. Dei største språka er ukrainsk og russisk.
Hovudstad: Kyiv
Religion: Ortodoks kristendom. 3,8% er evangelisk kristne. 

Som me alle veit rasar det ein brutal krig i Ukraina etter at landet vart innvadert av Russland 24. februar i år, og etter at Krimhalvøya vart okkupert og annektert i 2014.

Be om at dei russiske styrkane må trekka seg heilt tilbake til internasjonalt fastsette og godkjende grenser, at heile landet skal bli frigjort, at rakettåtaka mot sivil mål må ta slutt og at landet skal byggjast opp att og folket få leva i fred.

Be om at det ukrainske folket skal bli lækt på kropp, sjel og ånd. 

Be om at folk må få hjelp til å ta vare på sin moralske integritet midt i krigsredslene

Be om at straumforsyninga må gjenopprettast til alle mørklagde byar og landsbyar

Be om at byar og landsbyar må få attende vassforsyningane sine

Be om at alle heimlause må få hus å bu i

Be om at folk skal skal få brensel til omnane sine

Be om at folk må få nok varme klede

Den ortodokse kyrkja har løyst seg frå Moskvapatriarkatet og patriarken i Konstantinopel (Istanbul) har godkjent henne som ei sjølvstendig ortodoks kyrkje. Det har utløyst spenningar. I Kyiv finn med den største av alle frikyrkjer i Europa. Denne er leida av ein vidgjeten nigeriansk pastor. Det ukrainske bibelselskapet melder om ein enorm etterspurnad etter biblar, og titusenvis vert delte ut til folk flest og til soldatar ved fronten. Det blir meldt om vekking og nytt liv mange stader.

Takk Gud for alt godt som skjer, og for Guds rikes framgang i Ukraina, og be om at alle nye kristne blir godt disipplegjort, grunnfesta og fylte av Den Heilage Ande. 

mandag 17. desember 2018

Venezuela


Flatemål: 912 050 km2. Folketal: 31 700 000. Hovudstad: Caracas.
Sjølv om Venezuela er verdas fjerde største oljeprodusent, er landet lutfattig og på randa av totalt samanbrot. Dette har sine grunnar. Landet tålte ikkje finanskrisa i 2008 og oljeprisfallet som følgde. Venezuela er i stor grad er avhengig av oljeproduksjonen og høg oljepris. 

Vidare har den sosialistiske presidenten Nikolas Maduro (som styrer diktatorisk) nasjonalisert næringslivet, ekspropiert næringseigedomar. Folk med kunnskap og kompetanse er blitt erstatta med inkompetente menneske. Resultatet er produksjonssvikt og mangel på forbruksvarer og medisiner. 

Den djupe fattigdomen har utløyst ein flaum av alvorleg kriminalitet som gjer fattigdomen enno djupare. 

Dessutan er korrupsjonen naturlegvis skyhøg. Landet er insolvent og i praksis konkurs. Politisk har Maduro erstatta den demokratisk valde nasajonalforsamlinga med ei handplukka forsamling på 545 personar som styrer ved hjelp av dekreter. Forsamlinga er i direkte ansvarlege overfor presidenten, og dei har som oppgåve å gje landet ei ny grunnlov som overfører makta i landet til Maduro. 

I dag er situasjonen den at denne mannen utelukkande kjempar for seg og familien sin, og det siste er at han har opna landet for Vladimir Putin og russisk militært nærvær (som Cuba gjorde det i 1962), og i sist veke landa bombefly med mogeleg atombombelass i Caracas. Det kan føra til ein farleg konfrontasjon med USA både i Karibia og i Asovhavet der Ukraina i si naud ber om at Nato må koma med marinen sin og gje dei hjelp mot Russland som har stengt innlaupet til Asovhavet for Ukraina.  

I Venezuela er 84% kristne, av desse 3,2% evangelikale.  Resten er romersk katolske. Synkretismen er dominerande, og folk blandar kristendom med islam, hekseri, voodo og spiritisme. Resultatet er som alltid: åndsbesettelse. 

30 indianske folkegrupper må reknast som unådde. Styresmaktene hindrar aktivt dei som vil driva misjon desse. Både antropologane og venstresida i politikken ser på kristen misjon retta mot urbefolkningsgrupper som skadeleg aktivitet.

