torsdag 8. desember 2022

USA del 2

 

Kjelde: operationworld.org

Be om at ungdomsgenerasjonen i USA må bli djupt berørte av Jesu kjærleik og makt, og at dei må læra seg å elska, praktisera og dela Guds ord. Be om at kristne kyrkjer og organisasjonar må lukkast i nå inn til dei med evangeliet og skapa trygge og attraktive miljø der dei kan bli disppelgjort og utrusta for den store og gode plan Gud har lagt for liva deira. 

Ungdomane er sårbare og eksponerte for eit hav av løgn og vondskap frå underhaldningsindustrien, spelbransjen, narkotikakartella, sex-industrien, skeive organisasjonar og alternativbransjen. Mange opplever at heimane deira går i oppløysing både ein og to gonger, noko som gjer dei rotlause og desorienterte. 

Takk Gud for all den genuine og kraftfulle kristendomen som har sprunge ut frå afroamerikanarane, for gospelmusikken og dei åndelege songane som i si tid sprang ut av lidingane deira.  Be om at Gud må løfta dei opp av fattigdom, rus, vald og kriminalitet og fylla dei med Andens kraft og Kristi sinn. Be om at kristendomen skal bli så sterk mellom dei at ingen ser på islam som noko alternativ for seg.

Det er 38 millionar etterkomarar etter slavane som vart frakta frå Afrika til Amerika på 17 og 1800-talet, den største moralske skampletten i nasjonens historie. Framleis lever mange av dei  svarte i ein dårleg sirkel av fattigdom, rus og kriminalitet,  og dei er framleis utsette for diskriminering på mange områder. Mange unge snur seg mot islam for å finna styrke og vyrdnad. 

Takk Gud for alt han gjer av godt mellom dei 50 millionar spansktalande i landet. Tusenvis av dei kjem årleg til levande tru på Jesus, og det blir kvar veke planta nye spansktalande kyrkjelydar. Be om at dei nye truande må bli grundig disippelgjort, og at mor-far-barn skal bli standarden for samliv i dette miljøet. Takk for den misjonsiver dei spansktalande kristne syner, og be om at denne iveren for Jesus berre skal veksa og mognast. 

50% av alle barn i dei spansktalande miljøa vert fødde utanfor ekteskap. Dei fleste av dei spansktalande kjem frå Mexico. Mange frå Mellom-Amerika og Karibien. Dei er stort sett katolikkar, men  ein straum av dei no bevegar seg over i den evangeliske rørsla, og over 50% av dei spansktalande katolske kyrkjene er karismatiske. 

Be om lækjedom og full restitusjon for urbefolkninga i landet. Be om at Guds kjærleik skal bli aust ut over desse menneska slik at dei forstår at dei er elska med ein evig kjærleik. Be om at dei skal finna godt jordsmonn for røtene sine i Gud, og at dei skal veksa i nåde og kjennskap til han, og erfara hans lækjande og utrustande kraft i liva sine. 

Då dei kvite kom til Nord-Amerika var det 20 millionar urinnvånarar der. I 1890 var det 250 000 att. Det seier meir enn nok om kva forferdelege overgrep og kva urett som her har skjedd. Dei gjenlevande vart plasserte i reservater i områder av liten økonomisk verdi. 

Takk for dei mange jødane i USA som no vender seg mot Jesus for å finna frelse, framtid og håp. Be om at alle dei 5,2 millionar jødar i landet skal oppdaga at Jesus er Messias, og at det er Han profeten Jesaja ser og omtalar i kapittel 53. Be om at Gud skal verna det gamle paktsfolket sitt mot stygge overgrep frå høgreekstreme og islamistar. 

Jødane kom til USA som eit resultat av pogromane i Europa og Russland på 1800-talet. Dei har ofte lukkast godt i det amerikanske samfunnet. Men dei siste åra har me sett antisemittisme veksa fram også i USA. 

Be om at dei kristne kyrkjene må ta ansvar for å bringa Kristus til dei 7 millionar muslimane i USA. 

Be om at fridomen i Kristus skal nå fram til dei 2,3 millionar menneska som sit i amerikanske fengsel. Ikkje noko land i verda har så stor del av befolkninga si i fengsel som USA. 

Takk Gud for framveksten av filippinske og koreanske kyrkjer som promoterer og driv misjon som ingen andre. Dei står fram som føredøme for alle andre kyrkjer. 



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...