Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Det er 17 810 000 fulaniar
i Nigeria. Dei er muslimske seminomadar som stadig går til åtak på kristne
fastbuande, delvis pga konfliktar knytt til beiteland, og delvis av religiøse grunnar.
Det er 0,08% kristne i dette folket, og er ei frontiergruppe, eit folk som er
heilt avhengig av misjonsinnsats utanfrå for å kunna etablera ei levande kyrkje.
Far i himmelen! Sjå i nåde til fulanifolket i Nigeria, og kall
kyrkja di til misjonsinnsats i dette folket. Me ber om at dei få kristne
fulaniane i Nigeria skal læra seg å leva nær til deg og i Andens kraft. Kom nær
til dette folket med din Ande slik at dei forstår at dei treng frelse, det ber me om i Jesu
namn, amen!
Folketal: 1,045
millionar.
Religon: Islam
Språk: Pulaar
Bibelomsetting: Det nye testamentet
Jesusfilmen, NT i lydformat er også tilgjengeleg
Pulaar er ein del av det store fulanifolket, og dei ser
på seg sjølve som forsvarar av islam. Folket reknar seg for å vera dei første
svarte som vart omvendt til islam i Afrika, og er ikkje lite stolte over det. Det
har så langt vore vanskeleg å nå dei med evangeliet.
Kjære Herre Jesus! Pulaarfolket
skal også gjerast til dine disiplar, og bli ein del av din globale familie. Også
dei var medrekna då du døydde for alle menneske på krossen. Me ber om at du
skal sjå i nåde til dei, senda ditt ord til dei, og din Ande over dei, løysa
dei frå islam og frelsa dei inn i ditt rike. Må mektige under og teikn skje
mellom dei når dei ber til deg i ditt dyrebare namn, og reis opp ei vital og
sterk kyrkje i dette folket, eit fyrtårn som syner alle pulaar vegen attende
til deg som har skapt dei, og som har elska dei til døden.
Mangeårig fransk koloni.
Fekk sjølvstende i 1960.
Folketal: nesten 11 millionar menneske. Landet er eitt av dei fattigaste i verda. Alle forsøk på å betra økonomien i landet strandar pga korrupsjon. 75% av økonomien i landet er svart, svært ofte med band til lugubre nigerianske interesser. Det er mistanke om at kriminelle kvart år eksporterer titusenvis av barn utav landet til slavearbeid.
Kun 40% av befolkninga er alfabetiserte. Her er det smått med skulegang.
Det er 65 folkegrupper i Benin som snakkar 56 språk. Bibelen føreligg på 7 språk, , NT på 11, deler på 12 og 15 språk er under omsetting (2010)
Formelt sett er 39% av befolkninga kristne (romersk katolske), men i realiteten er nesten 100% av innbyggjarane animistar anten dei kallar seg kristne eller noko anna. Landet er det minst ievangeliserte av dei ikkje-muslimske landa i Afrika.
Fon-folket er den største folkegruppa i Benin. Det var frå denne stamma voodooen med alle sine djevelske krefter utvikla seg . Voodoo blir praktisert den dag i dag. Likevel har det vore kristen framgang i denne gruppa som eit resultat av stor misjonsinnsats både frå afrikanske og ikkje-afrikanske misjonærar.
Også blandt dei muslimske fulanistammene i nord har det vore åndeleg gjennombrot og signifikant kyrkjevekst.
Det er fire teologiske utdanningsinstitusjonar i landet og mange bibelskular.
Mange folkeslag er heilt unådde.
Folk flest syner seg mottakelege for evangeliet, noko som fordrar mange nye arbeidarar og kristne leiarar.
Be om ei heilt ny tid for Benin då landet får kompetente og ærlege leiarar som tenkjer meir på folkets vel enn på si eiga makt og sin eigen bankkonto.
Be om at alle barn i Benin skal få naudsynt skulegang.
Be om bråstopp i menneskehandelen, og at dei som driv med dette skal bli arresterte og straffa hardt. Be om beskyttelse for barna i landet.
Be om gode leiarar for dei ferske Fon-kyrkjene, og at Gud skal fri dei truande for vonde ånder som fører dei på avvegar og reinsar desse kyrkjene for animistiske og magiske element.
Be om at Gud driv haustarbeidarar ut for å hausta inn og disippelgjera desse folka: Gde, Ede Nago, Idacco, Dendi, Hausa, Foodo og Kotokoli.
Be om at bibelinstitutta og bibelskulane i landet skal bli sørga for, vera på høgde fagleg og åndeleg og vera kraftsenter for heile nasjonen som bidreg til at folket blir disippelgjort og nasjonen transformert.
Be om at Gud skal gje kyrkja nye apostlar, profetar, evangelistar hyrdar og lærarar som kan vinna nye for Kristus, disippelgjera dei og gje dei den undervisning som er naudsynt for at dei skal bli grunnfesta og veksa som kristne.
