tirsdag 9. oktober 2018

Romania

Image result for romaniaRomania grensar til Svartehavet, Bulgaria, Serbia, Ungarn, Ukraina og Moldova. Areal: 238 391 km2. Folketal: Rundt 20 mill. Folketalsutvikling: Negativ (-0,4%). Religion: Rumensk ortodoks kristendom. Hovudstad: Bukuresti med 1,9 millionar innbyggjarar.

Romania var i antikken befolka av romarar (difor Romania), og rumensk språk har latinske røter. 86% er rumenarar, 6,6% ungararar og 3,8% sigøynarar.

Etter 2.verdskrigen vart Romania okkupert av Sovjetunionen tvinga inn under kommunismen. Den økonomiske utviklinga under kommunismen var katastrofal, og juletider 1989 fall regimet. Romania har i dag representativt demokrati med fleirpartisystem.

Frå naturens side er Romania rikt med store jordbruksområder med framifrå matjord.  Likevel er fattigdomen stor mange stader, og i byane kryr det av gatebarn som ingen tek seg av. Mange lever simple liv under gatenivå der dei går under av stoffmisbruk og infeksjonssjukdomar.

Landet vart medlem av EU i 2007, og etter det har økonomien betra seg kraftig. Men korrupsjonen er eit massivt problem den dag i dag.

Under kommunismen vart kristne kraftig forfølgde. Bøkene til den berømte lutherske presten Richard Wurmbrand fortel alt om dette. Wurmbrand sjølv sat 14 år i fengsel for sitt kristne engasjement.

I dag er det religionsfridom. 87% er reknar seg som kristne i kraft av sitt medlemskap i den ortodokse kyrkja. Elles er 6,64% prostestantar og 5,8% romerks katolske (alt tal frå 2010, men det gjev ein peikepinn). Dei evangeliske og karismatiske kristne opplever ein årleg vekst på 2-3%. Det er solid.

Romania er den nasjonen i Europa som idag er mest open for Gud og det kristne evangelium. Det var i 2010 6000 evangeliske kyrkjelydar i Romania. Desse har som mål å få planta nye kyrkjelydar i kvar einaste by og tettstad i landet. Dei jobbar målretta med det.

Landet lid under eit stort og utarmande rusproblem, det har Europas høgaste abortrate med 3-4 abortar for kvart fødde barn, arbeidsløysa er skyhøg, dei politiske leiarane inkompetente og det trengst eit kjempeløft for å få helsevesenet, skulesystemet og det juridiske apparatet med domstolar og påtalemyndighet opp og gå.


Me takkar deg Gud for den openheit for deg du har skapt i Romania, og for den enorme iveren for evangeliet om Jesus som dei evangelisk truande syner. 
Takk for alle nye kristne, og me ber om at dei skal bli forsvarleg disippelgjort.
Me ber om ein gjennomgripande nasjonal vekkelse i dette landet, og at land og folk skal bli lækt for sin djupe skade.
Sjå i nåde til alle barn som lever på gata, og send ansvarlege vaksne for å dra omsorg for desse. Me ber om ei radikalt endra innstilling til gatebarn. 
Me ber om at rumenske kvinner skal slutta å bruka abort som "prevensjon", og at rumenarane skal lære seg å leva reint seksuelt og gå på dine vegar i så måte.
Me ber om at du skal velsigna Romania med kompetente politiske leiarar med høg moralsk karakter
Me ber om nytt liv og vekkjing i den ortodokse kyrkja.
Me ber om einskap mellom dei evangelisk kristne i landet.
Me ber om at kyrkja skal velsignast med gode og kloke leiarar.
Me ber om at Bibelen skal bli distribuert og lest av alle truande





Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...