Viser innlegg med etiketten blasfemi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blasfemi. Vis alle innlegg

mandag 24. desember 2018

Pakistan: To kristne brør dømt til døden for blasfemi.


Det ser ikkje ut til at frikjenninga av Asia Bibi i pakistansk høgsterett har gjort stort inntrykk på dei lågare rettsinstansane i landet. Dødsdomen mot Qaiser og Amoon Ayub vart forkynt for 2 og ei halv veke sidan, og ber preg av manglande etterforskningsgrunnlag. Den er overfladisk og lettvindt. 

Brørne vart arresterte i 2014 etter at Qaiser skal ha posta såkalla respektlaust materiale på nettsida si.

Det me veit er at alt kan sporast attende til ein krangel mellom han og nokre vener på kontoret hans i 2010 der han vart truga på livet, og han og broren valde flykta utanlands. 

I 2012 kom dei attende, og i 2014 altså arresterte og klaga for blasfemi.

Qaiser administrerte ei nettside fram til 2009. Då stengte han henne ned. Men ein eller annan hadde klart å hacka seg inn og lagt til religiøst støtande materiale som var veleigna som utgangspunkt for eit blasfemiklagemål. Slik er brørne blitt eit lett offer for det justismordet som no er i ferd med å skje.

Dei har appellert domen, men som me har sett i Asia Bibi si sak, kan det ta år før saka kan handsamast av høgsterett.

Begge brørne er gifte. Qaiser har tre barn. Det som har skjedd har gått alvorleg ut over den mentale helsa til sonen hans som er 14.

Men det er lyspunkt også i Pakistan. For det første frikjenninga av Asia Bibi, dernest at kristne arbeidarar får auka lønene sine og at det ligg på trappene ein vesentleg revisjon av lovverket som skal ivareta kristnes rettar på ein betre måte.

Herre Jesus Kristus! Du kjenner denne saka, og be ber i dag om at du skal koma Qaiser og Amoon og familiane deira til unnsetning. Dei treng di hjelp, og me ropar til deg på deira vegne. Må alle falske klagemål fråfallast i ditt namn, og mennene få fridomen sin attende. Takk for tendensar til positiv utvikling i Pakistan, og me ber om at kristne og andre minoritetar skal få sine grunnleggjande rettar oppfylte i dette landet. Amen!

lørdag 26. september 2015

Pakistan






 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
•185 mill menneske
•Islamsk republikk
•Hovudstad: Islamabad
•Dei største byane er: Karachi og Lahore
•Uavhengig frå India i 1947
•4,5 mill kristne. 1,1 mill evangeliske
•Snakkar urdu. Engelsk adm.språk. Totalt 77 språk.
•70% analfabetisme
   
Bøn: 
Landet er prega av vald og lovløyse. 
Be om at denne ånda skal brytast i Jesu namn.
Kristne er oftast lågkastefolk og bur i eigne koloniar. Dei er henvist til dei simplaste 
jobbane. Det er rein apartheidpolitikk. Svært mange er analfabetar. 
Be om at dei må læra seg å lesa og skriva, få seg
utdanning og slik koma seg ut av vankunna, fattigdom og undertrykking. 
 Mange kristne er nominelle. Be om at Gud renn Anden sin ut over kyrkja si,
 reinsar henne, døyper henne, reiser henne opp, set mot i henne og utrustar
henne til kraftfull misjon blandt den muslimske majoriteten. 
Be om at dei truande må tola forfølging, og møta hat og vald med Kristikjærleik. 
Be om mange audmjuke, ærlege og dedikerte kristne kyrkjeleiarar. 
Be om fridom for Asia Bibi og Imran Ghafur som er dømde til døden o
livsvarig fengsel for blasfemi.  
Be om at blasfemilovene skal fjernast frå lovverket, og at menneskerettane 
 skal respekterast.
Be om fred mellom Pakistan og India. Be om at Taliban si makt i landet skal
bli sveikka og desimert. 
Be om vern for alle jenteskular. Taliban fører væpna krig mot skular som
utdannar jenter.
Be om at islams løgner skal bli avslørt for folket, og
Kristus skal lysa for alle som vegen, sanninga og livet.
Be om at Gud også skal gjera sine gjerningar mellom dei 7 millionar
pakistanarane som har flytta til andre land. 

Pakistan er gjennomsyra av korrupsjon. 
Be om at dette må bli avslørt og pådømt
og at landet skal bli begunstiga med ærlege, rettferdige, kunnskapsrike og kloke
 leiarar.
Bibelen er omsett til 7 av 77 språk. Det er sett i gong omsettingsarbeid i 16 nye
språk.  Be om at alle levande minoritetsspråk skal få si bibelomsetting.
Barnearbeid og slaveri er vanleg. 
Be om fridom for slavar  og skulegang for
barna.
 
 

Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...