Be om at Bibelen må bli omsett til alle levande språk.
Folketal: 387 000. Religion: Islam. Språk: Fufulde. 0,3% kristne.
Fulaniane er generelt seminomadar. Dei er strenge i si muslimske tru, og dei har ein tusen år gamal krigersk historie. Dei har drepe mange kristne i Nigeria. Men det gjeld ikkje for den gjengen me skal be for i dag.
Far i himmelen! Bryt ned jelggojfolket sin stolthet. Lat dei møte seg sjølv og sin eigen svakhet, slik at dei blir audmjuke og mottakelege for nåde. Må di kyrkje bli etablert i dette folket, og lat ho bli sterk, vital og misjonal. Lat dei koma til tru på Jesus som Herre og frelsar, bli grunnfesta i din nåde, ditt ord, i bøna og i Guds familie slik at dei kan bli forvandla ved din Ande. Amen!
Adamawa er eit fulanifolk. Dei tel 2 409 000. 1,4% er kristne. 1,2% evangeliske. Resten er muslimar. Språk: Fulfulde. Heile Bibelen er tilgjengeleg på dette språket.
Adamawa bur hovudsakleg i Nigeria, men nokre har emigrert til Kamerun. Fulaniane er stolte menneske som legg vekt på at barna skal elska mødrene sine og syna respekt for dei gamle. Det er også viktig for dei å halda fast på verdiar som generøsitet, ærlegdom og moderasjon.
Identiteten deira er knytt til islam. Dei som blir kristne risikerer å bli støytt ut av fellesskapet.
Kjelde: www.joshuaproject.net
Gode Gud og Far! Sjå i nåde til adamawafolket i Kamerun, eit folk du har skapt til di ære. Send apostlar til dei som kan gjera Jesus kjent for dei ved å forkynna evangeliet for dei i Ande og kraft. Løys dei frå islams lenker og frå alle vonde ånder som bind dei fast under din dom over synda, og før dei ut i Guds barns fridom. Lær dei å tru på Jesus og elska og prisa han av heile sitt hjarta, og gjer dei til eit lys for alle andre fulaniar i Sahelbeltet. Amen
Fulanifolket finn me over store deler av Nord-Afrika, og i Nigeria tel dei 4,4 millionar menneske. Dei lever som nomadar i Sahelbeltet, og er svært strenge og ortodokse muslimar. I Nigeria står dei bak mange dødlege åtak på kristne, som gjerne er fastbuande bønder. Dei fientlege haldningane handlar både om religion og om krangel om beiterettar. 1,2 % av dei er kristne.
Fulaniane snakkar hausa, og heile Bibelen er tilgjengeleg på dette språket.
Kjære gode Jesus! Me ber i dag for Fulanifolket som gjennom mange hundre år har misjonært for islam. Herre, møt dette folket med ditt ord og din Ande, slå dei til bakken som du gjorde med apostelen Paulus og forvandla dei frå å vera forfølgjarar til å bli dine apostlar. Ta eit godt tak i leiarane deira og gjer deg personleg kjent for dei. Openberr din stordom og ditt kongedøme for dei, tal myndig til dei og før dei frå døden til livet, frå domen til ditt nådefellesskap og lat dei bli totalt forvandla av din kjærleik og nåde. Amen!
Den svært ivrige og ansvarsmedvitme pastoren Josva Adah, vart den 23. januar brutalt drepen av krigarar frå Fulanifolket (saman med folk frå Boko Haram). Dei gjekk til åtak på han medan han han var på veg heim etter å ha besøkt omkringliggjande landsbyar i samband med ein evangelisk aksjon. Dette hende i delstaten Tabara nær byen Jalingo.
Pastor Adah vil bli hugsa for det store hjarta han hadde for dei fattige i området. I si teneste sørga han for utdanning, medisiner og klær til tusenvis av slike. Han var av den typen menneske som ikkje let seg styra av frykt, og trekte seg aldri ut av områder trass høg risiko. Han var ein hyrding som passa på flokken når ulven kom, vart ståande på sin post og måtte til slutt gje livet sitt for "sauene".
Kjelde: Mornig Star News.
Far i himmelen! Du har teke pastor Josva Adah heim til deg. Slik som han vart til velsigning medan han levde, lat han bli til enno større velsigning no då han er død. Trøyst familien hans, og må dei truande i området forplikta seg på å ta vare på kona til Josva og barna deira. Me ber om at nye modige kristne skal ta opp kappa til Josva Adah og sørga for at tenesta hans held fram, og at prosjekta hans berre veks seg enno større. Må du, vår gode Gud, stoppa valden mot di kyrkje i Nigeria. Det ber me om i Jesu namn. Amen!