0,03% av hazaraane er kristne. 99,97% er muslimar.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
I dag fekk eg dette brevet frå leiaren av Elam-mission, David Yeghnazar:
Kjære ven,
Eg skriv for å be om forbøn for ei djupt urovekkande krise: millionar av afghanske flyktningar vert tvangsdeporterte frå Iran til Afghanistan.
I fleire tiår har Iran husa over 4 millionar afghanarar som
flykta frå vald og ustabilitet i heimlandet. No, samlar styresmaktene afghanske statsborgarar og
transporterer dei med buss til grenseleirar. Det er dramatisk og hjarteskjerande.
Meir enn 1 million menneske har vorte deporterte i 2025. Ein
kvart million har vorte deporterte berre sidan slutten av den 12 dagar lange
krigen i slutten av juni.
Førre veke høyrde vi frå ein 18 år gammal afghansk kristen
som vart teken til ein av desse grenseleirane. Det ho skildra var alvorleg: •
Leirane er i avsidesliggande ørkenområde der temperaturane når 52°C/125°F •
Mange kjem utan eigedelar, mat eller vatn • Flyktningar vert tvinga til å
betale ei avgift — ofte uoverkomeleg — berre for å bli sleppt fri for å krysse inn
i Afghanistan . Takka vere støtta di, klarte denne modige unge kvinna å bringe
praktisk hjelp til nokre av dei mest sårbare i leiren før ho sjølv kryssa
grensa. Gjennom hennar godleik og vitnemål kom to menneske til tru på
Kristus.
Fødd i Iran og introdusert for Kristus av iranske truande,
hadde denne unge afghanske kvinna aldri sett fot i Afghanistan før. Mange unge
deporterte deler same skjebne — sendt til eit land dei aldri har kjent.
Ver venleg å be:
• For Guds miskunn — at Iran vil stanse denne traumatiske prosessen med tvangsdeportasjon
• At denne unge kvinna, og andre som ho, vil finne ly og fellesskap i Afghanistans vesle, men modige undergrunnskyrkje
• For vern av kvinner og jenter som vil møte ein særleg
undertrykkande realitet i Afghanistan
Om du kan, ver venleg å vurder å gje til vårt humanitære
hjelpeprosjekt. Støtta di hjelper oss å gi kritisk hjelp til dei som lid i
desse grenseleirane.
Venleg helsing
David Yeghnazar.
| Foto og informasjon: www.joshuaproject.net |
Afghanistan har i underkant av 40 millionar innbyggjarar. Det er mange folkegrupper i landet. Pasjtunarane er dominerande. Elles er det iranarar, turkmenarar, tadsjikarar, uzbekarar, hazarar, baluchar og fleire titals andre. Desse snakkar gjerne kvar sine språk. Totalt blir det snakka 41 språk. Offisielle språk er pasjtun og dari (persisk).
Hovudstad: Kabul
Andre store byar: Kandahar og Mazar-e-Sharif
68% av befolkninga er analfabetar.
99,9% av befolkninga er muslimar.
Då Taliban overtok makta sommaren 2021, kom dette som eit sjokk på mange. 300000 afghanske soldatar flykta hals over hovudet for 40000 talibankrigarar, og dei som vart nedkjempa av internasjonale styrkar i 2001, kom tilbake til makta og gjeninnførte eit strengt islamistisk styre der dei demokratiske institusjonane vart oppløyste, kvinnene nekta å gå ut utan mannleg følgje. Dei vart også nekta å gå på jobb, å gå ut utan burka. Jenter kunne ikkje lenger gå på skule og for kristne vart det forbode å samlast til gudstenester og møter. Ja, det vart sett i gong reine klappjakta på dei få kristne som er i dette landet, og det blir meldt om at kristne menn er blitt avretta og kristne kvinner valdtekne og selde saman med barna sine som slavar. Denne forfølginga pågår i skrivande stund.
Vestlege land har frose mange milliardar dollar som tilhøyrer Afghanistan. Desse pengane brukar dei som ei brekkstong for å få Taliban å etterleva Menneskerettsfråsegna . Det har ført til fattigdom og svolt i landet.
Afghanistan er frå kristen synsvinkel ein av dei nasjonane som i minst grad er nådd med evangeliet. Det er 48000 moskèar i landet, ikkje èi einaste kyrkje. Denne verdas fyrste eig dette landet.
Herre Jesus! Sjå i nåde til Afghanistan. Må naudhjelp nå fram til vanlege folk slik at dei kan overleva vinteren.
Me ber om at dei skal leva og få høyra om Jesus og koma til tru på han.
Me ber om at det marerittet som Talibanstyret representerer må ta slutt.
Me ber om at du skal verna dei kristne mot alle typar overgrep.
Me ber om at befolkninga skal få tilgang til adekvat medisinsk hjelp (diare, kolera, dysenteri og lungebetennelse florerer i befolkninga og tek mange, mange liv) og til reint vatn.
Me ber også om at mannlege legar må få ta hand om sjuke kvinner.
Me ber også for dei ein million funksjonshemma i landet, at dei skal få omsorg og rehabilitering.
Me ber om at opiumsproduksjonen skal måtta vika for dyrking av mat.
Me ber om at alle barn skal få gå på skule og læra seg å lesa og skriva.
Me ber om kyrkja di på ein eller annan måte må nå fram til dei unådde folkeslaga og enkeltmenneska i landet.
Herre, opna du dører for evangeliet til denne for deg så kjære befollkninga.
Me ber også om at afghanarar på flukt til andre land skal bli møtte med evangeliet og eventuelt bera det attende til heimlandet og til dei fortapte der.
Adan Sabir, ei 19 år gammal kristen jente frå Faisalabad i Pakistan, lever i eit mareritt som ingen ung kvinne nokon gong burde måtte gjenno...