Folketal: 51 385 000
Hovudstad: Kampala
Religion: Kristendom 84,7%.
Resten tilhøyrer islam eller dei er animistar. Ofte ei blanding.
Næringsliv: Landbruk, fiske, industri, olje og gassproduksjon. Tenesteytande næringar dominerer.
Befolkninga er ung. Halvparten av er under 16 år.
Utfordringar: Sjølv om den økonomiske veksten i landet er på 6% årleg, opplever mange djup fattigdom, og det er eit stort gap mellom fattig og rik. HIV/AIDS er framleis ei stor utfordring. Islamske militsar herjar og drep stadig kristne, og røvarbandar som er støtta av staten fremjar dei styrande sine økonomiske interesser. Alt dette gjer livet veldig usikkert for barn i Uganda.
Kyrkjer: Den romersk katolske og den anglikanske kyrkja er størst. Pinsekyrkjer veks snøggast.
Kristenlivet i landet er prega av dei austafrikanske vekkinga som braut ut i 1929, og som spreidde seg til nabolanda Rwanda, Kenya og Tannzania. Pinsevekkinga og "Born again"- vekkinga har prega truslivet i landet frå 1960-talet med vekt på Den heilage ande, lækjedom, lovsong, evangelisering og sosialt engasjement.
Takk for alt det store Gud har gjort i Uganda dei siste 130 åra.
Be om at landet skal bli velsigna med gudfryktige, kloke og rettsindige leiarar.
Be om at vekkingselden skal brenna sterkt i alle kyrkjer, og at vekkinga ikkje berre samlar mange menneske i kyrkjene, men også bevegar seg på djupet av hjarto.
Be om at kristne menn trufast held seg til konene sine, og ikkje bidreg til spreiing av HIV/AIDS eller andre veneriske sjukdomar.
Be om at dei mange unge i landet skal oppdaga Jesus, og læra seg å elska han og følgja han for resten av liva sine.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar