Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Folketal: 30 500 000 fordelt på 29 folkegrupper som snakkar 14 ulike språk. 99,9% (overestimert) av alle jemenittar er muslimar. 0,1% er kristne (underestimert). Jemen er rangert som nr.7 på Åpne Dører si liste over land som forfølger kristne. Hovudstaden er Sana`a. Landet er råka av ein langvarig og brutal borgarkrig der dei reelle motstandarane er Iran og Saudi Arabia, to land som står opp mot kvarandre i mange land i Midt-Austen. Blokade av hamnar har ført til hungerkatastrofe i Jemen, ein katastrofe som har ført til død for tusenvis av underernærte barn.
Be om fred for Jemens befolkning.
Be om at matvarehjelp må nå fram til dei som svelt.
Det føreligg informasjon om ei stille vekkjing i Jemen. Kristne radio og TV-sendingar når fram til folk og skaper tru, og dei truande finn kvarandre og samlast i små svært effektive grupper.
Takk Gud for alle jemenittar som kjem til tru på Jesus Be om at dei må bli grunnfesta og forsvarleg disippelgjort Be om at dei frimodig, og under Andens leiing, skal forkynna evangeliet for sine medmenneske Be om vern mot alle former for overgrep
Den sudanesiske kvinna Ebtehaj Mostafa kom til tru på Jesus for mange år sidan. I 2005 vart ho arrestert fem gongar på grunn av sitt kristne vitnemål, og valde til slutt å flykta til Kairo. Der møtte ho ein sudanesisk pastor som ho gifta seg med. Dei har ei dotter saman.
I februar 2017 vart Ebtehaj kidnappa av to menn, ført til ein ukjent plass, bunden til ein stol i eit mørkt rom, og kidnapparane skreik til henne at ho var ei skam for familien, krevde av henne at ho skulle skilja seg frå mannen sin, gje opp kristendomen, returnera til islam og venda attende til familien, som no hadde flytta til Saudi Arabia. Då ho nekta, truga dei med å drepa mannen og dottera hennar. Men Ebtehaj sto urokkeleg fast. Til slutt vart ho valdteken, slegen medvitslaus og kasta utanfor og vart liggjande i ein hjelpelaus tilstand til nokre fann henne.
No er broren hennar komen til Kairo. Under ei gudsteneste kom han inn i kyrkja og synte fram eit bilete av mannen til søstera og kravde at nokon fortalde kor han kunne finna han.
Ebtehaj og dei andre truande i kyrkjelyden er no svært bekymra for kva som kan skje, og dei ber kristne over heile verda om å be for denne familien.
Far i himmelen! Du som oppsedar oss for ditt rike med kross og trengsel, me ber deg: pass godt på Ebtehaj Mostafa og familien hennar no. Forvirra broren og hans medsamansvorne slik at dei ikkje kan finna fram til dei og utøva skadeverk, i Jesu namn! Amen!
kjelde: persecution.net, Morning Star News
Saudi Arabia er i sterkt fokus desse dagane etter at eksiljournalist Jamal Kashoggi vart drepen i det saudiske konsulatet i Istanbul for to veker sidan. Det synest ganske klårt at ordren om drapet kom frå den mektige prinsen i landet, Mohammad bin Salman. Kashoggi har skrive svært kritiske artiklar i Washington Post mot regimet i hovudstaden Riyadh.
Dette landet står for 25% av verdas oljeproduksjon, og er strategisk plassert i Midt-Austen. Av den grunn har USA gjennom mange lagt stor vekt på å vera ein alliert med dei. Mordet på Kashoggi set dette venskapet på prøve.
Folketal: 28 571 000. Immigrantar (arbeidsinnvandrarar) utgjer 37% av befolkninga. Landet har ei utstrekning på 2 240 000 km2, i det store og heile eit veldig ørkenområde.
Saudi Arabia er islams heimland og festningsverk. Det var her Muhammed budde, fekk openberringane sine, forkynte og starta sverdmisjonen sin. Kongen i Saudi Arabia ser det som sitt store oppdrag å verna dei heilage byane Mekka og Medina, og å fremja islams sak i verda.
Landet er eit eineveldig monarki, og blir styrt diktaturisk av familien Saud.
