Viser innlegg med etiketten Romania. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Romania. Vis alle innlegg

tirsdag 9. oktober 2018

Romania

Image result for romaniaRomania grensar til Svartehavet, Bulgaria, Serbia, Ungarn, Ukraina og Moldova. Areal: 238 391 km2. Folketal: Rundt 20 mill. Folketalsutvikling: Negativ (-0,4%). Religion: Rumensk ortodoks kristendom. Hovudstad: Bukuresti med 1,9 millionar innbyggjarar.

Romania var i antikken befolka av romarar (difor Romania), og rumensk språk har latinske røter. 86% er rumenarar, 6,6% ungararar og 3,8% sigøynarar.

Etter 2.verdskrigen vart Romania okkupert av Sovjetunionen tvinga inn under kommunismen. Den økonomiske utviklinga under kommunismen var katastrofal, og juletider 1989 fall regimet. Romania har i dag representativt demokrati med fleirpartisystem.

Frå naturens side er Romania rikt med store jordbruksområder med framifrå matjord.  Likevel er fattigdomen stor mange stader, og i byane kryr det av gatebarn som ingen tek seg av. Mange lever simple liv under gatenivå der dei går under av stoffmisbruk og infeksjonssjukdomar.

Landet vart medlem av EU i 2007, og etter det har økonomien betra seg kraftig. Men korrupsjonen er eit massivt problem den dag i dag.

Under kommunismen vart kristne kraftig forfølgde. Bøkene til den berømte lutherske presten Richard Wurmbrand fortel alt om dette. Wurmbrand sjølv sat 14 år i fengsel for sitt kristne engasjement.

I dag er det religionsfridom. 87% er reknar seg som kristne i kraft av sitt medlemskap i den ortodokse kyrkja. Elles er 6,64% prostestantar og 5,8% romerks katolske (alt tal frå 2010, men det gjev ein peikepinn). Dei evangeliske og karismatiske kristne opplever ein årleg vekst på 2-3%. Det er solid.

Romania er den nasjonen i Europa som idag er mest open for Gud og det kristne evangelium. Det var i 2010 6000 evangeliske kyrkjelydar i Romania. Desse har som mål å få planta nye kyrkjelydar i kvar einaste by og tettstad i landet. Dei jobbar målretta med det.

Landet lid under eit stort og utarmande rusproblem, det har Europas høgaste abortrate med 3-4 abortar for kvart fødde barn, arbeidsløysa er skyhøg, dei politiske leiarane inkompetente og det trengst eit kjempeløft for å få helsevesenet, skulesystemet og det juridiske apparatet med domstolar og påtalemyndighet opp og gå.


Me takkar deg Gud for den openheit for deg du har skapt i Romania, og for den enorme iveren for evangeliet om Jesus som dei evangelisk truande syner. 
Takk for alle nye kristne, og me ber om at dei skal bli forsvarleg disippelgjort.
Me ber om ein gjennomgripande nasjonal vekkelse i dette landet, og at land og folk skal bli lækt for sin djupe skade.
Sjå i nåde til alle barn som lever på gata, og send ansvarlege vaksne for å dra omsorg for desse. Me ber om ei radikalt endra innstilling til gatebarn. 
Me ber om at rumenske kvinner skal slutta å bruka abort som "prevensjon", og at rumenarane skal lære seg å leva reint seksuelt og gå på dine vegar i så måte.
Me ber om at du skal velsigna Romania med kompetente politiske leiarar med høg moralsk karakter
Me ber om nytt liv og vekkjing i den ortodokse kyrkja.
Me ber om einskap mellom dei evangelisk kristne i landet.
Me ber om at kyrkja skal velsignast med gode og kloke leiarar.
Me ber om at Bibelen skal bli distribuert og lest av alle truande





onsdag 11. oktober 2017

Romania

A map of Romania class=
Areal:238391 km2. 
Folketal: 21 529 967
Religion: 97% kristendom. 91% ortodokse. 6,4% protestantar, 4,2% romersk katolske.
Folk: 83,4% rumenarar , 6,1% ungararar, 3,1% sigøynarar.
Språk; Rumensk, ungarsk og romani.
Styresett: Parlamentarisk demokrati
Romania var i mange hundreår del av det ottomanske riket. Fekk sjølvstende i 1878. Alliert med Tyskland under 2.verdskrigen. Okkupert av Sovjetunionen i 1945. Kommunistisk fram til 1989.
Landet er i dag medlem av NATO og EU.

