Viser innlegg med etiketten Voice of the Martyrs. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Voice of the Martyrs. Vis alle innlegg

lørdag 1. desember 2018

Eritrea: Twen Theodros betaler ein høg pris for sitt kristne vitnemål


Twen Theodros - Photo: VOM U.S.
Voice of the Martyrs (VOM) melder: 

Twen Theodros har tilbragt 13 år bak fengselsmurane i Eritrea. Grunnen til dette er at ho er pinseven, og at ho har vore eit tydeleg vitne om Jesus Kristus som den einaste vegen til Gud.

Trass i at ho er blitt behandla ille, blir denne unge kvinna omtala som ein dyrebar og kjærleg kristen som alltid meir oppteken av at andre skal ha det bra enn av sin eigen situasjon.

Ei tid sat ho innesperra i ein skipskonteiner, mellom anna saman med ei kvinne som heiter Helene Berhane. Helene var i dårleg forfatning, og Twen tok vare på henne og stelte med henne, vaska såra hennar, gav henne mat og tok slaga hennar når det var noko ho skulle straffast for. Helene kalla Twen berre for «Ester».

Organisasjonen Release International har no lukkast å få kontakt med Twen i det fengslet ho oppheld seg i. Dei ville gjerne at ho skulle dela nokre bøneemner med dei som dei kunne formidla vidare. Då sa ho: Det einaste eg vil at folk skal be om er at Gud skal bli herleggjord i Eritrea.

Twen er no i 30-åra, og me skal be:

Far i himmelen! Me ber, på Twen si oppfordring, om at du skal bli elska og æra av alle som bur i Eritrea, av høg og låg, av mektige og avmektige, rike og fattige. Me ber for Twen og alle andre som som sit fengsla, og alle som på andre måtar blir forfølgde for trua si. Styrk dei mektig med din Ande, og gje dei alt dei treng for liva sine. Me ber om nye tider for Eritrea, at det regimet som no sit ved makta skal falla og bli erstatta med leiarar som er rettferdige og humane. Me ber i Jesu namn, amen!

Du må gjerne ha Twen med deg i bønene dine framover.

fredag 28. april 2017

Digitale biblar til Algerie

An Algerian woman reads the New Testament.
"Voice of the Martyrs" melder om at ei gruppe kristne for tida reiser rundt i Algerie og deler ut digitale biblar og annan kristen litteratur til folk, på lokalspråka. Nokre gonger møter teamet truande menneske som dei kan gje litteraturen til direkte, andre gongar må dei berre leggja han frå seg på strategiske plassar den folk vil finna han og plukka han opp. Ein mann hadde funne ein bibel liggjande i eit bussete, teke han med seg, lese og funne Jesus.

  • Be om beskyttelse for teamet som reiser rundt.
  • Be om at den kristne litteraturen må formidla frelse og nytt liv til ikkje kristne, oppmuntring og utrustning til dei kristne.

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...