onsdag 17. oktober 2018

Rwanda

Rwanda ligg i hjarta av Afrika. Det bur 12 millionar menneske i landet fordelt på 12 folkegrupper som snakkar 5 ulike språk. 90% av befolkninga tilhøyrer ei kristen kyrkje, 26,9% er evangeliske medan resten tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. Den massive aust-afrikanske evangelsike vekkjinga som braut ut i 1930, og som varer enno, starta i Rwanda.

Landet vart heimsøkt av ein fælsleg folkemord i 1994 då hutustamma på 100 dagar slakta ned 800000 tutsiar. Over 1 millon menneske flykta til nabolanda. Ein kan berre undrast over at slikt kan skje i eit land med ein så stor prosent kristne, og kan berre forklarast ut frå overfladisk tru og demonisk aktivitet. Men dette er me så visst ikkje ukjende med i Europa heller.

Etter folkemordet har økonomien gått rett oppover i Rwanda. Den er ein av dei raskast veksande i Afrika.
Den evangeliske rørsla har også skote fart etter 1994,  ikkje minst pga at den katolske kyrkja i stor grad svikta i kampen for rettferd under massakrane.


Politisk må me sjå på Rwanda i dag som eit vlefungerande diktatur. President Paul Kagama har nærast uinnskrenka makt.

Dette året har gjeve mange evangeliske kyrkjer store vanskar. 700 av dei er blitt stengde ned og forbodne fordi styresmaktene meiner pastorane deira har for lite utdanning. No krev dei minst ein bachelorgrad i religiøse studier for å kunna tenestegjera i ei kyrkje. Styresmaktene meiner at det blir for lett å skipa kyrkjelydar, og at det også blir for mykje heimastrikka kristendom. Dette har i særleg grad gått ut over små pinsekyrkjer. Leiaren for dei, Bosco Nsabimana undrar seg på kvifor styresmaktene ikkje også stenger ned nattklubbar og barar (www.dagen.no, 15.juli 2018). Det er vanskeleg å sjå på dette som noko anna ein del av djevelens kamp mot Guds rike.

Gode Gud og Far! Velsign kyrkja di i Rwanda. Lat dei få følgja deg som trufaste disiplar, vera lys og salt i samfunnet uansett kva kår dei må finna seg i å leva under. Utrust dei med din kjærleik, med profetiske gåver og med Andens mektige eld. Må sann vekking gripa heile landet og fordriva djevelen frå sjelene. Må ditt lys fløyma over folka og Anden din bli aust ut over alle menneske, slik du har lova. Hald auga med motstandarane, og gje dine tenarar å forkynna ordet ditt med frimot, og rekk du ut di hand slik at under og teikn skjer i din tenar Jesu Kristi namn. Fyll dei truande med visdom, gje dei ein bibelfundert kristendom, og lat ingen kunna motså den innsikt du gjev dei. Vern dei mot uheldige og tåpelege avvik, og bevar dei i moralsk og dogmatisk reinleik. Me ber i Jesu namn, amen! 


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...