På 1700-talet aksepterte kongen wahabbismen som den rette tolkninga av islam. Wahabbismen er prega av svært strenge reglar, og Saudi Arabia bruker i dag store summar for å spreia denne ekstreme islamversjonen over heile verda.
5,43% av befolkninga er kristne, men dei er i hovudsak utlendingar.
Det er ganske vasstette skott mellom framandarbeidarar og den innfødde befolkninga, og alle former for kristen misjon er strengt forbode og blir straffa hardt. Gjerne med mange hundre piskeslag, og saudiarabarar som kjem til tru og blir oppdaga, blir avretta. Likevel skjer akkurat det i aukande grad. Det er eit mirakel.
I dette landet eksisterer ikkje menneskerettane i det heile tatt. Etter Nord Korea ligg landet som nr 2 på verstinglista til Opne Dørar over land som forfølger kristne.
Landet fører i desse dagar ein nådelaus og brutal krig i Jemen, og blokkaden av landet gjev årsak til ein svoltkatastrofe som verda ikkje har sett sidan Biafrakrigen i Nigeria på 70-talet. Bilete av radmagre og utsvelta barn er enno en gong å sjå på TV-skjermane våre. Men no er det ingen Elias Berge som kjem barna til hjelp.
Men Jesus er likevel i Saudi Arabia og gjer sine gjerningar i det stille. Kristne "muslimar" opererer som løynde Kristusagentar i landet, og dei er å finna i Mekka under den årlege pilgrimsreisa. Dei går saman med dei andre pilgrimane rundt kabasteinen, og med profetisk innsikt ber dei stille for folk i Jesu namn, og der i islams sentralheilagdom vert menneske frelst frå sine synder og lækte for sine sjukdomar. Dette kan me lesa om i Tom Doyle si bok "Drømmer og syner" som kom ut for 3-4 år sidan. Tom Doyle har skrive tre bøker om kva Jesus held på med i Midt-Austen for tida, og dei bør lesast av alle.
Kjære Herre Jesus Kristus, kongen over kongane og Herren over herrane på jorda. Ditt rike står gjennom alle tide, og ditt herredøme varer frå slekt til slekt. Takk for det du gjer i dag i Saudi Arabia, dette landet som Satan har som festningsverk for sitt religiøse hovmot. Me prisar og takkar deg fordi du er større enn djevelen både i makt og kløkt, og du gjer dine gjerning i dette landet gjennom folk som stille hevdar ditt ord og som let seg fylla av din Ande. Me ber deg om at evangeliet skal spreia seg som ein grasbrann frå hjarta til hjarta til heile landet står i fyr og flamme for deg. Hald di vernande hand over venene dine, gjer dei kloke som slangar og einfelde som duer, og må Andens mektige kraft og nåde renna ut frå dei og skapa liv i døde og tørre ørkenhjarto. Herre Jesus, du som bar bort verdas synd, må frukta av din død og di oppstode blir alle saudiarar til del. Må dei sjå at du er den sanne Gud som levde, døydde og stod opp for å gje dei evig frelse som ei gåve. Riv ned alle tankebygningar i dette landet som reiser seg mot kunnskapen om deg, lat dei berre smuldra bort og leggjast på historias søppelhaug. Må lyset frå ditt ansikt gjennomlysa alle menneske i Saudi Arabia, også kongefamilien, og avsløra og avdekka alle dei løgnene som dei i dag byggjer liva sine på og som fører dei mot evig fortaping og dom. Herre Jesus, miskunna deg over Saudi Arabia, i ditt mektige namn, amen!
Jemen har ei rik kulturhistorisk fortid. Det var her det bibelske Saba, eller Sheba, låg, og me kjenner jo alle forteljinga frå 2. Kongebok om dronninga av Saba som vitja Salomo i Jerusalem.
Jemen har få naturressursar, og er det fattigaste landet i den arabiske verda. Store deler av den arbiedsføre befolkninga jobbar i andre land.
Jemen er i dag, med sine vel 28 millionar menneske, eit land prega av borgarkrig, og landet er utsett for ein saudiarabsik blokkade som fører til stor varemangel i landet.
