Viser innlegg med etiketten Irak. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Irak. Vis alle innlegg

tirsdag 20. desember 2022

Dagens unådde folkeslag: Kurdarane sentralt i Irak

 

Kjelde: joshuaproject.net

Folketal: 5 147 000. Religion: 99,96% islam. 0,04% kristne. 0,03% evangeliske kristne. Kurdarane er etterkomarar etter dei antikke medarane. Dei vise menn som besøkte barn Jesus var truleg zoroastriske mediske  prestar.

Kurdarane er muslimar light, og dei er mykje lettare å vinna for Kristus enn dei fleste andre muslimar. Når dei får høyra evangeliet, opplever dei det som sanning, og dei tek lett imot Jesus som Herre og frelsar. 

Dei irakiske kurdarane snakkar kurdisk. 

Som eg har nemnt tidlegare i denne bloggen, vart kurdarane "gløymde" då dei nye nasjonsgrensene vart trekte etter 1.verdskrigen. Dei er i dag eit folk utan land. 

Etter å ha støtta Iran i den 10-årige krigen (1979-1989) mot Irak og Saddam Hussein, hemna Hussein seg grusomt med å utsetja kurdarane for gassåtak som tok livet av mange, mange tusen av dei me ber for i dag. 

Takk, Herre for dei irakiske kurdarane som er så mottakelege for evangeliet. Likevel er det nesten ingen av dei som har høyrt om deg. Du sa ein gong at du ved enden av tida ville ausa din Ande ut over alt kjøt. Oppfyll dette løftet på dei irakiske kurdarane. Må himmelen koma til dei, og ordet ditt lyda for dei, og bli dei til frelse. Amen! 





søndag 18. juli 2021

Irak

 


Irak vart grunnlagt i 1932 som ein følgje av at Det osmanske riket kollapsa etter 1.verdskrigen. 
Folketalet er vel 41 millionar. Hovudstad: Bagdad. 95,9% er muslimar (sjiamuslimane og sunnimuslimane står kraftig mot kvarandre, og påfører kvarandre støtt og stadig stygge skadeverk. 
Irak utgjer det som i gamal til var Mesopotamia og Babylonia, eitt av dei områda i verda der kulturen vaks fram med skriftspråk, biletkunst og storslagen arkitektur. Her finn me også utgangspunktet for vår kristne tru som starta med Abraham som var frå byen Ur, nær den plassen der Eufrat og Tigris renn saman. Det var her Gud talte til Abraham og monoteismen vart fødd. Lokale smågudar måtte etterkvart gje plass for den allmektige og universelle Gud som openberra seg for Moses som JHVH og som Israels Gud, og som me møter i Det nye testamentet som Far, Son og Heilage ande. 

I 587 f.Kr. vart jødane bortførte i eksil til Babylonia. Etter den tid var Bagdad i mange hundre år eit sentrum for jødisk tru og kultur, og det var der jødedomen fekk si form. 

Etter den store krigen som USA sette i gong mot Saddam Hussein i 1991 har landet vore i oppløysing og i stor naud. Det har ikkje vore ende på ulukkene, og verst var det i perioden 2014 til 2017 då IS oppretta kalifatet sitt i nord og herja blodig med menneska. Titusenvis vart pinte til døde eller rett og slett berre avretta fordi dei hadde ei anna tru, eller fordi dei ikkje var radikale nok i praktiseringa av islam. 

1,6% av befolkninga er kristne, og då i all hovudsak romersk katolske. 0,2% er evangeliske kristne, og slik sett kjem irakarane inn under kategorien "unådd folkeslag". 

I dag er Nord-Irak eit autonomt kurdisk sjølvstyreområde, oppretta og tryggja av amerikanske styrkar. 

IS vart nedkjempa i 2017, men enno er det store spenningar og djupe skiljelinjer i samfunnet mellom kurdarar og arabarar, kristne (og andre minoritetar) og muslimar, sjia og sunni, sekulære og religiøse, og mykje blod blir spilt. Mange kristne har flykta frå landet dei siste 30 åra. Men nokre møter Jesus enno, og det er mange sterke historiar å lesa i Tom Doyle sine bøker, og dei vil eg tilrå. 

Å Herre Jesus Kristus! I dag ber me om lækjedom og frelse for Irak. Menneska i landet treng å få sann kunnskap om deg, dei treng å møta deg og få tilgjeving og frelse for sine synder, lækjedom for sjukdomane sine og dei treng å venda om frå hat og fiendskap og læra seg å gå på forsoninga og kjærleiken sin veg. Herre, miskunna deg over Irak! Amen! 



lørdag 18. juli 2020

Irak



Irak dekker det tidlegare Mesopotamia, landet mellom elvane (Eufrat og Tigris)  der kulturen si vogge stod. Her budde sumerarane, babylonarane og assyrarane, folk som la igjen etter seg rike kulturskattar og som kvar på sitt vis var med å forma skriftspråket med bokstavar, og teikn, og som gjennom avanserte irrigasjonsanlegg hadde gjort det mogeleg å dyrka mat over store områder, og slik vart dei rike til å utvikla både kultur og bli ei krigsmakt sterk nok til å etablera dei første verdsrika i historia.  Dette området sine bidrag til den historiske utviklinga er heilt enorm. 

Irak er i dag eit krigsherja og krigstrøytt land med over 40 millionar innbyggjarar. Frå 2014-2018 var store deler av dei nordlege områda under IS-kontroll, dette diabolske regimet som etablerte ein eigen stat i skuggen av borgarkrigen i Syria, og som kunne ekspandera fordi amerikanarane i stor grad hadde forlate området. Sjølv om IS er nedkjempa, er området ei kruttønne, ei tidsinnstilt bombe med eit kurdisk sjølvstyreområde i nord-aust, med Iranske styrkar i Bagdad, med eit mylder av ulike terrorgrupper, nokre shia og nokre sunni. Før krigen braut ut i Irak var det 2 millionar kristne i landet, dei fleste armenske og assyriske med røter attende til den første kristne tid. No er det kanskje 200 000 att. Resten er drepne eller har flykta.

Kjære Far i himmelen! Du er den rette far for alle menneske, og gjennom Jesus har du etablert ein open veg for oss attende til deg. Me ber deg i dag for det som er att av kyrkja i Irak, styrk dei truande, beskytt dei mot djevelens raseri og leid dei ved din Ande. Me ber om at evangeliet om riket skal bli forkynt for irakarar som aldri har fått høyra om Jesus. Takk for at du gjer under i dette landet, for at du openberrar deg for enkeltpersonar gjennom syner og draumar, og takk for dei som trufast deler ditt ord med folk i Irak. Må evangeliet bli trudd og teke imot, og må dette landet bli forvandla av forvandla menneske. Amen!

lørdag 10. januar 2015

Vekking mellom internflyktningar i Irak



Persecutinon.net melder no  gryande kristen vekking mellom internflyktningar i Irak. Mange muslimar har flykta frå IS-kontrollerte område til områder der dei kan vera trygge. Der møter dei kristne frå Vesten som hjelper dei med det mest naudsynte. Denne godleiken kombinert med den ufattelege brutaliteten dei har sett hos IS-krigarane, resulterer i at dei no opnar seg for evangeliet om Jesus Kristus. På bilete ser du ei julekrybbe som er sett opp i eit telt midt i leiren. Dette minnar flyktningane om at Jesus vart tilboden same kår på jorda som dei har fått.

Kjære Herre Jesus! Takk for alle som er i ferd med å koma til tru på deg i dei irakiske flyktningeleirane, og takk for dei kristne hjelpearbeidarane som legg livet sitt ned for desse flyktningane. Må du driva fleire arbeidsfolk ut til din haust i Irak, styrk og bevar dei som kjem til tru og gje nye og "gamle" truande all den utrustning dei treng for å takla utfordringane som ligg framom. Må din store barmhjetighet fløyma over alle som har måtta forlata alt sitt og som har mista fotfeste for sine jordiske liv. Gje dei ankerfeste i himmelen. Amen!

tirsdag 14. juli 2009

Kristne i Irak


DagenMagazinet melder om seks bombeåtak mot kristne kyrkje i Bagdad i helga. 4 kristne er drepne, 32 skadde. Kristne menneske rømer landet i stor skala for tida. Så mange som 800 000 av dei 1 millionar kristne som budde i Irak før krigen som starta i 2003 har rømt landet (mange er å finna i kummarlege flyktningeleirar i Syria). I Kristkyrkja har me saman med oss restane av ein slik familie: far, mor og ein son. Seks andre barn er spreidde rundt i ulike land. Dei står på bar bakke.

Be om at Gud sender englane sine til hjelp og vern for dei kristne i Irak, og at livet må ordna seg for dei som har måtta flykta, og om du vil: spesielt for den irakske familien i Kristkyrkja som søkjer om opphald i Noreg.

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...