fredag 9. desember 2022

USA del 3

 

Kjelde: operationworld.org

USA påverkar verda kulturelt og sosialt på ein massiv måte. Ikkje noko anna land har eit slikt potensiale til å formidla fridom og velstand til andre land, og ikkje noko anna land gjer meir for å spreia synd. USA har gjort verda til ein betre plass gjennom hjelpearbeid og utvikling, innovasjon i teknologi og media, utdanning, informasjon, forsvar for menneskerettar og opposisjon til tyrannar. Men landet har også skada verda gjennom eksport av egoistisk individualisme, grådighet, pornografi og meiningslaus underhaldningsvald. Amerikanarane sin trong etter ulovlege rusmidlar og fossilt brensel har starta og drive fram krigar og væpna konflikar både i Midt-Austen og Latin-Amerika. 

Me takkar deg Gud for alt godt du har gjort i USA, og alt godt denne nasjonen har betydd for andre nasjonar. No ber me i Jesu namn om at det destruktive skal ta slutt, og at denne nasjonen skal bli kjent for utelukkande å vera ei konstruktiv makt i verdspolitikken, ei makt som fremjar fred og samarbeid.

Gje dette landet heilstøypte, edruelege og karakterfaste leiarar som kjenner deg, som respekterer dine bod og som har meir omsorg for vanlege folk enn for seg sjølv, familien sin og lommeboka si. Så ber me om at amerikanarane skal læra seg å leva utan rusmidlar, og at marknaden for slike kjemiske stoff berre skal tørka bort. Me ber også om at ekteskapet mellom kvinne og mann skal løftast fram som den rette ramma for seksuelt samliv, og at alle løgnene som blir presentert av skeive organisasjonar og Planned parenthood skal bli grundig avslørt. Me ber også om at alle delstatar som no skal handsama abortspørsmålet må landa på juridisk vern av ufødde born frå unnfanging til naturleg død,  i Jesu namn. Amen! 


Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....