tirsdag 6. desember 2022

Storbritannia

 

Kart: operationworld.org

Folketal: Vel 68 millionar fordelt på 106 folkegrupper som snakkar 15 ulike språk. 
Hovudstaden er London.

Gjennom 200 år var Storbritannia (GB) det landet i verda som på godt og vondt hadde størst innflyting på den historiske utviklinga i verda. Difor er London den dag i dag ein slags verdshovudstad. Det ber byen også preg av både når det gjeld gamle minnesmerker og samansetninga av befolkninga. 

Sist veke vart det offentleggjort ei undersøking som syner at for første gong på 1700 år er det fleire ikkje-kristne enn kristne i Storbritannia (GB). I 2011 var det 60% kristne i landet. Her er det sjølvsagt snakk om nominelle kristne. Talet på levande kristne har nok aldri vore over 50%, kanskje ikkje over 20% ein gong. Mellom 871 og 899 kristna den vidgjetne kong Alfred den store det engelske lovverket, og etter den tid har kristendomen vore fundamentet for denne store nasjonen som gjennom sitt enorme verdsimperium på 1700 og 1800-talet har prega utviklinga i Aust-Afrika, Nord-Amerika og mange land i Asia. Juvelen i krona var India. Imperiet utløyste ei mektig bølge av misjon både av anglikanarar, baptistar metodistar og salvasjonistar (Frelsesarmeen), ei bølge som også råka Noreg på den måten at norske kristne vart inspirerte til å reisa ut som misjonærar i kjølvatnet av dei britiske. 

Etter Charles Darwin utvikla utviklingslæra (1859), og særleg etter Richard Dawkin si bok "Gudsillusjonen", som byggjer på Darwin sitt verk "Opphavet til artane",  kom ut for nokre år sidan, har mange britar utvikla eit forakteleg og fiendtleg forhold til Bibelen og den kristne trua, og GHBTQ+ rørsla har kasta ei betydeleg mengd med ved til det bålet, og pusta til elden så godt dei har kunna.

Den anglikanske kyrkja har til overmål endra teologien når det gjeld samliv, og aksepterer "på Guds vegner" homofilt samliv og homofilt leiarskap i kyrkja. Anglikanarane i USA og Kanada følgjer på, men dei afrikanske kyrkjene seier nei, og har skilt seg frå "morskyrkja". 

Be om at dei truande kristne i GB må konsolidera seg, reisa seg for Kristus, bli fylte av Anden og forkynna og vitna om Guds ord over alt til alle tider.  Be om at dei mektige vekkjingane som  følgde med John Wesley og Charles Spurgeon igjen må råka denne nasjonen som ein mektig sunami som riv ned alt som ikkje er av Gud, og let alt som er av Gud bli ståande og enno ein gong veksa fram til velsigning for verda. 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...