Gode Far! Me ber i Jesu namn om at regimet til Nikolas Maduro og hans medsamansvorne skal bryta saman, at makta igjen skal overførast til nasjonalforsamlinga, og at landet skal få ein rettsindig, kunnskapsrik og klok president med demokratisk sinnelag. Må den venezuelanske befolkninga venda kollektivt om til deg, sanna syndene sine og ropa til deg om nåde og hjelp, og må du bønhøyra dei frå himmelen. Stopp i Jesu namn djevelens gjerningar i Venezuela. Me ber også for dei nådde folkegruppene i landet, at du skal opna dørar slik at evangeliet om Jesus kan nå inn til dei, og me ber i hans namn om at di kyrkje skal plantast i alle desse gruppene, kyrkjer fulle av lys, kjærleik og kraft. Amen!



søndag 14. oktober 2018

Russland 2

Etter at kommunismen, jernteppet og Sovejtunionen kollapsa i 1991, fekk den ortodokse kyrkja ein renessanse, kyrkjene vart pussa opp og gudstenestene reetablert, og talet på ateistar er blitt meir enn halvert etter den tid. Samstundes gjekk mange evangeliske kyrkjer tungt inn med misjon i Russland, og talet på slike kyrkjer har dobla seg, og medlemstalet tredobla seg (2010). Bibelmisjonen tok seg også kraftig opp, og det vart sett i gong ei mengd med bibeloversettingsprogram, særleg i Kaukasusområdet der språkrikdomen er stor. Men pionertida har teke slutt, og veksten har stagnert.

Lat oss be:

Gode Gud og Far! Størstedelen av det russiske folket lever enno i sine synder, og dei kjenner ikkje deg og den frelsesgåva du har gjeve menneskeætta gjennom Jesus. Må din Ande kvila sterkt over kyrkja di i Russland og utrusta og inspirera russiske kristne til å disippelgjera sine eigne landsmenn over heile dette veldige riket. Å Herre Jesus, du som tok bort verdas synd med ditt fullkomen offer, må ditt Ord bli forkynt med kraft over heile Russland, og frukta av ditt offer bli alle russarar til del. Me ber i ditt eige namn. Amen!



fredag 12. oktober 2018

Russland I

Dei næraste dagane skal me be spesielt for Russland.
Russland er med sine 22 millionar km2 verdas største land i flatemål.
Folketalet er ca. 142 250 000. Hovudstad: Moskva (10,5 millionar)
85% av befolkninga er russarar, 3,7% tatarar, 1,4% ukrainarar, 1% tsjetsjenarar og det er mange andre mindre folkegrupper, særleg i Kaukasusområdet.
Religion: 10-15% er praktiserande ortodokse. Men det er ei stor gruppe nominelle ortodokse og mange  ikkje-religiøse. 10% av befolkninga er muslimar, og islam er den fortaste veksande religionen. Det er 1,6 millonar evangeliske kristne i Russland.

Russland har ein rik kulturhistorie, og landet har fostra store kunstnarar innafor alle kulturområder.
Den politiske historia har vore prega av meir eller mindre tyranniske herskarar. I ein særstilling står kommunisttida frå revolusjonen i 1917 til Sovjetunionen kollapsa i 1989. I denne perioden vart kyrkja forfølgd på det mest brutale, og prestar og pastorar vart fengsla, depoterte og mange møtte ein tidleg død i tvangsarbeidsleirar. Nokre vart regulert avretta.

I dag er Russland styrt av Vladimir Putin som fungerer mest som ein tsar (keisar) frå førkommunistisk tid som effektivt undertrykkjer all opposisjon.  Han er ein hauk som rustar opp landet, og han fører ein aggressiv utanrikspolitikk med anektering av Krim, støtte til opprørarar i Dombas og eit sterkt nærvær i Syria.

Russland er i dag i alvorleg konflikt med Vesten pga hissige dataåtak mot vestlege land, innblanding i demokratiske val og giftdrap av avhopparar.

Det store landet har enorme naturrikdomar som matjord, mineraler, olje og gass og vide skogar og nokre av verdas lengste elvar. Landet er rikt, men rikdomen er svært skeivt fordelt. Venskap, kjennskap, nepotisme, korrupsjon og mafiaverksemd fører til at pengene hamnar på få hender, og det ser ut til at store verdiar går direkte inn på Putin sin eigen bankkonto.

Gode Gud! Me ber i dag for kyrkja i Russland. Forny henne gjennom ditt gode ord. Må alle prestar og forkynnarar leva sanne kristenliv i tru og omvending, og vera salva av din Ande til å kunngjera fridom til dei som er fanga av demoniske krefter, gje blinde synet attende og til å forkynna evangeliets rikdom for dei fattige. Må ordet ditt få makt over russiske sinn, og setja folket fri frå synd og alle dei negative følgjer synda har i folkelivet og politikken. Reis opp kyrkja di til å bli ein lysande by på eit fjell, ein by som ikkje kan skjulast, ein by der folk kan finna deg som Far, Jesus som frelsar og Den heilage ande som trøyster, hjelpar og ven. Amen!


fredag 28. april 2017

Misjonær med russisk statsborgarskap utvist frå Russland

Russia map and flag
VOM melder at den indiskfødde misjonæren Victor Immanuel Mani, gift med ei russisk kvinne og far til ei eitt år gamal jente, er blitt frådømt statsborgarskapet sitt og vil bli utvist frå Russland. Bakgrunn: Han annonserer gudsteneste og møter på sosiale medier, og han deler ut kristen litteratur til folk som ikkje er medlemmer av kyrkjelyden hans.
Mani og familien bur i republikken Tatarstan, sentralt sør i landet. Sjå kart under.
Denne domen er eit resultat av dei nye religionslovene som Vladimir Putin har fått gjennom i Dumaen, lover som i stor grad fordømmer misjonering.  Religionsfridomen er på full retur i Russland, som så mykje anna i dette landet.
Mani har anka domen, og saka skal opp til ny vurdering.

  • Be om at Gud tek vare på Mani og familien hans, at dei ikkje vert splitta på noko vis.
  • Be om at han held motet oppe hos dei, og trua sterk.
  • Be om at Gud må gjera seg sterkt gjeldande i rettssalen då ho skal opp til ny handsaming.
  • Be om Guds rikes framgang i Russland trass i demonisk motstand av alle slag.
Image result for Tatarstan
Tatarstan er ein republikk der islam har godt fotfeste. Hovudstaden Kazan er sentrum for islam i Russland, og 60% av befolkninga er shiittar.



lørdag 21. januar 2017

Ei bøn for Noreg etter ei presidentinnsetjiing

I går vart Donald Trump innsett som president i USA. Det kjem til å føra til store endringar i heile verda. Trump har signalisert at han vil driva ein beinhard proteksjonistisk politikk, fysisk stenga grensa mot Mexico og innføra høge tollmurar mot import. Han spør seg om NATO er liv laga, vil søkja nær kontakt med Vladimir Putin og Russland og letta på handelsboikotten mot dette landet etter at det invaderte deler av Ukraina. Dette er svært urovekkande signal for oss i Noreg som i årevis har basert vår tryggleik på at USA vil beskytta oss mot Russland. Den tida kan vera over no, og før me veit ordet av det, vil me enno ein gong kjenna eit desperat behov for å søkja hjelp hos Gud meir enn hos menneske. Difor denne bøna no.

Vår Herre Jesus Kristus! DU er Messias, den levande Guds Son, du har stått opp frå dei døde og du regjerer over himmel og jord. Men me har snudd ryggen til deg, og har gjennom mange år satsa på feil hest, me har stolt på oss sjølve, på oljerikdomen vår og på USA. Me innser no at dette er usikker is å gå på, og me ber deg om å tilgje oss vårt hovmot og vår sjølvgodheit, du som er vårt lands einaste opphav og sanne Gud. Frels oss frå oss sjølve og gje oss sann omvending, tru og gudsfrykt attende. Sjå bort frå kva me har fortent, sjå i nåde til oss og ta oss inn i din varme, for ditt namn skuld. Amen!