Romania ligg på det veldige slettelandet som Donau har danna gjennom åra. Over 60% av arealet er dyrkbart. Jordbruk er viktig for økonomien.
Landet vart tungt råka av finanskrisa i 2008.
Økonomien på rett spor no, men han er svært sårbar. Ein aldrande befolkning, svikt i skatteinngangen, høg gjeld og underskotsbudsjett er urovekkande. I tillegg kjem ein abnorm korrupsjon i næringslivet.

Helsevesenet er dårleg. Aborttala høge. Skilsmisseprosenten likeeins. Rusproblema er også store. I Bucuresti er det mange tusen gatebarn. Dei lever i kloakkummar og er i ein elendig forfatning.


Be om
  • politiske leiarar, embetsmenn  og næringslivsleiarar av stort format, folk som er dugande, ærlege og pålitelege i all si gjerning
  • at dei politiske leiarane, og befolkninga elles, skal ta skikkeleg ansvar for gatebarna
  • framgang for økonomien, gode avlingar, nye investeringar, høg arbeidsmoral
  • rumenske menn reiser seg og tek ansvar for kvinner og barn, og at dei lærer seg truskap og sann manndom
  • be om ein edrueleg befolkning
  •  . 
 Det har vore signifikant framgang for evangeliet dei siste åra. Mange er komne til personleg tru på Jesus Kristus. Men det manglar leiarar. Det er vanleg at pastorar har ansvar for mange mindre kyrkjelydar. Be om
  • at Gud skal gje desse kyrkjene leiarar som kjenner han, hans ord og som elskar hans barn. Gode hyrdar for flokkane. 
  • om gode kår og framgang for bibelskulane og dei teologiske institusjonane i landet, slik at dei kan veksa og utdanna nye gode leiarar til kyrkjelydane. 
  • at det skal vera eit godt og fruktbart forhold mellom utanlandske misjonærar og nasjonale kristne. 

tirsdag 1. september 2015

Moldovia








 Moldovia er klemt inne mellom Romania og Ukraina, og vert rekna som Europas fattigaste land. Dette trass i at landet har mengder av det finaste jordsmonnet som tenkjast kan. Det bur 3,5 millionar menneske der, mest moldovarar, men også ukrainarar, rumenarar, russarar, tyrkarar og bulgararar. Folketalet  søkk med 1% per år.
Moldova er eit jordbruksland med stort uutnytta potensiale. Industri manglar, og det er lite handel.
Den ortodokse kyrkja er dominant og prøver å leggja hindringar i vegen for evangelisk misjon. Politikken er prega av korrupsjon og juks. Transnistriaregionen er dominert av russarar som driv organisert kriminalitet.
3,9% av befolkninga er protestantar. Dei uavhengige kyrkjene veks fortast, over 14% årleg vekst.
Moldovia er eit land med eit godt åndeleg jordsmonn, og svært mange kjem til tru kvart år.
Etter kvart som evangeliet går fram, ser det ut for at det åndelege momentumet også aukar kraftig.

Be om nasjonal einskap, at Transnistria og Gagauzregionen skal koma under full kontroll av sentralregjeringa.
Be mot korrupsjon og organisert kriminalitet
Be om utvikling av næringslivet
Be om Guds velsigning over jordbruket og alt ærleg arbeid
Be om styrking av undervisningsinstitusjonane
Mange, mange kvinner blir utsette for trafficking og sexslaveri, dei vert kidnappa og selde til Hellas og til andre Vest-Europeiske land. Be om at det må bli ein slutt på denne uretten.
Be om at den ortdokse kyrkja skal slutta med å hindra evangelisk misjon, og sjølve venda seg frå ritualisme til levande tru på Jesus Kristus.
Be om at Gud hjelper dei truande i landet med dagleglivets behov. 20 000 av dei har emigrert frå landet dei siste åra.
Be om disippelskap og god leiarutvikling i kyrkjelydane
Be om at Gud skal nå fram til det muslimske mindretalet i landet, og til dei ortodokse kristne av tyrkisk opphav i Gagauz.
Be om eit sterkt misjonssinn hos alle som kjenner Jesus, og at dei skal vera kreative i sitt misjonale liv.



Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...