Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
søndag 14. desember 2025
Terror mot jødar i Australia
lørdag 28. juni 2025
700 jødar arresterte i Iran
Etter krigen mot Israel er 700 jødar blitt arresterte i Iran mistenkte for å ha samarbeida med israelarane. Utan rettargang og framlegde bevis er alt fleire av dei blitt avretta. Det er ILTV som melder dette.
Be om Guds beskyttelse over jødane i Iran.
Be om at dei må få koma seg trygt til Israel.
mandag 14. november 2022
Jødar i Sverige
Far i himmelen! Me ber om frelse og fred for den avdelingen av det kjære folket ditt som bur i Sverige. Må dei få sjå Jesus som den frelsar han er for dei, og ta imot han i hjarto sine og bli dine nådebarn. Herre, velsign dei, bevar dei, lat ditt andlet lysa over dei og ver dei nådig, me ber i Jesu namn. Amen!
onsdag 10. august 2022
Dagens nasjon: Latvia
Latvia har i underkant av 2 millionar innbyggjarar fordelt på 21 folkegrupper som snakkar 13 ulike språk. Over 1 million menneske bur i Riga. Landet var ein del av Sovjetunionen fram til 1991 då unionen vart oppløyst og alle dei baltiske landa vart sjølvstendige. Latvia er i dag medlem av både EU og NATO. I dag er det stor spenning knytta til om den russiske presidenten Vladimir Putin vil truga desse tre landa millitært. Eit slikt "eventyr" vil garantert utløysa 3. verdskrigen.
Be om at den allmektige Gud må setja grenser for Putin sine aggressive handlingar og planar, og at Latvia skal oppleva varig fred.
Latvia er eit land lite paddeflatt land med mykje skog og jordbruksareal. EU har spytta enorme summar inn i landet for å sørga for økonomisk utvikling. Men enno eksporterer Latvia den beste arbeidskrafta si til andre EU og EØS-land. Det går ut over ekteskapa, familiane og barna.
Be om at Latvia skal oppleva økonomisk vekst slik at det kan vera godt med arbeid til folk.
Før landet vart oppslukt av Stalin før krigen identifiserte latviarane som lutheranarar. Etter at dei vart sjølvstendige, har dei søkt etter sine åndelege røter, ikkje berre i lutherdomen, men kanskje i enno større grad i førkristen mytologi. Eg var ei veke på besøk i Latvia rundt 2017, og på landsbygda var denne trenden tydeleg.
Be om at Den heilage ande må ausast ut over alle menneske i dette landet slik at dei kan koma til tru på Jesus og bli Guds barn av nåde.
Det er ein stor russisk minoritetsbefolkning i landet, og desse er ortodokse. Dei ortodokse kyrkjene er flotte og påkosta, medan dei lutherske er spartanske og bedehusaktige. Det er for så vidt OK berre det er åndeleg liv innafor veggene, men det er lite av det også.
I Latvia er det 7000 jødar, ein rest etter folkemordet under den 2. verdskrigen. Dei er totalt immune mot det kristne evangelium.
Be om at den gryande vekkinga som me ser i mange jødiske miljø no også skal koma til jødane i Latvia slik at dei forstår at Jesus er deira Messias meir enn nokon andre sin.
onsdag 21. juli 2021
Israel
Israel er, saman med Egypt, den nasjonen på jorda med djupaste historiske røter. Men medan Egypt i dag er ein arabisk nasjon med ein gamalegyptisk kristen minoritet, var Israel ein jødisk nasjon heilt frå starten av, og er det framleis. Etter nesten 2000 år i diaspora, vart det moderne Israel etablert 14.mai 1948. Det var eit historisk mirakel, ikkje minst sett i lys av at Hitler og nazi-Tyskland hadde gjort sitt ytste frå 1942 til 1945 å utsletta dei. Israel er sanneleg Guds eigen nasjon på jorda. Dei er elska av Gud for fedrane si skuld, står det i Bibelen, medan me som er Jesustruande ikkje-jødar, med er elska av Gud for Kristi skuld.
Israel har nesten 9 millionar innbyggjarar, og folketalet aukar jamt og trutt, ikkje minst pga innvandring. Over 2 millionar av statsborgarane er forresten arabarar.
Sidan flatemålet er beskjedent, vel 21000 km2, bur folk tett. Nesten 400 per km2. Til samanlikning er det ikkje meir enn 14 per km2 i Noreg.