mandag 17. oktober 2016

Russland

Russland er, med sine 23 millionar kv.km verdas største land i flatemål. Det stadig minkande folketalet er no på 140 millionar. Av desse er 94 millionar kristne. Dei fleste russisk ortodokse. 1,6 millionar er evangeliske. Om lag 20 millionar rusarar er muslimar. Resten er ikkje-religiøse. Islam veks snøggast.
Den ortodokse kyrkja er nasjonal, og ho held ved like og styrkjer ein veksande nasjonalisme i landet.
Mellom unge menn går nasjonalismen over i valdeleg rasisme og nasjonalsosialisme. Kyrkja viser ingen vilje til å ta eit oppgjer med slike antikristelege straumdrag. 
Landet har stor etnisk diversitet, og foruaten russisk, blir det snakka 134 ulike språk, svært mange i Kaukasusområdet. Dette er gjerne svært kompliserte språk med mange titals kasus, noko som er ei stor utfordring for bibeloversetjarar.
I Kaukasusområdet lever dei fleste muslimske folkeslaga. Mange ønskjer fridom frå Russland, og det har vakse fram mange terrorgrupper i desse områda. 
Russland har enorme naturressursar, olje, gass, mineraler, tømmer og dyrkingsjord. Men den økonomiske utviklinga går tregt, og gjerne bakover, mykje fordi nokre få søkkrike oligarkar eig og kontrollerer det aller meste av desse naturressursane, og produksjonsmidlane tillike. Etter kommunismens fall sikra dei seg på meir eller mindre uærleg vis  kontrollen over det som ein gong var statseigedom.
Korrupsjonen i landet er eventyrleg, fattigdommen og arbeidsløysa likeeins. Dårleg infrastruktur og nedgang i folketalet medverkar også til negativ utvikling for folk flest.
Landet er i dag heilt avhengig av eksport av fossile energikjelder til Vest-Europa.
Politisk lid landet under eit enormt demokratiunderskot. President Vladimir Putin står meir og meir fram som ein tsar som effektivt og brutalt held all opposisjon nede. Han skyr ingen midlar i kampen om å behalda makta.
Menneskerettssituasjonen i landet er kritisk.
Russiske kvinner er på verdstoppen i abort. 
Russland er ein stor kulturnasjon som har fostra mange av dei største forfattarane og komponistane verda har sett, eit stort bidrag til verdsarven.

Bøn.
  1. Be om at Russland blir lækt åndeleg, moralsk, sosialt og politisk
  2. Be om at dei evangelisk kristne skal leva i samsvar med det evangeliet dei trur på, æra Gud med liva sine, vera sterke i Han, fylte av Anden og at kyrkjelydane skal vera  prega av Kristi kjærleik og Guds fred, frie for kiv og konfliktar.
  3. Be om at desse kyrkjene og dei truande må vera misjonale i heile sin veremåte.
  4. Be om at den ortodokse kyrkja må løysa seg frå usunn nasjonalisme, pådømma hat og vald, halda seg til Guds ord åleine og utelukkande søkja Gud og hans rikes interesser. 
  5. Be om at evangeliet skal få makt i folket, løysa dei frå synd og føra dei inn i åndeleg fridom.
  6. Be om at alkoholen skal tapa si makt over russiske menn, slik at dei kan reisa seg og ta ansvar for koner, barn, hus, heim og samfunn. 
  7. Be om juridisk vern for dei ufødde barna i landet
  8. Be om at russiske menn må sjå seg sjølve som eit vern for kvinner og barn.
  9. Be om rettferdig fordeling av landet sine goder og rikdomar
  10. Be om utvikling av sant demokrati
  11. Be om framgang for evangeliet i Kaukasus
  12. Be om stadig fleire bibelomsettingsprosjekt

lørdag 20. desember 2014

Dagens unådde: Tuvinianfolket (også kalla Tuvan) i Russland.


Tuvinian er i røynda eit tyrkisk folk (tyrkarane i Tyrika kjem opprinneleg frå Sentral-Asia)som held til i grensaområda mellom Russland og Mongolia. Dei tel 261000 menneske. Historisk har dei levd som nomadar, og flytta frå plass til plass med geitene, sauene, kamelane, reinsdyra, kyrne og yakane sine. Dei har ein rik oral kultur, og er svært poetiske. Dei elskar musikk, og meistrar godt den unike strupesongen, også kalla khoomei. Tradisjonelt er dei animistar og shamanistar, nokre er tibetanske buddhistar, men mange er også ikkje-religiøse. Dei snakkar sitt eige språk; "tuva", og heile Bibelen er tilgjengeleg for dei både i tekst og lyd.  Likeeins Jesusfilmen. Mindre enn 2% av tuvinianefolket kjenner Jesus.

Gode Gud! Send arbeidsfolk ut for å så ordet ditt inn i tuvinianarane, og må din kjærleik bli openberra for dei slik at strengane i sinnet deira vert stemt etter himmelens tonenøkkel, og ein ny song fødd i hjarto deira. Dra føtene deira ut av den djupe gjørma, og set dei inn på fast Kristusgrunn. Må det bli påkrevd for dei å bli kvitt syndene sine slik at dei vert drivne til Jesu Kristi kross for å finna frelse  for sine sjeler og fred med deg, Gud, du som har skapt dei og elskar dei som ei mor sine barn.

Tuvinian, Uriankhai in Russia

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...