Denne konflikten starta for alvor i 2011 under "den arabiske våren". Då kom misnøya med korrupsjon og arbeidsløyse opp i dagen og førte til at president SALIH måtte gå av til fordel for visepresiden HADI.
Befolkninga er svært ung, Gjennomsnittsalderen er ikkje meir enn 19 år. Difor vert lidinga som krigen påfører befolkninga ekstra stor. Millionvis av barn er råka av matmangel og hungersnaud, og mange, mange døyr av svolt i skrivande stund.
I 1990 vart Nord og Sør-Jemen samla til eitt rike. Sør-Jemen (tidlegare Aden) hadde frå 1967 vore styrt av eit marxistisk regime, eit ateistisk diktatur, medan Nord-Jemen var muslimsk og hadde ein flora av parti. Her låg alt til rette for djupe konfliktar. Nord-Jemen var det sterke part her, og slo brutalt ned eit opprør frå sør i 1994.
Marxismen er død idag. Men Al-Quaida, ISIS og den iranskstøtta hutumillitsen har funne fotfeste i landet, og gjort det til ein base for terrorhandlingane sine. I 2014 erobra hutumillitsen den vakre hovudstaden Sanaa. President HADI måtte flykta til Oman, og seinare til Saudi Arabia. Den tidlegare presidenten, SALIH, hadde då alliert seg med hutuane.
For ei veke si prøvde han forresten å forlata hutuane til fordel for gamle vener, men vart straks skoten og drepen av folk frå hutumillitsen.
I tillegg har Jemen vore tungt råka av krigen i Somalia og mange somaliarar har kome som flyktningar til Jemen.
Det høyrer også med til bilete at 80% av jemenittane dagleg rusar seg ved å tygga den narkotiske qat-planta. Store deler av jordbruksarealet går med til å dyrka dette svineriet.
66% av befolkninga er sunnimuslimar. 34% er shia. 0,08% er kristne.
Kristendomen var dominerande i dette området fram til dei kyrkja vart undertrykt og etter kvart utrydda av islamske hærar på 6 og 700-talet.
Dei få kristne som finst i landet i dag er utlendingar.
Be om at kongen over kongane skal intervenera i landet, gje folket frelse og nasjonen fred.
Be om at det skal etablerast ei levande etnisk jemenittisk kyrkje.
Be om at befolkninga skal slutta å dyrka qat og rusa seg på qat, og bruka jorda til dyrking av poteter, korn og grønsaker. Folket treng mat.
Be om at dei vaksne skal begynna å ta ansvar for barna sine og gje dei opplæring og skulegang slik at dei kan læra seg å lesa og skriva.
Be om måtar å få spreidd Bibelen på til den jemenittiske befolkninga, og at Guds bok skal bli omsett til socotri og mahri, språk som vert snakka på øya Socotri i Det indiske hav og langs grensa mot Oman.
Borgarkrigen i Jemen er gløymt av mange. Landet ligg liksom i ein bakgard. Men no kjem det sterke bilete av radmagre menneske til oss, ein konsekvens av den Saudi-Arabiske blokkaden av landet . Hungersnauda har i igjen har ført til utbrot av kolera. Mange døyr. Kjernen i konflikten er, som så ofte elles i Midt-Austen, høve mellom Iran og Saudi-Arabia, shia og sunni-islam.
Vår Herre Jesus Kristus! Det som skjer i Jemen er ikkje til å halda ut. Menneska som du elskar og har døydd for blir utsette for dei største påkjenningar. Me ropar til deg, vår Gud, miskunna deg over jemenittane. Må dei få den hjelpa dei treng for å overleva ,og den freden dei treng for å kunna leva normale liv. Må dei også opna seg for deg og den nåden du kom til verda for å gje oss alle. Amen.
Saudi Arabia (SA)er verdas største oljeprodusent. Landet har skaffa seg enorme rikdomar, som landet m.a. brukar aktivt til å eksportera islam til alle verdas land. Vanlege saudiarar likar ikkje å jobba, så mykje av arbeidet i landet vert utført av utanlandsk arbeidskraft.
SA er eit kongedøme, og kongefamilien har all makt samla i sine hender. Denne familien har gjennom tidene skodd seg godt på oljerikdomen.