Israel har mange fiendar. Heilt frå staten vart etablert, har arabiske naboar freista å utsletta han frå kartet, men utan å lukkast. Antisemittismen i verda i dag rettar seg i stor grad mot Israel. Men også jødefolket i andre land merkar at hatet mot dei aukar både frå muslimar, høgreekstreme og faktisk heilt vanlege folk, ikkje minst i Noreg der stadig fleire parti, kommunar og interesseorganisasjonar går inn for å boikotta israelske produkt frå Judea og Samaria (Vestbreidda), eit området som heilt utan grunn blir sett på som okkupert. Stadig fleire, også Den norske kyrkja, snakkar forresten som om heile Israel er okkupert område, og dei skuldar Israel for å vera ein apartheidstat som driv med krigsbrotsverk og endå til folkemord på palestinarar, noko som er heilt på jorde i og med at 2 millionar av dei er israelske statsborgarar, og 12 av dei har plass i Knesset, Israels folkevalde parlament.
Israel er i dag ein moderne høgteknologisk stat som utnyttar arealet sitt svært effektivt til matproduksjon, og dei eksporterer både jordbruksprodukt og teknologi til andre land. Utan israelske produkt hadde korkje datamaskinane eller mobiltelefonane våre fungert, ei heller mange av dei avanserte apparata som finst på dagens sjukehus som kvar dag er med å bergar mange liv.
Mange jødar er sekulære, og trur ikkje på noko som helst, men dei fleste har likevel ein eller annan tilknytning til jødedomen. Alle overheld sabbaten, og dei store jødiske høgtidene er arbeidd inn i kalenderen.
17,9% av befolkninga er muslimar. 1,9% er kristne (0,2% evangeliske), og 1,6% er drusarar (kjelde: CIA World Factbook)
Mange av dei kristne er arabarar som tilhøyrer ortodokske og katolske kyrkjer. Men no veks det fram stadig fleire messianske jødiske kyrkjelydar som eit resultat av evangelisk misjon, og organisasjonen One for Israel, som i stor grad vert driven av Jesustruande jødar, opplever stor suksess med internettsatsinga si både mellom jødar og arabarar. Det synest klårt: Jesus Kristus er den einaste som kan skapa fred og forsoning mellom jødar og arabarar.
Nesten ingen jødar i Israel veit kven Jesus er. Han er eit forbode samtaleemne, og i skuleverket blir han ikkje nemnt. Kvifor er det slik? Fordi det er den kristne delen av verda, ofte med kyrkja i spissen, som gjennom historia har påført dette folket den største sorg og smerte.
Gud valde i si tid ut Israel gjennom Abraham forat dette folket skulle bringa openberringa av Gud til heile verda. Det har også skjedd i og med at Bibelen er ei jødisk bok, og Jesus og apostlane alle var jødar. Men Gud er ikkje ferdig med folket enno. Når den nasjonale kristen vekkinga råkar nasjonen, vil heile folket bli involvert i ein svært suksessrik verdsmisjon. Dette les me om i Romarbrevet 11.
Israel er ein moderne vestleg stat også på den måten at dei ikkje berre aksepterer kjønnsmangfaldsrørsla, men promoterer denne, og Israel er på verdstoppen i talet på abortar per tusen kvinner per år.
Be om at Gud skal verna Israel og verdas jødar mot overgrep og åtak.
Be om at forsoning og fred mellom jødar og arabarar i og utanfor Israel
Be om at evangeliet må spreia seg som ein surdeig i nasjonen til alle i Israel veit kven Jesus er.
Be om at israelarane og alle verdas jødar må falla ned for Jesus og anerkjenna han som Herren Israels Gud.
Be om at dei skal forstå at Jesus vart såra for deira brot og knust for deira misgjerningar, at straffa låg på han for at dei skulle ha fred, og at dei ved hans sår har fått lækjedom.
Be om at Gud skal reinsa nasjonen for ulydnad, urett og ureinskap.
Be om at landet skal ta eit kraftig oppgjer med abortlov og abortpraksis.
Be om at Israels land og folk må bli gjeninnsett i Guds plan med tanke på frelse for alle nasjonar.
mandag 15. oktober 2018
Russland III. Minoritetsgrupper
Det er 17 millionar muslimar i Russland. Dei aukar i tal, medan russarane minkar. Rundt neste århundreskifte kan muslimane vera i fleirtal. Då er det viktig at dei kjenner Jesus og har vendt seg til han.
Det er framleis 250 000 jødar i Russland. 10 000 av dei er messianske.
Av alle sigøynarane i Russland er 5% evangelisk kristne.
Ingen har nokon nådd dei 1 million kinesarane i dette riket med evangeliet.
16,5 millionar russarar lever som minoritetar i nasjonar som før var ein del av Sovjetunionen, men som vart sjølvstendige rundt 1990.
