Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Bilde av representantar frå aghori finn du ved å google dette folket. Det kan vera verd ein titt
Aghorifolket tel 71000 menneske. Religion: hinduisme
Kristne: 0,00%
Aghori lever i eit djupt heidensk mørke, og den guden dei set høgast er Shiva, øydeleggjaren.
Dei gjennomfører ganske groteske riter i samband med kremasjon av døde slektningar, der dei m.a. smører seg inn med oska etter slektningane sine. Dei demoniske bindingane til djevelens rike er sterke.
Me ber i Jesu namn om at dette folket skal bli sett fri frå vonde ånder og frå synd, skuld og skam. Driv arbeidarar ut til din haust i aghorifolket. Må DenHeilag Ande regjera mellom dei, og Jesus sigra i liva deira, og må kyrkja bli etablert i folket som eit fyrtårn som kan losa alle inn i Guds familie. Me proklamerer framtid og håp over aghorifolket i Jesu namn. Amen!
Språk: Bengali, som har vore bibelspråk svært lenge
Religion: Hinduisme
Kristne: 0,00%
Bairagi tilhøyrer prestekasten, og tronar høgt oppe i samfunnspyramiden. Dei dyrkar Vishnu og avataren Krishna, og fungerer som åndelege rettleiarar for andre.
Herre Jesus Kristus! Me ber for bairagifolket, at dei skal få høyra evangeliet om deg, og sjå krafta i evangeliet demonstrert framfor augo sine. Må dei av hjarta forstå at det berre finst èin Gud, skaparen av himmel og jord, og èin mellommann mellom Gud og menneske, menneske Jesus Kristus. Løys dei i ditt namn frå hinduismens mange åndsmakter som hindrar dei i å venda om til deg, få tilgjeving for syndene sine og evig liv. Send arbeidarar ut til din haust i bairagifolket, og utrust dei med alt dei treng av åndskraft og nådegåver, og aus Anden din over folket og lat det nye livet spira over alt der dei lever.
Det bur 1 403 374 menneske i Trinidad og Tobago. Hovudstaden er Port of Spain. To tredjedeler av befolkninga reknar seg som kristne, men sanne disiplar av Jesus er meir sjeldan å treffa på. Hekseri, restar av gamle afrikanske religionar og hinduistisk polyteisme er å finna langt inn i kyrkjene, likeeins stor liberalitet når det gjeld familieliv, seksualitet og samliv.
Be om at Gud grip inn og reinsar dei kristne og kyrkjene frå synd, okkultisme og vrang lære, og at kyrkjeleiarane vender om og blir kalibrerte på Guds ord.
Takk Gud for den minoriteten som lever heilhjarta for Jesus.
Trinidad og Tobago står andsynes store sosiale utfordringar. Det handlar om gjengkriminalitet, narkotikamisbruk og som ein følge av det handel med forbodne rusmidlar, Alkoholisme er vanleg, like eins kidnappingar, væpna ran og ungdomskriminalitet, og ein høg prosent av barna som kjem til blir fødde av ugifte tenåringsmødre.
Be om at Gud skal intervenera med si makt og setja ting i rett skikk i denne nasjonen slik at folk vert edruelege og barn kan veksa opp i heimar med foreldre som elskar kvarandre og som held trufast saman i gode og vonde dagar.
Be om at narkotikakartella skal bli rulla opp av politi og rettsvesen, og at dei som står for dette svineriet skal bli dømde og få sine rettferdige straffer.
Dei kristne kyrkjene er veldig splitta og fragmenterte.
Be om einskap mellom dei kristne i Trinidad og Tobago
Ungdom i Oppdrag og Operasjon Mobilisering jobbar aktivt med disippelgjering av dei truande, og dei har som mål å forvandla dei frå å sjå på seg sjølve som mottakarar til å tenkja om seg sjølve som gjevarar.
Be om at dette arbeidet må lukkast for dei.
