Viser innlegg med etiketten krig. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten krig. Vis alle innlegg

onsdag 18. juni 2025

Krig mellom Israel og Iran

 Krigen mellom Israel og Iran rasar no på sjette døgnet. 

Far i himmelen! Me ber om vern for alle sivile i Iran og Israel som blir eksponerte for bomber, rakettar og droner. Gode Gud! Spar dei for død og alvorleg skade på kropp og sjel. 

Me ber i Jesu namn om at prestestyret i Iran no skal falla og bytast ut med eit demokratisk styresett. 

Me ber om fred og eit godt samarbeidsklima  mellom Iran og Israel. 

Me takkar deg for den kristne vekkinga som brenn i Iran. Ta vare på denne flammen midt i stormen, og lat den ta seg kraftig opp og spreia seg over heile landet. 

Og så ber eg spesielt for Kristkyrkja sine vener i Iran: Golara, Arshin, Narges, Hamid, Serveh og Avan

fredag 2. desember 2022

Ukraina

 


Folketal: 43 466 822 fordelt på 78 folkegrupper som snakkar 42 ulike språk. Dei største språka er ukrainsk og russisk.
Hovudstad: Kyiv
Religion: Ortodoks kristendom. 3,8% er evangelisk kristne. 

Som me alle veit rasar det ein brutal krig i Ukraina etter at landet vart innvadert av Russland 24. februar i år, og etter at Krimhalvøya vart okkupert og annektert i 2014.

Be om at dei russiske styrkane må trekka seg heilt tilbake til internasjonalt fastsette og godkjende grenser, at heile landet skal bli frigjort, at rakettåtaka mot sivil mål må ta slutt og at landet skal byggjast opp att og folket få leva i fred.

Be om at det ukrainske folket skal bli lækt på kropp, sjel og ånd. 

Be om at folk må få hjelp til å ta vare på sin moralske integritet midt i krigsredslene

Be om at straumforsyninga må gjenopprettast til alle mørklagde byar og landsbyar

Be om at byar og landsbyar må få attende vassforsyningane sine

Be om at alle heimlause må få hus å bu i

Be om at folk skal skal få brensel til omnane sine

Be om at folk må få nok varme klede

Den ortodokse kyrkja har løyst seg frå Moskvapatriarkatet og patriarken i Konstantinopel (Istanbul) har godkjent henne som ei sjølvstendig ortodoks kyrkje. Det har utløyst spenningar. I Kyiv finn med den største av alle frikyrkjer i Europa. Denne er leida av ein vidgjeten nigeriansk pastor. Det ukrainske bibelselskapet melder om ein enorm etterspurnad etter biblar, og titusenvis vert delte ut til folk flest og til soldatar ved fronten. Det blir meldt om vekking og nytt liv mange stader.

Takk Gud for alt godt som skjer, og for Guds rikes framgang i Ukraina, og be om at alle nye kristne blir godt disipplegjort, grunnfesta og fylte av Den Heilage Ande. 

torsdag 28. februar 2019

Fare for krig mellom India og Pakistan


Både India og Pakistan har frå 1947 gjort krav på Kashmir. Illustrasjonskart henta frå Aftenposten.

Hatet mellom India og Pakistan er djupt og ektefølt, og den gamle konflikten mellom landa i Kashmirregionen har blussa opp og ført til regulære krigshandlingar. Bakgrunnen er drapet på over 40 indiske soldatar i eit sjølvmordsåtak i Kashmir for to veker sidan. For første gong sidan 1971 gjekk i går indiske fly til åtak på det dei meiner er ein terroristleir på pakistansk side av grensa mellom dei to landa. Pakistan skaut ned eitt av flya, og tok piloten til fange. Det er stor fare for krig i område, og det er farleg fordi begge landa har atomvåpen.

Herre Jesus! Du er Fredsfyrsten. India og Pakistan treng deg. Ikkje berre for å halda ved like ein ytre fred, men dei treng fred med Gud, og dei treng fred i hjarto sine, og det kan berre du gje dei. Me ber om at du i den akutte situasjonen roar gemyttane, at du gjev dei ansvarlege visdom og vilje til å forhandla i staden for å kriga, at du syner dei veg med tanke på å løysa den gamle konflikten om Kashmir, og at du let kyrkja di i landa ha framgang, at du gjer dei truande misjonale i sin måte å leva på, at du reiser opp sterke tenestegåver i landa, at skarar av menneske kjem til tru på deg, og at nasjonane vert transformerte ved Den heilage andens kraft og nåde. Amen! 

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...