Viser innlegg med etiketten Jemen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jemen. Vis alle innlegg

fredag 21. november 2025

Dagens unåddefolkeslag: Jemenittar i USA

Det er 105 000 av denne folkegruppa i USA. Dei er alle muslimar. Deler av Bibelen er tilgjengeleg på deira arabiske dialekt. 

Dei første jemenittane som slo seg ned i USA gjorde det mellom 1870- og 1890-åra. Nokre fekk statsborgarskap ved å kjempe i første og andre verdskrig. Ein finn mest sannsynleg jemenittar i Detroit, Buffalo eller i Central Valley i California. Dei fleste jemenittiske menn arbeider lange dagar for å forsørgje familiane sine. Jemenittiske kvinner i USA oppdrar barn og held hus. Nokre amerikanskfødde jemenittiske døtrer rømmer heimanfrå for å søkje fridom frå den tradisjonelle jemenittiske livsstilen. Kristne kan bli brukte av Gud til å nå desse såra familiane, men få amerikanarar er villige til å nå dei unådde i deira nærleik.

Hindringar
Sjølv om dei varierer når det gjeld stammelojalitet, er jemenittar einige om sin truskap  til det islamske religiøse systemet. Difor er det få, om nokon, som har sett si lit til Jesus Kristus, uansett kvar dei bur.


Bøn
Be om at denne folkegruppa skal begynne å søkje Guds visdom som finst i Hans ord.
Be om at Kristi vellukt skal lækje jemenittiske familiar i USA.
Be om ei rørsle mot Kristus blant dei.
Be om at små, utvida familieheimfellesskap skal mangedoble seg i USA.
Be om fred i Jemen som vil la jemenittisk diaspora vende heim.
Be om at Herren skal bruke ustabiliteten i Jemen til å hjelpe muslimske jemenittar å forstå deira behov for ein rettferdig frelsar.
Be om visdom til å nå inn til hjarto til desse menneska, ut frå Jakob 1:5:

"Om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som gjev villig til alle utan vonde ord, og han skal få." 

Kjelde: joshuaproject.net

onsdag 21. desember 2022

Dagens nasjon: Jemen


Kjelde: operationworld.org

Folketal: 30 500 000 fordelt på 29 folkegrupper som snakkar 14 ulike språk. 99,9% (overestimert) av alle jemenittar er muslimar. 0,1% er kristne (underestimert). Jemen er rangert som nr.7 på Åpne Dører si liste over land som forfølger kristne. Hovudstaden er Sana`a. Landet er råka av ein langvarig og brutal borgarkrig der dei reelle motstandarane er Iran og Saudi Arabia, to land som står opp mot kvarandre i mange land i Midt-Austen. Blokade av hamnar har ført til hungerkatastrofe i Jemen, ein katastrofe som har ført til død for tusenvis av underernærte barn. 

Be om fred for Jemens befolkning.
Be om at matvarehjelp må nå fram til dei som svelt.

Det føreligg informasjon om ei stille vekkjing i Jemen. Kristne radio og TV-sendingar når fram til folk og skaper tru, og dei truande finn kvarandre og samlast i små svært effektive grupper. 

Takk Gud for alle jemenittar som kjem til tru på Jesus
Be om at dei må bli grunnfesta og forsvarleg disippelgjort
Be om at dei frimodig, og under Andens leiing, skal forkynna evangeliet for sine medmenneske 
Be om vern mot alle former for overgrep 

fredag 22. desember 2017

Jemen

Jemen har ei rik kulturhistorisk fortid. Det var her det bibelske Saba, eller Sheba, låg, og me kjenner jo alle forteljinga frå 2. Kongebok om dronninga av Saba som vitja Salomo i Jerusalem.

Jemen har få naturressursar, og er det fattigaste landet i den arabiske verda. Store deler av den arbiedsføre befolkninga jobbar i andre land.

Jemen er i dag, med sine vel 28 millionar menneske, eit land prega av borgarkrig, og landet er utsett for ein saudiarabsik blokkade som fører til stor varemangel i landet.