Det er store grupper indiske hinduar og muslimar i landet. Forfedrane deira kom for å jobba i landet på 1800-talet. Ei ny gruppe kom etter at landet reiv seg laus frå England som kolonimakt i 1962. Dei utgjer no 37% av befolkninga. Stadig fleire av dei blir no kristne.
Be om ein effektiv out-reach retta mot denne viktige gruppa i samfunnet.
Rajput Bhatti tel 852000 menneske. Dei er hinduar, og lever primært nord i India. Dei meiner seg å vera etterkomarar etter ein Yadu som etablerte eit kongedøme sentralt i India for 500 år sidan. Dei er stolte over sin militære tradisjon. Rajput Bhatti er av høg kaste, dei er godseigarar, handelsfolk, byggmeistrar, vitskapsfolk, dataingeniørar og set i det store og heile godt i det. Det er ikkje ein einaste registrert kristen i dette folket.
Herre! Me ber i dag for Rajput Bhatti. Må det kristne evangelium snarleg nå fram til desse menneska og gje dei frelse ved trua på Jesus. Løys dei frå dei mektige åndsmaktene som dominerer i hinduismen. Tal til dei gjennom draumar og syner, og førebu dei på at nokon av dine tenarar kjem til dei og deler ditt ord med dei. Me ber spesielt om frelse for klanleiarane. Gje dei ei djup forståing for at du er den einaste sanne Gud, at du har skapt dei for at dei skal tilhøyra deg og lova, æra og tena deg, og at du har frelst dei frå deira synder med ditt blod og opna ein veg for dei til Farshuset. Amen!
Kunbifolket er i hovudsak bønder, og driv ganske progressivt. Dei har tradisjon for utdanning (gutane), og er difor å finna høgt på den sosiale rangstigen som ingeniørar, legar og politikarar. Dei tilber landsbygudane Mahavir, Hanumanji og Matamai.
Kjære Herre Jesus! Du døydde for kunbifolket forat dei skal leva for deg. Styrk dei kristne mellom dei med din Ande slik at dei blir frimodige og kraftfulle vitne om di frelse for sine eigne. Hjelp dei truande å halda saman i varme kyrkjefellesskap. Ta vekk all frykt og redsle frå hjarto deira. Me ber om ditt rikes framgang i kunbifolket, at deira hunger etter kunnskap skal føra dei til Bibelen slik at dei med stor interesse og tørst søkjer etter den sanninga som set dei fri frå synda og din dom over denne. Løys dei frå løgngudane som dei tilber, og knytt dei til deg åleine, du som er Herre og konge over heile universet, du åleine! Amen!
India er med sine 1,3 milliardar menneske verdas nest mest folkerike land, snart er dei på topp. Det er 2493 folkegrupper i dette landet, og det blir snakka 456 ulike språk. 74,3% er hinduar. 5,48% er kristne, 2,2% evangeliske, 14% er muslimar. Hovudstad er New Dehli.
72% av befolkninga stammar frå indoeuropeiske stammer som kom til India frå Sentral-Asia for godt 3000 år sidan og etablerte hinduismen som religion. 25% av indarane tilhøyrer urbefolkninga, dei såkalla dravidane. Mestedelen av kristen misjon i India har vore retta mot desse.
70 språk har heile Bibelen. 120 har Det nye testamentet og 136 deler av Bibelen oversett (tal frå 2010). Rundt 100 levande språk treng enno bibeloversetting.
Indarane er delt inn i 4700 kastar og 25000 underkastar. Kastesystemet er ulovleg, men bestemmer likevel svært mykje av det som skjer i samfunnet, særleg på landsbygda.
Tradisjonelt har India vore eit jordbrukssamfunn. Dei siste tiåra har næringslivet vorte langt meir differensiert, og landet er i dag verdas leiande IT-nasjon, landet har romfartsindustri, har eit atomvåpenarsenal og ei veksande finansnæring. Landet er blitt ein økonomisk suksesshistorie. Likevel lever 40% av befolkninga under FN si fattigdomsgrense.