Gode Gud og Far! Du sende Sonen din til verda for å frelsa alle menneske og opplysa dei med ditt ord og din Ande. Me ber om at alle Bibelen skal bli omsett til alle levande språk i Russland, slik at ditt gode lys kan skina for alle i dette veldige riket. Gje IBT alt dei treng for å kunna fullføra den veldige oppgåva dei har påteke seg. Må alle som i dag bøyer seg for Allah, måtta bøya seg for Jesus og sanna at det er Han som er Herre, til di ære. Gje alle jødar i Russland ei djup forståing av at Jesus er deira Messias, bøya seg for han og ta imot frelse ved tru utan gjerningar. Må Andens eld fanga inn alle sigøynarar, slik han gjer andre plassar i Europa. Send arbeidarar ut til din haust mellom dei russiske kinesarane, og me ber om at alle russarar som lever i diaspora skal få eit møte med den levande Jesus, slik at dei ikkje berre har ein kristen religion, men at dei kjenner deg, den einaste sanne og levande Gud, og Han du sende, den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus. Amen!
onsdag 17. juni 2015
Ungarn
Ungarn er ein rett gamal kulturnasjon mellom vest og aust-Europa. I mange hundre år utgjorde landet saman med Austerriket, som forresten også omfatta Spania og deler av Nederland, eit rike som kollapsa etter 1.verdskrigen i 1918.
Det bur knappe 10 millionar menneske i landet (folketalet er som elles i Europa synkande), og 90% referer seg til kristendomen. 282000 tilhøyrer protestantiske/evangeliske kyrkjer. resten er romersk katolske. Når det gjeld den åndelege situasjonen, er den i stor grad prega av sekularisering, og det er strenge restriksjonar på offentleg forkynning og vitneteneste. Kyrkja sin påverknad på samfunnet er heller liten. Kyrkjelydane er marginaliserte, og apati og verdslegdom pregar dei truande. Folk flest står langt frå evangeliet, og dei søker svar på livsspørsmåla i det å eiga ting, verdslege fornøyelsar, alkohol, og falsk religion som mystisisme, okkultisme, hekseri, oldgamal shamanisme, tibetansk buddhisme eller ein variert miks av dei ulike retningane.
Dei siste åra har det vakse fram ein skremmande fascistisk rørsle i Ungarn som femner så mange som 40% av befolkninga. Det er statsminister Viktor Orbán og partiet hans Fidesz som står for denne politikken som er i ferd med å knebla all opposisjon med grunnlovsfesta innskrenking av pressefridom. Landet har ikkje lenger pressefridom, uavhengig sentralbank eller uavhengige domstolar.
Kyrkja har ingen politisk, etisk eller sosial påverkningskraft, og har heller ingen betydning i høve til næringsliv, kultur eller økonomi. Likevel har kristne visjonar for landet sitt, og karismatiske katolikkar og evangeliske kristne har som mål å planta kyrkjelydar i alle byar og landsbyar. Denne rørsla er i si spede begynning.
Ungarn er eit nav for den teologiske utdanninga i Sentral-Europa. Fleire kristne universitet tilbyr teologisk utdanning til unge menneske.
Ungarn har ein jødisk minoritet på 90 000 menneske, og eit stort innslag av sigøynarar.
Opp til 30 000 ungarar er heimlause.
Landet var under eit strengt kommunistisk/ateistisk regime frå den andre verdskrigen og fram til 1990. Eit opprør i 1955 vart brutalt slått ned av sovjetiske soldatar og tanks. Dette skapte ei stor ungarsk flyktningebølgje over Europa. Ungarn er eit rikt jordbruksland med enorme jorder, særleg i Vojvodina, det store slettelandet skapt av Donau.
Hovudstad er Budapest med 1,7 millionar innbyggjarar.
Bøn:
Gode Gud! Me ber om ein ny dag for kyrkja i Ungarn og for det ungarske folket, ein dag der Jesus får skina som ei sol for alle som bur i landet. Må din kjærleik i Jesus Kristus blåsa som ein varm vind over ungararane til åndeleg liv for dei. Vekk folket opp for evige verdiar, og skap i dei ein hunger og tørst etter deg, vår Gud. Gje dei truande einskap, set mot i dei og hjelp dei å seia nei til verdslege lyster og følgja Jesus villig og med glede. Fyll dine barn med Anden slik at dei forkynner og vitnar om Jesus med kraft, iver og overtyding. Må det bli planta nye kyrkjelydar i byar og landsbyar, kyrkjelydar som forkynner evangeliet for dei fortapte og reproduserer seg sjølve. Me ber om at all heidensk utvikling i folkeliv og politikk skal gå til grunne under di hand, og at landet i eitt og alt skal bera preg av at du er Ungarns Gud. Gje landet gode og kloke leiarar som har forstand til å søka hjelp hos deg i stort og smått. Me ber også om at jødane, sigøynarane og andre minoritetar i landet skal bli fanga av din kjærleik og kristna i hjarte og sinn. Må vald, korrupsjon og alle former for uærlegdom bli borte. Velsign ungararane økonomisk og vern landet mot store katastrofar, i Jesu namn. Amen!
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...


