mandag 5. november 2018

Sri Lanka

I dag ber me for Sri Lanka. Landet har rundt 20 millionar innbyggjarar som bur på 65000 km2 landområde. Folkegrupper: 76% singalesarar , 14,3 % tamilar, 8,3% arabiske maurarar.
Offisielle språk: Singalesisk,  tamilsk og engelsk. Totalt blir det snakka 7 språk i landet, tre utan bibeloversetjing.

Økonomien er knytta til turisme, klesproduksjon og dyrking og eksport av te.
Historie: Etter 450 år under europeiske koloniherrar, vart landet fritt i 1948.

Frå 1983 til 2009 vart det utkjempa ein blodig krig mellom regjeringsstyrkane og dei "tamilske tigrane" som slost for tamilsk sjølvstende i nord-vest. 100 000 mista livet i denne krigen. 900 000 tamilar flykta frå landet. Mange er å finna i Noreg.

Religion: 70,2% er buddhistar, 14% hinduistar, vel 8% muslimar og omtrent like mange kristne (dei fleste katolikkar), 1,2% er evangelikale. Desse veks 12 gonger så fort som folketalet.

Bøneemne:

  • Be om at Gud lækjer alle sår etter borgarkrigen, og at forsoning skal vera mogeleg mellom singalesarar og tamilar.
  • Be om at landet må få ei regjering som jobbar for openheit og rett representasjon i dei politiske organa. 
  • Korrupsjon og nepotisme pregar det poltiske livet. Be om at dette må ta slutt. 
  • Barneprostitusjon, jenteabortar og sexturisme er utbreidd. Be om at dette må avnormaliserast, bli påtalt og straffa. 
  • 700 000 kvinner jobbar utanlands. Dei blir ofte både utnytta og misbrukte. Be om økonomisk utvikling slik at det må bli nok jobbar i heimeområda deira.  
  • Alkoholisme, narkotikamisbruk, sjølvmord og vald er omfattande problem. Be om at Gud skal fri folket frå djevelens makt og løgner. 
  • Be om at Guds ord skal gå sin sigersgang over heile landet.
  • Be om at kyrkjelydane skal vera godt fungerande som familiar og disippelskular for medlemmene. Ofte vert det lagt større vekt på å vinna folk for Kristus enn å disippelgjera dei. 
  • Be om at kyrkja skal bli utrusta med kraft frå det høge, og at under og teikn og mektige gjerninar skal skje når dei samlast i Jesu namn. 
  • Be om at dei kristne skal vera fulle av frimot og glede i trua. 
  • Forfølging av dei kristne kjem i bølgjer. Be Gud om å halda oppsyn med fienden og alle hans planar, og at dei kristne skal ha god toleevne. 







Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...