Asia Bibi får ikkje lov til å forlata Pakistan. Radikale muslimar over heile landet har gått berserk fordi den kristne kvinna er blitt frikjent for blasfemi. Dei vil sjå henne hengt uansett. I eit forsøk på å roa gemyttane har regjeringa bestemt at ho ikkje får lov å forlata landet, og at nokon skal sjå på saka på nytt, kva no det enn måtte bety.
Asia Bibi og familien er no i livsfare. Dei flyttar frå stad til stad og held seg i skjul. Styresmaktene garanterer for tryggleiken deira med vakthald. Situasjonen er uoversiktleg.
Gode Gud og Far! Me går i mot djevelens raseri, og me seier til denne demoniske stormen som har reist seg mot ditt barn: " I Jesu Kristi namn: Ti, og ver stille!"
Og så ber me om at denne familien skal vera heilt usynleg for fienden framover, og at du, i ditt namn og på din måte, skal ordna med fri utreise frå Pakistan for dei. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar