onsdag 7. desember 2022

USA, del 1

 

kjelde: operationworld.org

Folketal: 333 millionar fordelt på 488 folkeggrupper som snakkar 176 språk. Det nasjonale språket er engelsk. Hovudstad: Washington. 

USA er det landet i verda der den kristne trua står sterkast. 77% av befolkninga tilhøyrer ei kristen kyrkje, og nesten 30% er evangeliske. Men begge desse tala er sigande pga massive åtak frå ateistar, new-age grupper og LHBTQ-folk. Dei sistnemnde har også sterke tilhengarar innafor mange kyrkjer som har akseptert deria "kjærleik" som ein del av den kristne trua. Så også dagens katolske president Joe Biden. Konservative kristne med Franklin Graham i spissen møter mykje pes, og alle som hevdar Guds ords sanningar får smaka kanselleringskulturen som har vakse fram saman med dei nye rettane som skeive folk har tilkjempa seg. Nå slost dei for å endra språket og samfunnsmoralen. Dei kritiserer dei gamle kristne normene, for å innføra nye normer som skal vera heva over all kritikk. Kravet er at alle skal tenkja skeive tankar slik at desse vert rette. 

Be om at Gud må stoppa denne dekadente  utviklinga i Jesu namn, at Guds ord og vilje må gjenvinna si makt over menneskesinna. Be om at rettsindige kristne ikkje skal vera redde for å ytra seg, og at rettsvesenet set vakt om menneskerettane. 

Det er 2000 institusjonar i landet som tilbyr ein eller annan teologisk grad, og kvart år vert det utdanna 30-50 000 unge kristne med tanke på fulltidsteneste i Guds rike. USA er ei kjempe innan kristen misjon. Amerikanske misjonærar er å finna over alt på kloden. Dei er svært generøse, og misjon, naudhjelp og utviklingshjelp går hand i hand. Dei evangelisk kristne inspirerer andre evangeliske kyrkjer over heile verda både når det gjeld misjon, teologi, forkynning, musikk og lovsong. Personleg har eg stor glede av å følgja med på nettenesta Mission Network News med dagleg informasjon om kva som skjer på misjonens område rundt omkring i verda. 

Be om at dei kristne kyrkjene i USA må halda fram med å vera ein  premissleverandør for tru, sanning og moral i nasjonen. 

USA er eit splitta land, noko som er blitt svært tydeleg etter at Høgsterett avgjorde av sjølvbestemt abort ikkje lenger skulle vera ein  grunnlovsfesta rett. Det demokratiske partiet er liberalt, og har teke på seg å innføra så mange LHBTQ-rettar som mogeleg. Det republikanske partiet held att. Ex-president Donald Trump meiner at han vann valet han tapte i 2020, og stiller på nytt i 2024. Han er eit stridens eple. Polariseringa i det amerkanske samfunnet er no så sterk at mange fryktar borgarkrig. Det er store mengder våpen ut blant folk, og storminga av Kongressen 6.januar 2021 har sett ein støkk i mange. 

Be om at Gud intervenerer og samlar nasjonen om seg og sine gode bod. Be om at Guds ord må sigra over alle gudlause ideologiar i folks sinn. Be om at amerikanarane må ta eit fast oppgjer med voldsromantikken som har djupe historiske røter i landet. 

Dei siste åra har det vore enormt med masseskytingar der unge menn med mørke sinn har skote rundt seg og drepe hundrevis av mennesker dei aldri har kjent. 

Be om at dei styrande i landet må få kontroll på denne forferdelege moralske epidemien. Be om at Guds lys skal fløyma inn over nasjonen og inn i alles sjel og sinn og lækja følgjene av all sosial og moralsk oppløysing i samfunnet. 

Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....