Kongefamilien ser på seg sjølv som forvaltar av islam i verda. Landet praktiserer sharialovene strengt, og det er denne brutaliserte utgåva av islam, kalla wahabbismen, som dei understøtter.
Det er ingen reell religionsfridom i SA. Dersom nokon kritiserer islam, eller konverterer til ein annan religion, vankar det strenge straffer. Døden ventar dei som bryt med islam.
SA har i årevis lege på andre plass på Open Doors sin årlege forfølgingsindeks
92,4% er muslimar. 8% er shiamuslimar, og desse blir grovt diskriminerte i samfunnet. 5,4% er kristne, men dette er i hovudsak utlendingar.
Mekka er islams kraftsenter, og det årlege målet for millionar av pilgrimar, og over ei milliard menneske bøyer seg fem gongar for dagen i bøn mot Mekka. I denne byen har djevelen reist synagoga si.
SA er i dag i krig mot Iran i Yemen. Der føregår det fælslege krigsbrotsverk kvar einaste dag.
Bøneemner:
Be om at Gud skal halda handa si over dei kristne i landet, gje dei ei urokkeleg tru, eit levanda håp, ein brennande kjærleik og ei veldig kraft.
Be om at dei skal ha rikeleg tilgang til Guds ord.
Be om at dei må halda saman og styrka kvarandre.
Be om at dei skal leva misjonalt, at dei skal høyra frå Gud og dagleg la seg leia av Den heilage ande.
Be om at evangeliet skal spreia seg frå person til person som eld i tørt gras og overvinna islam frå innsida
Be om at djevelens rike skal falla, og at landet skal bli fridd ut av mørkers makt og at folket skal helga Jesus til konge i liva sine og i nasjonen.
Be om at Bibelen og annan kristen litteratur skal spreiast og nå fram til folk i alle avkrokar
Be om at folk skal finna fram til kristne radio og TV-stasjonar, og finna Jesus på internett.
Be om at saudiarar i utlandet skal bli fanga opp av kristne og vunne for Kristus, og at dei skal ta evangeliet med seg attende til heimlandet.
Saudi Arabia er islams fødeland og faste borg. Landet er verdas største oljeprodusent, og rår over enorme rikdomar. Folketal: 28 millionar. Av dei bur det 4,8 millionar i hovudstaden Riyadh. Den viktigaste byen er likevel Mekka (1,5 mill) som er det religiøse senteret for 1,2 milliardar muslimar. Kvart år kjem det 2 millionar pilgrimar til Mekka på haji, som er ein av islams fem søyler. 92,5% er muslimar, og dei praktiserer wahabbisme, den strengaste versjonen av islam for finst. 5,5% kristne, dei aller fleste utanlandske arbeidarar. Det er ytterst få innfødde saudi-arabiske kristne, men dei som er har høg kvalitet, og veksten i kyrkjelydane er omlag 7%. Det er mykje i eit land der konvertering kan straffast med døden. Og det skjer.
Saudi-Arabia er eit absolutt monarki. Økonomien blir beskriven som semiføydal. Kvinner har svært avgrensa rettar. Liberaliseringsforsøk vert som regel slege kraftig ned på.
Saudi Arabia har utstrekt bruk av dødsstraff, og mindre brotsverk vert gjerne straffa med avhogne lemmer eller offentleg pisking.
Landet er per i dag i krig med shiamuslimske grupper i Jemen. Her går mykje gamal og eksotisk kultur tapt i bomberegnet, og sivilbefolkninga lid uhyggjelege tap.
Saudi Arabia brukar store pengebeløp på å spreia islam rundt omkring i heile verda.
Etter Nord Korea tronar Saudi Arabia som nr.2 på Open Doors liste over dei landa der forfølgninga av kristne er verst.
Alle grunnleggjande menneskerettar vert krenka på dagleg basis.
Bøn:
Be om at Gud skal løysa landet og folket frå islams lenker.
Be om at islams mørker skal måtta vika for Guds lys i Jesus Kristus
Be om at saudiarane må oppdaga Jesus i Koranen, og at han må openberra seg for dei i draumar og syner.
Be om at det skal bli god tilgang på biblar i landet
Be om at dei kristne må finna kvarandre, og samla seg for å leva saman som undergrunnskyrkjer.