30% analfabetisme. 40% blant kvinner.
India vart sjølvstendig frå Storbritannia i 1947, og vert rekna for å vera verdas største demokrati. I dag ser me at hinunasjonalistiske parti har overteke makta, og religionsfridomen er blitt kraftig innsnevra mange stader, og støtt og stadig bryt det ut forfølging mot kristne, særleg rundt dei store høgtidene.
I India er det 400 millionar barn. 35 millionar fleire gutar enn jenter. Mange jentebabyar blir aborterte, eller dei vert drepne etter fødsel. 80% av alle barn vert fysisk mishandla, 50% blir utsette for seksuelle overgrep. Det hender at foreldre sel barn til slaveri for å dekka gjeld dei har teke opp. Kvar dag er ein katastrofe i dette landet. Underskotet på kvinner fører også til massevaldtekter. Det er eit tjukt moralsk og åndeleg mørker i dette landet. Hinduismen er då også ein sterkt seksualisert religion. Kristendomen er den religionen som no veks raskast i landet, og særleg mellom dei kastelause, som utgjer 25% av befolkninga.
Kristendomen har ein lang historie i India. Legenden vil ha det til at apostelen Thomas forkynte der først (i Kerala), og at han leid martyrdøden ved å bli gjennombora av spyd. Enno er det nokon som kallar seg Thomaskristne i sør-India.
Mesteparten av den levande kristendomen i India i dag har vakse fram pga misjonsinnsatsen dei siste 300 åra. Av dei 70 millionar kristne, er 23% katolikkar, 35 % protestantar og 18% uavhengige, 20% tilhøyrer inga kyrkje, 2,7% er ortodokse (Thomaskristne).
Det er stor og løfterik vekst mellom dei karismatiske kyrkjelydane (både katolske og andre), og mellom dei evangelisk kristne. Hovudveksten er å finna i desse grupperingane.
Mange millionar kristne har ikkje fellesskap, og trur i løynd.
Mirakelmøter og sensasjonsmakeri er i skotet. Men disippelgjering av dei truande er fråverande.
Dei tradisjonelle kyrkjesamfunna treng vekkjing og fornying. Her er det mykje partistrid og krangling som tappar dei truande for glede, engasjement og åndskraft og effektivt hindrar folk frå å fungera som Kristi vitner i kvardagen.
Men bilete er samansett, som alt i India: Det har dei siste tiåra vakse fram over 1000 nasjonale misjonsorganisasjonar, og meir enn 100 000 kyrkjeplantarar, evangelistar og sosialarbeidarar. Landet har over 100 teologiske institusjonar og meir enn 1000 bibelskular.
Indian Mission Assosiation (IMA) er eit samarbeid mellom mange organisasjonar. IMA samlar inn data om den åndelege, kulturelle, økonomiske og språklege situasjonar i delstatar, fylker, kommunar og landsbyar, og samordnar misjonsinnsatsen i landet.
All Indian Christian Counsil overvakar menneskerettssituasjonen for dei kristne. Dette er eit samarbeidsprosjekt der 5000 organisasjonar, kyrkjesamfunn og kyrkjelydar er med.
India har fleire unådde enkeltmenneske enn nokon annan nasjon. Særleg gjeld dette dei som bur på slettene i Gangesdalen, heimplassen til 283 ulike folkegrupper.
Misjonsinnsatsen er i dag i stor grad retta mot stammefolk (Indias urfolk) og dei kastelause. Få konsenterer seg om den sterkt veksande middelklassen, og enno mindre om dei som kjem frå dei høge kastane i landet. Dette MÅ endrast om Jesu oppdrag skal fullførast i India.
Hinduismen si karmatru gjer at dei rike ikkje ser noko poeng i å hjelpa fattige. Alle får det dei har fortent.
