Etter at kommunismen, jernteppet og Sovejtunionen kollapsa i 1991, fekk den ortodokse kyrkja ein renessanse, kyrkjene vart pussa opp og gudstenestene reetablert, og talet på ateistar er blitt meir enn halvert etter den tid. Samstundes gjekk mange evangeliske kyrkjer tungt inn med misjon i Russland, og talet på slike kyrkjer har dobla seg, og medlemstalet tredobla seg (2010). Bibelmisjonen tok seg også kraftig opp, og det vart sett i gong ei mengd med bibeloversettingsprogram, særleg i Kaukasusområdet der språkrikdomen er stor. Men pionertida har teke slutt, og veksten har stagnert.
Lat oss be:
Gode Gud og Far! Størstedelen av det russiske folket lever enno i sine synder, og dei kjenner ikkje deg og den frelsesgåva du har gjeve menneskeætta gjennom Jesus. Må din Ande kvila sterkt over kyrkja di i Russland og utrusta og inspirera russiske kristne til å disippelgjera sine eigne landsmenn over heile dette veldige riket. Å Herre Jesus, du som tok bort verdas synd med ditt fullkomen offer, må ditt Ord bli forkynt med kraft over heile Russland, og frukta av ditt offer bli alle russarar til del. Me ber i ditt eige namn. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar