fredag 19. oktober 2018

Saudi Arabia

Saudi Arabia er i sterkt fokus desse dagane etter at eksiljournalist Jamal Kashoggi vart drepen i det saudiske konsulatet i Istanbul for to veker sidan. Det synest ganske klårt at ordren om drapet kom frå den mektige prinsen i landet, Mohammad bin Salman. Kashoggi har skrive svært kritiske artiklar i Washington Post mot regimet i hovudstaden Riyadh.

Dette landet står for 25% av verdas oljeproduksjon, og er strategisk plassert i Midt-Austen. Av den grunn har USA gjennom mange lagt stor vekt på å vera ein alliert med dei. Mordet på Kashoggi set dette venskapet på prøve.

Folketal: 28 571 000. Immigrantar (arbeidsinnvandrarar) utgjer 37% av befolkninga. Landet har ei utstrekning på 2 240 000 km2, i det store og heile eit veldig ørkenområde.

Saudi Arabia er islams heimland og festningsverk. Det var her Muhammed budde, fekk openberringane sine, forkynte og starta sverdmisjonen sin. Kongen i Saudi Arabia ser det som sitt store oppdrag å verna dei heilage byane Mekka og Medina, og å fremja islams sak i verda.

Landet er eit eineveldig monarki, og blir styrt diktaturisk av familien Saud.
På 1700-talet aksepterte kongen wahabbismen som den rette tolkninga av islam. Wahabbismen er prega av svært strenge reglar, og Saudi Arabia bruker i dag store summar for å spreia denne ekstreme islamversjonen over heile verda.

5,43% av befolkninga er kristne, men dei er i hovudsak utlendingar.

Det er ganske vasstette skott mellom framandarbeidarar og den innfødde befolkninga, og alle former for kristen misjon er strengt forbode og blir straffa hardt. Gjerne med mange hundre piskeslag, og saudiarabarar som kjem til tru og blir oppdaga, blir avretta. Likevel skjer akkurat det i aukande grad. Det er eit mirakel.

I dette landet eksisterer ikkje menneskerettane i det heile tatt. Etter Nord Korea ligg landet som nr 2 på verstinglista til Opne Dørar over land som forfølger kristne.

Landet fører i desse dagar ein nådelaus og brutal   krig i Jemen, og blokkaden av landet gjev årsak til ein svoltkatastrofe som verda ikkje har sett sidan Biafrakrigen i Nigeria på 70-talet. Bilete av radmagre og utsvelta barn er enno en gong å sjå på TV-skjermane våre. Men no er det ingen Elias Berge som kjem barna til hjelp.

Men Jesus er likevel i Saudi Arabia og gjer sine gjerningar i det stille. Kristne "muslimar" opererer som løynde Kristusagentar i landet, og dei er å finna i Mekka under den årlege pilgrimsreisa. Dei går saman med dei andre pilgrimane rundt kabasteinen, og med profetisk innsikt ber dei stille for folk i Jesu namn, og der i islams sentralheilagdom vert menneske frelst frå sine synder og lækte for sine sjukdomar. Dette kan me lesa om i Tom Doyle si bok "Drømmer og syner" som kom ut for 3-4 år sidan. Tom Doyle har skrive tre bøker om kva Jesus held på med i Midt-Austen for tida, og dei bør lesast av alle.

Kjære Herre Jesus Kristus, kongen over kongane og Herren over herrane på jorda. Ditt rike står gjennom alle tide, og ditt herredøme varer frå slekt til slekt. Takk for det du gjer i dag i Saudi Arabia, dette landet som Satan har som festningsverk for sitt religiøse hovmot. Me prisar og takkar deg fordi du er større enn djevelen både i makt og kløkt, og du gjer dine gjerning i dette landet gjennom folk som stille hevdar ditt ord og som let seg fylla av din Ande. Me ber deg om at evangeliet skal spreia seg som ein grasbrann frå hjarta til hjarta til heile landet står i fyr og flamme for deg. Hald di vernande hand over venene dine, gjer dei kloke som slangar og einfelde som duer, og må Andens mektige kraft og nåde renna ut frå dei og skapa liv i døde og tørre ørkenhjarto. 
Herre Jesus, du som bar bort verdas synd, må frukta av din død og di oppstode blir alle saudiarar til del. Må dei sjå at du er den sanne Gud som levde, døydde og stod opp for å gje dei evig frelse som ei gåve. Riv ned alle tankebygningar i dette landet som reiser seg mot kunnskapen om deg, lat dei berre smuldra bort og leggjast på historias søppelhaug. Må lyset frå ditt ansikt gjennomlysa alle menneske i Saudi Arabia, også kongefamilien, og avsløra og avdekka alle dei løgnene som dei i dag byggjer liva sine på og som fører dei mot evig fortaping og dom. Herre Jesus, miskunna deg over Saudi Arabia, i ditt mektige namn, amen!


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...