Dette landet har eit areal på vel 77 000 km2. Folketal omlag 5 millionar. Hovudstad: Abu Dhabi. Om lag 8 % av befolkninga er kristne, 1,2% evangeliske. Resten er muslimar. Dei fleste kristne er utanlandske arbeidarar. Det er tåleg greitt å vera kristen i Emiratane, men blir ein for ivrig og direkte i evangeliseringsarbeidet, risikerer ein forfølging. Likevel opplever kyrkja ein mirakuløs vekst. Mange arabarar møter Jesus på ein svært personleg måte gjennom draumar og syner.
Emiratane er ein steinrik moderne oljenasjon.
Takk gode Gud for det du gjer i Emiratane for tida. Og me ber om meir. Må innbyggjarane oppleva islam som ein tom religion, og at dei kun kan bli heile og sanne ved å ta imot frelsa i Jesus Kristus. Me ber om at ordet ditt skal bli tilgjengeleg for alle i landet, at kyrkja di skal vera full av ihuge for deg og di sak, og at dei truande skal leva misjonale liv. Må din kjærleik forvandla nasjonen frå innsida, og må alle innbyggjarane der bli djupt råka av din kjærleik. Du har velsigne denne nasjonen økonomisk, og me ber om at milliardane deira skal stillast til disposisjon for evangeliet. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar