Den kristne 15-åringen Leah Sharibu frå delstaten Jos i Nigeria vart kidnappa av Boko Haram 19. februar i år saman med 109 andre og to hjelpearbeidarar frå Raudekrossen. 104 muslimske jenter vart sett fri, fem jenter er drepne, og Leah Sharibu og hjelparbeidarane vil bli drepne om ei veke om ikkje nigerianske styresmakter betalar løysepengar for dei.
Gode Far! Me ber om at du i Jesu namn skal stoppa Boko Haram i deira vonde planar. Må dei bli til skamme og rista av redsle og brått snu seg bort i skam (Salme 6,11). Du er ein Gud som set fangar fri, så me ber om fridom for Leah Sharibu og desse to hjelpearbeidarane! Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark
Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande. Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar