Viser innlegg med etiketten muslimar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten muslimar. Vis alle innlegg

mandag 12. januar 2026

Dagens unådde folkeslag: Ansari, India

 

Foto: joshuaproject.net

Ansari er ei stor folkegruppe som tel nesten 16 millionar menneske spreidd ut over store deler av India. 
Dei snakkar urdu og er muslimar. 0,00% er kristne. Heile Bibelen er tilgjengeleg på urdu i tekst og audio. Og sjølvsagt er Jesusfilmen også dubba til urdu. 
Ansari er venelege folk med låg utdanning. Analfabetismen er skyhøg. Dei driv gjerne med veving, og er særleg flinke med silke. Dei er muslimar som sagt, men driv også me ein god del magiske saker og ting. 

Gode Gud og Far! Løys ansarifolket frå islams lenker, og frå alle åndsmakter som får dei til å søka inn i den okkulte verda. Send dine tenarar til dei for å bu mellom dei over tid, forkynna evangeliet for dei, formidla din kjærleik og di kraft til dei og føra dei ut i den fullkomne fridomen i Jesus Kristus. Amen! 

onsdag 19. november 2025

Dagens unådde folkeslag: Muslimar i Thailand

 

Foto: Pinterest

Det er 1 363 000 muslimske thaifolk. 
Det har vore lite fokus på desse menneska frå kyrkja si side, og få av dei har høyrt om Jesus som frelsar Herre og Gud. 

Be om at Jesu namn må bli kjent i kvar einaste muslimsk thailandsby. 
Be om at leiarane deira begynner å hungra og tørsta etter rettferd.
Be om at dei må finna fram til Jesus som døra inn til Gud. 
Be om at det må renna ein straum av velsigning over dei muslimske thaifamiliane
Be om at Jesu etterfølgarar må ta mot til seg og planta kyrkjelydar i alle landsbyar med muslimsk dominans

tirsdag 29. november 2022

Uganda, del 1

 

Bilde og tekst: operationworld.org


Folketal: Vel 47 millionar fordelt på 67 stammer som snakkar 45 språk. Offisielt språk er engelsk og swahili. Hovudstad: Kampala. 84,7% er kristne. Dei fleste anglikanarar, mange er katolikkar (Uganda var lenge engelsk koloni). 37% er evangelisk kristne. Berre 1% av befolkninga er unådd. 

Mellom 10 ig 15% av befolkninga er muslimar, og desse har ein sterk vekst. Animismen er i tilbakegang reint statistisk. Men folk har mykje animisme med seg inn i kyrkja, og magi, trolldom, fetisjisme og hekseri påverkar måten kristne tenkjer om Gud og verda på, og gjev opning for at vonde ånder dominerer i liva deira. 

Be om at evangeliet om Jesus må vekka gjenklang hos muslimane, at islams framvekst må stoppa opp og at folk vert løyste frå åndsmakter som held dei bundne til falske "gudar", løgntankar og eit syndig livsmønster.  

Vekking og kyrkjevekst har pågått kontinuerleg sidan 1986. Uganda har ei sterk bønerørsle, og det er eit sterkt evangelikalt nærvær i den offisielle ugandiske kyrkja (angelikansk), og det går ei åndeleg fornyingsrørsle over Den romersk katolske kyrkja i landet. Mange reknar landet for å vera den mest kristne nasjon i verda. Offentleg bøn er vanleg både i regjeringa og i rettspleien, og dei fleste er aktive i kyrkjelyd. Den største veksten er å finna mellom pinsevener og karismatikarar. 

Be om at Jesu karakter skal avspeglast i kyrkja og i nasjonen som heilskap. Ein skulle forventa at eit land med så mange aktive kristne skulle reflektera verdiane i Guds rike på ein sterkare måte enn det Uganda gjer. Ofte trengst det vekking i vekkinga. 

HIV/AIDS har vore eit gigantisk problem i Uganda, og mange barn er blitt foreldrelause pga denne epedemien. Styresmaktene har teke tak, og fått redusert talet på nye smitta personar kraftig, aller mest fordi folk har endra seksuallivet og har lært seg å halda det innafor ekteskapet mellom mann og kvinne.  Men no er det på veg opp igjen.

Be om at folk må endra åtferd fordi hjarto deira er endra, at dei rette vala kjem som eit resultat av at folk har fått det rett med Gud. 

Trass i at Uganda har ei så stor og levande kyrkje, er misjon utover landegrensene svært avgrensa. 

Be om at nauda for dei fortapte også i andre land må gripa hjarto til dei truande slik at Uganda blir eitt av dei leiande misjonslanda i Afrika. 







fredag 25. mars 2022

Dagens unådde folkeslag: Cham i Kambodsja

 


Chamfolket i Kambodsja tel 256000 menneske. Dei er muslimar. Under Raude Khmer-regimet som varte frå 1976 til 1979 vart 100000 av dei drepne. Chamfolket er ekstremt fattige, 0,01% av dei er kristne. 

Gode Gud. Du er Gud også for chamfolket i Kambodsja. Me ber i Jesu namn om at ditt rike skal koma til dei gjennom kristne som elskar dei, og som er kalla og utrusta av deg for å hausta dei inn. Velsign dette fattige folket, og gje dei gode idear om korleis dei kan betra livssituasjonen sin. Sjå i nåde til chamfolket i Jesu namn. Amen! 









mandag 15. oktober 2018

Russland III. Minoritetsgrupper

Det var i 2010 78 heilt unådde folkegrupper i Russland. Til saman er det snakk om 13 millionar menneske. Institutt for Bibeloversetting (IBT), med hovudkontor i Moskva, har ansvaret for 45 pågåande bibeloversettingar. Les meir om dette instituttet på heimesida deira: http://ibt.org.ru/en.

Det er 17 millionar muslimar i Russland. Dei aukar i tal, medan russarane minkar. Rundt neste århundreskifte kan muslimane vera i fleirtal. Då er det viktig at dei kjenner Jesus og har vendt seg til han.

Det er framleis 250 000 jødar i Russland. 10 000 av dei er messianske.

Av alle sigøynarane i Russland er 5% evangelisk kristne.

Ingen har nokon nådd dei 1 million kinesarane i dette riket med evangeliet.

16,5 millionar russarar lever som minoritetar i nasjonar som før var ein del av Sovjetunionen, men som vart sjølvstendige rundt 1990.

Gode Gud og Far! Du sende Sonen din til verda for å frelsa alle menneske og opplysa dei med ditt ord og din Ande. Me ber om at alle Bibelen skal bli omsett til alle levande språk i Russland, slik at ditt gode lys kan skina for alle i dette veldige riket. Gje IBT alt dei treng for å kunna fullføra den veldige oppgåva dei har påteke seg. Må alle som i dag bøyer seg for Allah, måtta bøya seg for Jesus og sanna at det er Han som er Herre, til di ære. Gje alle jødar i Russland ei djup forståing av at Jesus er deira Messias, bøya seg for han og ta imot frelse ved tru utan gjerningar. Må Andens eld fanga inn alle sigøynarar, slik han gjer andre plassar i Europa. Send arbeidarar ut til din haust mellom dei russiske kinesarane, og me ber om at alle russarar som lever i diaspora skal få eit møte med den levande Jesus, slik at dei ikkje berre har ein kristen religion, men at dei kjenner deg, den einaste sanne og levande Gud, og Han du sende, den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus. Amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...