Denne konflikten starta for alvor i 2011 under "den arabiske våren". Då kom misnøya med korrupsjon og arbeidsløyse opp i dagen og førte til at president SALIH måtte gå av til fordel for visepresiden HADI.

Befolkninga er svært ung, Gjennomsnittsalderen er ikkje meir enn 19 år. Difor vert lidinga som krigen påfører befolkninga ekstra stor. Millionvis av barn er råka av matmangel og hungersnaud, og mange, mange døyr av svolt i skrivande stund.

I 1990 vart Nord og Sør-Jemen samla til eitt rike. Sør-Jemen (tidlegare Aden) hadde frå 1967 vore styrt av eit marxistisk regime, eit ateistisk diktatur, medan Nord-Jemen var muslimsk og hadde ein flora av parti. Her låg alt til rette for djupe konfliktar. Nord-Jemen var det sterke part her, og slo brutalt ned eit opprør frå sør i 1994.

Marxismen er død idag. Men Al-Quaida, ISIS og den iranskstøtta hutumillitsen har funne fotfeste i landet, og gjort det til ein base for terrorhandlingane sine. I 2014 erobra hutumillitsen den vakre hovudstaden Sanaa. President HADI måtte flykta til Oman, og seinare til Saudi Arabia. Den tidlegare presidenten, SALIH, hadde då alliert seg med hutuane.

For ei veke si prøvde han forresten å forlata hutuane til fordel for gamle vener, men vart straks skoten og drepen av folk frå hutumillitsen.

I tillegg har Jemen vore tungt råka av krigen i Somalia og mange somaliarar har kome som flyktningar til Jemen.

Det høyrer også med til bilete at 80% av jemenittane dagleg rusar seg ved å tygga den narkotiske qat-planta. Store deler av jordbruksarealet går med til å dyrka dette svineriet.

66% av befolkninga er sunnimuslimar. 34% er shia. 0,08% er kristne.

Kristendomen var dominerande i dette området fram til dei kyrkja vart undertrykt og etter kvart utrydda  av islamske hærar på 6 og 700-talet.

Dei få kristne som finst i landet i dag er utlendingar.


  • Be om at kongen over kongane skal intervenera i landet, gje folket frelse og nasjonen fred. 
  • Be om at det skal etablerast ei levande etnisk jemenittisk kyrkje.
  • Be om at befolkninga skal slutta å dyrka qat og rusa seg på qat, og bruka jorda til dyrking av poteter, korn og grønsaker. Folket treng mat. 
  • Be om at dei vaksne skal begynna å ta ansvar for barna sine og gje dei opplæring og skulegang slik at dei kan læra seg å lesa og skriva. 
  • Be om måtar å få spreidd Bibelen på til den jemenittiske befolkninga, og at Guds bok skal bli omsett til socotri og mahri, språk som vert snakka på øya Socotri i Det indiske hav og langs grensa mot Oman. 








søndag 26. november 2017

Barna i Jemen er utsette for svolt og epedemiar pga av borgarkrig og blokkade

A malnourished boy lies on a bed at a hospital in the Red Sea port city of Houdieda, Yemen September 9, 2016. (Reuters/Abduljabbar Zeyad)

Borgarkrigen i Jemen er gløymt av mange. Landet ligg liksom i ein bakgard. Men no kjem det sterke bilete av radmagre menneske til oss, ein konsekvens av den Saudi-Arabiske blokkaden av landet . Hungersnauda har i igjen har ført til utbrot av kolera. Mange døyr.  Kjernen i konflikten er, som så ofte elles i Midt-Austen, høve mellom Iran og Saudi-Arabia, shia og sunni-islam.

Vår Herre Jesus Kristus! Det som skjer i Jemen er ikkje til å halda ut. Menneska som du elskar og har døydd for blir utsette for dei største påkjenningar. Me ropar til deg, vår Gud, miskunna deg over jemenittane. Må dei få den hjelpa dei treng for å overleva ,og den freden dei treng for å kunna leva normale liv. Må dei også opna seg for deg og den nåden du kom til verda for å gje oss alle. Amen.

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...