Takk for
den store kyrkjeveksten dei siste åra
nye misjonsorganisasjonar og nasjonale misjonærar og kyrkjeplantarar
IMA og All Indian Christian Counsil
dei teologiske institusjonane og bibelskulane
alle bøneinitiativ som lever mellom dei kristne
Be om
Vekking og fornying innan dei store tradisjonelle kyrkjene
at dei kristne skal fungera som lys og salt i samfunnet
at nye kristne skal bli forsvarleg disippelgjort
teologien og læra skal vera sunn i kyrkjelydane og dei teologiske utdanningsinstitusjonane.
at dei kristne skal leva reint og heilagt midt i det massive åndeleg og moralske trykket dei møter kvar dag
at dei kristne skal bli utrusta med rike nådegåver til å forkynna evangeliet, helbreda sjuke og driva ut vonde ånder
auka evangeliseringsfokus retta mot middelklassen og dei høgare kastane
ein massiv misjonsinnsats retta mot befolkninga i Gangesdalen
nye initiativ til bibeloversetting
gode lese og skriveopplæringsprogram for kvinner
at dei som er hemmeleg truande må bli fanga opp, disippelgjort og inkludert i fellesskap
vern for Indias mange barn, fødde som ufødde
at landet skal halda fast på demokratiet som styreform, og at sunne demokratiske prinsipp pregar vanlege folks tenkemåte.
at menneskerettane skal bli respekterte
at abort skal bli forbode, og drap på jentebarn pådømt.
at åndsmakta i hinduismen skal bli broten, og at Gud skal gripa mektig inn og omforma India til eit kristent omsorgssamfunn.
Folketal: 5 338 000. Språk Hindi. Religion: Hinduisme. Særpreg: Dei er UVANLEG fattige, og manglar i stor grad den kunnskapen som trengst for å klara seg i eit moderne samfunn. Joshuaproject.net fortel at dei lever av insekt som krelar rundt på kyr, og at dei elles er dei tiggarar som prøver å få merksemd ved å syngja. Dei dyrkar eit heilt pantheon av gudar som: Garaya, Baghat, Garam Gossain, Kudra, Barpahar, Manasa, Satbahni, Shiva, Durga, Lakshmi, Sitala og andre, som berre er åndsmakter som held dei fanga i djup elendighet.
Gode Gud! Sjå i nåde til Dosadhfolket, frels dei inn i ditt rike og løft dei ut av fattigdom og fornedring. Tal til dei gjennom kompetente og varme kristne som du sender inn i liva deira, gje dei draumar og syner der du viser dei vegen ut av slaveriet under djevelen til fridomen i Kristus. Gje dei ny sjølvrespekt og sjølvtillit, og ein trong etter å skaffa seg nyttig kunnskap. Me ber i Jesu namn! Amen!.
I 1951 var det mykje politisk uro i Nepal, og nokre nepalesarar flykta til Burma. Der vart nok ikkje livet nokon fest akkurat. Burmesarar ser ned på etniske minoritetar i landet, særleg dei som ikkje er buddhistar, og mange har vore utsette for overgrep, jmf Karen (kristne) og Rohingya (muslimar).
Nepalesarar er hardt arbeidande risbønder, terrassebyggjarar av stort format.
Religion: Hinduisme. Verdssynet deira er radikalt annleis enn det me finn i Bibelen.
Det er i underkant av 300 000 nepalesarar i Burma.
Dei snakkar nepalesisk, og heile Bibelen er tilgjengeleg på dette språket.
Det er ei kraftfull vekkjing på gang i Nepal. Men denne har desse ingen del i.
Kjelde: joshuaproject.net
Gode Gud! Me ber om at du i din nåde skal ta deg av nepalesarane i Burma. Dra hjarto deira mot deg. Fri dei frå mektige religiøse åndsmakter som bind dei til hinduismen, og som held dei bort frå di frelse i Jesus Kristus. Vekk i dei interesse for Bibelen, og send arbeidarar ut til din haust i dette folket. Må truande nepalesarar frå Nepal strekka seg ut etter frendane sine i Burma for å gje dei del i Kristi rikdom. Amen!